Oppføringer av paal

Fekk de gåve i haust? Sjå oversikt her

Haustens tildeling i kategori “ordinær søknad” er tildelt, og her kan du sjå oversikta over kven som fekk gåver i denne runden Om lag 2,8 millionar kroner vart tildelt i haustrunden, og her er dei som fekk gåver: (sjå fullstendig liste over alle gåver i 2016 her) Organisasjon Tiltak Vedtak SOGN OG FJORDANE FOTBALLKRETS Minimål fotball […]

Lagseigde kulturhus – søknadsskjema her!

I 2016 prøvde vi ut ei eiga søknadsordning for lagseigde kulturhus med søknadsfrist 15. april – ordninga vil bli vidareført i 2017. (bilete: Fjærland bygdahus) Ordninga med eigen søknadsfrist for lagseigde kulturhus gjeld altså kun for lag som eig eit lagshus som dei skal fikse, pusse opp eller utbetre. Søknadane vil bli handsama i samråd […]

Kvinnene «overtok» Sparebankstiftinga kring 8. mars

69% kvinneandel i Sparebankstiftinga si generalforsamling etter valet 7-9. mars Ved valet til generalforsamling fekk vi inn heile 2113 stemmar, noko som er nær rekord. Stemmeoppteljinga viser òg at kvinneandelen i generalforsamlinga inkludert varamedlemmene utgjer imponerande 69% etter valet! Sparebankstiftinga si generalforsamling har alltid hatt ein stor kvinneandel, så i realiteten er det faktisk ikkje […]

Val til Generalforsamlinga i Sparebankstiftinga 2016

7.-9. mars 2016 skal det avholdast elektronisk val til representantar i stiftinga si generalforsamling. Les meir om generalforsamlinga og kandidatane her. Sparebankstiftinga er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane og har som sine to hovudoppgaver å forvalte eigarskapen av banken på ein god måte; og dele ut gåvemidlar til allmennyttige tiltak  frå overskotet av bankdrifta. Stiftinga sitt […]

Eigen søknad for lokale kulturbygg

Vi lanserer forsøksordning med eigen søknadsfrist 15. april for lagseigde hus Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og  Sogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga […]

Hugs rett budsjett

Skal du søkje om midlar til neste års drift? Då er det viktig å legge ved driftsbudsjett for det året ein søkjer gåve til, og ikkje driftsåret 2015. Kring årsskiftet får vi normalt inn ein del søknadar om gåver til drift av frivillige lag og organisasjonar. Mange av desse driv om lag på same vis […]

Her er haustens gåvetildeling

Sjå heile lista over gåvetildelingar frå førre styremøte i stiftinga her! I går orienterte vi søkjarane direkte, så no kan vi endeleg offentleggjere den fullstendige lista over gåvetildelingane gjort på førre styremøte her (klikk på linken nedanfor). Og til skilnad frå dagens oppslag i lokale medier, har vi òg tatt med denne rundens “forenkla gåver” […]

Haustens gåverunde er klar!

Då er det sendt ut svarmail til dei som søkte om midlar innan søknadsfristen 1. september. Over 5 millionar kroner i gåver vart delt ut i denne runden. Vi legg ut fullstendige lister over alle som fekk gåver i denne runden her på sidene våre i morgon ettermiddag.   Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av […]

Furorestipend: Søknadsfristen er passert

Søknadsfristen for Furorestipend var 15. juni, og det tyder diverre at det er eit heilt år til neste høve til å søkje om stipend til talentfull ungdom. Furorestipenda blir delt ut til talent i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda kan variere frå 25 000 til 100 000 […]

Søknadskurs også i Askvoll

Det blir også kurs i søknadsskriving i Kvammen i Askvoll. Dette kurset blir torsdag 7. mai. Kurset går altså ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant […]