Det blei ein lukrativ tur innom senteret på Nordfjordeid då Susanne Følsvik Rønnekleiv vart lurt inn i banken av mamma Randi Følsvik. Der venta Ann-Serine Hagen og Helge Høvig med 100 000 kroner.

Susanne vart lurt trill rundt av mora si!

Har du sett Love Is Blind, Love Island eller den nyaste traileren til House of the Dragon? Då har du sannsynlegvis høyrt musikken til Susanne Følsvik Rønnekleiv.

– Eg skriv for det meste musikk for film og TV i lag med gruppa mi NorthEast. Ein kan sitje å skrive ei låt og tru og tenke på kor den skal ende opp, og så enda den opp på ein heilt anna plass. Det er veldig gøy!

Det seier Susanne Følsvik Rønnekleiv får Nordfjordeid. 25-åringen har akkurat flytta tilbake til Norge frå Brighton, og har no busett seg i Trondheim. På ein svipptur heimom Nordfjordeid skulle ho tysdag innom Alti i lag med mora.

Lurt av mamma

For å kjøpe T-skjorter –  trudde i alle fall musikktalentet. Men mamma Randi Følsvik hadde andre planar. Ho måtte også innom SpareBank 1 Sogn og Fjordane sitt kontor for å prate med kunderådgjevar Ann-Serine Hagen. Då mor og dotter kom inn døra sto Hagen og kollega Helge Høvig og tok dei imot.

– Wow! Herregud, mamma!

For det som møtte Følsvik Rønnekleiv var ein diplom det stod «100 000 kroner» på og ein blomsterbukett. For  Susanne Følsvik Rønnekleiv er nemleg tildelt Furorestipendet på 100 000 kroner.

– Det å levere musikk til TV- og filmbransjen, er veldig imponerande! Det er veldig kjekt for oss å kunne dele ut Furorestipendet til Susanne. Ho har allereie oppnådd veldig mykje, og vi gledar oss til å følge ho vidare, seier Ann-Serine Hagen i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

– Dette er kjempekjekt! Dette hadde eg verkeleg ikkje forventa, seier den ferske Furore-vinnaren.

I gang med å skrive for artistar

Følsvik Rønnekleiv seier at ho set stor pris på at jobben ho gjer blir sett.

– Å vere låtskrivar og produsent er gode og dårlege dagar. Å få denne anerkjenninga betyr veldig, veldig mykje, seier 25-åringen og legg til at ho også er i gang med å skrive musikk for andre enn berre innafor TV og film.

– Eg har også lyst å arbeide endå meir retta mot kommersiell musikk, altså skrive for artistar. Det er noko eg nyleg har begynt å satse endå meir på, spesielt no etter at eg flytta heim til Norge.

Furorestipendet er eit personleg stipend gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med midlar frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Stipendet går til unge talent frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år som utmerkar seg innan kultur, idrett og forsking og utdanning.

Dette hadde eg verkeleg ikkje forventa, seier den ferske Furore-vinnaren.