Val til stiftinga si Generalforsamling
Er du kunde med innskot på over 500 kr i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og har som sine føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på e-post 10 mars med to dagars svarfrist.
Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den fjerde får ein varaplass.
Valet går av stabelen 10- 12 mars. For å stemme i valet må du vere myndig og ha hatt eit innskot i SpareBank 1 Sogn og Fjordane på minst 500 kroner i dei siste 6 månadane før valet. I tillegg må du altså ha bustadadresse i Sogn og Fjordane.
Valnemnda sitt framlegg
Valnemnda er no ferdig med sitt arbeid, og har lagt fram følgjande framlegg til kandidatar:
Kandidatar til Generalforsamlinga
Innstilt som fast medlem;
1) Nils Magne Slinde
Adresse; 6863 Leikanger
Fødselsår; 1963
Yrke; Avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Utdanning; sivilingeniør frå NTH.
Organisasjonserfaring frå mellom anna som leiar, styremedlem og trenar i Idrettslaget Syril, inkluderingsfond, ungdomslag og grendelag.
2) Gro Gjerdevik
Adresse; 6774 Nordfjordeid
Fødselsår; 1975
Yrke;Eiendomssjef i Alti Forvaltning AS
Utdanning; Norges Hotellhøgskule
Organiasjonserfaring frå mellom anna styremedlem i Stad vekst og Eid handel, Klubbrådgjevar i Ørn 4H.
3) Martine Fosse Sveian
Adresse; 6729 Kalvåg
Fødselsår; 1994
Yrke;Hotellsjef ved Knutholmen AS
Utdanning; Kokk.
Organiasjonsefaring frå Kalvåg Bygdelag og Barnas Turlag Keipen
Innstilt som varamedlem;
4) Marte Krogstadmo
Adresse; 6856 Sogndal
Fødselsår; 1984
Yrke; Rådgjevar folkehelse i Luster kommune.
Utdanning: Bachelor i friluftsliv.
Organiasjonserfaring frå samarbeidsutval, Kjørnes Barnehage
Øvrige valbare kandidatar;
5) Kristin Rivedal Yndestad
Adresse; 6982 Holmedal
Fødselsår; 1987
Yrke; Folkehelsekoordinator Fjaler kommune.
Utdanning: Bachelor i folkehelsearbeid og master i samfunnsarbeid.
Organisasjonserfaring som styremedlem i Holmedal Ungdomslag, medlem Barnas Turlag Askvoll
6) Kristian Bøe
Adresse; 6783 Stryn
Fødselsår; 1985
Yrke;Ambulansefagarbeider
Utdannning; sjukepleiar.
Organiasjonserfaring frå Stryn Røde Kors, Hjelpekorpset.
7) Benedicte Moritsgård Refvik
Adresse; 6823 Sandane
Fødselsår; 1989
Yrke; Økonomisjef i Gloppen kommune.
Utdanning: Master i Økonomi og administrasjon frå NHH, Master i Management Science.
Organisasjonserfaring som styreleiar i Sandane utviklingslag og Høgenausen vel.
8) Adrian Hoff
Adresse; 6718 Deknepollen
Fødselsår; 1988
Lærar ved Vågsøy Ungdomsskule.
Utdanning: lærarutdanning, Høgskulen i Volda
Organisasjonserfaring som leiar for musikk-klub og styremedlem i idrettslag og velforeining
Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.
Godt val!
Hevar beløpsgrensa for mindre prosjekt/ tiltak
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane hevar beløpsgrensa for mindre prosjekt/ tiltak – frå kr. 30 000,- til kr. 50 000,-.
Vi gjer det lettare for deg å realisere ideane dine!
Kvifor denne endringa?
Beløpshevinga kjem som eit resultat av:
- Auka kostnadsnivå: Prisane på varer og tenester har stige, og dette gjer at mange prosjekt har behov for meir støtte enn før.
- Effektivitet og fleksibilitet: Med den nye beløpsgrensa kan mindre prosjekt få raskare og enklare tilgang til midlar, noko som sparar tid for både søkjarar og oss i administrasjonen
Målet med denne justeringa er å bidra til at fleire gode idear kan bli realisert i lokalsamfunnet, utan at søknadsprosessen vert meir komplisert.
Når trer endringa i kraft?
Den nye beløpsgrensa gjeld for søknader med verknad frå 1. februar 2025.
Korleis søkje?
Har du eit prosjekt som treng støtte under kr. 50 000,-? Då kan du sende inn ein søknad via søknadsportalen til stiftinga.
Hugs at det er løpande søknadsfrist for gåvesøknader under kr. 50 000,-, med ei saksbehandlingstid på berre 4 veker.
Vi gler oss til å bli kjent med dei gode ideane dine!
Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling
Er du kunde med innskot i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Då kan du nominere kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og har som føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med innskot på over 500 kroner i banken og med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel per e-post 10. mars, med to dagar svarfrist.
Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den 4. får ein varaplass.
Har du forslag til kandidatar til generalforsamlinga?
Send inn fullt namn, adresse og yrke på din (-e) kandidat (-ar) seinast 7. februar 2025 per e-post; post@sparebankstiftinga.no
Det ferdige framlegget til kandidatar frå valnemnda vert annonsert her medio februar.
Valet går av stabelen 10 -12 . mars. Alle med røysterett vil motta røystesetel per e-post.
Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.
Medlemer i generalforsamlinga
- Åge Avedal, Førde (leiar). Valt til 2028.
- Kristin Svardal, Florø (nestleiar). Valt til 2027.
- Linda Hovland, Dale. Valt til 2027.
- Roger Aa Djupvik, Sandane. Valt til 2028
- Siv Merete Stadheim, Florø. Valt til 2028
- Geir Ståle Støfring, Vassenden. Valt til 2026.
- Thomas Norheim Moen, Årdalstangen. Valt til 2027.
- Gro Rukan, Eikefjord. Valt til 2025 (på val).
- Nils Magne Slinde, Leikanger. Valt til 2025 (på val).
- Daniel Kvernøy, Eivindvik. Valt til 2025 (på val).
- Laila Johannessen, Leirvik. Valt til 2026
- Monika Refvik, Raudeberg. Valt til 2026
Varamedlemer
- 1. John Gerick Bårøy, Hyllestad. Valt til 2026.
- 2. Anne Skår, Sogndal. Valt til 2025 (på val).
- 3. Malene Lunde Sætren, Bryggja i Måløy. Valt til 2028
- 4. Thea Flo, Hjelledalen i Stryn. Valt til 2027
Godt val!
Dagsturhyttene i Vestland – inspirasjon til naturopplevingar
Dagsturhyttene i Vestland er eit resultat av eit unikt samarbeid mellom kommunane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Eviny og Vestland fylkeskommune. Saman har vi jobba for å skapa møteplassar som gjev deg høve til å oppleve den fantastiske naturen i regionen.
No! Endeleg kan vi sleppe dette til deg! Etter fleire års arbeid har vi publisert ei heilt ny bok om dagsturhyttene i Hordaland, og samstundes har vi oppgradert innhaldet i dagsturhytteboka for Sogn og Fjordane. Desse bøkene er tilgjengelege for deg som ønskjer inspirasjon til turar og naturopplevingar i fylket. Du kan få tak i bøkene ved å kontakte kommunehus, tannklinikkar eller friluftslivsorganisasjonar.
Som ein del av prosjektet har vi utvikla desse bøkene for å gje deg tips, inspirasjon og historier som passar både for store og små turgåarar. Målet er å gjera terskelen lågare for å komme seg ut på tur og nyte det Vestland har å by på.
Bøkene er gratis, og vi oppmodar deg til å ta med eit eksemplar heim. Kanskje kan dei også inspirere til å planleggje nye turar eller til å utforska nye delar av fylket?
Dagsturhyttene er ein del av ei større satsing på folkehelse, friluftsliv og lokale fellesskap. Gjennom prosjektet ønskjer vi å leggje til rette for ein aktiv kvardag og styrke samhaldet i lokalsamfunna.
Visste du?
- Kvar dagsturhytte er plassert med omsyn til å vera tilgjengeleg for flest mogleg, og samstundes gje ei flott naturoppleving.
- Dagsturhyttene er eit lågterskeltilbod – perfekte for både familiar, vennegjengar og enkeltpersonar.
Vi vonar du får glede av å besøke dagsturhyttene, og at bøkene kan vera med på å gje deg ein ekstra grunn til å nyte naturen i Vestland.
God tur!
1,3 millionar til “Straumsmarte idrettsanlegg”
Vestland Idrettskrets har i samarbeid med Sparebankstiftinga tildelt nesten 1,3 millionar kroner til “Straumsparte Idrettsanlegg”. I første runde har 8 idrettslag/ klubbar i Sogn og Fjordane fått midlar.
Les meir om kven som har fått midlar til på nettsidene til Vestland Idrettskrets
25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar
25 gåvesjekkar med ein totalverdi på tre millionar kroner har fått nye eigarar. Her kan du sjå alle som har fått.
Sidan 2018 har Noregs Ungdomslag fått gåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Desse pengane har bygdehusa i Sogn og Fjordane kunne søkt direkte til ungdomslaget om, og gjennom prosjektet “Huset i bygda” er tre millionar kroner no fordelt på 25 heldige mottakarar.
– Viktige hus i bygdelaga
Denne veka var det utdeling for “Huset i bygda” på Nasdalen Grendalag sitt samfunnshus på Lunde i Sunnfjord. Her var representantar frå bygdehus rundt om kring i Sogn og Fjordane til stades.
– I 2024 har vi fått heile tre millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og i kveld kan vi dele ut gåvesjekkar til heile 25 bygdehus. Dette er fordelt på 20 sjekkar som går til meir ordinære bygningsmessige tiltak, medan dei fem siste sjekkane går til det vi definerer som «universell utforming» av desse viktige husa i bygdelaga rundt omkring i fylket, fortalde Ida Søderstrøm, som er organisasjonskonsulent i Norges Ungdomslag.
Hjartet i bygda
– Vi er vi opptekne av at det skal vere lys i husa, og det skal vere aktivitet i bygdene. Bu- og bli-lyst er viktige omgrep for oss, og vi veit at desse viktige kulturhusa betyr mykje for barn, ungdom, vaksne og eldre rundt i bygdene. Mange plassar er desse bygga sjølve hjartet i bygda, og her får mange kjennskap til viktige verdiar som fellesskap og dugnad, sa Yngve Thorsen, som er gåve- og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og forvaltar delar av overskotet i banken mellom anna med å gje gåver til allmennyttige føremål i heile Sogn og Fjordane.
Denne veka har det også blitt delt ut ei anna gåve som bygdehusa kan få glede av. Teater Vestland sitt nye prosjekt “Lys i bygda” har fått ei gåve på éin million kroner. Les meir om det her.
Desse fekk pengar frå Huset i bygda:
Kommune: Organisasjon: Sum:
Askvoll, Flokenes grendahus, Elvetun 75 650
Aurland, Aurland ungdomslag 100 000
Aurland, Undredal ungdomslag 300 000
Bremanger, Berle grendalag 77 000
Bremanger, Ungdomslaget Havdur, u.u. 40 000
Fjaler, Dale ungdomslag 39 000
Gloppen, Husstyret for Vonheim 115 000
Gloppen, Grendehuset Gimle u.u.100 000
Gloppen, Foreninga Breimshallen, u.u. 70 000
Gulen, Eidsbotn Vel 135 000
Hyllestad, «Trygt hus», gml. ungdomshus 50 000
Hyllestad, Skifjord grendahus, u.u. 100 000
Kinn, Almenning grendalag 40 000
Kinn, Askrova grendahus 76 000
Kinn, Stavøy grendalag 79 625
Luster, Indre Hafslo bygde- og ungdomslag 150 000
Luster, Mollandsmorki grendalag 45 000
Lærdal, Lærdal ungdomslag, Frilund 250 000
Lærdal, Lærdal ungdomslag, Frilund, u.u. 250 000
Sogndal, Vetlefjorden grendahus 60 000
Sunnfjord, Førde ungdomslag, Viking 67 000
Sunnfjord, Nasdalen grendahus, u.u. 300 000
Sunnfjord, Instedalen krins 37 000
Stad, Bryggja grendahus 110 000
Vik, Framfjord ungdomslag 224 350
*u.u.= universell utforming

Nasdalen Grendalag sitt hus er eitt av 25 bygdehus som har fått pengar.
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane
DNT Sogn og Fjordane er tildelt 20 millionar til eit fireårig prosjekt kalla «Eg gjekk ein tur på stien». Desse midlane vert gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Målet med prosjektet er å legge til rette for utvikling av både nye og noverande turstiar i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst.
Bredt samarbeid
Det er DNT Sogn og Fjordane som er prosjektleiar for prosjektet.
– Pengane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir oss ein unik moglegheit til å skape noko bra og varig saman! Vi må jobbe saman, på tvers av kommunar, frivilligheit og ulike organisasjonar, seier styreleiar i DNT Sogn og Fjordane, Siv Merete Stadheim.
– Det er eit ønske at prosjektet skal bidra til at alle, uavhengig av alder, bakgrunn, erfaring og funksjonsevne, skal finne turområde i Sogn og Fjordane der ein kan føle seg trygge, vere fysisk aktive og få naturopplevingar. Både berekraft og tilrettelegging er viktige faktorar i prosjektet og ei prosjektgruppe beståande av fagpersonar skal rettleie i tilrettelegging, grunneigarforhold og berekraftigutvikling av stiar. I tillegg blir frivilligheita avgjerande for gjennomføring av prosjektet. Lokale prosjektgrupper beståande av kommunane og frivillige lag og organisasjonar skal saman vere med å utvikle turstiane i sine nærmiljø.
Saka held fram under bildet.
Veldig bra at fleire får tilgang
Det var Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som tok initiativ til prosjektet. Dei er Sparebanken Sogn og Fjordane sin største eigar, og forvaltar delar av overskotet til banken.
– Sogn og Fjordane har ein fantastisk natur, og gjennom dette prosjektet vert det endå fleire som får tilgang til den. Det er veldig bra! Dette er eit godt og nøye gjennomarbeidd prosjekt, og det er veldig kjekt og fortent at vi med pengar frå overskotet vårt bidrar til at det vert ein realitet. Vi håpar at dette kan ha ein utløysande effekt der målet er at prosjektet skapar verdiar for 60 millionar kroner, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Han vert støtta av Yngve Thorsen, leiar gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
– Å bidra til bulyst i Sogn og Fjordane, og gjere regionen vår så attraktiv som mogleg, det er viktig for oss. «Dagsturhytta» er noko alle i Sogn og Fjordane kjenner til, som vi var med og finansierte, og dette prosjektet er på mange måtar bygd på same prinsippet med at alle kommunar får same moglegheita. Med dei flinke folka i DNT Sogn og Fjordane i spissen har eg stor tru på at «Eg gjekk ein tur på stien» vert ein suksess, seier Thorsen.