Har Gåveforsterkingsordninga vore bra for Sogn og Fjordane?

Det var NRK Sogn og Fjordane som i månadsskiftet ville ha ein kommentar om nedlegginga av Gåveforsterkingsordninga, på bakgrunn av at Førdefestivalen no mistar høvet til å hente midlar frå ordninga. Denne saka kan du sjå her.

Her er dagens lesarinnlegg frå vår fagsjef Pål Fidjestøl i Sogn Avis (betalingsmur):

Gåveforsterking eller byforsterking?

Tysdag denne veka fekk vi i Sparebankstiftinga spørsmål frå NRK Sogn og Fjordane om ikkje vi synst det var leit dersom Gåveforsterkingsordninga vart avvikla, då Førdefestivalen dermed mista denne støtta. Journalisten vart så overraska av vårt kontante nei på spørsmålet, at det kanskje er på sin plass med eit litt lenger svar enn det radioformatet tillet. Gåveforsterkingsordninga er ei ordning som supplerer private gåver til kunst og kultur på over 100.000 kroner med 25% statlege midlar.

Først av alt: Meir pengar til kultur er bra! Både Førdefestivalen og dei mange andre dyktige kulturaktørane i Sogn og Fjordane fortener kvar krone dei får inn til verksemda. Så ein viktig føresetnad for å skrote Gåveforsterkingsordninga er at midlane blir omfordelt til same formål, og ikkje fører til mindre pengar til kulturfeltet.

Men KORLEIS ein støttar kulturfeltet er også eit viktig spørsmål. Og då meiner vi at Gåveforsterkingsordninga er ei uheldig innretning av fleire årsaker. For å ta den prinsipielle først, synst ikkje vi det er rett at skattepengane skal følgje private donasjonar meir eller mindre slavisk, offentlege midlar bør bli forvalta og prioritert av folkevalde organ. Vi i Sparebankstiftinga er veldig klar over at våre gåvetildelingar har stor nok «utløysande kraft» allereie, ved at ei gåve frå oss svært ofte utløyser ytterlegare bidrag frå både offentlege og andre private aktørar. Men vi har òg lært at vi må vere varsame med å vere FOR tidleg ute, til dømes i forkant av ei offentleg sakshandsaming. Dette bør og må vurderast frå sak til sak. Vi synst difor det er prinsipielt betenkeleg at Gåveforsterkingsordninga overfører ansvaret for prioritering av midlar til oss på generell basis.

Gåveforsterkingsordninga er heller ikkje vidare distriktsvenleg. Då det er fleire private støttespelarar kring dei store byane, vil naturlegvis midlane følgje same fordelinga – og dermed auke skilnaden mellom by og land. Som representant for ei stifting med Sogn og Fjordane som nedslagsfelt, ser vi at vi er kulturen sin einaste private støttespelar litt oftare enn vi likar, og skulle gjerne sett at dei geografiske utfordringane i vår region i større grad vart kompensert, og i alle fall ikkje forsterka.

Så til sjølve «kron-argumentet» for Gåveforsterkingsordninga, at den skal utløyse meir midlar til kultur frå private donorar: Vi ser så å seie aldri at Gåveforsterkingsordninga inngår i finansieringa av søknadane vi får inn til Sparebankstiftinga. Det tydar på at det er lite kunnskap om ordninga i frivillig sektor, og at det dermed er dei større kulturinstitusjonane (som vi ikkje har så mange av i Sogn og Fjordane) som nyttar ordninga i større grad. Men vi får jo inn (svært) mange søknadar likevel, så det er tydelegvis ikkje Gåveforsterkingsordninga som motiverer laga til å søkje.

Vi har heller ikkje kjennskap til private donorar i vår region som har blitt motivert til å gi (meir) pengar til kultur på grunn av Gåveforsterkingsordninga, og det gjeld definitivt ikkje Sparebankstiftinga. Kor mykje gåver vi gir til kultur og andre samfunnsnyttige tiltak blir først og fremst påverka av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Når banken driv godt, går meir av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Stiftinga sine midlar blir i sin heilskap anten delt ut til samfunnsnyttige tiltak eller lagt «på kistebotn» for framtida. Og det har vi tenkt å gjere «med evigheita  som perspektiv», som vedtektene våre slår fast – med eller utan gåveforsterking.

 

Pål Fidjestøl

Fagsjef gåver og prosjektutvikling, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane