Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling

Er du kunde med innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane? Då kan du nominere kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har som føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med innskot på over 500 kroner i banken og med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel per e-post 5. mars, med to dagar svarfrist.

Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den 4. får ein varaplass.

Har du forslag til kandidatar til generalforsamlinga?
Send inn fullt namn, adresse og yrke på din (-e) kandidat (-ar) seinast 5. februar 2024 per e-post; post@sparebankstiftinga.no 

Det ferdige framlegget til kandidatar frå valnemnda vert annonsert her medio februar.

Valet går av stabelen 5.-7. mars. Alle med røysterett vil motta røystesetel per e-post.

Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.

Medlemer i generalforsamlinga

  • Åge Avedal, Førde (leiar). Valt til 2024 (på val).
  • Kristin Svardal, Florø (nestleiar). Valt til 2027.
  • Linda Hovland, Dale. Valt til 2027.
  • Roger Aa Djupvik, Sandane. Valt til 2024 (på val).
  • Siv Merete Stadheim, Florø. Valt til 2024 (på val).
  • Geir Ståle Støfring, Vassenden. Valt til 2026.
  • Thomas Norheim Moen, Årdalstangen. Valt til 2027.
  • Gro Rukan, Eikefjord. Valt til 2025.
  • Nils Magne Slinde, Leikanger. Valt til 2025.
  • Daniel Kvernøy, Eivindvik. Valt til 2025.
  • Laila Johannessen, Leirvik. Valt til 2026
  • Monika Refvik, Raudeberg. Valt til 2026

Varamedlemer

  • 1. John Gerick Bårøy, Hyllestad. Valt til 2026.
  • 2. Anne Skår, Sogndal. Valt til 2025.
  • 3. Malene Lunde Sætren, Bryggja i Måløy. Valt til 2024 (på val).
  • 4. Thea Flo, Hjelledalen i Stryn. Valt til 2027

Godt val!