Vi deler ut 1000 redningsvestar i Sogn og Fjordane!

For å bidra til trygg aktivitet på vatnet for fleire barn og unge, deler vi ut 1000 redningsvestar til lag og organisasjonar som driv eller legg til rette for ferdsle på/ved vatn. Det einaste vi ber om, er at laget deler vestane med andre i sitt nærområde. Les meir

Hugs å søkje Furorestipend før 15. juni!

Søknadsskjemaet for Furorestipend er opna i søknadsportalen vår (snarveg HER), og som vanleg kan unge talent søkje om stipend i kategoriane Kultur, Idrett og Open klasse fram til 15. juni. Les meir

Ekstraordinær søknadsrunde

Grunna uvissa rundt korona-krisa og alle smittevernstiltak som myndigheitene har sett i verk, opplever vi at føresetnadane i mange av søknadane vi fekk i den ordinære søknadsrunde 1. mars er vesentleg endra. Difor utlyser vi ei ekstraordinær søknadsrunde i vår med søknadsfrist 15. mai.

2020 har blitt eit veldig spesielt år, og søknadane vi fekk inn til 1. mars ser ut som dei er “gått litt ut på dato” etter at korona-krisa traff oss og regjeringa sette inn ei rekkje ekstraordinære tiltak frå 12. mars. Mange arrangement er eller vil bli avlyste, og mange andre organisasjonar har nok heilt andre prioriteringar i dag enn i februar.

Sparebankstiftinga har eit sterkt ønskje om å stille opp for organisasjonslivet og samfunnsnyttige krefter i Sogn og Fjordane i denne vanskelege tida. Difor utlyser vi denne ekstra søknadsrunden i vår, slik at ein kan søkje om gåvemidlar for å møte dei utfordringane korona-tiltaka har skapt; eventuelt kva nye prioriteringar organisasjonane har i denne nye verkelegheita. Vi opnar òg opp for å bistå i høve til ekstraordinære kostnadar og likviditetsutfordringar korona-tiltaka har gitt for frivillige lag og organisasjonar. Stiftinga sine vilkår og prioriteringar for tildeling av gåvemidlar vil elles vere som før.

Vi viser også til statlege ekstraordinære ordningar t.d. utlyst av kulturdepartementet, og oppmodar alle om å nyttiggjere seg av desse. Som vanleg vil vi vurdere det som positivt dersom det går fram av søknad/budsjett at ein søkjer offentlege/øvrige midlar der det høver.

Ny søknadsfrist er 15. mai. Søknadsskjema for den ekstraordinære søknadsrunden vert opna i vår søknadsportal 15. april. Svar på søknadane vil bli sendt ut i slutten av juni. Dersom situasjonen talar for det, kan vi vurdere kortare svarfrist på oppmoding. Vi held også opent for å vurdere søknadar som kjem etter søknadsfristen dersom einskilde søkjarar treng meir tid for å vurdere konsekvensane av korona-tiltaka.

Elles vil vi handsame søknadane motteke innan fristen 1. mars på vanleg måte, slik at svar på desse vil bli sendt ut ca 1. mai som planlagt. Men vi ber om forståing for at vi vil halde att litt på gåvetildelingane i den søknadsrunden. Mellom anna er det mange arrangement som vi ordinært ville vurdert å gi ei gåve som vi no må føresette at vil bli avlyste. Men dersom ein likevel har planar om arrangement, eller har fått store kostnadar knytt til avlysing, ber vi om at ein registrerer ny søknad med oppdaterte opplysningar innan fristen 15. mai. Vi vil òg kontakte slike søkjarar på mail direkte og opplyse om høvet til å registrere ny søknad.

Ta kontakt med oss i administrasjonen dersom du har spørsmål, så vil vi gjere vårt beste for å bistå i ei vanskeleg tid. Kontaktinfo finn du her.

Elles oppmodar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane alle om å ta vare på kvarandre og følgje råd og pålegg frå styresmaktene!

150 søkte om gåvemidlar – og får svar 1. mai

Årets første søknadsfrist er passert, og vi noterer 150 søknadar om totalt 43 millionar kroner i denne søknadsrunden.

