Støtte til næringsverksemd frå Sparebankstiftinga

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane støttar også tiltak med næringsføremål, men i slike saker har vi nokre føringar som det kan vere greit å vere klar over – les meir om desse her


Bilete: Highsoft Solution, første vinnar av vår tevling “Årets Gründer” (2012)

Ei av Sparebankstiftinga sine hovudoppgåver er som kjent å gi av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane tilbake til regionen som har skapt det. Og når delar av dette overskotet kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sine næringsengasjement, er det naturleg at Sparebankstiftinga ønskjer å stille opp for at næringslivet i fylket får best moglege kår. I stiftinga sine første år var vi varsame med slike gåver, delvis fordi lovverket var noko uklart på dette feltet.

Då den nye Finansforetakslova vart innført i fjor, vart det klargjort at tiltak for å stimulere næringslivet kan vurderast som allmennyttige, og at stiftinga dermed kan gi gåver til slike føremål. Samstundes understreka lova at det ikkje er høve til å gi gåve til enkeltbedrifter eller -personar for å styrke eigen bedrift, og som verkar konkurransevridande. For at stiftinga skal kunne bidra, må tiltaka difor vere av overordna karakter, dvs. eigna til å løfte fleire bedrifter, som t.d. ei heil bransje eller ein region.

Med denne føringa har Sparebankstiftinga sitt engasjement for næringsutviklinga i fylket blitt stadig styrka over tid, gjennom å bistå nye studium (t.d. Subsea-ingeniørstudiet, IT-studiet, Bygg- og Anleggsingeniør, Climate Change Management – for å nemne nokre) og andre kompetansehevande tiltak som er sterkt ønska av regionalt næringsliv, styrke organisering og bedriftsnettverk (Sogn og Fjordane Næringsråd, div. tiltak av Sogn Næring, Visit Nordfjord, Bedriftsnettverk Gaularfjell o.a.) og utvikle testfasilitetar for næringslivet (Prototyp-lab i Førde, Fjordomics, Aquahub Hyllestad o.a.). Det er òg gitt gåver til forskingsarbeid som er interessant for regionalt næringsliv (t.d. forskingsprosjektet RELEASE, som ser på

Verd å nemne i denne samanhangen er òg vår støtte til SOMU (Sogn og Fjordane Musikkfond), som igjen fordeler midlar vidare til musikarar og -produsentar. Denne støtta er naturlegvis kulturelt grunngive, men sidan svært mange musikarar er organisert som enkeltpersonforetak, fell denne støtta inn under næringsutvikling.

Avsluttingsvis vil vi understreke at Sparebankstiftinga sitt engasjement for positiv næringsutvikling ikkje er tenkt å gå ut over vårt gåvebudsjett retta mot frivillig sektor i fylket! Frivillig sektor vil vere ei hovudsatsing for oss også i tida framover. Men stiftinga sitt gåvebudsjett har heldigvis auka betrakteleg dei siste åra (faktisk er det dobla sidan 2012), og av denne auken ser vi føre oss at ein god del kan nyttast for å bistå ei positiv næringsutvikling.

Har du spørsmål kring Sparebankstiftinga si næringssatsing, er du hjarteleg velkomen til å kontakte oss i administrasjonen.

Søknadsskjema for lagseigde kulturhus

Vi vidarefører søknadsordninga for bygningsmessige tilretteleggingar i lagseigde kulturhus.

Søknadsfristen for denne ordninga er passert, difor er skjemaet no tatt vekk for i år.

I 2016 innførte vi ei eiga ordning for bygningsmessige tilretteleggingar av lagseigde kulturhus, med søknadsfrist 15. april. Vi vidarefører både ordninga og fristen i år, og reserverer ein pott på 500.000 kroner til føremålet.

