Får gladmelding: – Her er så mykje historie i dette gamle huset!

Det meir enn 100 år gamle Røde Kors-bygget i Gate 2 i Måløy har sett sine beste dagar, og treng absolutt oppussing. No har styret teke initiativ til å gå i gang, og alternativet om å rive huset har dei slått frå seg.

– Nei, det blir ikkje aktuelt. Her er så mykje historie i dette gamle huset. Vi har fått overslag på kva det vil koste å renovere det utvendig, og med 750 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er vi klare for å gå i gang. Spesielt må vi få skifta kledninga på huset, seier styreleiar i Vågsøy Røde Kors Rhina Kvalheim då bankduoen Ole Aukland og Sissel Wik dukkar opp med gåvesjekken.

Over 100 år gammalt

Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

– Vi har kjennskap til det viktige arbeid som Vågsøy Røde Kors gjer, og kjenner historia til bygget. Dette er absolutt noko vi har lyst til å vere med på å redde for framtidige Røde Kors-generasjonar, seier banksjef i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Ole Aukland.

Ifølge gamle dokument var tomta til Røde Kors-bygget utskilt i 1914, og var lenge også postmannsbustad i Måløy. I 1978 overtok Vågsøy Røde Kors huset, og har brukt lokala sidan den gang.

– Vi brukar huset aktivt, både hjelpekorpset og omsorgsgruppa. Dessutan har vi ein utleigedel som blir nytta til gravferder, bryllaup, konfirmasjon og slikt. Og det er ikkje til å leggje skjul på at vi gjerne vil modernisere huset og gjere det meir attraktivt. Noko som også vil gjere rekrutteringa av nye medlemmer lettare, seier Rhina Kvalheim som for tida er styreleiar i Vågsøy Røde Kors.

F.v.: Ole Aukland, Elin Rønhovde, Rhina Kvalheim, Kåre Bakke og Sissel Wik.

Går straks i gong

– Vi har ein kjempejobb føre oss, men har allereie kalla inn til eit medlemsmøte 13. oktober kor vi vil diskutere vidare framdrift på restaureringa. Det er starta ein innsamlingsaksjon på Spleis, og vi håpar sjølvsagt at næringslivet lokalt vil støtte opp om dette viktige arbeidet framover. No må vi for det første få fullstendig oversikt på kva vi skal gjere, før vi går ut i marknaden. Men fy søren, for ein utruleg kjekk start dette var, seier Kvalheim og vert støtta av nestleiar Elin Rønhovde.

– Dette er nesten for godt til å vere sant. Kanskje vi også kan få gjort noko inne i bygget? Det er heilt fantastisk å få så mykje i støtte, seier ho og smiler.

Av: Stig Roger Eide

Får støtte til ny “skule”

 

Under frukostmøtet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane fredag vart HUB-yrkesfag og deira nye prosjekt overraska med å få ei gåve på 1, 5 millionar kroner. «Meistringsskulen» skal jobbe med å både førebygge utanforskap og styrke rekrutteringa til fagutdanningane og gje praktisk opplæring for ungdom og unge vaksne, som eit alternativ/supplement til ordinær skulegong til dei som slit med å følge eit ordinært utdanningsløp. Målgruppa for prosjektet er frå ungdomskulealder til 30 år, og spleiselaget bak realiseringa vil vere fylkeskommune, kommune, NAV, opplæringskontor og næringslivet.

På yttersida

–  I heile samfunnet vårt har vi ei stor utfordring med unge menneske som fell utanfor. I Sogn og Fjordane er det totalt 1800 unge menneske det er snakk om. 600 av desse er er registrerte gjennom NAV-systemet. Noko som betyr at 1200 personar mellom 19 og 30 år fell mellom to stolar, og ikkje har noko som helst tilbod, sa Heggheim og oppmoda dei godt 100 frammøte næringslivsleiarane på frukostmøtet om å komme i dialog med «Meistringsskulen» snarast.