1. mars var søknadsfrist for vårens gåverunde i Sparebankstiftinga, og måndag 2. mars låg det 150 søknadar og venta på oss i søknadsportalen. Det er naturlegvis mange søknadar; men faktisk ein liten nedgang frå i fjor vår. Men sjølv om søknadane blir litt færre, ser vi at samla søknadssum aukar. Totalt er det dermed søkt om heile 43 millionar kroner i denne runden.

Det gir sjølvsagt oss i Sparebankstiftinga ei stor utfordring. Vi synst det er vanskeleg å avslå søknadar om midlar til gode tiltak, men realiteten er at vi ikkje har nok midlar til alle og må gjere nokre prioriteringar. Men tross alt føler vi oss priviligerte som får lov å dele ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og voner at vi kan finne midlar til om lag ein tredjedel av tiltaka, slik som i fjor.

Samtlege søknadar vil bli grundig vurdert. Vi ber om forståing for at dette er tidkrevjande arbeid, men har som mål at alle vil få svar på søknaden innan fredag 1. mai. Og hugs at det er mogleg å prøve igjen om du ikkje lukkast i denne runden – Sparebankstiftinga vil stille opp for Sogn og Fjordane i mange år framover! Neste søknadsfrist er 1. september – og i tillegg går det an å sende “forenkla søknad” om inntil 10.000 kroner når som helst, heile året.

Det går òg an å prate med oss om det er mogleg å forbetre søknaden på nokon måte – slå på tråden til oss om du ønskjer ein prat om søknaden/tiltaket ditt.

 

Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling

Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling

Er du kunde med innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til sparebankstiftinga si generalforsamling, som m.a. velgjer styre og godkjenner stiftinga sitt rekneskap.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har som sine hovudoppgåver å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med innskot på over 500 kroner i banken og med adresse i fylket. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på epost 4. mars, med to dagars svarfrist.

Framlegget til kandidatar er laga av Stiftinga si valnemnd, etter at publikum har fått høve til å foreslå kandidatar. Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og dei 4 neste få varaplass.

Her er kandidatane:

 

Innstilt på fast plass i 4 år:     

1) Bente Nesse, Høyanger

Rådmann i Fjaler. Tidlegare rådmann i Hyllestad og div. leiarstillingar i Hydro og Havyard. Lang erfaring frå fagforeningsarbeid og politikk (AP/SV). Leiar av stiftinga si generalforsamling siste året.

 

2) Åge Avedal, Førde

Rådgjevar i avd. kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune og lokalpolitikar (V). Tidlegare dagleg leiar og regionleiar for 4H Norge. Nestleiar i stiftinga si generalforsamling siste året.

 

3) Kjetil Russenes, Sogndal

Dagleg leiar og innehavar av Sogndal Kaffibrenneri. Aktiv frikøyrar.

 

Innstilt som varamedlem i 1 år:

4) Roger Aa Djupvik, Sandane

Dagleg leiar i Gloppen Næringsorganisasjon, samt bransjeekspert for trening i Melin-konsernet. Tidlegare langrennsutøvar og trenar.

 

5) Anne Skaar, Sogndal

Lektor ved Høgskulen på Vestlandet. Tidlegare fysioterapeut, leiar i Sogndal turlag og nestleiar i kontrollutvalet i Sogndal kommune (SV).

 

6) Siv Merete Stadheim, Florø

Lufthavnsjef Avinor i Florø og styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag. Tidlegare politiet og tollvesenet samt ulike styreverv i næringsliv og frivillige organisasjonar.

 

7) Endre Rutledal, Måløy

Advokat i Måløy. Styreleiar i Trollskogen barnehage og Skaredammen idrettspark; nestleiar i Tornado Måløy.

 

Øvrige kandidatar (valbare og har sagt seg villige, men ikkje innstilt av valnemnda):

8) Eline Orheim, Fjærland

Seksjonsleiar hos fylkesmannen i Vestland og styremedlem ved Norsk Bremuseum. Tidlegare Sogndal kommunestyre (AP), leiar for Rundballefestivalen og styremedlem i Fjærland bygdeutval.

 

9) Lene Midthjell, Nordfjordeid

Eigar og drivar av Midtbust AS.