Dersom ein skal gjere bygningsmessige endringar, må vi vere sikre på at søkjaren eig eller har lov å gjere dette, difor er det nokre spesielle spørsmål vi må ha svar på iht. dei ordinære ordningane våre. Difor har vi eit eige søknadsskjema for denne ordninga (vert lagt ut ca 1 månad før søknadsfristen, og tatt vekk når fristen er passert)

Søknadane vert handsama saman med interesseorganisasjonen for lagshusa Huset i Bygda og med Fylkeskommunen, som handsamar spelemiddel-søknadane til lokale kulturhus, slik at vi får ei mest mogleg heilskapeleg og rettvis handsaming. Svar på søknadane er ventande ca 15. juni.

Bak fv: Pål Fidjestøl og Kjell Sandnes i Sparebankstiftinga. Foran fv: Ingunn Nyheim (Huset i Bygda) og Guro Høyvik (SFj fylkeskommune).

Ny Generalforsamling for stiftinga er valt

Som annonsert vart det avhelde val til stiftinga si Generalforsamling 6-8. mars. Her er dei som vart valt.

Avstemminga til stiftinga si generalforsamling vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert heile 2142 stemmar. Vi er svært stolte av og takksame for at så mange av banken sine innskytarar engasjerer seg i valet, og dette var jamvel ei lita auke frå i fjor, så hjarteleg takk til dykk som røysta.

Som annonsert i forkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar for fire år, og fire varamedlemer for eitt år. Her er dei som vart valt inn:

Faste representantar valt for 4 år:

Gro Rukan (Eikefjord)

Birte Elin Kjørvik Fossheim (Sandane)

Elin Tveit Sveen (Svanøy)

Vararepresentantar valt for 1 år:

Laila Johannesen

Monika Refvik

Henny-Kristin Navarsete

Hanne Bruås

Sparebankstiftinga ønskjer vidare å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.

 

To millionar til lokale kulturbygg

Sparebankstiftinga samarbeider med fylkeskommunen og Huset i Bygda om utvikling av kulturbygg, og lyser no ut til saman to millionar kroner – 500.000 av desse frå stiftinga. Les meir

Siste søknadskurs før fristen: Naustdal 22. februar

Onsdag 22.02. blir altså siste høve til å få med seg eit av stiftinga sine søknadskurs før vår søknadsfrist 1. mars.

Stiftinga sin søknadsfrist på vårens ordinære søknadsrunde byrjar nærme seg, og vi rekk akkurat å klemme inn eit siste søknadskurs før søknadsfristen. Det blir i kommunehuset i Naustdal (Tunavegen 6) onsdag 22. februar kl 18-21. Det blir lett servering midtvegs i kurset. Kurset er som vanleg ein gjennomgang av korleis ein god søknad ser ut, og det er gratis å delta. Det er ikkje naudsynt å melde seg på kurset; det er berre å møte opp og alle er velkomne. Kurset vert arrangert i samarbeid med Naustdal kommune.

Meir info på Naustdal kommune si heimeside: klikk her

Val til Generalforsamlinga

6-8 mars blir det halde val til vår generalforsamling, som m.a. bestemmer kor mykje gåvemidlar stiftinga skal dele ut. Her finn du info om kandidatane til valet.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er styrt av innskytarane, som altså er dei bank-kundane som har hatt innskot i banken på over 500 kr dei siste 6 månadane. Innskytarane velgjer generalforsamlinga, som m.a. fastset årleg gåvebeløp og velgjer eit styre som vedtek gåvetildelingane.

Har du røysterett, får du tilsendt ein elektronisk røystesetel måndag 6. mars, kor du kan stemme på dei du vil skal styre Sparebankstiftinga. Du kan stemme fram til kl 12 onsdag 8. mars, og vi håper du nyttar stemmeretten din. I denne valrunden skal det veljast tre medlemer for 4 år og fire varamedlemer for 1 år. Sjå presentasjon av kandidatane nedst på denne sida.

Alle med røysterett kan òg foreslå kandidatar til generalforsamlinga. Då sender du namn, fødselsdato, yrke og postadresse til post@sparebankstiftinga.no seinast måndag 27. februar.

