Har Gåveforsterkingsordninga vore bra for Sogn og Fjordane?

Det var NRK Sogn og Fjordane som i månadsskiftet ville ha ein kommentar om nedlegginga av Gåveforsterkingsordninga, på bakgrunn av at Førdefestivalen no mistar høvet til å hente midlar frå ordninga. Denne saka kan du sjå her.

Her er dagens lesarinnlegg frå vår fagsjef Pål Fidjestøl i Sogn Avis (betalingsmur):

Gåveforsterking eller byforsterking?

Tysdag denne veka fekk vi i Sparebankstiftinga spørsmål frå NRK Sogn og Fjordane om ikkje vi synst det var leit dersom Gåveforsterkingsordninga vart avvikla, då Førdefestivalen dermed mista denne støtta. Journalisten vart så overraska av vårt kontante nei på spørsmålet, at det kanskje er på sin plass med eit litt lenger svar enn det radioformatet tillet. Gåveforsterkingsordninga er ei ordning som supplerer private gåver til kunst og kultur på over 100.000 kroner med 25% statlege midlar.

Først av alt: Meir pengar til kultur er bra! Både Førdefestivalen og dei mange andre dyktige kulturaktørane i Sogn og Fjordane fortener kvar krone dei får inn til verksemda. Så ein viktig føresetnad for å skrote Gåveforsterkingsordninga er at midlane blir omfordelt til same formål, og ikkje fører til mindre pengar til kulturfeltet.

Men KORLEIS ein støttar kulturfeltet er også eit viktig spørsmål. Og då meiner vi at Gåveforsterkingsordninga er ei uheldig innretning av fleire årsaker. For å ta den prinsipielle først, synst ikkje vi det er rett at skattepengane skal følgje private donasjonar meir eller mindre slavisk, offentlege midlar bør bli forvalta og prioritert av folkevalde organ. Vi i Sparebankstiftinga er veldig klar over at våre gåvetildelingar har stor nok «utløysande kraft» allereie, ved at ei gåve frå oss svært ofte utløyser ytterlegare bidrag frå både offentlege og andre private aktørar. Men vi har òg lært at vi må vere varsame med å vere FOR tidleg ute, til dømes i forkant av ei offentleg sakshandsaming. Dette bør og må vurderast frå sak til sak. Vi synst difor det er prinsipielt betenkeleg at Gåveforsterkingsordninga overfører ansvaret for prioritering av midlar til oss på generell basis.

Gåveforsterkingsordninga er heller ikkje vidare distriktsvenleg. Då det er fleire private støttespelarar kring dei store byane, vil naturlegvis midlane følgje same fordelinga – og dermed auke skilnaden mellom by og land. Som representant for ei stifting med Sogn og Fjordane som nedslagsfelt, ser vi at vi er kulturen sin einaste private støttespelar litt oftare enn vi likar, og skulle gjerne sett at dei geografiske utfordringane i vår region i større grad vart kompensert, og i alle fall ikkje forsterka.

Så til sjølve «kron-argumentet» for Gåveforsterkingsordninga, at den skal utløyse meir midlar til kultur frå private donorar: Vi ser så å seie aldri at Gåveforsterkingsordninga inngår i finansieringa av søknadane vi får inn til Sparebankstiftinga. Det tydar på at det er lite kunnskap om ordninga i frivillig sektor, og at det dermed er dei større kulturinstitusjonane (som vi ikkje har så mange av i Sogn og Fjordane) som nyttar ordninga i større grad. Men vi får jo inn (svært) mange søknadar likevel, så det er tydelegvis ikkje Gåveforsterkingsordninga som motiverer laga til å søkje.

Vi har heller ikkje kjennskap til private donorar i vår region som har blitt motivert til å gi (meir) pengar til kultur på grunn av Gåveforsterkingsordninga, og det gjeld definitivt ikkje Sparebankstiftinga. Kor mykje gåver vi gir til kultur og andre samfunnsnyttige tiltak blir først og fremst påverka av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Når banken driv godt, går meir av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Stiftinga sine midlar blir i sin heilskap anten delt ut til samfunnsnyttige tiltak eller lagt «på kistebotn» for framtida. Og det har vi tenkt å gjere «med evigheita  som perspektiv», som vedtektene våre slår fast – med eller utan gåveforsterking.