Pengegåva til «Meistringsskulen» kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og deler kvart år ut gåver til allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.

rå venstre Jan Erik Øygard, Bjarte Heggheim, Lillian Loen og Roy Stian Farsund

rå venstre Jan Erik Øygard, Bjarte Heggheim, Lillian Loen og Roy Stian Farsund

Heile fylket

Det var Lillian Loen, som er leiar prosjektet i Sparebankstiftinga, som overrekte sjekken til duoen Bjarte Heggheim og Jan Erik Øygard i HUB-yrkesfag under frukostmøtet.

–  HUB-yrkesfag er det største fagmiljøet for fagopplæring i bedrift i Vestland.  Vi skal serve heile Sogn og Fjordane, og har eit tett samarbeid med mange offentlege instansar og bedrifter. No held vi akkurat på med å tilsette ein prosjektleiar for «Meistringsskulen», og håpet er at vi raskt skal sjå konkret resultat av dette arbeidet. Vi har nemleg ikkje noko tid å miste, seier Jan Erik Øygard.

Oppfordra bedriftene

Lillian Loen i Sparebankstiftinga understreka på si side at den potensielle samfunnsverdien og dei langsiktige effektane av prosjektet er dei viktigaste momenta.

–  Maktar «Meistringsskulen» å redusere talet personar som fell utanfor skule, arbeid eller anna, så er mykje gjort. På vgs med yrkesfag er det ein del praksis, men for mange elevar er det ikkje nok praksis. Mestringsskulen vil, ved hjelp av næringslivet, legge til rette for at elevane får dei arenaene dei treng for å lukkast i si reise mot å fullføre skule og eller kome i jobb. «Meistringsskulen» er difor eit prosjekt som stiftinga støttar «med hjartet», og som vi kjem til å følgje tett opp, seier Lillian Loen i samband med gåveoverrekkinga.

Noko administerande direktør i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Trond Teigene, også understreka i samtalen med Bjarte Heggheim og Jan Erik Øygard frå HUB-yrkesfag.

–  Eg håpar verkeleg at mange av næringslivsleiarane som var her i dag forstår verdien av dette viktige arbeidet. Både for den einskilde som fell utanfor, men også for næringslivet i Sogn og Fjordane. «Meistringsskulen» er verkeleg noko vi har trua på, sa Teigene.

Ny søknadsrunde for gåvemidlar

Frå og med 1. august opnar vi for nye søknadar om gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Søknadsfristen for haustens hovudrunde er 1. september.

Alle søknadar skal sendast inn via søknadsportalen vår.

Slik fungerer ordninga:

  • Søknadar over 50 000 kr:
    Søknadsfristar er 1. mars og 1. september. Det er inntil 8 vekers sakshandsamingstid.

  • Søknadar under 50 000 kr:
    Desse kan sendast inn fortløpande, utan fast søknadsfrist. Sakshandsamingstid er inntil 4 veker.

 

 

Har du spørsmål om søknadsprosessen eller korleis du går fram for å registrere ein søknad?

Kontakt Leiar Gåve og Samfunnskontakt Yngve Thorsen.
Tlf. nr.: 90 80 25 75/ e-post; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no

VIL HA VISNINGSSENTER TIL 100-ÅRSDAGEN

 

-Dette er ein gledas dag. No må flagget til topps, smiler Solveig Berg Lofnes. Fredag kunne Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen-DNB til saman gje 40 millionar kroner til eit visningssenter ved Astruptunet.

 

-Dette er ein stor dag. Vi står skulder ved skulder med DNB-stiftelsen i satsinga på at det skal byggjast eit visningssenter ved Astruptunet. Sparebankstiftelsen DNB har teke eit stort økonomisk løft dei siste åra med å renovere hagen i Astruptunet, Det neste steget er å få på plass eit visningssenter som kan ta Astrup vidare, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, sa direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

 

40 millionar

Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB og Hallvard Klakegg i den lokale bankstiftinga framheva Sunnfjord kommune sitt initiativ med å etablere eit visningssenter, som etter planen kan stå ferdig til sommaren 2028. 100 år etter Nikolai Astrup sin død.

