Haustens gåverunde er klar!

Då er det sendt ut svarmail til dei som søkte om midlar innan søknadsfristen 1. september. Over 5 millionar kroner i gåver vart delt ut i denne runden. Vi legg ut fullstendige lister over alle som fekk gåver i denne runden her på sidene våre i morgon ettermiddag.

 

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og deler ut gåver til allmennyttige føremål av utbytet frå bankdrifta. I år deler vi ut 16 millionar kroner i gåver.

Til morgonen i dag gjekk det altså ut svarmail til søkjarane, og det er den som har registrert søknaden som får mailen (hugs å sjekke spamfilteret/”søppelpost”-mappa dersom du ikkje finn svaret i innboksen din).  I tillegg til kring 3,5 mill. kr. i gåver frå årets gåvebudsjett, vart det delt ut 1,5 millionar til nytt bygg- og anleggsstudium i Førde i oppstartsperioden 2016-2019.

Det var om lag 200 søknadar til handsaming i denne runden, og 61 av søknadane fekk ei gåve. Gjennomsnittleg gåvebeløp var på vel 50.000 kroner i denne gåverunden.

Neste søknadsfrist for ordinære søknadar er 1. mars 2016. Dette søknadsskjemaet blir synleg i søknadsportalen frå 1. februar. Men hugs at ein når som helst kan sende “forenkla søknad” for beløp inntil 10.000 kr, og få svar i løpet av 4 veker.

Furorestipend: Søknadsfristen er passert

Søknadsfristen for Furorestipend var 15. juni, og det tyder diverre at det er eit heilt år til neste høve til å søkje om stipend til talentfull ungdom.

Furorestipenda blir delt ut til talent i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda kan variere frå 25 000 til 100 000 kroner (det vanlegaste stipendet er på 50.000 kroner). Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.

Søknadsskjemaet er no fjerna, sidan fristen er passert. Det blir lagt fram att 1 månad før neste søknadsfrist, som altså er 15. juni 2016.

Stipendvinnarane vil få melding om dette i løpet av hausten 2015. Info om stipenda og utdelingane blir lagt ut løpande på www.sparebankstiftinga.no samt på www.meirennbank.no og på facebook-sidene til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga.

Har du spørsmål om Furorestipenda, kan du kontakte Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.


Cedrik Fonn Skåre og Aud Julie Befring fekk Furorestipend 2012.

Søknadskurs også i Askvoll

Det blir også kurs i søknadsskriving i Kvammen i Askvoll. Dette kurset blir torsdag 7. mai.

Kurset går altså ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda si, men vi har hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma.

Kurset går av stabelen på Allaktivitetshuset (v/Joker-butikken på Høgda i Kvammen) klokka 1800-2100 torsdag 7. mai og er gratis. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no . Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass.

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? Når vi spurte våre kursdeltakarar om dette, svarte 54% at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.

Søknadskurs i Loen

Det blir søknadskurs i Loen 12. mai

old-classroom

Det blir gratis kurs i søknadsskriving i Loen tysdag 12. mai. Som før går kurset ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda si, men vi har hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma.

Kurset går av stabelen på Loen Bygdehus (ved Loen skule; siste avkøyring i Loen retning Olden) klokka 1800-2100 tysdag 12. mai og er gratis. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no . Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass.

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? Når vi spurte våre kursdeltakarar om dette, svarte 54% at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.

Val til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga 2015

9.-11. mars 2015 skal det avholdast elektronisk val til representantar i stiftinga si generalforsamling. Les meir om generalforsamlinga og kandidatane her.

Sparebankstiftinga er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane og har som sine to hovudoppgaver å forvalte eigarskapen av banken på ein god måte; og dele ut gåvemidlar til allmennyttige tiltak  frå overskotet av bankdrifta.

Stiftinga sitt øvste organ er Generalforsamlinga, og det er kundane i banken som velgjer representantane til generalforsamlinga. Valet vert gjort elektronisk i perioden 9.-11. mars, og alle røysteføre får tilsendt røystesetel på epost.

Generalforsamlinga sine oppgåver kan du lese om i vedtektene våre; dei mest sentrale oppgåvene er å velje stiftinga sitt styre og avgjere kor mykje pengar stiftinga skal dele ut i gåvemidlar kvart år.

 

Valnemnda har i år tilrådd at følgjande kandidatar vert valt inn på fast plass for 4 år i generalforsamlinga:

Jon Gimmestad (Gloppen): f. 1951. Autorisert rekneskapsførar. Driv rekneskapsverksemder både i Nordfjord og Sunnfjord. Har diverse styreverv i privat og offentleg sektor.

Anne Margrethe Ramstad Øvsthus (Førde): f. 1950. Pensjonert sjukepleiar.

Magnar Aasebø (Vågsøy): f. 1956. Direktør i Vest- Norges Fiskesalslag, Måløy. Tidlegare politikar i Vågsøy kommune. Har hatt styreverv i fleire ulike selskap. Utdanning frå Universitetet i Bergen.

