Dei yngste fotballspelarane i Florø fekk æra av å ta i mot den store gåva på 44 millionar kroner til den kommande storhallen.

– Dette betyr enormt mykje for lokalsamfunnet vårt!

Den kommande storhallen i Florø får ei gåve på heile 44 millionar kroner. Spaden går truleg i jorda rett over nyttår.

I mange år har det blitt jobba for å få på plass den store fotballhallen ved Litlevatnet rett ved Florø stadion. Ei gåve på 44 millionar kroner sikrar at no er bygginga like rundt hjørnet.

– Dette er ein stor dag for oss! Heilt fantastisk! Dette betyr så enormt mykje for klubben vår, idretten i Florø og heile lokalsamfunnet, seier Kim Solheim, dagleg leiar i Florø Fotball.

Gåva på 44 millionar kroner er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med pengar frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

– Gåva er ei stor anerkjenning av at den store frivillige innsatsen som vert lagt ned her, blir sett. Vi skal forvalte denne gåva til det beste for idrett, folkehelse og inkludering, kvar einaste dag i mange generasjonar framover, seier Solheim.

Oppstart om få månadar

Det er Storhall i Vest AS som står for prosjektet med å realisere hallen, og styreleiar Kjetil Søvik støttar Solheim i at dette betyr mykje for Florø-samfunnet.

– For storhall-prosjektet er det «no eller aldri». Denne gåva sikrar at vi med stor grad av tryggheit kan seie at «no skjer det». Vi er svært takksame overfor banken og stiftinga som ønsker å støtte opp om slike prosjekt som idrettsløftet i Florø, seier Søvik.

Han fortel vidare at planlagt oppstart for bygging er på nyåret 2027. Hallen, som utelukkande skal byggast av lokale leverandørar, skal stå klar sommaren 2028.

– Hallen vil ikkje berre sikre eit heilt nytt anlegg, men det vil også frigjere andre hallflater, til glede og aktivitet for folk i Florø, seier Søvik.

F.v.: Bengt Solheim-Olsen (ordførar, Kinn kommune), Trond Teigene (adm. direktør, SpareBank 1 Sogn og Fjordane), Kim Solheim (dagleg leiar, Florø Fotball) og Kjetil Søvik (styreleiar, Storhall i Vest).

Tilbod året rundt – for alle

Den nye hallen kjem til å bli ein heilt sentral arena for dei oppveksande generasjonane i Florø. Og nettopp for dei yngste fotballspelarane i Florø SK vart gåva offentleggjort måndag ettermiddag på fotballtrening på Florenga.

Trond Teigene, administerande direktør, i SpareBank 1 Sogn og Fjordane fekk æra av å dele nyheita med dei frammøtte – til stor jubel.

– Den nye fotballhallen i Florø vil gi florøværingar i alle aldrar eit aktivitetstilbod året rundt. Hallen vil bidra til god folkehelse, inkludering og sosial deltaking. Bak planane står ei rekke eldsjeler som brenn for Florø, og det er imponerande å sjå korleis dei står på for å utvikle lokalsamfunnet sitt, seier Teigene.

Den lokale banksjefen i Florø, Ole Aukland, seier at dette er ein god dag for Florø og breiddeidretten.

– Det er ei stor glede å kunne bidra til realiseringa av den lenge planlagde hallen gjennom ei betydeleg gåve. Hallen vil bli ein arena for aktivitet, fellesskap og gode opplevingar for barn og unge, seier Aukland.

– Naturleg å vere med på

I hallprosjektet sin start fekk dei i 2018 ei gåve på fire millionar kroner frå banken og stiftinga. Åtte år seinare er den nye gåva på 44 millionar kroner med og sikrar realisering.

– For oss i Sparebankstiftinga er dette eit heilt naturleg prosjekt og vere med på. Gode oppvekstvilkår for barn og unge, og attraktive lokalsamfunn, er kjernen i det vi brenn for. Denne hallen blir ein arena for samhald, meistring og inkludering og vi gler oss i lag med heile Florø-samfunnet til den er klar til bruk, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

F.v.: Robert Endestad (styremedlem, Storhall i Vest), Bente Frøyen Steindal (styremedlem, Storhall i Vest), Hallvard Klakegg (direktør, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane), Ole Aukland (banksjef, SpareBank 1 Sogn og Fjordane), Bengt Solheim-Olsen (ordførar, Kinn kommune), Trond Teigene (adm. direktør, SpareBank 1 Sogn og Fjordane), Kim Solheim (dagleg leiar, Florø Fotball), Kjetil Søvik (styreleiar, Storhall i Vest), Jo Dale Pedersen (banksjef, SpareBank 1 Sogn og Fjordane) og Siri Rognsø (styreleiar, Florø Fotball).