25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar

25 gåvesjekkar med ein totalverdi på tre millionar kroner har fått nye eigarar. Her kan du sjå alle som har fått.

Sidan 2018 har Noregs Ungdomslag fått gåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Desse pengane har bygdehusa i Sogn og Fjordane kunne søkt direkte til ungdomslaget om, og gjennom prosjektet “Huset i bygda” er tre millionar kroner no fordelt på 25 heldige mottakarar.

– Viktige hus i bygdelaga

Denne veka var det utdeling for “Huset i bygda” på Nasdalen Grendalag sitt samfunnshus på Lunde i Sunnfjord. Her var representantar frå bygdehus rundt om kring i Sogn og Fjordane til stades.

– I 2024 har vi fått heile tre millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og i kveld kan vi dele ut gåvesjekkar til heile 25 bygdehus. Dette er fordelt på 20 sjekkar som går til meir ordinære bygningsmessige tiltak, medan dei fem siste sjekkane går til det vi definerer som «universell utforming» av desse viktige husa i bygdelaga rundt omkring i fylket, fortalde Ida Søderstrøm, som er organisasjonskonsulent i Norges Ungdomslag.

Hjartet i bygda

– Vi er vi opptekne av at det skal vere lys i husa, og det skal vere aktivitet i bygdene. Bu- og bli-lyst er viktige omgrep for oss, og vi veit at desse viktige kulturhusa betyr mykje for barn, ungdom, vaksne og eldre rundt i bygdene. Mange plassar er desse bygga sjølve hjartet i bygda, og her får mange kjennskap til viktige verdiar som fellesskap og dugnad, sa Yngve Thorsen, som er gåve- og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og forvaltar delar av overskotet i banken mellom anna med å gje gåver til allmennyttige føremål i heile Sogn og Fjordane.

Denne veka har det også blitt delt ut ei anna gåve som bygdehusa kan få glede av. Teater Vestland sitt nye prosjekt “Lys i bygda” har fått ei gåve på éin million kroner. Les meir om det her.

Desse fekk pengar frå Huset i bygda:

Kommune: Organisasjon: Sum:

Askvoll, Flokenes grendahus, Elvetun 75 650

Aurland, Aurland ungdomslag 100 000

Aurland, Undredal ungdomslag 300 000

Bremanger, Berle grendalag 77 000

Bremanger, Ungdomslaget Havdur, u.u. 40 000

Fjaler, Dale ungdomslag 39 000

Gloppen, Husstyret for Vonheim 115 000

Gloppen, Grendehuset Gimle u.u.100 000

Gloppen, Foreninga Breimshallen, u.u. 70 000

Gulen, Eidsbotn Vel 135 000

Hyllestad, «Trygt hus», gml. ungdomshus 50 000

Hyllestad, Skifjord grendahus, u.u. 100 000

Kinn, Almenning grendalag 40 000

Kinn, Askrova grendahus 76 000

Kinn, Stavøy grendalag 79 625

Luster, Indre Hafslo bygde- og ungdomslag 150 000

Luster, Mollandsmorki grendalag 45 000

Lærdal, Lærdal ungdomslag, Frilund 250 000

Lærdal, Lærdal ungdomslag, Frilund, u.u. 250 000

Sogndal, Vetlefjorden grendahus 60 000

Sunnfjord, Førde ungdomslag, Viking 67 000

Sunnfjord, Nasdalen grendahus, u.u. 300 000

Sunnfjord, Instedalen krins 37 000

Stad, Bryggja grendahus 110 000

Vik, Framfjord ungdomslag 224 350

*u.u.= universell utforming

 

Nasdalen Grendalag sitt hus er eitt av 25 bygdehus som har fått pengar.

20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane

Takka vere pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane skal DNT Sogn og Fjordane satse på friluftsliv i nærområdet og gjere kommunane meir attraktive å bu i. Målet er å utvikle nærturmoglegheitene i kvar kommune.

DNT Sogn og Fjordane er tildelt 20 millionar til eit fireårig prosjekt kalla «Eg gjekk ein tur på stien». Desse midlane vert gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Målet med prosjektet er å legge til rette for utvikling av både nye og noverande turstiar i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst.

Bredt samarbeid

Det er DNT Sogn og Fjordane som er prosjektleiar for prosjektet.

– Pengane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir oss ein unik moglegheit til å skape noko bra og varig saman! Vi må jobbe saman, på tvers av kommunar, frivilligheit og ulike organisasjonar, seier styreleiar i DNT Sogn og Fjordane, Siv Merete Stadheim.
Ho håper at mange blir med på dugnad, og at prosjektet skapar engasjement blant kommunane i Sogn og Fjordane. Draumen er at alle kommunar i Sogn og Fjordane skal kunne utvikle turruter til glede for lokalbefolkninga.

– Det er eit ønske at prosjektet skal bidra til at alle, uavhengig av alder, bakgrunn, erfaring og funksjonsevne, skal finne turområde i Sogn og Fjordane der ein kan føle seg trygge, vere fysisk aktive og få naturopplevingar. Både berekraft og tilrettelegging er viktige faktorar i prosjektet og ei prosjektgruppe beståande av fagpersonar skal rettleie i tilrettelegging, grunneigarforhold og berekraftigutvikling av stiar. I tillegg blir frivilligheita avgjerande for gjennomføring av prosjektet. Lokale prosjektgrupper beståande av kommunane og frivillige lag og organisasjonar skal saman vere med å utvikle turstiane i sine nærmiljø.

Saka held fram under bildet.

STOR GÅVE: – Dette gir oss ein unik moglegheit til å skape noko bra og varig saman, seier Siv Merete Stadheim i DNT Sogn og Fjordane.

Veldig bra at fleire får tilgang

Det var Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som tok initiativ til prosjektet. Dei er Sparebanken Sogn og Fjordane sin største eigar, og forvaltar delar av overskotet til banken.

– Sogn og Fjordane har ein fantastisk natur, og gjennom dette prosjektet vert det endå fleire som får tilgang til den. Det er veldig bra! Dette er eit godt og nøye gjennomarbeidd prosjekt, og det er veldig kjekt og fortent at vi med pengar frå overskotet vårt bidrar til at det vert ein realitet. Vi håpar at dette kan ha ein utløysande effekt der målet er at prosjektet skapar verdiar for 60 millionar kroner, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Han vert støtta av Yngve Thorsen, leiar gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Å bidra til bulyst i Sogn og Fjordane, og gjere regionen vår så attraktiv som mogleg, det er viktig for oss. «Dagsturhytta» er noko alle i Sogn og Fjordane kjenner til, som vi var med og finansierte, og dette prosjektet er på mange måtar bygd på same prinsippet med at alle kommunar får same moglegheita. Med dei flinke folka i DNT Sogn og Fjordane i spissen har eg stor tru på at «Eg gjekk ein tur på stien» vert ein suksess, seier Thorsen.

Jaktar nye og spennande prosjekt

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane intensiverer no jakta på nye og spennande prosjekt i Sogn og Fjordane. Med fleire søknadskurs, både på nett og fysiske kurs rundt om i «gamlefylket», håpar stiftinga at kreativiteten i det frivillige organisasjonslivet skal slå ut i full blomst.

To gonger i året er det frist for å søke Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om gåve og støtte til allmennyttige tiltak, 1. mars og 1. september. No nærmar det seg ny frist, og i forkant av denne fristen vil gåve- og samfunnskontakt, Yngve Thorsen, reise rundt i Sogn og Fjordane for å halde kurs for potensielle søkjarar. Og han håpar det vil dukke opp nye og spennande prosjekt-idear.

Rundt i fylket

-Dei to siste vekene før fristen på haustrunden går ut, blir det fysiske kurs i Måløy, Sandane og Årdal, medan det blir eit digitalt kurs for HAFS-regionen og Gulen. I vår var det kurs i Stryn, Førde, Florø, Sogndal og Dale. På denne måten trur eg vi når ut til dei fleste deler av vårt geografiske område, seier gåvesjefen og håpar at med nye og spennande prosjektidear på gang, så kan nye gåvekroner komme viktige prosjekt til gode.