-Dette er ein stor dag for oss som elskar Nikolai Astrup. Vi har jobba med dette i 20 år, og no ser vi at dette kan bli realisert. Sunnfjord kommune har teke opp hansken frå Jølster kommune, og det er allereie fatta politisk vedtak på kva arkitektar som skal nyttast til visningssenteret. Og desse har visstnok allereie vore på plassen for å starte detaljprosjektering. Så dette er ekstremt spennande, seier Bjørnsen i samband med offentleggjeringa av gåva frå dei to sparebankstiftingane.

 

Stort speliselag

Frå politisk hald i Sunnfjord kommune, kunne varaordførar Helge Robert Midtbø rose spleiselags-tanken bak prosjektet om nytt visningssenteret.

-Dette er eit stort spleiselag med private og offentlege aktørar. Med desse 40 millionane, har vi komme godt på veg. No handlar det om å få politisk forståing hos Vestland fylkeskommune og Kulturdepartementet. Med desse private gåvene på plass kan det jo hende at dei føler eit visst press på å få dette realisert, sa Midtbø på pressemøtet i Astruptunet.

Frå fleire hald vart det understreka at eit visningssenter er eit naturleg steg i å gjere Astrup og kunsten hans meir tilgjengeleg.

-I dei siste åra har vi sett at Nikolai Astrup sin kunst har komme ut i verda. No vil vi at verda skal komme hit for å få meir kunnskap om denne unike målaren, presiserte Jacob Nødset , som er leiar i hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.

 

Viktig for regionen

Momentet om at fleire skal få kjennskap til Nikolai Astrup, understreka også direktør  for bedriftsmarknaden i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund.

-Eit visningssenter for Nikolai Astrup er svært viktig med tanke på destinasjonsutviklinga i Sunnfjord. Sogn og Nordfjord har allereie fleire motorar innan reiselivet, og eit Astrup-senter vil bli svært viktig for Sunnfjord og regionen her. Oslo har Munch-museet, og på Vestlandet treng vi eit sterkt Astupsenter, seier Roy Stian Farsund.

Prosjektet til Sunnfjord kommune har ein totalkostnad på litt over 130 millionar kroner.

Totalt kom det inn heile 162 forslag til kommunen sin plan- og designkonkurranse i 2024, og det er fatta politisk vedtak på at prosjektet «På vandring» av Erik Langdalen arkitektkontor skal vidareførast. Planen er at det nye visningssenteret skal supplere den 100 år gamle kunstnarheimen med nødvendige funksjonar inn i framtida. Fleire vil kunne besøke senteret då det har universell tilkomst, og ikkje minst vil det opne opp for moderne fasilitetar for utstillingar av Astrup sin kunst.

 

Tilgjengeleg

Samstundes vil det nye bygget regulere tilkomsten til sjølve Astruptunet. Noko som er noko av det viktigaste føremålet med visningssenteret, då det eksisterande Astruptunet ikkje toler dei store folkemengdene.

I 2024 var det totalt 7000 personar som vitja Astruptunet, og det blir med nytt visningssenter estimert eit besøkstal på mellom 20 000 og 30 000.

Med 40 millionar frå dei to bankstiftingane vil dei resterande summane vere fordelte slik: Kulturdepartementet (32 millionar), Vestland fylkeskommune (18 millionar) og 18 millionar frå Sunnfjord kommune. Det resterande beløpet, 23 millionar, på den totale kostnadskalkylen til 131 millioner, er frådragsført meirverdiavgift.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Kvart år deler stiftinga ut gåvemidler til allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.