 

Pål Fidjestøl

Fagsjef gåver og prosjektutvikling, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

bilde av Leander Mulen Sunde

Nokon må gjere det

Frivilligheita og dugnadsånda står sterkt i Sogn og Fjordane, og frivillig sektor er ein juvel i lokalsamfunna våre. Den bidrar til aktivitet, trivsel, folkehelse, integrering, bulyst og utvikling i heile regionen vår.

Vi i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er tett på frivillig sektor og i jamleg kontakt med eldsjeler som gjer ein fantastisk jobb for lokalsamfunna. Å møte engasjerte, dyktige  og gjerne litt patriotiske eldsjeler gir oss inspirasjon og kunnskap i vårt arbeid med å tildele gåver til samfunnsnyttige tiltak i frivillig sektor. For oss er det eit privilegium å kunne støtte mange viktige og flotte tiltak som eldsjeler sparkar i gang. Dei siste 3 åra har Sparebankstiftinga delt ut nærmare 100 millionar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til slike formål.

I dialogen med eldsjelene er det likevel noko som uroar oss, og denne uroa har forsterka seg den siste tida. Dei siste 18 månadane har vi alle delteke mindre i dugnad og frivillig arbeid. Gjennom pandemien har mange lagt til seg andre vanar og funne nye fritidsaktivitetar. Spørsmålet vi stiller oss er om dugnadsånda og deltaking i organisert frivillig arbeid er blitt svekka etter korona. Tendensar til lågare deltaking i frivillig sektor var der også før korona, men tal frå frivilligheitsbarometeret for 2021 viser at deltakinga i frivillig arbeid gått ned frå 66 % i 2020 til 55 % i 2021 på landsbasis.

Mange eldsjeler fortel at det blir stadig vanskelegare å rekruttere til tillitsverv i lag og organisasjonar, spesielt til styrer der det er mange administrative oppgåver. Eit idrettslag får stadig nye krav og lovverk å forhalda seg til. Byråkratiseringa treff også frivilligheita.

Erling Oppheim, leiar i stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark, sa det treffane i eit møte vi hadde med han. Han refererte til den viktige, men av og til usynlege jobben dei gjorde, slik som å søkje om offentlege godkjenningar og midlar, koordinering av næringslivet og få grunneigarar til å einast: – Nokon må gjere det, og i Nærøyfjorden er vi denne nokon.

Slik er det også i idrettslag og andre frivillige organisasjonar. Nokon må gjere det. Nokon må sitte i styret og nokon må ta trenarrolla. Dei ulike verva må fordelast og dugnadsoppgåvene må utførast for at frivilligheita skal fungere. Dette er navet i ein velfungerande frivillig sektor.  Utan denne «nokon» forvitrar  frivillig sektor. Forvitrar frivillig sektor, forvitrar lokalsamfunna våre. Skal frivillig sektor utvikle seg og vere limet i lokalsamfunnet er vi avhengig av at fleire, og ikkje færre, engasjerer seg i lags- og organisasjonslivet. Innan barne- og ungdomsarbeid har foreldre eit spesielt ansvar for å stille opp. Kanskje må også besteforeldre, som er sprekare og meir resurssterke enn nokon gang, oppmodast til meir frivillig arbeid mot barn og unge. Dei veit kva dette går i.

Ungdommen må også motiverast og lærast opp til dugnad og frivillig arbeid. Her er foreldre viktige rollemodellar. Foreldre som vil kjøpe seg fri frå dugnad er ikkje dei beste førebileta.  Mange syns det er vanskeleg å engasjere ungdom i dugnad og frivillig arbeid og her ligg det ei utfordring som vi må løfte fram.