– Sparebanken Sogn og Fjordane leverer gode resultat, og er i ein god kapitalsituasjon. Dermed er vi i den gunstige situasjon at vi kan tilføre stadig meir pengar tilbake til lokalsamfunna. Stiftinga har som mål å vere ein viktig aktør for samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane, både som den dominerande eigaren av den største banken i området og ikkje minst gjennom utdeling av gåver til allmennyttige føremål, seier Thorsen som er gåve- og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

100 millionar

-I år har Generalforsamlinga i stiftinga gjeve styret ei ramme på 100 millionar kroner i gåver til samfunnsnyttige tiltak. Så langt i år har vi delt ut om lag 60 millionar, så vi håpar å sjå mange gode, spenstige og ikkje minst kvalitative søknadar i tida som kjem. Det er utruleg mykje god frivilleg aktivitet rundt omkring i Sogn og Fjordane som vi gjerne vil vere med på å støtte. Så kom på kurs, ta kontakt og lever inn søknad på akkurat ditt prosjekt, er det enkle rådet frå Yngve Thorsen.

Før søknadsfristen 1. september 2024 inviterer Sparebankstiftinga til kurs i søknadsskriving.

Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.

I tillegg vert det høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid kursdagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel knytt til gåvesøknader. Nedanfor finn du informasjon om kursa og korleis du avtalar møtetid.

KURSPLAN
Torsdag 22. august 2024 – Digitalt søknadskurs for HAFS-regionen og Gulen

Kl. 20.00-21.30

Måndag 26. august 2024 – Måløy
Måløy, Kraftstasjonen
Kl. 18.00-20.00

Tysdag 27. august 2024 – Sandane
Sandane, Trivselshagen
Kl. 18.00-20.00

Onsdag 28. august 2024 – Årdal
Årdal, Årdal Teknologipark
Kl. 18.00-20.00

Ønskjer du eit møte med stiftinga?
Send førespurnad per e-post til; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no

Har du spørsmål – kontakt Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane v/ Yngve Thorsen
E-post; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no
Tlf. nr.: 90 80 25 75

 

Påmelding til kursa gjer ein her.

 

Søknadskurs med Sparebankstiftinga

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan bli tildelt gåvemidlar.
Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.

I framkant av søknadsfristen 1. september 2024 inviterer Sparebankstiftinga til kurs i søknadsskriving.

Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.

I tillegg vert det høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid kursdagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel knytt til gåvesøknader. Nedanfor finn du informasjon om kursa og korleis du avtalar møtetid.

KURSPLAN
Torsdag 22. august 2024 – Digitalt søknadskurs for HAFS-regionen

Kl. 20.00-21.30

Måndag 26. august 2024 – Måløy
Måløy, Kraftstasjonen
Kl. 18.00-20.00

Tysdag 27. august 2024 – Sandane
Sandane, Trivselshagen
Kl. 18.00-20.00

Onsdag 28. august 2024 – Årdal
Årdal, Årdal Teknologipark
Kl. 18.00-20.00

Påmeldingsskjema

Ønskjer du eit møte med stiftinga?
Send førespurnad per e-post til; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no

Har du spørsmål – kontakt Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane v/ Yngve Thorsen
E-post; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no
Tlf. nr.: 90 80 25 75

Vel møtt!

Her får dronninga sjå dei nye måleria

Dronning Sonja stod for den offisielle reopninga av Astruptunet laurdag, og la ikkje skjul på sin kjærleik til Nikolai Astrup.

-Eg har vore her fleire gonger, og i dag var det eit skinande comeback av hans kunstnarheim, sa dronninga.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kjøpte for to veker sidan to originale Astrup-måleri, og måndag sist veke kunne direktør Hallvard Klakegg stolt frakte måleria «Trollebotten» og «St.Hansbål ved Jølstervannet» inn i galleriet på Sandalsstrand. Og akkurat desse to måleria var noko av det Dronning Sonja såg mest fram til å sjå plassert «der dei høyrer heime».

