Oppføringer av ole-kristian

Val til stiftinga si Generalforsamling

Er du kunde med innskot på over 500 kr i Sparebanken Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har […]

Unge Eldsjeler

Sist helg deltok eit 20-tals personar i alderen 18 til 30 år på den andre samlinga for «Unge eldsjeler». Desse ungdomane kan vere framtidas nav i frivilleg sektor i Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har saman med ViteMeir teke initativ til å gje unge eldsjeler både inspirasjon og kunnskap gjennom utviklingsprogrammet som går […]

Suksessen starta i Sogn og Fjordane

For 7 år sidan kom idéen om dagsturhytter. No er det snart 200 slike hytter i heile landet til glede for fellesskapet, og som er finansiert gjennom eit spenstig samarbeid mellom det offentlege og det private. Då Sparebank 1 SMN for kort tid sidan vedtok å løyve 11,4 millionar kroner for å fullfinansiere bygging av […]

Søk om midlar i Inkluderingsfondet

Visste du at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit eige inkluderingsfond? Via den lokale klubben eller laget ditt kan du søke om midlar til å dekke for eksempel treningsavgift og utstyr. Målet med fondet er å hindre utanforskap og fråfall blant barn og unge i Sogn og Fjordane. Mange kjenner på auka kostnader, og at […]

Karrierestigen er kortare her

Vestlandsforsking konkluderer med at det er mogleg å få ei raskare karriereutvikling i distrikta enn kva som er tilfelle i større byar. –Funna våre støttar denne påstanden, seier Kristin Løseth og Daniel Furberg i Vestlandsforsking då dei la fram sin rapport på rekrutteringskonferansen «Folka» på Skei 25. oktober. Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som […]

Yngve er ny gåvesjef i Sparebankstiftinga

Yngve Thorsen frå Førde er tilsett som leiar for gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigaren til Sparebanken Sogn og Fjordane og eit viktig formål til stiftinga er å dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak i regionen.

Tilbyr utviklingsprogram for unge eldsjeler

ViteMeir og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane lanserer eit utviklingsprogram for unge eldsjeler. Målet er å gje desse eldsjelene inspirasjon og kunnskap om den viktige rolla som frivillig sektor spelar rundt om i lokalsamfunna i Sogn og Fjordane.

EIN HALV MILLION TIL FRIIDRETTEN I SOGN OG FJORDANE

– Dette set vi utruleg stor pris på. Denne gåva er til alle i Sogn og Fjordane som er glade i friidrett, seier Asgeir Årdal, dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane. Det er framleis nokre få dagar att til julekvelden, men Asgeir Årdal gliser breitt allereie. For på kontoen til friidrettskrinsen vil det […]

MILLIONGÅVE TIL RØDE KORS: – HEILT FANTASTISK!

Å få reise på vinterferie er dessverre er ikkje sjølvsagt. Då er det godt vi har «Vinterferie for alle» som Sogn og Fjordane Røde Kors denne veka arrangerer.  – Eg gler meg veldig til å sjå korleis dette blir! Når alle ungane kjem ut av bussen, skal finne romma sine, og få seg heilt nye […]

Nokon må gjere det

Frivilligheita og dugnadsånda står sterkt i Sogn og Fjordane, og frivillig sektor er ein juvel i lokalsamfunna våre. Den bidrar til aktivitet, trivsel, folkehelse, integrering, bulyst og utvikling i heile regionen vår. Vi i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er tett på frivillig sektor og i jamleg kontakt med eldsjeler som gjer ein fantastisk jobb for […]