Det er Sparebanken Sogn og Fjordane som sender ut røystesetlane for oss, så dersom du vil endre eposten du får tilsendt røystesetelen til (eller registrere ny epostadresse), må du logge inn på nettbanken eller kontakte kundesenteret i banken på tlf. 57 82 97 00.

Generalforsamlinga si noverande samansetting kan du elles sjå her

Valnemnda sitt framlegg:

Kandidatane vert her presentert i prioritert rekkefølgje. Det vil seie at dei tre første kandidatane (nr 1-3) er innstilt på fast plass i fire år, medan dei fire neste (nr 4-7) er innstilt som vara for eitt år. Dei øvrige (nr 8-14) er valbare, men ikkje innstilt.

1. Gro Rukan
Alder: 47 år
Bustad: Eikefjord
Noverande stilling: Dagleg leiar Framtidsfylket AS
Noverande verv: Engasjert i næringsutvikling/bygdeutvikling i Eikefjord.

2. Birte Elin Kjørvik Fossheim
Alder: 48
Bustad: Sandane
Noverande stilling: Rådgjevar Gloppen kommune/ Nordfjordrådet
Noverande verv: Styreverv i Nordfjordkryssing AS og Trivselsskogen SA.

3. Laila Johannesen
Alder: 49
Bustad: Leirvik i Sogn
Noverande stilling: Dagleg leiar i eMal AS
Noverande verv: Styreleiar i Hyllestad Bygg AS, Medlem Hyllestad Næringsråd

4. Monika Refvik
Alder: 33
Bustad: Raudeberg
Noverande stilling: Administrasjonsleiar Videonor AS
Noverande verv: Styreleiar Skarevik barnehage

5. Maike Norman Bø
Alder: 38
Bustad: Eivindvik
Noverande stilling: Skatteoppkrevjar og økonomikonsulent i Gulen kommune
Noverande verv: Leiar i Eivindvik og Omegn Bygdeutvikling, Revisor i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) avd Eivindvik, Vara til styre NKS avd Eivindvik, Leiar i «råd for personar med nedsett funksjonsevne» Gulen kommune

6. Henny-Kristin Asperanden Navarsete
Alder: 36 år
Bustad: Leikanger
Noverande stilling:Rådgjevar Statens Vegvesen
Noverande verv: Kommunestyret, Rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

7. Tomas Eikelid
Alder: 32 år
Bustad: Leirvik
Noverande stilling: Dagleg leiar Sogn Industri AS
Noverande verv: Hyllestad Næringsråd

8. Endre Rutledal
Alder: 37 år
Bustad: Måløy
Noverande stilling: Advokat
Noverande verv: Styreleder i Trollskogen Barnehage SA og Skaredammen Idrettspark SA, nestleder i Tornado Måløy FK

9. Hanne Bruås
Alder: 53 år
Bustad: Lavikdal
Noverande stilling: HR Manager Havyard Ship Technology AS
Noverande verv: Burettslag og Opplæringskontor

10. Elin Tveit Sveen
Alder: 53 år
Bustad: Svanøy
Noverande stilling: Dagleg leiar Marø Havbruk AS
Noverande verv: Eigne bedrifter, S. og Fj Næringsråd, Sjømat Norge, Bransjegruppe

11. Roar Werner Vangsnes
Alder: 53 år
Bustad: Leikanger
Noverande stilling: Seniorrådgjevar Kompetaqnsesenter for Distriktsutvikling
Noverande verv: Styreverv innan bygdeutvikling, kultur, Henjatunet Eggjagarden AS Rekneskapskontor.

12. Rune Taklo
Alder: 52 år
Bustad: Nordfjordeid
Noverande stilling: Dagleg leiar Frislid Konfeksjon AS
Noverande verv: Engasjert i butikk og fast eigedom

13. Tor Arne Ness
Alder: 40 år
Bustad: Kaupanger
Noverande stilling: Dagleg leiar Toyota Sogn AS
Noverande verv: Engasjert i næringsutvikling i Sogndal, eigne selskap.

14. Svein Arne Sandvik
Alder: 54 år
Bustad: Svelgen
Noverande stilling: Dagleg leiar Bilfinger Industrial Service Norway AS
Noverande verv: Næringsrådet og Idrettsrådet i Bremanger

Søknadskurs på Sandane 9. februar

Det blir kurs i søknadsskriving i kommunehuset på Sandane (Søreide) 9. februar. Kurset er gratis, og vert arrangert i samarbeid med Gloppen kommune.

Brenn du for noko som krevjer finansiering? Då er dette høve til å få nyttig informasjon. Kurset tar føre seg korleis ein OK søknad bør sjå ut, anten til oss i Sparebankstiftinga eller andre stiftingar, offen er primært tilrettelagt for lag og organisasjonar – men er òg nyttig for enkeltpersonar som skal søkje stipend, organisasjonar på sponsorjakt eller gründerar som søkjer investorar – metodikken er mykje den same.

Kurset varer i tre timar inkl. matpause, og tidspunktet er kl. 18 til 21.

Meir info: sjå Gloppen kommune si heimeside

Nytt år – nye moglegheiter

Sparebankstiftinga avrundar 2016 med om lag 18 millionar kroner i tildelte gåver til samfunnsnyttige tiltak i fylket. Her er planen for 2017.

Fjoråret var eit spanande år med enda ein rekord i utdelte gåvemidlar, og jamfør stiftinga sin strategi er dette eit nivå vi skal klare å halde framover. Så om du har planar om å bidra positivt for mangfald, trivsel og utvikling i fylket vårt, er vi nysgjerrige på å høyre frå deg.

Søknadsfristane våre vil vere dei same som før i 2017:

Forenkla søknad: treng de “litt pengar raskt” kan de søkje om inntil 10.000 kroner heile året, og få svar innan 4 veker (kan gå litt lenger kring jul og sommar).

Vårtildelinga har søknadsfrist 1. mars – søknadsskjemaet blir tilgjengeleg 1. februar. Svar på søknadane vert sendt ut ca 1. mai.

Hausttildelinga har søknadsfrist 1. september – dette skjemaet vert opna 1. august. Svar i denne runden er ventande ca 1. november.

Er du frå fylket vårt, mellom 15 og 30 år og har utmerka deg innan eit eller anna? Då tilrår vi at du søkjer Furorestipend. Fristen for dette er 15. juni, og det vert delt ut stipend i kategoriane Kultur, Idrett og “Open klasse”. Dette skjemaet vert opna 15. mai.

Alle søknadar må sendast inn via søknadsportalen vår for å bli vurdert.

Det er elles nedfelt i våre vedtekter at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal styrast av dei som har bidratt til å skape verdiane, altså kundane i Sparebanken Sogn og Fjordane. Difor blir alle kundar i banken med innskot over 500 kr invitert til å røyste på medlemmer til vår generalforsamling, som m.a. bestemmer kor mykje stiftinga skal dele ut i gåvemidlar kvart år, samt velgjer styret som deler ut gåvemidlane.

Vi oppmodar sjølvsagt alle til å nytte røysteretta si, men òg til å tipse oss om kandidatar til generalforsamlinga. Krav til kandidatane er at dei må vere samfunnsengasjerte, busett i fylket og kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane. Forslag til kandidatar kan sendast frå no og fram til 1. mars til post[at]sparebankstiftinga.no. Invitasjon til å stemme i valet vert sendt ut veka etterpå.

