Val til Generalforsamlinga

6-8 mars blir det halde val til vår generalforsamling, som m.a. bestemmer kor mykje gåvemidlar stiftinga skal dele ut. Her finn du info om kandidatane til valet.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er styrt av innskytarane, som altså er dei bank-kundane som har hatt innskot i banken på over 500 kr dei siste 6 månadane. Innskytarane velgjer generalforsamlinga, som m.a. fastset årleg gåvebeløp og velgjer eit styre som vedtek gåvetildelingane.

Har du røysterett, får du tilsendt ein elektronisk røystesetel måndag 6. mars, kor du kan stemme på dei du vil skal styre Sparebankstiftinga. Du kan stemme fram til kl 12 onsdag 8. mars, og vi håper du nyttar stemmeretten din. I denne valrunden skal det veljast tre medlemer for 4 år og fire varamedlemer for 1 år. Sjå presentasjon av kandidatane nedst på denne sida.

Alle med røysterett kan òg foreslå kandidatar til generalforsamlinga. Då sender du namn, fødselsdato, yrke og postadresse til post@sparebankstiftinga.no seinast måndag 27. februar.

Det er Sparebanken Sogn og Fjordane som sender ut røystesetlane for oss, så dersom du vil endre eposten du får tilsendt røystesetelen til (eller registrere ny epostadresse), må du logge inn på nettbanken eller kontakte kundesenteret i banken på tlf. 57 82 97 00.

Generalforsamlinga si noverande samansetting kan du elles sjå her

Valnemnda sitt framlegg:

Kandidatane vert her presentert i prioritert rekkefølgje. Det vil seie at dei tre første kandidatane (nr 1-3) er innstilt på fast plass i fire år, medan dei fire neste (nr 4-7) er innstilt som vara for eitt år. Dei øvrige (nr 8-14) er valbare, men ikkje innstilt.

1. Gro Rukan
Alder: 47 år
Bustad: Eikefjord
Noverande stilling: Dagleg leiar Framtidsfylket AS
Noverande verv: Engasjert i næringsutvikling/bygdeutvikling i Eikefjord.

2. Birte Elin Kjørvik Fossheim
Alder: 48
Bustad: Sandane
Noverande stilling: Rådgjevar Gloppen kommune/ Nordfjordrådet
Noverande verv: Styreverv i Nordfjordkryssing AS og Trivselsskogen SA.

3. Laila Johannesen
Alder: 49
Bustad: Leirvik i Sogn
Noverande stilling: Dagleg leiar i eMal AS
Noverande verv: Styreleiar i Hyllestad Bygg AS, Medlem Hyllestad Næringsråd

4. Monika Refvik
Alder: 33
Bustad: Raudeberg
Noverande stilling: Administrasjonsleiar Videonor AS
Noverande verv: Styreleiar Skarevik barnehage

5. Maike Norman Bø
Alder: 38
Bustad: Eivindvik
Noverande stilling: Skatteoppkrevjar og økonomikonsulent i Gulen kommune
Noverande verv: Leiar i Eivindvik og Omegn Bygdeutvikling, Revisor i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) avd Eivindvik, Vara til styre NKS avd Eivindvik, Leiar i «råd for personar med nedsett funksjonsevne» Gulen kommune

6. Henny-Kristin Asperanden Navarsete
Alder: 36 år
Bustad: Leikanger
Noverande stilling:Rådgjevar Statens Vegvesen
Noverande verv: Kommunestyret, Rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

7. Tomas Eikelid
Alder: 32 år
Bustad: Leirvik
Noverande stilling: Dagleg leiar Sogn Industri AS
Noverande verv: Hyllestad Næringsråd

8. Endre Rutledal
Alder: 37 år
Bustad: Måløy
Noverande stilling: Advokat
Noverande verv: Styreleder i Trollskogen Barnehage SA og Skaredammen Idrettspark SA, nestleder i Tornado Måløy FK

