Søknadskurs – Sparebankstiftinga

Har du ein god idé som kan skape aktivitet, engasjement eller positive ringverknader i lokalsamfunnet?

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og støttar eit breitt spekter av allmennyttige tiltak.

Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.

I framkant av søknadsfristen 1. september 2026 inviterer Sparebankstiftinga til digitalt kurs i søknadsskriving slik:

  • Måndag 24. august 2026, kl. 19.30-21.00

Her får de nyttige tips og rettleiing som kan hjelpe dykk å lage ein god søknad.

Påmelding
Påmelding til kurset gjer ein ved å sende e-post til; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no
Frist for påmelding er fredag 21. august 2025, kl. 23.59.

Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.

Vel møtt!

Ny søknadsrunde for gåvemidlar

Frå og med 1. august opnar vi for nye søknadar om gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Søknadsfristen for haustens hovudrunde er 1. september.

Alle søknadar skal sendast inn via søknadsportalen vår.

Nytt søknadssystem

Vi har teke i bruk eit nytt søknadssystem for handsaming av søknadar om gåvemidlar. Dersom du opplever utfordringar eller tekniske problem når du registrerer eller sender inn søknaden, ber vi deg ta kontakt med administrasjonen. Vi hjelper deg gjerne!

Tlf. nr.: 90 80 25 75/ e-post; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no

Slik fungerer ordninga:

  • Søknadar over 50 000 kr:
    Søknadsfristar er 1. mars og 1. september. Det er inntil 8 vekers sakshandsamingstid.

  • Søknadar under 50 000 kr:
    Desse kan sendast inn fortløpande, utan fast søknadsfrist. Sakshandsamingstid er inntil 4 veker.

 

 

Har du spørsmål om søknadsprosessen eller korleis du går fram for å registrere ein søknad?

Kontakt Leiar Gåve og Samfunnskontakt Yngve Thorsen.
Tlf. nr.: 90 80 25 75/ e-post; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no

Ny søknadsportal kjem snart

Søknadssystemet vårt er stengt i påvente av lansering av nytt søknadssystem fredag 10. juli.

Søk Furorestipend!

Er du 15-30 år og har eit spesielt talent? Då kan du søkje Sparebankstiftinga om personleg FURORE-stipend i kategoriane Kultur, Idrett, Utdanning/ forsking og Open klasse. Søknadsfrist er 15. juni 2026.

No kan ungdom tene pengar til klassen – med innsats for andre

Rydde boss eller arrangere vaffeldag på aldersheimen? Dette er noko av det ungdomsskuleelevane i Sogn og Fjordane kan gjere – og få pengar for det.

Sjå kven som er valt inn i Generalforsamlinga

10.-11. mars vart det halde val til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si Generalforsamling. No er det klart kven som er valt inn.

Val til Generalforsamling – her er kandidatane

Er du innskotskunde i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Då kan du stemme på kven som skal sitte i Generalforsamlinga til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Valnemnda har no klare sine framlegg til kandidatar.

Gry frå Danmark jobbar for betre turstiar i Sogn og Fjordane

Gry Thyrrestrup (35) kjem frå Trørød nær København, og jobbar for at fleire skal få fine turstiar i Sogn og Fjordane. Sjekk om din kommune har fått støtte til nye turstiprosjekt.

Val av representantar til Generalforsamlinga

Er du innskotskunde i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Då kan du komme med forslag til kandidatar til kven som skal sitte i Generalforsamlinga.

Får gladmelding: – Her er så mykje historie i dette gamle huset!

Det meir enn 100 år gamle Røde Kors-bygget i Gate 2 i Måløy har sett sine beste dagar, og treng absolutt oppussing. No har styret teke initiativ til å gå i gang, og alternativet om å rive huset har dei slått frå seg.

– Nei, det blir ikkje aktuelt. Her er så mykje historie i dette gamle huset. Vi har fått overslag på kva det vil koste å renovere det utvendig, og med 750 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er vi klare for å gå i gang. Spesielt må vi få skifta kledninga på huset, seier styreleiar i Vågsøy Røde Kors Rhina Kvalheim då bankduoen Ole Aukland og Sissel Wik dukkar opp med gåvesjekken.

Over 100 år gammalt

Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

– Vi har kjennskap til det viktige arbeid som Vågsøy Røde Kors gjer, og kjenner historia til bygget. Dette er absolutt noko vi har lyst til å vere med på å redde for framtidige Røde Kors-generasjonar, seier banksjef i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Ole Aukland.

Ifølge gamle dokument var tomta til Røde Kors-bygget utskilt i 1914, og var lenge også postmannsbustad i Måløy. I 1978 overtok Vågsøy Røde Kors huset, og har brukt lokala sidan den gang.

– Vi brukar huset aktivt, både hjelpekorpset og omsorgsgruppa. Dessutan har vi ein utleigedel som blir nytta til gravferder, bryllaup, konfirmasjon og slikt. Og det er ikkje til å leggje skjul på at vi gjerne vil modernisere huset og gjere det meir attraktivt. Noko som også vil gjere rekrutteringa av nye medlemmer lettare, seier Rhina Kvalheim som for tida er styreleiar i Vågsøy Røde Kors.

F.v.: Ole Aukland, Elin Rønhovde, Rhina Kvalheim, Kåre Bakke og Sissel Wik.

Går straks i gong

– Vi har ein kjempejobb føre oss, men har allereie kalla inn til eit medlemsmøte 13. oktober kor vi vil diskutere vidare framdrift på restaureringa. Det er starta ein innsamlingsaksjon på Spleis, og vi håpar sjølvsagt at næringslivet lokalt vil støtte opp om dette viktige arbeidet framover. No må vi for det første få fullstendig oversikt på kva vi skal gjere, før vi går ut i marknaden. Men fy søren, for ein utruleg kjekk start dette var, seier Kvalheim og vert støtta av nestleiar Elin Rønhovde.

– Dette er nesten for godt til å vere sant. Kanskje vi også kan få gjort noko inne i bygget? Det er heilt fantastisk å få så mykje i støtte, seier ho og smiler.

Av: Stig Roger Eide