OPPTUR 2013 snart halvfullt – etter ein dag!

Det frivillige lags- og organisasjonslivet i fylket har tydelegvis tent på alle pluggane for OPPTUR 2013: Allereie eit døgn etter at vi la ut invitasjonen passerer vi 100 påmeldte!

OPPTUR er Sparebankstiftinga si gåve til alle som er engasjert i frivillig arbeid i fylket, som blir invitert til ein kveld med god mat, ny kunnskap og inspirasjon til å løfte laget sitt vidare den 3. oktober; les meir om programmet her.

Arrangementet har dei siste fire åra vore på Skei (då med namnet “Eldsjelsamlinga”), og har samla kring 200 deltakarar. Så når vi flytta arrangementet til Førde og la det i forkant av musikkmiljøet sitt arrangement BLEST, tinga vi like godt den største salen på Rica Sunnfjord hotell, slik at vi kunne få plass til 250 gjester.

Dette har tydelegvis fenga målgruppa: Aldri før har vi sett slik trøkk kring påmeldinga, og med ein slik første dag er vi så sikre på at det vert fullt i god tid før påmeldingsfristen 20. september at vi måtte “åtvare” dykk om å vere langt raskare på labben enn tidlegare… Men det tyder òg at alt ligg til rette for at dette blir eit flott arrangement og ein fantastisk arena for oss i Sparebankstiftinga å kome i nærare dialog med dykk som vi prøver å hjelpe med utbytet vårt frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Så no gler vi oss berre enda meir til torsdag 3. oktober!

PS hugs å skrive namnet på kva lag du er frivillig i når du sender inn påmeldinga! Då vil laget ditt nemleg bli med i ei avstemming om ei gåve på 20.000 kroner (avstemminga vert sett i gong etter påmeldingsfristen). Gåva vert overrekt på arrangementet – viss vinnaren av avstemminga er til stades…