I tillegg tilrår valnemnda følgjande kandidatar til varaplass for eitt år:

Dag Rune Mallasvik (Naustdal): f. 1962. Teamleiar i Sunnfjord Energi. Trenar og leiar i Tambaskjelvar  IL. Elektroutdanning.

Jon Rune Heimlid (Stryn): f. 1972. Business Development Manager i OptiPro AS. Tidlegare arbeidd i Vest Buss AS og Vidre AS. Utdanning frå BI.

Linda Hovland (Fjaler): f. 1967. Utanning innan marknadsføring. Dagleg leiar i Fjaler Næringsutvikling.

Laila Johannessen (Hyllestad): f. 1967. Bedriftseigar og dagl.l ved eMal AS frå 2012.Tidlegare m.a. økonomisjef i Gjensidige Bank og seksjonssjef for økonomi- og personal i Hyllestad kommune. Bachelor i økonomi og kurs i styreleiing.

Utanom desse er det forslag om 7 andre kandidatar som ikkje er innstilt av valnemnda:

Steinar Velle (Leikanger): f1940. Pensjonist. Tidlegare sorenskrivar.

Åge Avedal (Førde): f. 1979. Faglærar. Dagleg leiar i Sogn og Fjordane 4H.

Per Øyvind Sørbø (Flora): f. 1960. Jobbar som HR-rådgjevar i Sogn og Fjordane Energi. Aktiv innan idrett og bygdeutviklingsarbeid.

Stein Bjørhovde (Eid): f. 1970. Sivilingeniør frå NTH 1993. Medeigar og tilsett i Bas Engineering AS. Diverse styreverv.

Karianne Brøndbo Bergheim (Sogndal): f. 1971. Siviløkonom/statautorisert revisor. Arbeider som økonomidirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Hilde Karin Refvik (Vågsøy): f. 1966. Bedriftsøkonom. Økonomiansvarleg i Atlantic Seafish AS i Måløy.

Berit Seljeset Osa (Flora): f. 1956. Autorisert Rekneskapsførar. Controller i Flora kommune. Tidlegare dagl.l/fagl.l i rekneskapsbransjen. Har også vore kommunepolitikar i Flora kommune.

Alle kandidatane er valbare jfr. stiftinga sine vedtekter.

 

Generalforsamlinga består elles av følgjande representantar:

Bente Nesse (Høyanger)

Tom Joensen (Bremanger)

Arne Klausen (Askvoll)

Jarl Tyssekvam (Gaular)

Gro Rukan (Florø)

Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes (Jølster)

Per Hillern (Sogndal)

Jørill Hovland (Sogndal)

Britt Tjønneland (Førde)

 

Oppdatering: samansettinga av generalforsamlinga etter valet kan du sjå her

Strategidokument for Sparebankstiftinga

Openheit er svært viktig for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, difor har vi lagt ut vårt strategidokument for 2015-2018 her på nettsida vår. Les meir

Neste søknadskurs: Florø mandag 23. februar

Ei veke før hovud-søknadsfristen vår 1. mars arrangerer vi søknadskurs i Florø. Tidspunktet for kurset er tilpassa lokale båtruter i Florø.

Vi fortset våre gratis kurs i søknadsskriving, og neste kurs-stad er Florø. Som før går kurset ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda si, men vi har hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma.

Kurset går av stabelen i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale i Florø klokka 1730-1930 måndag 23. februar og er gratis. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no. Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass.

Vi serverer litt å bite i frå kl 1700, og held elles opent for spørsmålsrunde/ individuell rettleiing etter 1930 dersom det er ønskjeleg. Vel møtt!

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? Når vi spurte våre kursdeltakarar om dette, svarte 54% at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.

Søknadskurs Nordfjordeid torsdag 29. januar

Neste kurs i søknadsskriving blir på Bryggen Hotel i Nordfjordeid 29. januar

Vi fortset serien med våre populære gratis kurs i søknadsskriving. Denne gongen er det Nordfjordeid som får besøk. Som før går kurset ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda si, men vi har hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma.

Kurset går av stabelen på Bryggen Hotel klokka 1800-2100 torsdag 29. januar og er gratis. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no . Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass.

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? Når vi spurte våre kursdeltakarar om dette, svarte 54% at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.

Søknadskurs i Førde onsdag 7. januar

Gratis kurs i søknadsskriving i regi av musikk-organisasjonen Brak

Våre kurs i søknadsskriving har vore svært populære – og effektive, skal vi tru tilbakemeldingane frå tidlegare deltakarar: Over halvparten fortel at kursa har hjelpt dei til å hente inn meir pengar til verksemd i lag og foreningar.