– Nikolai Astrup er kunstverk i internasjonal målestokk. Det er viktig å ivareta arven både regionalt og nasjonalt. Vi må sikre denne typen tiltak i regionen og eit visingssenter vil gjere det meir attraktivt, seier Halvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Desse var på plass i Astruptunet fredag ettermiddag: Frå venstre: Terje Heggheim, Mayra Elena Henriquez, Lillian Loen, Anita Nordheim, Per Morten Ekerhovd, Anders Bjørnsen, Roy Stian Farsund, Hallvard Klakegg, Jacob Nødseth, Solveig Berg Lofnes, Tor Martin Leknes og Helge Robert Midtbø.

Anders Bjørnsen og Hallvard Klakegg

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Inkluderingsfondet – fordi alle barn fortener ein plass på laget

Ingen barn eller ungdom skal måtte stå på sidelinja fordi det er for dyrt å vere med. Difor har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, saman med Vestland idrettskrets, oppretta Inkluderingsfondet.

Gjennom fondet kan idrettslag og frivillige organisasjonar i Sogn og Fjordane søke om midlar til å støtte medlemmar som står i fare for å falle utanfor – fordi ein manglar pengar til treningsavgift, utstyr eller deltaking på arrangement.

Midlane skal gå direkte til barn og unge frå familiar med pressa økonomi – og sørge for at fleire får vere ein del av fellesskapet.

Ordninga skal vere enkel og tillitsbasert. Det er organisasjonen sjølv som opprettar retningslinjer, utpeikar ansvarlege og sørger for at støtta kjem dit ho trengst.

Vil de vere med å utgjere ein forskjell?
Les meir om korleis din organisasjon kjem i gang – og kva de kan få støtte til:

Etablerer næringsstiftinga Drivkraft

Styrkar Furorestipendet

Furorestipendet er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt personlege stipend til talentfullt ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett, open klasse og no også utdanning/forsking.

Stipendet er også dobla, frå 50 000 kroner til 100 000 kroner.

– Vil motivere

I tillegg blir talet stipend auka, og inntil 10 ungdomar vil no kunne få tildelt stipendet årleg.

– Vi har kjent på at det no var tid å fornye rammene rundt Furorestipdenet. Kvart år får vi mange søknadar frå talentfulle utøvarar frå Sogn og Fjordane i kategoriane «kultur, idrett og open klasse». No opprettar vi også ein eigen kategori for «forsking og utdanning». Dette for å motivere at dei som tek høgare og spennande utdanning skal få høve til å søke Furorestipendet. Dei to siste åra har vi tildelt to stipend til legestudentar som driv viktig forsking, og har fått positive tilbakemeldingar på det.

Det seier leiar gåve og samfunnskontakt Yngve Thorsen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og held fram:

– I 2013 vart alle stipenda sett til 50 000 kroner. Med tanke på prisveksten sidan då har styret i stiftinga fatta vedtak om at stipenda frå årets tildeling skal vere på 100 000 kroner. Det er dessutan bestemt at vi kan auke talet stipend frå åtte til inntil ti per år, seier Thorsen.

Fristen er 15. juni

I 2025 har allereie Anna Lille (musikk) og Malene Flister Seljeseth (enduro) fått tildelt stipendet på 100 000 kroner.

Ein ekstern jury er ansvarleg for å plukke ut stipendvinnarane. Denne juryen består for tida av Yngve Thorsen (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane), Trude Skarvatun (Førde kulturskule), Terje Lyngstad (tidlegare Teater Vestland), Cecilie Grydeland Lundsholt (tidlegare Teater Vestland), Geir Kåre Resaland (Høgskulen på Vestlandet) og Stig Roger Eide (tidlegare Firda).

No er tida inne for våre lovande talent i Sogn og Fjordane om å søke. Fristen er 15. juni. 

 

Desse fekk stipend i 2024:

Kolbein Eide Bukve, musikk

Johan-Olav Smørdal Botn, skiskyting

Sara Sandvik Arnestad, dans

Angy Avendano, skodespelar

Trym Dalset Lødøen, randonee

Åsmund Sunde Førde, friidrett

Gunn Marit Kvåle, musikk

Simon Hjelmeset Kirkeeide, skiskyting

Borgar Kløvtveit Bjarkasson, musikk

André Høberg, forskar

– No har eg ikkje ord. Eg er heilt tom!

– Vanlegvis brukar eg å snakke i eitt, men no har eg ikkje ord. Eg er heilt tom! Dette er heilt fantastisk, seier  Malene Flister Seljeseth då ho vart overraska med Furorestipend på 100 000 kroner.

22-åringen frå Florø er truleg ein av dei tøffaste idrettsutøvarane i Sogn og Fjordane. Verken meir eller mindre. I rasande fart styrer ho motorsykkelen sin sikkert og stødig gjennom dei største utfordringane, og det betyr ikkje noko for henne om køyringa er i blaut myr, sleipe svaberg eller på grusvegar.

– Nei, fart har aldri skremt meg. Faktisk elskar eg fart. Men det er viktig å understreke at eg har aldri større fart enn at eg har kontroll.

Årets første

Med pengar frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane deler Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kvart år ut stipend til talentfulle ungdommar i alderen 15-30 år. I 2025 har stipendet auka til 100 000 kroner, og motorsport-utøvaren frå Florø er årets første vinnar.

– Du er berre heilt rå, Malene. Det du har gjort det siste året viser berre litt av kva som bur i deg. Det at du køyrde deg heilt opp på sigerspallen i EM-løpet i Portugal for kort tid sidan viser berre kor langt du kan komme. Og eg trur vi kjem til å høyre mykje meir frå deg i åra som kjem, sa Ole Aukland i samband med overrekkinnga.

Han er banksjef i Florø og var den som overraska Malene.

– Eg trudde banksjefen hadde med seg pengar til bana, og så er det eg som får dette stipendet. No kan eg satse 100 prosent på enduro i tida som kjem. Det er ein dyr idrett å halde på med, og det er vanskeleg å kombinere bachelorutdanninga mi i paramedisin med endurosatsing. Trenaren min, Pål Anders Ullevålseter, er veldig klar på at tida er inne for å satse no, seier 22-åringen og skottar bort på Norges mest kjende endurokøyrar gjennom historia.

– Malene har eit utruleg potensial. Men det handlar om å jobbe med dei små detaljane som ofte ikkje er så synlege. Det er berre nitidig arbeid som tel. Og det veit eg at Malene er i stand til, seier Ullevålseter og smiler.

F.v.: Trenar Pål Anders Ullevålseter, Furore-vinnar Malene Flister Seljeseth og banksjef Ole Aukland.

Ny EM-runde

– No blir det knallhard trening fram mot neste EM-runde som går i Ungarn i juli månad. Eg har drive med enduro-køyring sidan eg var lita jente, og har køyrt her på anlegget på Grovastøylen i meir enn 10 år. No bur eg i Oslo, og satsar 100 prosent på å hevde meg internasjonalt i denne uthaldsidretten. Det er utruleg mykje trening som skal til, då vi aldri veit kva løyper og baner vi skal konkurrere i. Så det er viktig å vere allsidig trent, seier Furorevinnaren før ho tek på seg hjelmen og køyrer nokre rundar på motorsykkelen sin medan dei unge og hopefulle ungdommane i motorsykkelmiljøet sperrar opp auga over farta og kontrollen til 22-åringen.

Ingen tvil om at Malene er ein verdig Furorevinnar.

Det kan totalt delast ut ti stipend på 100 000 kroner, og søknadsfristen for Furorestipendet går ut 15. juni. Søknaden sendast på Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si nettside.

Søk Furorestipend!

Er du 15-30 år og har eit spesielt talent? Då kan du søkje Sparebankstiftinga om personleg FURORE-stipend i kategoriane Kultur, Idrett, Utdanning/ forsking og Open klasse. Søknadsfrist er 15. juni 2025.

Vil løfte arbeidet med lokale stiar

Eit førtitals deltakarar frå heile Sogn og Fjordane deltok på seminaret til DNT Sogn og Fjordane  angåande utbetringar av turstiane. -Ingen tvil om at det er eit viktig arbeid å gripe fatt i, seier Yngve Thorsen.

