Søknadskurs i august

Vi køyrer som vanleg ein runde med våre populære gratis søknadskurs, i forkant av vår søknadsfrist 1. september. Denne gongen blir det fire kurs kringom i fylket i slutten av august – sjå kvar og når kursa blir her.

Sparebankstiftinga sine søknadskurs tar føre seg korleis ein god søknad ser ut, og har som mål å hjelpe deg til å skrive betre søknadar både til oss i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og alle andre stader de søkjer om midlar.

Kursa har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda. Samstundes er det ein kjempefin måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar, om kva vi bør prioritere eller justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!

I denne runden blir det kurs følgjande stader & tidspunkt:

Måndag 20. august: Leirvik – Hotel Sognefjord, kl. 17.30-20.00

Måndag 27. august: Sogndal – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Tysdag 28. august: Stryn – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Torsdag 30. august: Dale – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Har du lyst til å delta på eit av kursa, kan du melde deg på til post@sparebankstiftinga.no (hugs å opplyse kva kurs du vil delta på).

Alle kurs er som vanleg gratis og varer i 2-2 1/2 time, og det blir enkel matservering på kurset.

Håper vi sjåast – og vel møtt!

Furorestipend 2018!

Då har vi opna for å søkje Furorestipend for i år – søk stipend her! Søknadsfrist er 15. juni.

Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane* i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Stipenda er vanlegvis på 50.000 kroner (men kan variere). Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.

[link til søknadsskjema er fjerna, då søknadsfristen er passert]

Har du spørsmål om Furorestipenda eller utfylling av skjemaet, kan du kontakte Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

* “frå Sogn og Fjordane” = kjem frå eller bur i Sogn og Fjordane fylke.

Søknad til lagseigde kulturhus

Søknadsskjema til den eigne støtteordninga for bygningsmessige tilretteleggingar i lagseigde kulturhus finn du her. Søknadsfrist er som før 15. april. Les meir

Val til Generalforsamlinga 2018

Som annonsert vart det avhelde val til stiftinga si Generalforsamling 5.-7. mars. Her er dei som vart valt.

Avstemminga til stiftinga si generalforsamling vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert 718 stemmar. Vi er svært stolte av og takksame for at så mange av banken sine innskytarar engasjerer seg i valet, så hjarteleg takk til dykk som røysta.

Som annonsert i forkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar for fire år, og fire varamedlemer for eitt år. Her er dei som vart valt inn:

Faste representantar valt for 4 år:

Laila Johannesen (Hyllestad)

Monika Refvik (Vågsøy)

Geir Støfring (Jølster)

Vararepresentantar valt for 1 år:

Christine Lunde
Rune Taklo
Roar Vangsnes
Svein Arne Sandvik

Sparebankstiftinga ønskjer vidare å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.

 

Søknadskurs i februar!

Vi køyrer i gong ny runde med våre populære gratis søknadskurs, og denne gong er det Fjaler og Leikanger som har invitert oss på besøk.

Sparebankstiftinga sine søknadskurs har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda – og er samstundes ein flott måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar (evt. planlegger å søkje), om kva vi bør justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!

I februar er vi invitert til å halde kurs på Jensbua i Fjaler onsdag 7. februar kl 1900. Dette kurset er i samarbeid med “søsterstiftinga” vår, Sparebankstiftinga Fjaler, så her melder du deg på kurset til post@ifjaler.no.

I tillegg er vi invitert til Leikanger, og der blir kurset på Leikanger barneskule (formingsrommet) torsdag 15. februar kl 1800. Her kan du melde deg på til post@sparebankstiftinga.no.

Alle kurs er som vanleg gratis og varer i ca to og ein halv time, og som vanleg blir det enkel matservering på kurset.

Håper vi sjåast – og vel møtt!

VAL AV GENERALFORSAMLING 5-7. MARS 2018

Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane har du stemmerett ved val av representantar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt øvste organ; generalforsamlinga. Valet blir gjennomført elektronisk 5., 6. og 7. mars. Du kan òg foreslå kandidatar til generalforsamlinga. Frist for innmelding av forslag er 5. februar. Send dine forslag til post@sparebankstiftinga.no. Få med namn, fødselsår/-dato, yrke og postadresse når du sender forslag. Etter at fristen er gått ut, vil valkomiteen sette opp sitt framlegg.

Det skal veljast inn 3 faste medlemmer for 4 år og 4 varamedlemmer for 1 år til generalforsamlinga.

Dagens generalforsamling
Her finn du oversikt over medlemer og varamedlemer i dag, og kven som er på val.

Kven kan stemme – og velgjast inn?
Myndige innskotskundar i Sparebanken Sogn og Fjordane som er busett i fylket og i dei siste 6 månadane før valet har hatt eit innskot i banken på minst kr 500,- har stemmerett når det skal veljast medlemer til generalforsamlinga. Dei same krava gjeld for kandidatane.

 

Hallvard Klakegg ny direktør

Hallvard Klakegg (46) frå Jølster er tilsett som ny direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Han tek over etter Kjell Sandnes som gjekk av med pensjon i sommar. Klakegg har arbeidd 20 år i Sparebanken Sogn og Fjordane, der han i dag er direktør for privatmarknaden.

– Eg har eit stort engasjement for sparebanknæringa og ikkje minst Sparebanken Sogn og Fjordane. Engasjementet mitt og kunnskapen eg har opparbeid med gjennom desse 20 åra skal eg bruke til å utvikle Sparebankstiftinga vidare, seier Klakegg.

Sparebankstiftinga har som føremål å sikre eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga eig i dag over 90 prosent av eigenkapitalbevisa i banken. I tillegg skal stiftinga forvalte kapitalen som blir bygd opp på ein trygg og føremålstenleg måte.

Sparebankstiftinga skal støtte opp under Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd og vidareføre dei gode sparebanktradisjonane. I dette ligg det mellom anna å gje delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver til allmennyttige føremål.

– Stiftinga har eit velorganisert gåveinstitutt og det er gitt over 120 millionar kroner i gåver til slike føremål i fylket dei siste 5-6 åra, seier direktøren.

Klakegg meiner at sparebankidéen er ein veldig god forretningsidé som står støtt også  i ei tid der digitalisering og nye aktørar utfordrar banknæringa.

– Det eg syns er ekstra flott med sparebankane er at dei er lokalt eigd og at delar av overskotet går tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver, og i dette arbeidet spelar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ei viktig rolle her i fylket, seier Hallvard Klakegg.

Styreleiar i Sparebankstiftinga Lise Mari Haugen fortel at det var 18 gode søkjarar til direktørstillinga.

– For styret har det vore viktig å finne kandidatar som både dekker eigarrolla til stiftinga, forvaltning av kapital og vidareføring av sparebanktradisjonane gjennom gåveinstituttet. Klakegg sin kunnskap og engasjement gjer at vi er svært glad for å få han med på laget, seier Haugen.

 

Vi søker kandidatar til Årets Gründer 2017!

Veit du om nokon som fortener tittelen «Årets Gründer» og ein premie på 100 000 kroner? Meld dei (evt deg sjølv) på innan 15. september!

3. november skal «Årets Gründer 2017» kårast i Sogn og Fjordane. Det er sjette gong prisen blir delt ut og vinnaren får med seg 100 000 kroner til nyskapinga si. Utdelinga skjer under Temposeminaret i Florø, og er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Det er mykje spennande som skjer i fylket om dagen, og nye trendar i samfunnet gir nye forretningsmoglegheiter. Vi håpar dette stimulerer til fleire nyskapande bedrifter i fylket, seier Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane.

Fram til søknadsfristen kan alle som vil nominere aktuelle kandidatar.