9. Hanne Bruås
Alder: 53 år
Bustad: Lavikdal
Noverande stilling: HR Manager Havyard Ship Technology AS
Noverande verv: Burettslag og Opplæringskontor

10. Elin Tveit Sveen
Alder: 53 år
Bustad: Svanøy
Noverande stilling: Dagleg leiar Marø Havbruk AS
Noverande verv: Eigne bedrifter, S. og Fj Næringsråd, Sjømat Norge, Bransjegruppe

11. Roar Werner Vangsnes
Alder: 53 år
Bustad: Leikanger
Noverande stilling: Seniorrådgjevar Kompetaqnsesenter for Distriktsutvikling
Noverande verv: Styreverv innan bygdeutvikling, kultur, Henjatunet Eggjagarden AS Rekneskapskontor.

12. Rune Taklo
Alder: 52 år
Bustad: Nordfjordeid
Noverande stilling: Dagleg leiar Frislid Konfeksjon AS
Noverande verv: Engasjert i butikk og fast eigedom

13. Tor Arne Ness
Alder: 40 år
Bustad: Kaupanger
Noverande stilling: Dagleg leiar Toyota Sogn AS
Noverande verv: Engasjert i næringsutvikling i Sogndal, eigne selskap.

14. Svein Arne Sandvik
Alder: 54 år
Bustad: Svelgen
Noverande stilling: Dagleg leiar Bilfinger Industrial Service Norway AS
Noverande verv: Næringsrådet og Idrettsrådet i Bremanger

Søknadskurs på Sandane 9. februar

Det blir kurs i søknadsskriving i kommunehuset på Sandane (Søreide) 9. februar. Kurset er gratis, og vert arrangert i samarbeid med Gloppen kommune.

Brenn du for noko som krevjer finansiering? Då er dette høve til å få nyttig informasjon. Kurset tar føre seg korleis ein OK søknad bør sjå ut, anten til oss i Sparebankstiftinga eller andre stiftingar, offen er primært tilrettelagt for lag og organisasjonar – men er òg nyttig for enkeltpersonar som skal søkje stipend, organisasjonar på sponsorjakt eller gründerar som søkjer investorar – metodikken er mykje den same.

Kurset varer i tre timar inkl. matpause, og tidspunktet er kl. 18 til 21.

Meir info: sjå Gloppen kommune si heimeside

Nytt år – nye moglegheiter

Sparebankstiftinga avrundar 2016 med om lag 18 millionar kroner i tildelte gåver til samfunnsnyttige tiltak i fylket. Her er planen for 2017.

Fjoråret var eit spanande år med enda ein rekord i utdelte gåvemidlar, og jamfør stiftinga sin strategi er dette eit nivå vi skal klare å halde framover. Så om du har planar om å bidra positivt for mangfald, trivsel og utvikling i fylket vårt, er vi nysgjerrige på å høyre frå deg.

Søknadsfristane våre vil vere dei same som før i 2017:

Forenkla søknad: treng de “litt pengar raskt” kan de søkje om inntil 10.000 kroner heile året, og få svar innan 4 veker (kan gå litt lenger kring jul og sommar).

Vårtildelinga har søknadsfrist 1. mars – søknadsskjemaet blir tilgjengeleg 1. februar. Svar på søknadane vert sendt ut ca 1. mai.

Hausttildelinga har søknadsfrist 1. september – dette skjemaet vert opna 1. august. Svar i denne runden er ventande ca 1. november.

Er du frå fylket vårt, mellom 15 og 30 år og har utmerka deg innan eit eller anna? Då tilrår vi at du søkjer Furorestipend. Fristen for dette er 15. juni, og det vert delt ut stipend i kategoriane Kultur, Idrett og “Open klasse”. Dette skjemaet vert opna 15. mai.

Alle søknadar må sendast inn via søknadsportalen vår for å bli vurdert.

Det er elles nedfelt i våre vedtekter at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal styrast av dei som har bidratt til å skape verdiane, altså kundane i Sparebanken Sogn og Fjordane. Difor blir alle kundar i banken med innskot over 500 kr invitert til å røyste på medlemmer til vår generalforsamling, som m.a. bestemmer kor mykje stiftinga skal dele ut i gåvemidlar kvart år, samt velgjer styret som deler ut gåvemidlane.

Vi oppmodar sjølvsagt alle til å nytte røysteretta si, men òg til å tipse oss om kandidatar til generalforsamlinga. Krav til kandidatane er at dei må vere samfunnsengasjerte, busett i fylket og kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane. Forslag til kandidatar kan sendast frå no og fram til 1. mars til post[at]sparebankstiftinga.no. Invitasjon til å stemme i valet vert sendt ut veka etterpå.

Fekk de gåve i haust? Sjå oversikt her

Haustens tildeling i kategori “ordinær søknad” er tildelt, og her kan du sjå oversikta over kven som fekk gåver i denne runden

Om lag 2,8 millionar kroner vart tildelt i haustrunden, og her er dei som fekk gåver:

(sjå fullstendig liste over alle gåver i 2016 her)

Organisasjon Tiltak Vedtak
SOGN OG FJORDANE FOTBALLKRETS Minimål fotball for barn  kr        180 000
SOGN OG FJORDANE SKIKRINS  Ski i skulen 2017  kr          50 000
IT-forum Sogn og Fjordane IT-studium på bachelornivå i Sogn og Fjordane ( 800.000 i 2017)  kr     1 000 000
Jølster Frivilligsentral Etablering av sosial møtestad for inkludering  kr        100 000
Vie Grannelag nærmiljø i Vieåsen. 5`erbane, sykkelbane, akebakke.  kr        150 000
JØLSTER IDRETTSLAG Rebabilitering av friidrettsanlegg Skei Stadion  kr        300 000
STEIA GRENDALAG Oppgradering av lekeplass.
Se vedlagt søknad.
 kr          30 000
DALE IDRETSLAG Etablering/utvikling nærmiljøanlegg ski  kr        210 000
HOLMEDAL UNGDOMSLAG Vidareutvikle “Ope hus”; aktivitetar for barn og unge.  kr          50 000
FRES FESTIVAL Musikkfestival i Fresvik, 27. til 30. juli 2017  kr          50 000
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS Nyttårskonsert i forbindelse med 70 års jubileum  kr          60 000
KAUPANGER SKULE- OG UNGDOMSKORPS Bokprosjekt for Kaupanger Skule og Ungdomskorps  kr          50 000
LEIKANGER SKYTTARLAG innandørs 15m skytebane. Skyttarhus.  kr        100 000
SKAVØYPOLL IDRETTSLAG Sommerskule. Alternativ til sommerstengt sfo  kr          50 000
SVELGEN TURN OG IDRETTSFORENING Oppgradering styrkerom Svelgen idrettshus  kr          25 000
ÅLFOTEN IDRETTSLAG aktivitetsjungel ved Ålfoten oppvekstsenter.  kr          25 000
Bremanger skulemusikk Nye instrumenter og gjennomføring av seminar  kr          15 000
SKAVØYPOLL IDRETTSLAG Utstyr til idrettar/aktivitetar for barn mellom 4 og 9 år.  kr          15 000
SANDANE GOLFKLUBB Byggjing av  klubbhus  kr        100 000
Nordfjord Team Skiskyting treningsblinkar  kr        100 000
Hornindal IL Fotballgruppa Speakeranlegg og stadionur/måltavle  kr          50 000
Sogn og fjordane fylkeskommune First Lego League konkurranse  kr          17 000

NB oversikta inkluderer ikkje “forenkla søknad” eller stiftinga sine eigeninitierte tiltak, så lista blir lenger ut over hausten – fullstendig liste finn du her etter kvart som alle gåvene vert annonsert.

 

Lagseigde kulturhus – søknadsskjema her!

I 2016 prøvde vi ut ei eiga søknadsordning for lagseigde kulturhus med søknadsfrist 15. april – ordninga vil bli vidareført i 2017.


(bilete: Fjærland bygdahus)

Ordninga med eigen søknadsfrist for lagseigde kulturhus gjeld altså kun for lag som eig eit lagshus som dei skal fikse, pusse opp eller utbetre.

Søknadane vil bli handsama i samråd med Huset i Bygda og fylkeskommunen, og eit av måla med ordninga er å hjelpe lagshusa også til å søkje spelemidlar etter kvart – så vi voner så mange som mogleg også vil ta kontakt med kommunen sin for å få registrert ein spelemiddelsøknad. (men dette er ikkje noko krav til å søkje – om ikke ein rekk det i år, kan den gå inn til neste år.)

Det er sett ei ramme på 500.000 kr for ordninga i 2016.

 

SØKNADSFRISTEN FOR 2016 ER PASSERT. SKJEMA FOR 2017 VIL BLI LAGT UT 15. MARS 2017.

Kvinnene «overtok» Sparebankstiftinga kring 8. mars

69% kvinneandel i Sparebankstiftinga si generalforsamling etter valet 7-9. mars

Ved valet til generalforsamling fekk vi inn heile 2113 stemmar, noko som er nær rekord. Stemmeoppteljinga viser òg at kvinneandelen i generalforsamlinga inkludert varamedlemmene utgjer imponerande 69% etter valet!

Sparebankstiftinga si generalforsamling har alltid hatt ein stor kvinneandel, så i realiteten er det faktisk ikkje store rørsler som ligg bak den nye kjønnsfordelinga. Men sjølv om ein vittigper på kontoret poengterte at valet skjedde i dagane kring kvinnedagen, mistenker vi heller at forklaringa på kvinneandelen ligg i ein kombinasjon av svært gode kandidatar over heile fjøla, og heldig geografisk spreiing blant kandidatane (historisk har nemleg publikum ein tendens til å favorisere kandidatar frå «eigen» region).

Slik er samansettinga av generalforsamlinga etter valet (nyvalde markert med feit skrift):

Jon Gimmestad (Sandane) – leiar

Anne Margrethe Øvsthus (Førde) – medlem

Linda Hovland (Fjaler) – medlem

Jørill Hovland (Sogndal) – medlem

Britt Tjønneland (Førde) – medlem

Arne Klausen (Holmedal) – medlem

Gro Rukan (Eikefjord) – medlem

Tom Joensen (Davik) – medlem

Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes (Skei) – medlem

Bente Nesse (Vadheim) – medlem

Jarl Tyssekvam (Sande) – medlem

Åge Avedal (Førde) – medlem

Birte Elin Kjørvik Fossheim (Sandane) – 1. vara

Laila Johannessen (Leirvik) – 2. vara

Monika Refvik (Vågsøy) – 3. vara

Maike Norman Bøe (Gulen) – 4. vara

Vi gratulerer dei nye medlemmene i generalforsamlinga, og gler oss til samarbeidet framover!

Val til Generalforsamlinga i Sparebankstiftinga 2016

7.-9. mars 2016 skal det avholdast elektronisk val til representantar i stiftinga si generalforsamling. Les meir om generalforsamlinga og kandidatane her.

Sparebankstiftinga er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane og har som sine to hovudoppgaver å forvalte eigarskapen av banken på ein god måte; og dele ut gåvemidlar til allmennyttige tiltak  frå overskotet av bankdrifta.

Stiftinga sitt øvste organ er Generalforsamlinga, og det er kundane i banken som velgjer representantane til generalforsamlinga. Valet vert gjort elektronisk i perioden 7.-9. mars, og alle røysteføre får tilsendt røystesetel på epost måndag 7. mars.

Generalforsamlinga sine oppgåver kan du lese om i vedtektene våre; dei mest sentrale oppgåvene er å velje stiftinga sitt styre og avgjere kor mykje pengar stiftinga skal dele ut i gåvemidlar kvart år.

Valnemnda har i år tilrådd at følgjande kandidatar vert valt inn på fast plass for 4 år i generalforsamlinga:

Bente Nesse: 60 år, Leirvik. Rådmann i Hyllestad kommune, styremedlem Fjord1, styremedlem i Opplæringskontoret for industri og teknologifag, medlem i generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og forstandarskapet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Tidlegare verftsdirektør ved Havyard Leirvik, HR-direktør Havyard Group, informasjons- og samf.kontakt Hydro Aluminium, styremedlem NHO, IN og Fundo.

Jarl Tyssekvam: 54 år, Sande. Kjøpmann, styreleiar J.O.Tyssekvam A/S,Tyssekvam Holding, Tyssekvam Utleige, Nero Eigedomsutvikling, styremedlem EL_39 Sande, leiar Gaular Næringsforum, kommunestyremedlem (H), nestleiar i Kontrollutvalet Gaular kommune, ulike verv i lokale organisasjonar.

Laila Johannessen: 48 år, Leirvik. Dagleg leiar i eMal AS, styreleiar i Hyllestad Bygg AS, medlem Hyllestad Næringsråd. Tidlegare administrasjonsleiar Hauglandsenteret AS, økonomi- og personalleiar Hyllestad kommune, controller/økonomisjef Gjensidige Bank ASA.

 

I tillegg tilrår valnemnda følgjande kandidatar til varaplass for eitt år:

Åge Avedal: 36 år, Førde. Dagleg leiar 4H Sogn og Fjordane, nestleiar Førde Venstre, 1. vara til Førde bystyre. Tidlegare faglærar i vgs, ulike tillitsverv og leiar i Noregs Ungdomslag.

Birte Elin Kjørvik Fossheim: 47 år, Sandane. Planleggar i Gloppen kommune og sekretær for Nordfjordrådet. Tidlegare i styret for Nordfjordkryssinga, styret for Trivselsskogen SA, Gloppen. Utdanna byggingeniør, Statens vegvesen, rådgjevar innan lokal samfunnsutvikling i Distriktssenteret, styremedlem i Leikanger ungdomslag, koordinator for Leikanger danseverkstad, styremedlem i Opplev Leikanger, lokalpolitikar i Leikanger.

Geir Helge Nordstrand: 42 år, Hyllestad. Daglig leiar i Multioffshore AS og varaordfører i Hyllestad (H). Lokallagsleiar og gruppeleiar for Hyllestad Høgre, styremedlem i Lifjorden Bygdelag. Tidlegare arbeidsleiar på Havyard skip Technology AS, styremedlem i Havyard Leirvik (tilsetterepresentant). leiar for FLT avd 116 i Sogn og Fjordane, verkstadleiar i Odfjell Drilling AS, leiar for avd Mutivolt offshore AS, daglig leiar i Multioffshore AS

Maike Norman Bøe: 37 år, Eivindvik. Skatteoppkrevjar og økonomikonsulent i Gulen kommune. Leiar i Eivindvik og Omegn Bygdeutvikling, revisor i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) avd Eivindvik, varamedl. NKS avd Eivindvik, leiar i «råd for personar med nedsett funksjonsevne» Gulen kommune. Tidlegare rådgjevar NAV Gulen, økonomisjef og skatteoppkrevjar i Solund kommune, leiar i Eivindvik Ungdomslag, styremedlem i Norges Kemner og Kommuneøkonomers Forbund (NKK) avd S & Fj., vara til landsstyre NKK, leiar i Barnas Turlag avd Gulen, leiar Delta Solund.

Utanom desse er det forslag om 7 andre kandidatar som ikkje er innstilt av valnemnda:

Judith Jenny Johanna Kapstad: 66 år, Jølster. Pensjonist. Sitt i formannskap og er gruppeleiar for Jølster Venstre. Odontologisk embetseksamen fra 1973, med 43 år i Den offentlige tannhelsetjenesten. Tidlegare rådgjevande tannlege i NAV /Helfo. Folkevalgt i Jølster kommunestyre frå 1995.

Lars Tisthamar: 75 år, Utvik. Pensjonist, varamedlem Stryn Pensjonistlag. Bonde, posttilsett. Aktiv i Bondelaget, Skogeigarlaget mv.

Monika Refvik: 32 år, Vågsøy. Administrasjonsleiar Videonor AS, styreleiar Skarevik barnehage. Tidlegare avdelingsleiar Gjensidige Bank, tillitsverv i Nordfjord vekst.

Aud Kari Isane: 55år, Balestrand. Seniorrådgjevar i Skatt Vest, kommunestyrerepresentant Balestrand (SV), leiar omsorgsgruppa Balestrand røde kors, styremedlem i Sogn og fjordane idrettskrins. Tidlegare Fylkesskattesjef i Sogn og fjordane, kommunalsjef oppvekst og kultur Sogndal, Styreleiar Sogn og fjordane idrettskrins.

Espen Aldeholm Rysjedal: 29 år, Florø. 110-operatør ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS, fagleiar vatn i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps. Tidlegare operativ leiar og Korpsleiar, Flora Røde Kors Hjelpekorps

Hanne Bruaas: 52 år, Lavik. HR Manager, leiar Lavik IL, leiar i Hjetlandslia Burettslag og Ytre Bøe Burettslag. Tidlegare kasserar og revisor i div. lag i Lavik.

Per-Odd Grevsnes: 50 år, Sogndal. Dagleg leiar i Sogn Næring / næringssjef i Sogndal, leiar Luster Sogn Røde Kors Skredgruppe, leiar Sogndal Frikøyring. Tidlegare styremedlem i Norsk Rock Forbund, Norges musikkråd, Studentsamfunnet i Sogndal og Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane.

Alle kandidatane er valbare jfr. stiftinga sine vedtekter.

Generalforsamlinga består elles av følgjande representantar:

Jon Gimmestad (Sandane)

Anne Margrethe Øvsthus (Førde)

Linda Hovland (Fjaler

Tom Joensen (Bremanger)

Arne Klausen (Askvoll)

Gro Rukan (Florø)

Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes (Jølster)

Jørill Hovland (Sogndal)

Britt Tjønneland (Førde)

Samansettinga av generalforsamlinga etter valet her

Eigen søknad for lokale kulturbygg

Vi lanserer forsøksordning med eigen søknadsfrist 15. april for lagseigde hus

Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og  Sogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.

Utvikling av kulturbygga

Dei lokale kulturbygga er viktige møteplassar, og her samlast alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. For mange av desse bygga er behovet stort for modernisering, rehabilitering og ombygging. Tilrettelegging og tilgang for alle gjennom universell utforming med til dømes tilpassa inngangsparti og HC-toalett står høgt på ynskjelista til eigarar av mange bygg. Det er også stor trong for ENØK-tiltak som utskifting av trekkfulle vindauge og gamle dører, betre isolering og nytt tak. Å utvikle eit kulturbygg er svært kostnadskrevjande og krev ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunna.

Midlar til kulturbygg

Gjennom tilskotsordninga «desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg» fekk sju organisasjonseigde kulturbygg over tre millionar til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering i 2015. Truleg vil det ligge rundt tre millionar kroner klar for søkjarar til spelemidlar også i 2016 seier fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad.

Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, tok initiativ til dette felles løftet.

– Styret i Sparebankstiftinga står samla bak ei satsing på dei lokale kulturbygga, og vil bidra med ca. 500 000 kr til opprusting og vedlikehald av lokale kulturbygg i 2016, seier han.

Prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, har i mange år arbeidd for styrking av kulturbygga.

– Vi er svært glad for denne felles satsinga på dei små kulturbygga. At viktige aktørar som fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser verdien av bygga, aktiviteten og verdiskapinga som skjer der, er svært gledeleg!

Søknadsrunda 2016

Den lokale søknadsfristen til desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg (spelemidlar) varierer frå kommune til kommune, og Guro Høyvik oppmodar dei interesserte til å ta kontakt med kommunen sin snarast for å få meir informasjon om korleis ein skal gå fram.

Sparebankstiftinga set ein eigen søknadsfrist for lokale kulturbygg til 15. april, for søknadar om bygningsmessige tiltak. Dette vil det komme meir informasjon om på desse nettsidene (eige søknadsskjema vert publisert her ca 1 månad før søknadsfristen). For alle andre søknadar er fristen 1. mars som vanleg.

Dei tre aktørane vil samordne søknadsfristane og handsaminga av søknadane. Dei som har spørsmål kan ta kontakt med Ingunn Nyheim, som avsluttar med denne beskjeden til eigarar av lokale kulturbygg:

– Vi vil oppmode flest mogleg kulturbygg om å nytte denne sjansen og søkje midlar hos begge tilskotsgivarane. Vi ynskjer mange søknader, slik at vi får vist at behovet er stort for midlar til opprusting, rehabilitering og utvikling av lokale kulturbygg.

Meir informasjon

Kontaktpersonar

Guro Høyvik, Sogn og Fjordane fylkeskommune: 415 30 608 / guro.hoyvik@sfj.no
Ingunn Nyheim, Huset i bygda: 974 03 699 / husetibygda@ungdomslag.no

Kontaktinifo til Pål Fidjestøl her i Sparebankstiftinga finn du her.
På biletet: Bak frå venstre: Pål Fidjestøl (kultursjef i Sparebankstiftinga) og Kjell Sandnes (direktør i Sparebankstiftinga). Foran (f.v.): Ingunn Nyheim (prosjektleiar Huset i Bygda) og Guro Høyvik (rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune). Foto: Inger Marie Lien.

Hugs rett budsjett

Skal du søkje om midlar til neste års drift? Då er det viktig å legge ved driftsbudsjett for det året ein søkjer gåve til, og ikkje driftsåret 2015.

Kring årsskiftet får vi normalt inn ein del søknadar om gåver til drift av frivillige lag og organisasjonar. Mange av desse driv om lag på same vis år etter år, og budsjetta for kvart år ser dermed ganske like ut. Då er det fort gjort å leggje ved det budsjettet ein har liggande på PC’en – som gjerne er budsjettet for 2015. Men Sparebankstiftinga si oppgåve er jo å vurdere drifta for det året ein søkjer midlar for, og til dette treng vi budsjettet for 2016. Difor er det særs viktig at det står rett årstal på budsjettet du legg ved søknaden!

Vi er elles kjende med at dei fleste lag ikkje har årsmøte før i februar-april, og at driftsbudsjettet dermed ikkje blir godkjent av årsmøtet før dette. Men vi krevjer heller ikkje at budsjettet skal vere vedtekne av årsmøtet; vi vil berre sjå korleis ein har tenkt å bruke eventuelle gåvemidlar. Så det går altså heilt greitt å legge ved eit budsjett sjølv om det ikkje er vedteke/handsama i laget sine styrande organ.

Har du elles spørsmål om budsjett kan du lese nokre tips her – eventuelt kan du ta kontakt med stiftinga sin administrasjon.

Her er haustens gåvetildeling

Sjå heile lista over gåvetildelingar frå førre styremøte i stiftinga her!

I går orienterte vi søkjarane direkte, så no kan vi endeleg offentleggjere den fullstendige lista over gåvetildelingane gjort på førre styremøte her (klikk på linken nedanfor). Og til skilnad frå dagens oppslag i lokale medier, har vi òg tatt med denne rundens “forenkla gåver” (søknadar inntil 10.000 kr som vert handsama fortløpande), samt gåva på 400.000 til Kunstmuséet i Sogn og Fjordane, som vart offentleggjort på eigen pressekonferanse klokka 1300 i dag. Dermed kjem vi opp i eit samla gåvebeløp på snaue 3,9 millionar i denne runden:

Gåvetildeling hausten 2015