Nytt år, nye mulegheiter

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er stolt hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga delar ut gåver av overskotet frå banken. Det er gode føresetnadar for at banken også leverer gode nok resultat til at Sparebankstiftinga kan dele ut midlar til samfunnsnyttige tiltak på nivå med i fjor.

2022 var elles eit rekordår for Sparebankstiftinga sine gåveutdelingar, med over 40 millionar utdelte gåvekroner. Dette var ei auke på over 40% frå året før, då vi delte ut 28 millionar kroner. At Sparebankstiftinga ønskjer å oppretthalde dette gåvenivået er dermed svært gode nyhende for lag og foreiningar i Sogn og Fjordane, som no kan spisse “søknadsblyanten” før vår neste gåverunde.

Neste ordinære gåverunde har elles søknadsfrist 1. mars, og søknadsskjemaet vert opna ein månad før fristen. Men om ein ikkje er i rute med neste prosjekt til då, blir det som vanleg også mulegheiter til hausten, då neste søknadsfrist er 1. september.

Men om du har tenkt å søkje om gåvebeløp opp til 30.000, kan du søkje allereie i dag. Vi har nemleg fortløpande handsaming av slike søknadar, som vi kallar “Forenkla søknad”. Her får du òg raskare tilbakemelding; vi lovar nemleg svar innan ein månad på desse søknadane, i motsetnad til ordinære søknadar som har ei handsamingstid på 8 veker.

PS om du ikkje er erfaren søknadsskrivar, hjelper vi deg gjerne med råd og tips til søknaden din. Då kan du lese våre søknadstips her – og om du har fleire spørsmål etterpå, er du velkomen til å ta kontakt med oss i administrasjonen for ein prat.

Godt nytt søknadsår frå oss i Sparebankstiftinga!