Bli klar for oppstarten – vi stiller med midlar!

Norge er endeleg på veg tilbake til normalen, og vi ønskjer at frivilligheita kjem seg fort på beina igjen.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut mange millionar av kroner av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. I tillegg til dei ordinære søknadsrundane på våren og hausten, er det også noko som heiter «Forenkla søknad». Her er det ingen søknadsfrist og rask handsaming.

Maksbeløpet ein kan søkje om i «Forenkla søknad» har fram til no vore på 10 000 kroner, men dette er no auka til 30 000 kroner.

Les meir om «Forenkla søknad» og søk om midlar her.

– I Sogn og Fjordane er dugnadsånda stor med ein sterk frivillig sektor, solide lag og organisasjonar og mange gode initiativ. Vi ønskjer å sikre at tillitsvalde, eldsjeler og medlemar får ekstra motivasjon til å komme raskt i gang med aktivitetar igjen. Og gjerne gjere noko litt ekstra for organisasjonen sin, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Etter 16 månader med strenge restriksjonar, er vi endeleg på veg tilbake til normalen. Derfor er det no eit godt tidspunkt å løfte grensa på «Forenkla søknad». På denne måten kan lag og organisasjonar få hjelp til å kome i gang att med aktiviteten. Deltaking i frivilligsektor er viktig for integrering og for å hindre utanforskap. Difor håpar vi lag og organisasjonar set i gang aktivitet for å behalde og rekruttere medlemmar.

– Målet er at lag og organisasjonar kan søkje om midlar til strakstiltak. Organisasjonane kan for eksempel søkje om tiltak til medlemsrekruttering. Vi får også signal frå eldsjeler som klør i fingrane etter å gå i gang når samfunnet opnar opp igjen, og ein kan derfor også søkje om midlar til kurs, arrangement eller andre sosiale aktivitetar, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til banken.

Les meir om «Forenkla søknad» og søk om midlar her.

(foto: Torbjørn Rørvik)