Nyvalde representantar i stiftinga si generalforsamling

Som tidlegare annonsert vart det halde val til stiftinga si Generalforsamling 5-7. mars i år. Her ser du kven som vart valt.

Avstemminga vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert 554 stemmar. Dette er ein oppgang i høve til dei 454 stemmene vi fekk inn i fjor. Vi er takksame for innskytarane som engasjerete seg i valet.

Som annonsert i forkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar og eit varamedlem. Her er dei som vart valt inn for dei neste 4 åra:

Nye faste representantar:

Roger Aa Djupvik (Gloppen)

Siv Merete Stadheim (Florø)

Åge Avedal (Sunnfjord)

Ny 4. Vararepresentant:

Malene Lunde Sætren (Bryggja)

Sparebankstiftinga ønskjer å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.