Helge Austgulen fører lystig an på stien retning Austgulstølen. Med seg har han Eirik Thue frå DNT Sogn og Fjordane og Øystein Lihaug frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Går i fotspora til faren og onklane – 90 år etter
På 1930-talet bygde tre brør ei turisthytte på idylliske Austgulstølen i Gulen. No skal det byggast ei heilt ny DNT-hytte på same murane.
– Vi ser at det er stor interesse for å bruke stien opp her, og vi har stor tru på at hytta kjem til å bli populær, seier Helge Austgulen.
76-åringen er ein av mange eldsjeler som no jobbar med å få på plass ei heilt ny DNT-hytte på Austgulstølen, og på mange måtar heidre jobben som faren og onklane hans gjorde for 90 år sidan.
– Ligg sentralt til i fjellet
For i 1937 sto det klar ei flunkande ny turisthytte på Austgulstølen, som er den største stølen i området, bygd av brørne Harald, Sverre og Alfred.
– Dei fann ut at det var ein marknad for turisme her. Stølen ligg veldig sentralt til i fjellet, med turar ned til mange omkringliggande bygder, forklarer Helge.
Hytta var i drift fram til midten av 50-talet, men naturleg nok litt mindre brukt under krigen. Det var også stølsdrift med produksjon av blant anna smør og ost fram til 1952.
Deretter blei hytta utleigd til forskjellige, før den stod brakk i mange år.
Fram til no.
Dei siste åra har det blitt gjort ein stor jobb for å betre stien. Mellom anna er det fleire parti med slike trapper.
Vore 30 gongar på stølen i år!
I 2021 starta jobben med å restaurere opp igjen den 2,7 kilometer lange stien frå Austgulen og opp til stølen. Ein imponerande jobb er blitt gjort, av både sherpaer og ikkje minst lokale eldsjeler. For å få stien i stand vart det lagt ned 700 dugnadstimar.
Som prikken over i-en i enden av stien kjem hytta som skal byggast på same grunnmuren som på 30-talet. Den gamle hytta vart riven i sommar.
– I 2027 vert det grunnarbeid og bygging av ei bod, og i 2028 skal sjølve hytta byggast, seier Helge Austgulen.
Sjølv bur han i Bergen, men fartar ofte til heimbygda si. Heile 30 gongar har Helge vore på stølen til no i 2026!
– Eg er pensjonist, så eg er ein del månadar i Austgulen totalt sett i løpet av året. Eg har sterk tilknyting her, fortel han.
Får milliongåve
Helge er ein av mange arvingar som eig stølen hytta skal byggast på, men det er avtalt at DNT Sogn og Fjordane skal overta som eigar av eigedommen.
Til bygginga av hytta har dei fått ei gåve på éin million kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Desse pengane kjem frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
– Denne gåva betyr mykje for oss. Det er umåteleg fint gjort. Vi i prosjektgruppa og DNT Sogn og Fjordane er veldig takksame, seier Austgulen som er nestleiar i den nemnde prosjektgruppa som vert leia av Trond Kvamsdal.
Eirik Thue (t.v.) og Helge Austgulen gliser for gåva på éin million kroner som Øystein Lihaug frå banken hadde med seg i sekken.
Han fortel vidare at dei no manglar ca tre millionar kroner på å vere fullfinansiert, men har stor tru på at dette skal gå i orden. Mellom anna skal dei straks søke om tippemidlar.
– Både stien og den kommande hytta er eit veldig godt tilbod til distriktet her, og eg må også få trekke fram samarbeidet vi har med kommunen. Gulen kommune er veldig samarbeidsvillige, rosar han.
Rosar innsatsen
Helge Austgulen er opptatt av å rose andre, men frå DNT Sogn og Fjordane sin organisasjonssekretær, Eirik Thue, får Austgulen og dei andre i dugnadsgjengen fortent ros i retur.
– Eg er imponert over turlaget i Ytre Sogn og prosjektgruppa her. I Sogn og Fjordane har vi 14 lokallag, og det er folk som verkeleg vil. Folka her i Austgulen er eit godt eksempel på akkurat dette, seier Thue.
Han vert støtta av Øystein Lihaug, som er kunderådgjevar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Saman med Thue var han nyleg med Helge Austgulen opp til stølen og fekk sjå kor hytta skal byggast.
– Ein nydeleg plass! Jobben som er gjort med stien opp her, er imponerande, og eg er heilt sikker på at hytta kjem til å bli populær. Ei fortent gåve til ein flott dugnadsgjeng, seier Lihaug.
På denne muren, som vart bygd på 30-talet, skal den nye DNT-hytta byggast.
Ikkje noko å seie på utsikta på siste delen på veg ned mot Austgulstølen!
Helge Austgulen bur i Bergen, men har likevel vore på stølen heime i Gulen 30 gongar i år! – Eg har sterk tilknyting her, seier han.