-Eg gleder meg spesielt til å sjå dei to nye måleria, fastheldt Dronning Sonja då ho passerte pressekorpset på veg inn i galleriet under laurdagens reopningsfest av Astruptunet.

Dei to nye

Saman med avdelingsdirektøren for kunst ved musea i Sogn og Fjordane, Tor Martin Leknes, og Anders Bjørnsen ved Sparebankstiftelsen DNB, avslutta dronninga turen blant Astrup sine måleri ned i den noko tronge galleri-kjellaren med å stoppe lenge ved akkurat desse to «nye» måleria.

-Det er fantastisk at desse måleria har komme heim. St.Hans-bålet finst jo i mange forskjellige variantar, medan Trollebotten er veldig annleis, sa Dronning Sonja medan Tor Martin Leknes orienterte om historia til akkurat dette bildet. Leknes viste også til det typiske ved at Astrup hadde måla både kvinneskikkelsar og troll inn i fjellformasjonane. Her vart dronninga og følgje ståande i fleire minutt for å samtale om måleriet.

Fekk sjå dei to måleria

Som einaste fotograf i gallerikjellaren fekk Sparebankstiftinga sin skribent oppleve Dronning Sonja sin umiddelbare glede over å sjå desse måleria, og som ho også understreka under opningstalen sin:

I samband med ei utstilling om hagar som vart vist på Royal Academy of Art, som vart avvikla samstundes som Astruputstillinga på Dulwich, hadde dronninga møtt på den britiske kunsthistorikaren Mary-Anne Stevens, som då var sjefskurator på Royal Academy og kurator for Astruputstillinga på Dulwich.

-Eg gløymer aldri kuratoren sine ord då eg ville samanlikne Astrup sine måleri saman med andre verdskjende målarar:

«I by fare prefer Nikolai Astrup´s garden in Jølster», fortalde dronninga.

Kuratoren var på tunet

Og akkurat Astrup-kjennar Mary-Anne Stevens var på plass under reopninga av Astruptunet laurdag ettermiddag, og kunne saman med direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ta dei to «nye» måleria nærare i augesyn etter at Dronning Sonja hadde reist frå Sandalsstrand.

Den britiske kuratoren og Astrup-kjennaren var begeistra over måleria, og trekte spesielt fram «Trollebotten». Dette måleriet meinte Stevens bør vere med på framtidige utstillingar.

-Måleriet treff spesielt godt barn, då dei elskar troll, sa den kjende kuratoren i samtale med Hallvard Klakegg.

For ein dag!

Og som direktør Hallvard Klakegg formulerte seg etter reopnings-suksessen:

-For ein Jølster-dag, og for ein dag for Sogn og Fjordane! Dette er kort og godt fantastisk, og vi er både stolte og audmjuke over at vi har fått kjøpe to Astrup-måleri tilbake til heimplassen hans. Her vil ålmenta kunne rusle rundt og sjå den fantastisk flott oppussa kunstnarheimen, hagen hans og ikkje minst mange av hans kunstverk. Vi trur Nikolai Astrup blir meir og meir kjent rundt om i heile verda i framtida, og ser verkeleg fram til å følgje prosessen med bygging av eit nytt visningssenter 200 meter vest for dagens Astruptun, seier direktøren for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane etter reopninga av Astruptunet og legg til:

-Dette er jo som å vere i eit Astrup-måleri, seier han og ser at Dronning Sonja med reisefølgje set seg inn i ein minibuss og reiser vidare til Sogn.

Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har kjøpt dei to måleria. Stiftinga er Sparebanken Sogn og Fjordane sin største eigar, og forvaltar overskotet til banken.

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 

 

 

 

 

 

Her kjem to Astrup-måleri heim

Når Dronning Sonja førstkomande laurdag kjem til Astruptunet vil ho for første gong kunne sjå Astrup-bilda «Trollebotten» og «St.Hansbål ved Jølstervannet».