Heldigvis er det mange ungdommar som også viser veg og deltek aktivt. I mitt lokalsamfunn blir eg begeistra når eg møter 19 år gamle Leander Mulen Sunde. Ei ung eldsjel som er leiar i speidaren, fotballtrenar for jenter 15-17 år, trenartrainee for seniorlaget og fotballdommar. Kvifor gjer du dette spurde eg Leander;  – Fordi det er kjekt! Leander er denne «nokon» i ungdomsgenerasjonen. Vi treng mange slike som Leander.  Og som Leander erfarer vil unge oppleve at deltaking i frivillig arbeid er givande, lærerikt og meiningsfullt. På CV’en er det gull verdt.

 

2022 er frivilligheita sitt år. Sparebankstiftinga skal stille opp for lag og organisasjonar på minst same nivå som tidlegare. Vi vil helst gjere meir. I 2022 skal frivilligheita stå sentralt for oss. Vi heiar på tiltak og aktivitetar som har lokalt og breitt engasjement, god dugnadsinnsats og som gjerne rettar seg mot barn og unge. Slik ønskjer vi det også framover. Gåvemidlar frå oss skal ikkje erstatte dugnadsinnsatsen, men forsterke den.

I 2022 kan vi alle vere med å løfte fram frivilligheita. Alle kan ta i eit ekstra dugnadstak. Ikkje minst kan vi heie fram og sjå eldsjelene vi møter i kvardagen. Hugs på at det er desse eldsjelene som kvar for seg er denne «nokon» og som held liv i frivilligheita. Tenk gjennom kven denne «nokon» er i ditt lokalsamfunn. Kanskje du skal gje vedkommande eit klapp på skuldra? Kanskje du sjølv kan bli denne «nokon» for ein periode?

Vi trur at lokalsamfunna våre treng fleire eldsjeler meir enn noko gong. Frivillig arbeid gjer seg ikkje sjølv. Nokon må gjere det.

 

Hallvard Klakegg, Sparebankstiftinga Sogn & Fjordane

Bli klar for oppstarten – vi stiller med midlar!

Norge er endeleg på veg tilbake til normalen, og vi ønskjer at frivilligheita kjem seg fort på beina igjen.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut mange millionar av kroner av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. I tillegg til dei ordinære søknadsrundane på våren og hausten, er det også noko som heiter «Forenkla søknad». Her er det ingen søknadsfrist og rask handsaming.

Maksbeløpet ein kan søkje om i «Forenkla søknad» har fram til no vore på 10 000 kroner, men dette er no auka til 30 000 kroner.

Les meir om «Forenkla søknad» og søk om midlar her.

– I Sogn og Fjordane er dugnadsånda stor med ein sterk frivillig sektor, solide lag og organisasjonar og mange gode initiativ. Vi ønskjer å sikre at tillitsvalde, eldsjeler og medlemar får ekstra motivasjon til å komme raskt i gang med aktivitetar igjen. Og gjerne gjere noko litt ekstra for organisasjonen sin, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Etter 16 månader med strenge restriksjonar, er vi endeleg på veg tilbake til normalen. Derfor er det no eit godt tidspunkt å løfte grensa på «Forenkla søknad». På denne måten kan lag og organisasjonar få hjelp til å kome i gang att med aktiviteten. Deltaking i frivilligsektor er viktig for integrering og for å hindre utanforskap. Difor håpar vi lag og organisasjonar set i gang aktivitet for å behalde og rekruttere medlemmar.

– Målet er at lag og organisasjonar kan søkje om midlar til strakstiltak. Organisasjonane kan for eksempel søkje om tiltak til medlemsrekruttering. Vi får også signal frå eldsjeler som klør i fingrane etter å gå i gang når samfunnet opnar opp igjen, og ein kan derfor også søkje om midlar til kurs, arrangement eller andre sosiale aktivitetar, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til banken.

Les meir om «Forenkla søknad» og søk om midlar her.

(foto: Torbjørn Rørvik)

No kan du søkje inntil 30.000 kr. i Forenkla søknad

Forenkla søknad har kun 4 vekers handsamingstid og ingen søknadsfrist, slik at du kan søkje når som helst, heile året. Sidan Forenkla søknad er ein relativt rask og smidig måte å få midlar til samfunnsnyttige tiltak, er den svært populær. Difor aukar vi no maks-beløpet ein kan søkje om, til 30.000 kroner.