 

10) Aud Kari Isane, Balestrand

Seniorrådgjevar i skatteetaten. Tidlegare fylkesskattesjef, kommunalsjef i Sogndal, styreleiar og -medlem for Sogn og Fjordane idrettskrins og Balestrand kommunestyre (SV).

 

11) Daniel Olai Kvernøy, Eivindvik

Driftsleiar i GulenSkyss AS. Tidlegare Gulen i kommunestyre (H).

 

12) Inger Elin Gimmestad, Sandane

Rekneskapssjef i Sogn og Fjordane Energi, styremedlem i diverse småkraftselskap. Ulike verv i frivillige lag.

 

13) Svein Arne Sandvik, Svelgen

Dagleg leiar i Bilfinger Svelgen/Høyanger. Tidlegare leiar i Svelgen TIF og Kulturhuset Realen, styremedlem i Pro Opplæringskontor o.a. 

 

14) Beate Solheim Grønnevik, Florø

Markedssjef INC Gruppen. Tidlegare leverandørutviklar i Maritim Forening.

 

15) Rolf Olav Gjørven, Stryn

Eigar og styreleiar i Folvengaard AS. Styremedlem i Hjelledalen kraftlag. Tidlegare styremedlem i Sogn og Fjordane bondelag.

 

16) Sissel Wiik, Måløy

Administrativ leiar hos Nordfjord Havn IKS. Tidlegare prosjektleiar i Måløy Vekst og finansiell rådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, der ho òg var tilsetterepresentant i styret i eit år.

 

Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.

Godt val!

 

Kven har fått gåver i 2019?

Over 200 lag, organisasjonar og prosjekt har til saman fått 33 millionar gåvemidlar i 2019. Gåvene kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Første DRIV-pris til Corvus Energy

DRIV-prisen er eit initiativ frå Sparebankstiftinga/Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Energi, og vert utdelt i samarbeid med Innovasjon Norge, Høgskulen på Vestlandet og Hordaland fylkeskommune.

Prisen går til innovasjon som bidreg til “det grøne skiftet” i Vestland fylke, og det var altså Corvus Energy frå Bergen som stakk av med førsteplassen det aller første året. Corvus Energy er godt i gong med å produsere energilagringsløysingar til maritim sektor, noko som gjer at utsleppa frå båtar og skip vil gå drastisk ned i åra framover. Førstepremien er på 200.000 kroner.

Andreplassen gjekk til Bergen Carbon Solutions, Dei har utvikla ein måte å produsere karbon-nanofiber av CO2, og bidrar dermed til å redusere CO2-nivået samstundes som dei produserer eit materiale som er sterkare enn stål, lettare enn plast og ledar straum betre enn kobbar.

Evoy frå Florø fekk 3. plassen. Dei lagar elektriske framdriftssystem for båtar (“Sjøens Tesla”), i første omgang for nyttefartøy; men har òg ambisjonar om å tilby el-båtar for fritidsbruk.

Juryen understreka at alle tre ville vore verdige vinnarar av prisen, men peikte på at vinnaren er komen noko lenger i kommersialiseringa av sitt konsept.

Juryen har elles bestått av Trond Teigene (SSF), Johannes Rauboti (SFE), Berit Rokne (HVL), Bård Sandal (Hordaland/Vestland fylkeskommune) og Nina Broch Mathisen (IN).

Les meir om prisutdelinga her.

Dagsturhytter i heile Vestland!

No blir det dagsturhytter i heile Vestland fylke!

Les meir

Søknadsrunde Haust 2019 er opna

No kan du søkje om gåvemidlar i haustens søknadsrunde. Frist 1. september. Les meir

Søk om Furorestipend 2019

Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane*) i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Stipenda er vanlegvis på 50.000 kroner (men kan variere). Fagjuryen er samansatt av personar med brei erfaring innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.

Vi ber om at det er kandidaten sjølv som søkjer; søknad utfylt av føresette/instruktørar vil ikkje bli prioriterte.

Søknadsskjemaet finn du i vår søknadsportal; sjå snarveg HER (velg skjema “Furorestipend” etter at du har logga inn i søknadsportalen)

Har du spørsmål om Furorestipenda eller utfylling av skjemaet, kan du kontakte Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

*) «frå Sogn og Fjordane» = kjem frå og/eller bur i Sogn og Fjordane.