Denne gongen er det musikk-organisasjonen Brak som står for kurset. Dei vil dermed supplere kursinnhaldet med informasjon om fond og støtteordningar som er særleg interessante for dei som syslar med musikk; både som lag, utøvar, produsent eller utgivar. Men Sparebankstiftinga sitt bidrag går i hovudsak ut på korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kva fagområde ein syslar med. Kurset vil dermed vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda. Sparebankstiftinga har naturlegvis hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma, men gründerar og andre næringsdrivande som har planar om å generere midlar til verksemda har òg fortalt at dei finn kurset relevant.

Kurset går av stabelen på Scandic Sunnfjord Hotell (tidlegare Rica Sunnfjord) klokka 1700-2100 onsdag 7. januar og er gratis. Påmelding via Brak si heimeside. Påmeldingsfrist 5. januar.

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? I 2013 spurte vi våre kursdeltakarar om dette; 54% svarte at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.

Her er gåvetildelingane for hausten 2014

Har de fått gåve? Sjå fullstendig liste for haustens søknadsrunde her

Nedanfor kan du sjå kven som har fått gåve i gåverunden med søknadsfrist 1. september (NB gåver til såkalla “forenkla søknadar” vert omsøkt og tildelt fortløpande, og er ikkje med i oversikta).

I år har vi òg delt inn lista etter regionar; dvs etter regionane som banken vår SSF nyttar internt. Denne fordelinga er jo ikkje veldig kjent, så gi oss gjerne ei tilbakemelding på Facebook-sida vår om dette var OK eller ikkje!

Fylkesdekkande søknadar:  
Søkjar Vedtak
Helse Førde HF 500000
Redningsselskapet Sogn og Fjordane 70000
SENTER MOT INCEST OG SEKSUELLE OVERGREP SOGN OG FJORDANE 100000
SOGN OG FJORDANE SKIKRINS 50000
NHO SFj 70000
IB utdanning i regi av UWC 200000
Ytre Fjordane:   
Søkjar Vedtak
Idrettslaget Frøy 35000
KALVÅG SKULEMUSIKK 10000
SØRSTRAND FOLKEPARK 140000
Almenning IL 25000
Ålfoten Hornmusikk 10000
Selje Sør KFK-KFUM speidaran 20000
SKAVØYPOLL SKULEMUSIKKORPS 20000
BREMANGER SKULEMUSIKK 10000
BRANDSØY SPORTSKLUBB 50000
Nordfjord:  
Søkjar Vedtak
Skålastilaget 30000
Nyvoll borettslag 10000
Stårheim IL 50000
OLDEN UNGDOMSLAG 27000
Kulturleiargruppa i Nordfjord 30000
LEIKARINGEN I GLOPPEN 10000
Hornindal og Markane Skyttarlag 30000
HORNINDAL UTVIKLINGSLAG 10000
Nordfjord Team Skiskyting 30000
STIFTINGA NORSK COUNTRYTREFF 20000
INNVIK BYGDEUTVIKLING 10000
FJÆRA BLUESKLUBB 35000
SPELEMANNSLAGET FJELLJOM 10000
Indre Sunnfjord:  
Søkjar Vedtak
Øvre Steinen Grendalag 15000
GAULAR IDRETTSLAG 100000
HAUKEDALEN BYGDEUTVIKLINGSLAG 25000
JØLSTER KFUK-KFUM-SPEIDARAR 20000
IDRETTSLAGET HØYANG 50000
FØRDE IDRETTSLAG HANDBALL 50000
FØRDE KYRKJELEGE FELLESRÅD 30000
LANGELAND SKI- OG FRITIDSSENTER AS 150000
GAULAR SKYTTARLAG 50000
KJØRSLEMØBAKKANE BURETTSLAG 25000
Førde IL Turn 30000
SLÅTTEBAKKANE GRANNELAG 25000
HOLTEN GRANNELAG 15000
JØLSTER TRENINGSSENTER SA 50000
VETTREIENE BUSTADFELT 25000
NAUSTEDALEN SPELEMANNSLAG 30000
Indre Sogn:  
Søkjar Vedtak
FRES FESTIVAL 50000
ÅRDAL PISTOLKLUBB 30000
LEIKANGER SIKRINGSRADIOLAG 50000
SydVest:  
Søkjar Vedtak
HYLLESTAD SKYTTARLAG 10000
HOLMEDAL UNGDOMSLAG 10000
DALE IDRETSLAG 25000
ÅFJORDDALEN UNGDOMSLAG 10000
SOLUND SKULEMUSIKKORPS 10000
SOLUND IL 10000
HYLLESTAD IDRETTSLAG 25000
SOLUND SKYTTARLAG 10000
SKIFJORD GRENDELAG 10000
Tusenårsstaden Gulatinget 25000
Flekke ungdomslag 25000
VÆRLANDET IDRETTSLAG 30000
Askvoll Ungdomsklubb 10000
Ytre Sogn og Sunnfjord brassband 5000