Oppføringer av paal

Fire søknadskurs før 1. september

Sparebankstiftinga arrangerer som vanleg gratis kurs i korleis ein skriv gode søknadar om støttemidlar. Høyanger, Sandane, Florø og Måløy er dei som får besøk no før haustens søknadsfrist. Nytt av året er at banken vår òg er med, for å fortelje om Vipps GO;  kva laget kan tene på det og korleis ein går fram. […]

Ledig stilling: Direktør

Er du den rette til å leie ein viktig samfunnsaktør som forvaltar store verdiar? Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vart etablert hausten 2010. Gjennom eigarskapen sin i den største banken i fylket, Sparebanken Sogn og Fjordane, har stiftinga ein eigen-kapital på nærare 1,9 milliardar og er dermed ein av dei største forretningsstiftingane i landet. Hovudformålet til stiftinga […]

Støtte til næringsverksemd frå Sparebankstiftinga

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane støttar også tiltak med næringsføremål, men i slike saker har vi nokre føringar som det kan vere greit å vere klar over – les meir om desse her Bilete: Highsoft Solution, første vinnar av vår tevling “Årets Gründer” (2012) Ei av Sparebankstiftinga sine hovudoppgåver er som kjent å gi av overskotet […]

Søknadsskjema for lagseigde kulturhus

Vi vidarefører søknadsordninga for bygningsmessige tilretteleggingar i lagseigde kulturhus. Søknadsfristen for denne ordninga er passert, difor er skjemaet no tatt vekk for i år. I 2016 innførte vi ei eiga ordning for bygningsmessige tilretteleggingar av lagseigde kulturhus, med søknadsfrist 15. april. Vi vidarefører både ordninga og fristen i år, og reserverer ein pott på 500.000 […]

Ny Generalforsamling for stiftinga er valt

Som annonsert vart det avhelde val til stiftinga si Generalforsamling 6-8. mars. Her er dei som vart valt. Avstemminga til stiftinga si generalforsamling vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert heile 2142 stemmar. Vi er svært stolte av og takksame for at så mange […]

To millionar til lokale kulturbygg

Sparebankstiftinga samarbeider med fylkeskommunen og Huset i Bygda om utvikling av kulturbygg, og lyser no ut til saman to millionar kroner – 500.000 av desse frå stiftinga.

Siste søknadskurs før fristen: Naustdal 22. februar

Onsdag 22.02. blir altså siste høve til å få med seg eit av stiftinga sine søknadskurs før vår søknadsfrist 1. mars. Stiftinga sin søknadsfrist på vårens ordinære søknadsrunde byrjar nærme seg, og vi rekk akkurat å klemme inn eit siste søknadskurs før søknadsfristen. Det blir i kommunehuset i Naustdal (Tunavegen 6) onsdag 22. februar kl […]

Val til Generalforsamlinga

6-8 mars blir det halde val til vår generalforsamling, som m.a. bestemmer kor mykje gåvemidlar stiftinga skal dele ut. Her finn du info om kandidatane til valet. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er styrt av innskytarane, som altså er dei bank-kundane som har hatt innskot i banken på over 500 kr dei siste 6 månadane. Innskytarane velgjer […]

Søknadskurs på Sandane 9. februar

Det blir kurs i søknadsskriving i kommunehuset på Sandane (Søreide) 9. februar. Kurset er gratis, og vert arrangert i samarbeid med Gloppen kommune. Brenn du for noko som krevjer finansiering? Då er dette høve til å få nyttig informasjon. Kurset tar føre seg korleis ein OK søknad bør sjå ut, anten til oss i Sparebankstiftinga eller andre […]

Nytt år – nye moglegheiter

Sparebankstiftinga avrundar 2016 med om lag 18 millionar kroner i tildelte gåver til samfunnsnyttige tiltak i fylket. Her er planen for 2017. Fjoråret var eit spanande år med enda ein rekord i utdelte gåvemidlar, og jamfør stiftinga sin strategi er dette eit nivå vi skal klare å halde framover. Så om du har planar om […]