– Vi ønskjer oss mest mogleg i breidde i søkarmassen, ikkje berre ferdigutvikla bedrifter. Gode idear fortener merksemd, og vi ønskjer å vere med å gi dei ei hjelpande hand vidare i arbeidet deira, seier Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Etter søknadsfristen 15. september vil juryen plukke ut fem finalistar, som alle vert presentert på Framtidsfylket sine nettsider den 2. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt, før vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 3. november.

Dei fem tidlegare vinnarane er Highsoft (2012), Melin Medical (2013), Intempo (2014), GRS Riflestocks (2015) og nLink (2016)

Juryen består av: Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar hos Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane og Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Vilkår for å delta i konkurransen:

  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket.
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé, som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
  • Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet.
  • Ideen/prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt uti kåringa.
  • Verksemda må vere stifta for mindre enn 5 år sidan, ev. må forretningsideen vere utvikla for mindre enn 5 år sidan.

Frist for å sende inn forslag på kandidatar er FREDAG 15. SEPTEMBER
Send dine forslag til post@sparebankstiftinga.no

Spørsmål? Ta kontakt med Pål Fidjestøl:  911 58 009

Fire søknadskurs før 1. september

Sparebankstiftinga arrangerer som vanleg gratis kurs i korleis ein skriv gode søknadar om støttemidlar. Høyanger, Sandane, Florø og Måløy er dei som får besøk no før haustens søknadsfrist. Nytt av året er at banken vår òg er med, for å fortelje om Vipps GO;  kva laget kan tene på det og korleis ein går fram.

Sparebankstiftinga sine søknadskurs har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda – og er samstundes ein flott måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar (evt. planlegger å søkje), om kva Sparebankstiftinga bør justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!

Kursa har denne gongen med Sparebanken som medarrangør; og vil fortelje om ei god nyheit særleg for lag og foreningar som har salsinntekter. Mange lag har allereie oppdaga moglegheitene for å både lette og auke salsarbeidet med Vipps GO; men ikkje alle er komne i gong enda. Difor vil kursa ha med ein bolk om dette.

Alle kurs er som vanleg gratis og frå kl 1800, og som vanleg blir det enkel matservering på kurset. Det er ikkje naudsynt med påmelding (men om du vil vere sikker på å få plass, kan du sende oss ein mail så skal vi halde av stol til deg). Dato og stad for kursa blir som følgjer:

Høyanger måndag 21. august, i samfunnshuset

Sandane tysdag 22. august, på Gloppen Hotell

Florø onsdag 23. august, i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler (Strandgata 45)

Måløy torsdag 24. august, i kommunestyresalen på Rådhuset

 

Ledig stilling: Direktør

Er du den rette til å leie ein viktig samfunnsaktør som forvaltar store verdiar?

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vart etablert hausten 2010. Gjennom eigarskapen sin i den største banken i fylket, Sparebanken Sogn og Fjordane, har stiftinga ein eigen-kapital på nærare 1,9 milliardar og er dermed ein av dei største forretningsstiftingane i landet. Hovudformålet til stiftinga er å forvalte eigarskapet i Sparebanken Sogn og Fjordane og gi gåver til allmennyttige formål.

Vi søkjer etter Direktør

Du må vere ein person med stort engasjement som har interesse for finans, samfunnsutvikling og kultur. Du må vere god til å formidle, vere strukturert, strategisk, sjølvstendig og ha evne til å skape kontaktar i relevante miljø og i fylket.

For å kunne bygge opp og ivareta stiftinga si finansielle portefølje, samt kunne rådgje styret i saker som vedkjem forvaltning av eigarskapen i Sparebanken Sogn og Fjordane, må du som direktør ha god kompetanse og nettverk innanfor bank og finans.

Du må ha leiarerfaring og relevant, høgare utdanning.

 

Søknad med CV og attestar sendast til:

lise.mari.haugen@sparebankstiftinga.no

innan 21. august 2017.

 

Har du spørsmål? Kontakt styreleiar Lise Mari Haugen, 934 22 461