Har delt ut nesten 60 millionar

For to år sidan var det 28 millionar, i 2022 var det 40 millionar, og i år nærare 58 millionar kroner. Og neste år vil gåvetildelingane truleg bli endå større. -Det er utruleg stor aktivitet i frivillig sektor i Sogn og Fjordane, seier Yngve Thorsen.
Den nye leiaren for gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kan konstatere at ved nyttår, så er nærare 58 millionar kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane blitt delt ut til allmennyttige formål i heile «gamlefylket».

Meir enn 300
-Det er meir enn 300 forskjellige aktivitetar og organisasjonar som har fått tildelt gåvemidlar i år. Dette gjeld tiltak innan frivillig arbeid, forsking, utdanning og overordna næringsutvikling som har fått støtte av stiftinga. Berre sidan 2021 har dette meir enn dobla seg, med ein auke frå 28 millionar til dagens 58 millionar kroner. Med dei utsiktene vi har i dag, så vil truleg denne summen auke også i 2024. No håpar vi at mange kastar seg rundt og leverer gode søknadar med tanke på tildeling neste år, seier Thorsen og viser til at neste ordinære søknadsfrist er 1. mars.

Stor innsats på dugnad
Sparebankstiftinga legg stor vekt på å stimulere til frivillig arbeid, og er oppteken av at det skal ligge ein god dugnadsinnsats i prosjekta som får tildelt gåvemidlar.

-Frivillig sektor er sjølve limet i svært mange lokalsamfunn. På denne måten vert det skapt aktivitet, samhald, integrering, trivsel og ikkje minst bulyst. Dette er sjølve kjernen i dei fleste frivillige lag og organisasjonar. Dette er noko vi legg stor vekt på når gåvemidlane skal tildelast, seier direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Spent på framtida
Når tildelingane i år har nærma seg 60 millionar kroner, så skuldast det i følgje Klakegg at tiltakslysta for tida er svært stor i frivillig sektor i Sogn og Fjordane.

-Vi var usikre på korleis korona-pandemien ville påverke det frivillige arbeidet i Sogn og Fjordane. I følgje nasjonale undersøkingar ser vi at mange lag og organisasjonar opplever fråfall av medlemmer og utfordringar med å rekruttere til frivillige verv. Dette er noko også vi i Sparebankstiftinga har registrert i vårt arbeid, seier Klakegg og er spent på korleis utviklinga vil vere framover.

-Dette er noko av grunnen til at vi vil stimulere ekstra til frivillig arbeid, og er oppteken av at det skal vere god dugnadsinnsats i prosjekta som får tildelt gåvemidlar, seier han.

Historisk
Det er 201 år sidan den første sparebanken vart oppretta i Norge, og 181 år sidan Førde Sparebank, som den første i Sogn og Fjordane, vart oppretta (1842). Å gje gåver til allmennyttige formål frå overskotet til sparebankane har derfor ein lang tradisjon i Norge.

Sparebankstiftinga er hovudeigar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og det er frå overskotet i banken at stiftinga deler ut gåver.

-No håpar vi det vert sparka i gang nye aktivitetar og prosjekt i 2024. Alle frivillige lag og organisasjonar er velkomne til å søke Sparebankstiftinga om gåvemidlar, avsluttar Hallvard Klakegg og Yngve Thorsen.

Her er link til alle gåvene som er delte ut i 2023:

https://www.sparebankstiftinga.no/om-oss/tildelte-gaver/

Kontaktpersonar;
Hallvard Klakegg (4816 7058) eller Yngve Thorsen (90802575)