– Det er første gong desse bilda er utstilt her, seier Solveig Berg Lofnes.
Det var omtrent både julekveld og 17. mai då dei to orginale Astrup-bilda kom til Astruptunet måndag kveld. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sin direktør, Hallvard Klakegg, kunne saman med Solveig Berg Lofnes og Tor Martin Leknes sjå at spesialtransporten hadde kome fram til sørsida av Jølstravatnet, og stolt ta imot desse to måleria av transportøren Frank Bremseth.

– Eg har køyrt eins ærend frå Oslo i dag, og har hatt konstant 18 grader i lasterommet under turen. Vi driv med transport av kunst, og har etter kvart god erfaring med dette, kunne Bremseth fortelje medan han forsiktig bar dei to kostbare måleria inn i galleriet på Astruptunet.

Kjøpt på auksjon
Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har kjøpt dei to måleria. Dei er Sparebanken Sogn og Fjordane sin største eigar, og forvaltar overskotet til banken. Direktør i stiftinga, Hallvard Klakegg, kan fortelje at det var utruleg spennande då han fekk tilslaget på dei to Astrup-måleria under auksjonen hos Grev Wedel Auksjoner i Oslo for 14 dagar sidan.

– På mange måtar var det litt tilfeldig at vi vart orienterte om at det var to Astrup-måleri til sals. Eg har hatt tett kontakt med Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB, som har god erfaring med slike kjøp. For vår del handlar det om å kjøpe desse to Astrup-bilda for at dei skal komme heim igjen, seier Klakegg medan dei to måleria blir borne på plass i kjellar-etasjen på galleriet.

– Vi har vore engasjert i fleire Astrup-prosjekt tidlegare, som til dømes Astrup-filmen og det å få ei Astrup-utstilling på plass ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i fjor sommar. For vår del er vi opptekne av at vi på denne måten skal få høve til å vise fram desse to fantastiske måleria til ålmenta her i Astrup-tunet, seier Klakegg.

Ikkje her tidlegare
– Eg har drøymt om å få på plass desse to måleria og har tenkt ut plass til dei. Desse to måleria er med på å komplettere samlinga vi har, og spesielt er «Trollebotten» spennande då det viser at Nikolai Astrup også hadde fleire fjellmåleri, seier Solveig Berg Lofnes medan bobleplasten forsiktig blir fjerna frå måleria.

– Slik vi har forstått ut frå den informasjonen vi har om desse to bilda, så har dei ikkje vore her i Astruptunet tidlegare. Dei har vore i privat eige, og er ifølge katalogiseringa datert til å vere måla i 1908 (Trollebotten) og 1921 (St.Hansbål ved Jølstervannet), fortel ho.

Høyrer heime her

Ved auksjonen måtte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ut med 1,6 millionar samla for dei to måleria. St.Hans-bål ved Jølstervannet gjekk for 950 000 kroner, medan Trollebotten kosta 650 000 kroner.

– For oss i stiftinga så ser vi på dette som ein investering som er i tråd med vårt formål. Vi både håpar og trur at all merksemda rundt Nikolai Astrup vil auke på i åra som kjem, og kanskje vi om ikkje lenge også kan få eit visningssenter i nærleiken av tunet. For oss er det viktig at det er lokalt eigarskap til Nikolai Astrup sin kunst, og at vi på denne måten får nokre av hans måleri heim igjen. Det er jo her dei høyrer heime. Så vi er utruleg glade for at dei kan vere utstilte saman med andre måleri her i Astruptunet, seier Hallvard Klakegg og vert støtta Tor Martin Leknes, avdelingsdirektør for kunst ved musea i Sogn og Fjordane.