 

Forenkla søknad er vår løpande søknadsordning, og er meint å svare ut eit behov for “litt pengar raskt” framfor berre å prioritere store kostnads- og tidkrevjande prosjekt. Ordninga vart raskt populær då den vart innført i 2012, og utgjer om lag halvparten av søknadar stiftinga handsamar.

Maks-beløpet ein kan søkje om i Forenkla søknad har vore det same sidan starten, på 10.000 kroner. Sparebankstiftinga ønskjer å vere ein stabil samarbeidspart, difor vert ikkje maks-beløpet regulert så ofte. Men no ser vi eit stort behov for fleksible midlar til gjenopninga etter COVID-19, der mange aktørar ser medlemsfråfall og brems i aktiviteten. Difor meiner vi dette er eit godt tidspunkt å løfte grensa, slik at vi kan hjelpe lag og organisasjonar til å kome i gang att med aktiviteten og rekrutteringa av medlemmer så raskt som mogleg.

NB sjølv om maks-beløpet vert auka, vil det naturligvis fortsatt bli ei individuell vurdering av behovet for midlar til kvart tiltak. Stiftinga sine vilkår og prioriteringar (som du kan lese meir om her) vil heller ikkje endre seg.

No er stiftinga òg Miljøfyrtårn

Allereie då Sparebanken Sogn og Fjordane oppretta Sparebankstiftinga i 2010, hadde banken vore sertifisert som Miljøfyrtårn i fleire år; som ein av dei første bankane i landet. Miljøfokuset har difor stått sterkt i stiftinga i alle år. Samstundes har vi i Sparebankstiftinga eit sjølvstendig ansvar, og har difor kjent behov for å registrere oss som miljøfyrtårn på eigen kjøl. Utfordringa har vore at det ikkje har vore laga bransjekrav for sparebankstiftingar. Men så snart desse var på plass i august 2020, starta Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sertifiseringsarbeidet, og fekk si godkjenning rett før årsskiftet.

Tysdag 11. mai fekk dermed ordførar i Sunnfjord kommune Olve Grotle æra av å formelt overrekke provet på stiftinga si Miljøfyrtårn-sertifisering til vår direktør Hallvard Klakegg.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har framleis høg prioritet på å stimulere miljø- og berekraftsarbeid, og er i samband med slike prosjekt ofte i dialog med organisasjonar og bedrifter med Miljøfyrtårn-status. Difor er det òg viktig erfaring for stiftinga å ha både registreringsprosessen og rapporteringsrutinene mot Miljøfyrtårnstiftinga “under huda”.

For øvrig registrerer vi med glede at det for tida er ei flott auke i antal Miljøfyrtårn i Sogn og Fjordane, og oppmodar alle lag og bedrifter til å synleggjere og forsterke sitt miljøengasjement ved å registrere seg som Miljøfyrtårn. Korleis ein går fram kan du lese om her.

Når får vi svar på søknaden vår?

Sparebankstiftinga har 8 vekers handsaming av “ordinær søknad”, dvs. søknadar som kjem inn til dei to søknadsfristane våre 1. mars og 1. september. Det vil seie at du kan forvente svar kring 1. mai og 1. november – men sidan 1. mai i år fell på ein laurdag blir svara sendt ut påfølgjande måndag, altså 3. mai.

Forenkla søknadar, altså søknadar om inntil 10.000 kr, har løpande handsaming; og her kan du forvente svar innan 4 veker (NB det kan ta ei veke eller to lenger tid dersom du søkjer på starten av sommaren, pga. ferieavvikling).

Svaret på søknaden blir sendt på epost til den adressa du logga inn med når du skreiv søknaden. Det blir òg sendt ut varsel på SMS til mobilnummeret du registrerte (hugs difor å oppdatere epostadresse og/eller mobilnummer dersom dette har endra seg sidan du søkte: då går du til “min profil” i søknadsportalen).

Du kan òg logge inn i søknadsportalen og sjekke status under “mine søknadar”.

Nyvalde medlemmer i Generalforsamlinga

Val av medlemmar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane  si generalforsamling vart gjort elektronisk per e-post blant Sparebanken Sogn og Fjordane sine innskotskundar med adresse i Sogn og Fjordane, i perioden 7-9 april. Det vart registrert 580 stemmar. Dette er ein nedgang i høve til dei 906 stemmene vi fekk inn i fjor Vi er likevel stolte av og takksame for at så mange av banken sine innskytarar engasjerer seg i valet, så takk til dykk som røysta.

Som annonsert i forkant av valet skulle det veljast tre faste representantar for fire år, og fire varamedlemer for eitt år. Her er dei som vart valt inn:

Faste representantar valt for 4 år:

Gro Rukan (Eikefjord)
Nils Magne Slinde (Leikanger)
Daniel Kvernøy (Eivindvik)

Vararepresentantar valt for 1 år:

John Gerick Bårøy (Hyllestad)
Rolf Olav Gjørven (Hjelledalen i  Stryn)
Anne Skår (Sogndal)
Endre Rutledal (Måløy)

Sparebankstiftinga ønskjer å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.

 

Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling

Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling

Er du kunde med innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna vel styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga gjev også rammer for gåvetildelingane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har som sine føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med innskot på over 500 kroner i banken og med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på e-post 7. april, med to dagars svarfrist.

Framlegget til kandidatar er laga av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane  si valnemnd, etter at publikum har fått høve til å foreslå kandidatar. Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og dei 4 neste få varaplass.

Her er kandidatane ein kan stemme på:

Innstilt på fast plass i 4 år:     

1) Gro Rukan, 52 år frå Eikefjord

Innovasjonsrådgjevar Helse Førde og HVL. Tidigare arbeidserfaring i frå Framtidsfylket og  Kunnskapsparken Vestland. Utdanning; NMBU akvakultur og ulike leiingsfag.

Organisasjonserfaring frå Eikefjord Bondelag, Fiskeri-og havbruksnæringens forskningsfond, Folkeuniversitetet Vestland.

2) Daniel Kvernøy, 36 år frå Eivindvik

Prosjektleiar Florø Skyssbåt AS. Tidelagre yrkeserfaring som driftsleiar i GulenSkyss AS Tidlegare medlem i Gulen kommunestyre (H).

3) Nils Magne Slinde, 57 år frå Leikanger

Seksjonssjef i Statens vegvesen. Tidlegare yrkeserfaring frå ulike leiarjobbar innan vegbygging, transportplanlegging og forvaltning. Utdanna sivilingeniør frå NTH.

Organisasjonserfaring frå mellom anna som leiar, styremedlem og trenar i Idrettslaget Syril, ungdomslag og grendelag.

 

Innstilt som varamedlem i 1 år:

4) Rolf Olav Gjørven, 29 år frå Stryn

Sjølvstendig næringsdrivane. Medeigar Folvengaard AS. Styremedlem Oppstryn Bondelag og Hjelledalen Kraftlag AS.

5) John Geric Bårøy, 29 år Hyllestad  

Energimontør, BKK Nett.Utdanning: VG2 Yrkesfag tømrar og el-energi.

Organisasjonserfaring; Leiarverv Hyllestad IL og leiar Hyllestad Ungdomsråd og leiar Lifjorden Bygdelag.

6) Anne Skaar, 47 år frå Sogndal

Lektor ved Høgskulen på Vestlandet. Tidlegare fysioterapeut.

Organisasjonserfaring; leiar i Sogndal Turlag og nestleiar i kontrollutvalet i Sogndal kommune (SV).

7) Endre Rutledal, 41 år frå Måløy

Advokat, partner og dagleg leiar i Advokatfirmaet Angelshaug & Co, i Måløy.

Organisasjonserfaring; Styreleiar i Trollskogen barnehage og Skaredammen idrettspark, nestleiar i Tornado FK og Måløy FK og  styremedlem i AS Fiskevegn

 

Øvrige kandidatar (har takka ja til å stå på val, men er ikkje innstilt av valnemnda):

8) Inger Elin Gimmestad, 57 år frå Sandane

Rekneskapssjef i Sogn og Fjordane Energi, styremedlem i diverse småkraftselskap. Organisasjonserfaring frå ulike verv i frivillige lag.

9) Børge Dvergsdal, 35 år frå Førde

Partneransvarlig i Tibber. Tidlegare yrkeserfaring som Partneransvarlig i Whereby. Utdanning: MSc Innovation and Entrepreneurship fra Handelshøyskolen BI.

Organisasjonserfaring; Initiativtakar til Project Minipitch i saman med Norges fotballforbund.

10) Lene Midthjell, 36 år frå Nordfjordeid

Eigar og drivar av Midtbust AS, butikk  på Nordfjordeid.

11) Are Njøten, 45 år frå Stryn

Fysioterapeut i Stryn.

Organisasjonserfaring frå Stryn Turn og IL som tillitsvald og trenar.

12) Randi Solheimsnes, 39 år frå Førde  

Salssjef bedriftsmarknad Enivest AS. Tidlegare yrkeserfaring frå Dnb, Nor Tekstil og Gjensidige Bank. Utdanning; Bachelor i Økonomi og Administrasjon frå Høgskulen i Sogndal. Leiarprogrammet EVOSPOR.

Organisasjonserfaring frå sommarfest Førde

13) Aud Kari Isane, 60 år frå Balestrand

Seniorrådgjevar i skatteetaten. Tidlegare fylkesskattesjef, kommunalsjef i Sogndal, styreleiar og -medlem for Sogn og Fjordane idrettskrins og Balestrand kommunestyre (SV).

14) Jarle Lundekvam, 51 år Sande i Sunnfjord,

Proffselgar på XL Farsund Bygg og gårdbrukar. Tidlegare yrkeserfaring som salskonsulent Felleskjøpet, Gravdal bygg og salssjef Bilhuset. Utdanna agronom.

Organisasjonserfaring frå Gaular Bondelag, Hakkespetten 4H, Gaular IL og Sogn og Fjordaen Skikrins.

Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.

Godt val!

 

Lån gratis redningsvestar i heile Sogn og Fjordane!

Før sommaren delte vi ut 1000 redningsvestar over heile Sogn og Fjordane. Sjå her kor du finn næraste plass å låne seg gratis redningsvestar.

I byrjinga av juni annonserte vi at alle som ønskte redningsvestar, og som tok på seg å låne dei ut vidare lokalt, kunne få tilsendt redningsvestane frå oss. Dette vart svært godt motteke; og før sommarferien var dei aller fleste redningsvestane fordelt omkring i heile Sogn og Fjordane.

Det betyr at du kan ta kontakt med næraste utlånsstad frå lista nedanfor, og få lånt redningsvestar både til deg sjølve, familie, vener, klassen, jobben – kva som helst. Og det er sjølvsagt heilt gratis.

Redningsvest er ein enkel og effektiv måte å hindre drukning på, difor synst vi det er viktig å ta vekk tersklane for å bruke redningsvest. Med desse 1000 vestane gjer vi dei både gratis og meir tilgjengelege.

Og skulle det vere tomt for redningsvestar på nokre av utlånsstadane, er det fint om vi får beskjed, så kan vi fylle på.

Her kan du låne gratis redningsvest:

Utlånsstad Adresse utlånsstad epost  Telefon opningstider nettside
BUA Selje v / Seljesanden, Selje sentrum post@selje.frivilligsentral.no 97990424 mån-fre 10.00-14.00
Luster utstyrssentral Øyagata 16, 6868 Gaupne post@luster.frivilligsentral.no 45665954 mån-fre 08.00-15.30 https://luster.frivilligsentral.no/aktivitet?luster-utstyrsentral&Id=3392 
Gapahukane på Ylvisåkerneset og Svartavatnet 6858 Fardal oddeinarmolland@hotmail.com 91190062 Alltid www.norane.info 
Bremanger Båtlag, CO/ Stig Halvar Djurhuus Torvanger 15 bremanger.botlag@enivest.net  41046885 Alltid www.baatlaget.com 
SS Svanhild Haffenkaia/Kolkaia venneravsvanhild@gmail.com 95878005 Etter avtale www.svanhild.no 
Feios skule Feiosvegen 420, 6895 Feios kari.sletten.samland@vik.kommune.no  90886559 08.30-14.00
Utstyrs-sentralen i Naustdal (Loffen) Tunavegen 31, 6817 Naustdal ole.fimland@enivest.net  99434545 Mån-fre 9.00-16.00 https://www.facebook.com/groups/363717971054155/
Utstyrsentralen i Grobygget Ytrehornsvegen 14, 6763 Hornindal hornindalfrivilligsentral@volda.kommune.no  41512813 08.30-16.00, eller etter avtale
Gulen frivilligsentral Eivindvikvegen 1119 vivian.vage@gulen.kommune.no 57782066 mån-fre 09.00-15.00 https://www.facebook.com/Gulen-frivilligsentral-104493921191731/
BUA EID langelandsåsen 21, 6770 Nordfjordeid bua.langeland@icloud.com 95127314 mån-tor 9.00-15.00; fre 9.00-18.00 https://www.bua.io/bua-eid/utstyr 
Gjengedalen, Hyen skiltmerka til naust, merka med Turlaget mnt@dnt.no 47456485 alltid tilgjengeleg https://mnt.dnt.no/
BUA Vågsøy Ytre Kulen 1, 6718 Deknepollen siv.anett.kupen@kinn.kommune.no 41248267 mån-fre 08.00-15.30
Speidarlageret – Kaupanger speidargruppe Mannhellervegen 773, 6854 Kaupanger speidar.epost@gmail.com  91556522 Etter avtale https://www.facebook.com/Kaupangerspeidargruppe/
BUA Fjaler Dalsvegen 97 frivilligsentralen@fjaler.kommune.no  99548767 mån-fre 9.00-15.00; tys 17.00-20.00 www.bua.io
Svelgen Klubblokale v/Lia 3 alf.haoy@sfe.no 91881257 Mån-Søn 09.00-18.00
Naturmøteplassen i Ålund 6777 Stårheim groirenned@gmail.com 45601266 Alltid
Kjølsdalen Montessoriskule Daltunvegen 19, 6776 Kjølsdalen thomas@kjolsdalenmontessori.no 92441035 07.30-16.30 www.kjolsdalenmontessori.no
Frelsesarmeen florø Vågavegen 31, 6906 FLORØ runne.rasmussen@enivest.net 91640580 Etter avtale
Gjenbruket kafe Solund Næringsbygg irene.vaulen@solund.kommune.no 41243087 mån-fre 11.00-16.00; laur 11.00-15.00
Florø Seilforening Furuholmen 9, Florø frodstav@online.no 48152323 alltid www.floroseilforening.no 
Vadheim Oppvekstsenter. Tangenvegen 4, 6996, Vadheim. inger.anette.vik.olsen@hoyanger.kommune.no 99728048 mån-fre 06.30-16.15/Mobil alltid
BUA Måløy ASVO Måløy 90746471 mån-fre 0800-1530
Kløveren 4H Ryggjabryggja (Liv Henny Frøyen)Heggjedalen 11, 6823 Sandane erkelh@hotmail.com 97957669 Mån-fre 08.00-20.00
Eikefjord grendalag Servicehuset, Miljøstranda Eikefjord eikefjordgrendalag@hotmail.com send melding på messenger til Eikefjord grendalag Etter avtale https://www.eikefjordgrendalag.no/?fbclid=IwAR3-xurNLJ6FWgy7BXWN8vBYsF-lUj9JvCGqIau6X97tH2t_JajQQjbrzSc

Årsrapport for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Lurer du på kven som fekk gåvemidlar i 2019? Kva område som fekk flest gåver? Korleis midlane vart forvalta? Kven som sitt i styrande organ? Alt dette, og meir til, finn du i vår årsrapport for fjoråret.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane tilstreber mest mogleg openheit om korleis stiftinga vert driven. Årsrapporten er vår “sjølvmelding” for kvart år, der vi prøver å gi innsyn ikkje berre i rekneskapen, men også kva val vi har tatt og kvifor.

Årsrapporten for både 2019 og tidlegare år kan du laste ned her.