Thorsen er gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og i samband med at stiftinga i fjor gav 20 millionar kroner i rammegåve til DNT Sogn og Fjordane, er ønsket at kvalitetane på mange av stiane skal bli betre. Og DNT Sogn og Fjordane har verkeleg teke på seg arbeidshanskane på kort tid. I tillegg til å løyve pengar til aktuelle turstiar som skal renoverast, er fokuset på å heve kompetansen på stiarbeidet som blir utført i tida. Både i form av seminar og ikkje minst praktiske stikurs i tida som kjem.

Mindre sherpaer

Eller som Rune Holen i Statens Naturoppsyn understreka på seminaret etter at han har drive med «Stiskulen» i fleire år:

-Vi har verdas flottaste natur i Norge, og det er forståeleg at folk frå heile verda vil hit for å oppleve dette. Dessutan har vi utfordringar med tanke på klimaendringar, samt nye brukargrupper, som til dømes syklar på stiane våre. Dette er noko av bakteppet vi må ha når det gjeld stiarbeidet framover, sa Holen og understreka at det var viktig av å lære av feila som er gjort gjennom historia.

-Vi har no komme til eit punkt der vi ser at steinstier skal avgrensast, og vi må ikkje minst ha fokus på drenerings-problematikken. Og som ein gylden regel handlar det om å lage rett sti på rett plass. Plutseleg kan vi sjå at sosiale medier og influensarar sin påverknad kan gjere at enkelte stiar vert øydelagde. Ikkje minst fordi vi har ein sårbar natur, sa Holen og viste til plassar i Lofoten og i Loen-området, med klar adresse til både Raksetra og Breng.

Praktisk kurs

-Vi kjem til å ha eit praktisk stikurs tidleg i juni, og håpar mange interesserte dukkar opp der også. Vi lærer best ute i naturen, understreka Holen på seminaret som også hadde innleiarar som tok opp utfordringar overfor til dømes grunneigarar, spelemiddelutfordringar og konkret merking av stiar. Dessutan kunne representantar frå stiprosjekta på Nordre Heia i Sunnfjord, Balestrand i Sogndal samt Segestad i Stryn orientere om sine stiprosjekt.

-Det er utruleg flott at dette temaet endeleg er på dagsorden. Aldri får har så mange søkt ut i naturen, og det er naturleg at det kan bli slitasje. Då er det fantastisk å oppleve at vi på denne måten kan heve kompetansen på å forbetre stiarbeidet. Ikkje minst når både kommunar og turlag med interesserte stibyggjarar stiller opp. For her snakkar vi heilt klart om ein vinn/vinn-situasjon, seier Yngve Thorsen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane og deler kvart år ut midler til allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.

-Og det er iallfall ingen tvil om at gåva til DNT Sogn og Fjordane når flesteparten av innbyggjarane i Sogn og Fjordane, understreka Yngve Thorsenog vert støtta av prosjektleiaren Gry Thyrrestrup.

-No håpar vi berre at mange av dei lokale turlaga finn gode stiprosjekt som dei vil utvikle, seier ho.

Oversikta

Oversikt over innleiarar og tema på seminaret til DNT Sogn og Fjordane:

Rune Holen, Statens Naturoppsyn: Planlegging av stiprosjekt

Torgeir Nergaard Berg, DNT: Verktøy for stiutvikling, og publisering

Jørgen Hundset, Vener av Balestrandfjella: Stiutvikling lokalt

Merete Støfring, Vestland Bondelag: Grunneigar-tilhøve

Ingebjørg Erikstad, Indre Sunnfjord Turlag: Stiprosjektet på Nordheia

Atle Skrede, Vestland fylkeskommune: Spelemidler og prosjektmidler

Olav Auflem, Indre Nordfjord Turlag: Stiprosjektet Glomes-Segestad.

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide.