bilde av Leander Mulen Sunde

Nokon må gjere det

Frivilligheita og dugnadsånda står sterkt i Sogn og Fjordane, og frivillig sektor er ein juvel i lokalsamfunna våre. Den bidrar til aktivitet, trivsel, folkehelse, integrering, bulyst og utvikling i heile regionen vår.

Vi i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er tett på frivillig sektor og i jamleg kontakt med eldsjeler som gjer ein fantastisk jobb for lokalsamfunna. Å møte engasjerte, dyktige  og gjerne litt patriotiske eldsjeler gir oss inspirasjon og kunnskap i vårt arbeid med å tildele gåver til samfunnsnyttige tiltak i frivillig sektor. For oss er det eit privilegium å kunne støtte mange viktige og flotte tiltak som eldsjeler sparkar i gang. Dei siste 3 åra har Sparebankstiftinga delt ut nærmare 100 millionar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til slike formål.

I dialogen med eldsjelene er det likevel noko som uroar oss, og denne uroa har forsterka seg den siste tida. Dei siste 18 månadane har vi alle delteke mindre i dugnad og frivillig arbeid. Gjennom pandemien har mange lagt til seg andre vanar og funne nye fritidsaktivitetar. Spørsmålet vi stiller oss er om dugnadsånda og deltaking i organisert frivillig arbeid er blitt svekka etter korona. Tendensar til lågare deltaking i frivillig sektor var der også før korona, men tal frå frivilligheitsbarometeret for 2021 viser at deltakinga i frivillig arbeid gått ned frå 66 % i 2020 til 55 % i 2021 på landsbasis.

Mange eldsjeler fortel at det blir stadig vanskelegare å rekruttere til tillitsverv i lag og organisasjonar, spesielt til styrer der det er mange administrative oppgåver. Eit idrettslag får stadig nye krav og lovverk å forhalda seg til. Byråkratiseringa treff også frivilligheita.

Erling Oppheim, leiar i stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark, sa det treffane i eit møte vi hadde med han. Han refererte til den viktige, men av og til usynlege jobben dei gjorde, slik som å søkje om offentlege godkjenningar og midlar, koordinering av næringslivet og få grunneigarar til å einast: – Nokon må gjere det, og i Nærøyfjorden er vi denne nokon.

Slik er det også i idrettslag og andre frivillige organisasjonar. Nokon må gjere det. Nokon må sitte i styret og nokon må ta trenarrolla. Dei ulike verva må fordelast og dugnadsoppgåvene må utførast for at frivilligheita skal fungere. Dette er navet i ein velfungerande frivillig sektor.  Utan denne «nokon» forvitrar  frivillig sektor. Forvitrar frivillig sektor, forvitrar lokalsamfunna våre. Skal frivillig sektor utvikle seg og vere limet i lokalsamfunnet er vi avhengig av at fleire, og ikkje færre, engasjerer seg i lags- og organisasjonslivet. Innan barne- og ungdomsarbeid har foreldre eit spesielt ansvar for å stille opp. Kanskje må også besteforeldre, som er sprekare og meir resurssterke enn nokon gang, oppmodast til meir frivillig arbeid mot barn og unge. Dei veit kva dette går i.

Ungdommen må også motiverast og lærast opp til dugnad og frivillig arbeid. Her er foreldre viktige rollemodellar. Foreldre som vil kjøpe seg fri frå dugnad er ikkje dei beste førebileta.  Mange syns det er vanskeleg å engasjere ungdom i dugnad og frivillig arbeid og her ligg det ei utfordring som vi må løfte fram.

Heldigvis er det mange ungdommar som også viser veg og deltek aktivt. I mitt lokalsamfunn blir eg begeistra når eg møter 19 år gamle Leander Mulen Sunde. Ei ung eldsjel som er leiar i speidaren, fotballtrenar for jenter 15-17 år, trenartrainee for seniorlaget og fotballdommar. Kvifor gjer du dette spurde eg Leander;  – Fordi det er kjekt! Leander er denne «nokon» i ungdomsgenerasjonen. Vi treng mange slike som Leander.  Og som Leander erfarer vil unge oppleve at deltaking i frivillig arbeid er givande, lærerikt og meiningsfullt. På CV’en er det gull verdt.

 

2022 er frivilligheita sitt år. Sparebankstiftinga skal stille opp for lag og organisasjonar på minst same nivå som tidlegare. Vi vil helst gjere meir. I 2022 skal frivilligheita stå sentralt for oss. Vi heiar på tiltak og aktivitetar som har lokalt og breitt engasjement, god dugnadsinnsats og som gjerne rettar seg mot barn og unge. Slik ønskjer vi det også framover. Gåvemidlar frå oss skal ikkje erstatte dugnadsinnsatsen, men forsterke den.

I 2022 kan vi alle vere med å løfte fram frivilligheita. Alle kan ta i eit ekstra dugnadstak. Ikkje minst kan vi heie fram og sjå eldsjelene vi møter i kvardagen. Hugs på at det er desse eldsjelene som kvar for seg er denne «nokon» og som held liv i frivilligheita. Tenk gjennom kven denne «nokon» er i ditt lokalsamfunn. Kanskje du skal gje vedkommande eit klapp på skuldra? Kanskje du sjølv kan bli denne «nokon» for ein periode?

Vi trur at lokalsamfunna våre treng fleire eldsjeler meir enn noko gong. Frivillig arbeid gjer seg ikkje sjølv. Nokon må gjere det.

 

Hallvard Klakegg, Sparebankstiftinga Sogn & Fjordane