– Det er stort at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gjort dette heimkjøpet av Nikolai Astrup. Her vil desse to fantastiske måleria få den merksemd dei har krav på. Og vi ser verkeleg fram til å vise dei fram allereie kommande laurdag når Dronning Sonja skal vitje Astruptunet. Og vidare kan folk gjennom sommaren komme hit for å ta desse flotte måleria nærare i augesyn. For dette er to måleri som mest sannsynleg ikkje har vore i Astruptunet tidlegare. Klart dette er ein stor dag for oss, seier Solveig Berg Lofnes som er museumsleiar ved Astruptunet.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Årsrapport for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Kven fekk gåvemidlar i 2023? Kva område fekk flest gåver? Korleis vart gåvemidlane forvalta? Kven er med i styrande organ? Alt dette, og meir til, finn du i Sparebankstiftinga sin årsrapport for fjoråret.

Årsrapporten for 2023 finn du her.

– Vi er alltid i beredskap

Skulle uhellet vere ute, er det godt å vite at vi her i Sogn og Fjordane har om lag 30 hundar som på kort varsel kan bistå i forskjellige aksjonar. – Vi er her når vi trengst, men håpar vi ikkje blir brukt, seier Helene Sæterdal.

Som leiar for Norske Redningshundar her lokalt kunne ho torsdag kveld motta ei gåve på 200 000 kroner til arbeidet sitt med både å rekruttere nye hunde-ekvipasjar, samt vidareutdanne dagens medlemmer. Desse pengane er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

30 i regionen
– I heile Sogn og Fjordane har vi 12 godkjende hunde-ekvipasjar, fordelt på fire i Sunnfjord og åtte i Sogn. Men vi har heile 30 hundar som trenar i desse to regionane. I Nordfjord har vi derimot hatt utfordringar med å etablere eit solid miljø med redningshundar, noko som har høg prioritet hos oss, seier Sæterdal då ho saman med fire andre godkjende ekvipasjar mottok gåva på 200 000 kroner.

Lars Solnørdal, banksjef for privatmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, er imponert over arbeidet som redningshundane gjer, både lokalt og nasjonalt, og er svært glad for dei no får støtte til å rekruttere nye ekvipasjar.

– Vi veit at viss uhellet er ute, så er redningshundane noko av det viktigaste som finst. Derfor er vi svært glade for at vi har eit aktivt frivilleg miljø som gjer denne viktige jobben. Ikkje minst vil eg tru at tida framover kan vere utfordrande med tanke på redningshundane, med fare for ras og slikt, sa Solnørdal då han fekk høve til å møte fem ekvipasjar med redningshundar i Blomlia i Førde.

Allereie fem
Erfaringsmessig er talet oppdrag for redningshundane jamt fordelt over heile året, og allereie i 2024 har ekvipasjane i Sogn og Fjordane vore utkalla i fem oppdrag.

– Vi har delteke på tre skredsøk, med to i Esebotn i Balestrand og eitt i Jølster. Alle heldigvis med positivt resultat. Og no når vi går inn i påskeveka, så veit vi av erfaring at ekstra mange tek turen til fjells. Men samstundes har vi også sett at vi tidlegare har hatt fleire oppdrag i både april og mai. Då kan det vere greitt å vite at vi alltid er i beredskap, og at vi er klare til å rykke ut viss politiet ber om det, seier Sæterdal

– Denne gåva er berre heilt fantastisk, og gjev oss sjansen til å utdanne fleire ekvipasjar og ikkje minst vidareutdanne dei som allereie er godkjende. For krava til redningshundane blir stadig strammare, seier ho og prøvar å få hundane til å stille opp for fotografering.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Unge Eldsjeler

Sist helg deltok eit 20-tals personar i alderen 18 til 30 år på den andre samlinga for «Unge eldsjeler». Desse ungdomane kan vere framtidas nav i frivilleg sektor i Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har saman med ViteMeir teke initativ til å gje unge eldsjeler både inspirasjon og kunnskap gjennom utviklingsprogrammet som går under namnet «Unge eldsjeler». I helga deltok ungdom frå heile Sogn og Fjordane, frå Måløy i nordvest til Øvre Årdal i søraust, på den andre samlinga i dette prosjektet. I Førde fekk dei mellom anna lære om livskraftige småsamfunn (Viksdalen), Dans utan grenser, Fjellsportfestivalen i Sogndal, VM i vektløfting, Teater i særklasse (Teater Vestland), berekraft (NFF Sogn og Fjordane) samt marknadsføring og kommunikasjon. Dessutan orientering om tilskotsordningar for det frivillege arbeidet.