Fekk de gåve i haust? Sjå oversikt her

Haustens tildeling i kategori “ordinær søknad” er tildelt, og her kan du sjå oversikta over kven som fekk gåver i denne runden

Om lag 2,8 millionar kroner vart tildelt i haustrunden, og her er dei som fekk gåver:

(sjå fullstendig liste over alle gåver i 2016 her)

Organisasjon Tiltak Vedtak
SOGN OG FJORDANE FOTBALLKRETS Minimål fotball for barn  kr        180 000
SOGN OG FJORDANE SKIKRINS  Ski i skulen 2017  kr          50 000
IT-forum Sogn og Fjordane IT-studium på bachelornivå i Sogn og Fjordane ( 800.000 i 2017)  kr     1 000 000
Jølster Frivilligsentral Etablering av sosial møtestad for inkludering  kr        100 000
Vie Grannelag nærmiljø i Vieåsen. 5`erbane, sykkelbane, akebakke.  kr        150 000
JØLSTER IDRETTSLAG Rebabilitering av friidrettsanlegg Skei Stadion  kr        300 000
STEIA GRENDALAG Oppgradering av lekeplass.
Se vedlagt søknad.
 kr          30 000
DALE IDRETSLAG Etablering/utvikling nærmiljøanlegg ski  kr        210 000
HOLMEDAL UNGDOMSLAG Vidareutvikle “Ope hus”; aktivitetar for barn og unge.  kr          50 000
FRES FESTIVAL Musikkfestival i Fresvik, 27. til 30. juli 2017  kr          50 000
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS Nyttårskonsert i forbindelse med 70 års jubileum  kr          60 000
KAUPANGER SKULE- OG UNGDOMSKORPS Bokprosjekt for Kaupanger Skule og Ungdomskorps  kr          50 000
LEIKANGER SKYTTARLAG innandørs 15m skytebane. Skyttarhus.  kr        100 000
SKAVØYPOLL IDRETTSLAG Sommerskule. Alternativ til sommerstengt sfo  kr          50 000
SVELGEN TURN OG IDRETTSFORENING Oppgradering styrkerom Svelgen idrettshus  kr          25 000
ÅLFOTEN IDRETTSLAG aktivitetsjungel ved Ålfoten oppvekstsenter.  kr          25 000
Bremanger skulemusikk Nye instrumenter og gjennomføring av seminar  kr          15 000
SKAVØYPOLL IDRETTSLAG Utstyr til idrettar/aktivitetar for barn mellom 4 og 9 år.  kr          15 000
SANDANE GOLFKLUBB Byggjing av  klubbhus  kr        100 000
Nordfjord Team Skiskyting treningsblinkar  kr        100 000
Hornindal IL Fotballgruppa Speakeranlegg og stadionur/måltavle  kr          50 000
Sogn og fjordane fylkeskommune First Lego League konkurranse  kr          17 000

NB oversikta inkluderer ikkje “forenkla søknad” eller stiftinga sine eigeninitierte tiltak, så lista blir lenger ut over hausten – fullstendig liste finn du her etter kvart som alle gåvene vert annonsert.

 

Lagseigde kulturhus – søknadsskjema her!

I 2016 prøvde vi ut ei eiga søknadsordning for lagseigde kulturhus med søknadsfrist 15. april – ordninga vil bli vidareført i 2017.


(bilete: Fjærland bygdahus)

Ordninga med eigen søknadsfrist for lagseigde kulturhus gjeld altså kun for lag som eig eit lagshus som dei skal fikse, pusse opp eller utbetre.

Søknadane vil bli handsama i samråd med Huset i Bygda og fylkeskommunen, og eit av måla med ordninga er å hjelpe lagshusa også til å søkje spelemidlar etter kvart – så vi voner så mange som mogleg også vil ta kontakt med kommunen sin for å få registrert ein spelemiddelsøknad. (men dette er ikkje noko krav til å søkje – om ikke ein rekk det i år, kan den gå inn til neste år.)

Det er sett ei ramme på 500.000 kr for ordninga i 2016.

 

SØKNADSFRISTEN FOR 2016 ER PASSERT. SKJEMA FOR 2017 VIL BLI LAGT UT 15. MARS 2017.