Søknadskurset i Førde 27.02 flytta til Sunnfjord hotell

Grunna overraskande stor oppslutnad, flyttar vi kurset i søknadsskriving i Førde “over gata” til Rica Sunnfjord hotell. Les meir

Søknadskurset “på turne”

Søknadskurset kjem til Måløy rådhus allereie 28. februar!

Førre veke annonserte vi eit søknadskurs i Førde 27. februar som vi arrangerer saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune, kor vi inviterer alle lag, organisasjonar og andre kulturaktørar til å få råd og vink om korleis skrive gode søknadar til både Sparebankstiftinga, fylkeskommunen og ei rekkje andre stader ein kan få støtte.

I innkallinga skreiv vi òg at vi ville vurdere å arrangere liknande kurs rundt om i fylket viss det vart god respons på dette første kurset. No viser det seg allereie at responsen er overveldande positiv: ikkje berre går påmeldinga til kurset i Førde “så det susar” – vi har òg blitt invitert til Vågsøy for å halde same kurset der. Det har vi sjølvsagt takka ja til, og har satt kursdatoen til 28. februar; altså allereie dagen etter kurset i Førde – og to dagar før søknadsfristen til Sparebankstiftinga…!

Kurset passar for både ferske og erfarne søkjarar, og einaste krav til deltaking er at du har ein prosjekt-idé som du ønskjer å få realisert.

Tidspunktet for kurset blir kl. 18.00-21.00, og staden er rådhuset i Måløy. Det blir enkel servering på kurset.

Ønskjer du å delta på kurset i Vågsøy, sender du ei melding til odd.myhre@vagsoy.kommune.no. Du kan melde deg på heilt fram til kurs-start (atterhald om ledig plass).

Årets kultur-ide 2012

I samarbeid med NRK Sogn og Fjordane lanserer Sparebankstiftinga “Årets kultur-ide 2012”. Med dette vil vi sette fokus på ei gruppe som altfor sjeldan vert trekt fram i lyset; eldsjelene som står bak alle arrangementa til glede for svært mange menneske rundt omkring i fylket vårt. Les meir

Søk om mindre pengar raskt

Frå 1. mars 2012 innførte vi “Forenkla søknad” for deg som treng mindre beløp raskt. Desse pengane kan du søkje om heile året, og forenkla søknadar skal normalt få svar innan fire veker. Les meir