Breitt spekter

På deltakarlista på det første utviklingsprogrammet til «Unge eldsjeler» finn vi deltakarar med røter i ulike grupperingar i idrettslag, blindeforbund, studentorganisasjonar, KFUK/KFUM, skyttarlag, ungdomslag, 4H-grupper, skulemusikkrørsla samt gatekunstnarar. Alle med eit sterkt ønske om å engasjere seg i det frivillige arbeid i sitt nærområde.

Under evalueringa etter den andre samlinga gav deltakarane klåre tilbakemeldingar på at samlinga var inspirerande og at innlegga som vart presenterte var relevante for den jobben desse ungdommane har planar om å gjere. I tillegg til førelesningar var det også lagt vekt på samarbeidsøvingar kor deltakarane saman skulle løyse praktiske oppgåver.

Viktig helg

-Eg trudde ikkje det var mogleg å få så mykje motivasjon etter ei langhelg. Her har vi fått masse reell kunnskap som vi kan ta med heim til våre lokalmiljø, understreka ein av deltakarane under avslutninga i Teater Vestland sine lokaler søndag.

No skal dette første kullet i «Unge eldsjeler» ha ei siste samling i utdanningsprogrammet med aktiv deltaking i «Målrock» i Øvre Årdal i juni månad. Her skal deltakarane gå inn i forskjellige oppgåver som frivillige under musikkfestivalen, og på den måten kjenne på kroppen korleis ein slik type frivilleg arbeid vil vere.

-Dei to første samlingane i «Unge eldsjeler» har fått meg til å tenke på kva frivillegheit er. Kva kan eg gjere for å hjelpe andre. På mange måtar er vi representantar for viljen til å skape noko lokalt. Det er eit privilegium vi har, fastslo ein av deltakarane under oppsummeringa av samlinga.

Andre år

Det er stiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane som finansierer utviklingsprogrammet, og Yngve Thorsen i sparebankstiftinga understrekar at frivilleg sektor er sjølve juvelen i lokalsamfunna våre i Sogn og Fjordane.

-Ingen er betre til å skape aktivitet, samhald, integrering, trivsel og bulyst enn dei frivillege organisasjonane. Det er eit konstant behov for å rekruttere og motivere nye eldsjeler til dette viktige arbeidet framover. Vi håpar derfor at slike samlingar skal vere med på å bidra til det, og at unge eldsjeler får ein møteplass for å bygge nettverk, dele erfaringar, få inspirasjon og bygge kompetanse, seier Thorsen.

Vi satsar på oppstart av eit nytt kull til hausten, og at vi i løpet av våren vil offentleggjere påmelding/søknad til eit nytt år med «Unge eldsjeler». Så følg med på nettsidene til Sparebankstiftinga, Vite Meir og ikkje minst nettsida: www.ungeldsjeler.no

Bilda viser noko av aktiviteten under den andre samlinga i Førde/Langeland sist helg.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Nytt år, ny søknadsrunde

Sparebankstiftinga er i gong med ny søknadsrunde, og har opna søknadsskjemaet for ordinære søknadar (1. februar).

I stiftinga er vi spent på å sjå kva behov lag, organisasjonar, eldsjeler og andre samfunnsaktørar står ovanfor i 2024, så i vår blir det ekstra spanande å lese søknadane vi får innan fristen 1. mars.

Vi gjer merksam på at det er høve til å sende “forenkla søknad” om inntil 30.000 kr heile året, og få svar innan 4 veker.

Har du spørsmål til korleis du bør utforme søknaden din, så er du velkomen til å kontakte administrasjonen i stiftinga.

Elles gjennomfører Sparebankstiftinga søknadskurs i vinter – les meir om våre søknadskurs her.