Barn teiknar Førde sentrum!

No kan barn opp til 7. klasse vere med og forme eit byrom i Førde. Sparebankstiftinga har ansvar for å omsetje ein av barneteikningane til ferdig installasjon – i full storleik. Les meir

Stiftinga, banken og NRK kårer årets gründer

Vi ønskjer å stimulere til innovasjon, og gje innovatørane i fylket etterlengta merksemd. Difor kårer vi, saman med NRK og Sparebanken Sogn og Fjordane, «Årets Gründerpris 2012».  Les meir

250 søknadar om 26,5 millionar i haustrunden

Årets siste søknadsfrist for kategori “fullstendig søknad” er passert, og søknadane vi har fått inn syner eit svært høgt nivå på allmennyttige tiltak i fylket.

Lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane fylke held eit imponerande aktivitetsnivå også i 2012, noko søknadane vi hadde registrert til søknadsfristen 1. september er eit godt prov på. Og det er heller ikkje mykje å utsetje på evne og vilje til offensiv planlegging i det vidare arbeidet.

Måndagen etter søknadsfristen låg det kring 250 søknadar og venta på oss, og den samla søknadssummen var rett oppunder 26,5 millionar. No byrjar den vanskelege jobben med å plukke ut kven av desse mange gode søknadane som skal få gåvemidlar – og med “berre” kring 3 millionar att av årets gåvemidlar, seier det seg sjølv at dette blir ei tøff oppgåve… Sparebankstiftinga gjer difor ei grundig vurdering av alle dei innkomne søknadane. Vi forhøyrer oss både med folk med stor lokalkunnskap, med fagfolk på ulike område, og med interesseorganisasjonar på fylkesplan eller på nasjonalt nivå. Det viktigaste for oss er at gåvene går til lag og/eller tiltak som har stort behov for pengane, og som utløyser entusiasme og aktivitet i sitt lokalmiljø.

Svar på søknadane i kategori “fullstendig søknad” vert sendt ut til søkjarane 9. november (og her på våre nettsider seinare same dag).

Men vi minner om at det òg er mogleg å søkje om inntil 10.000 kroner i kategori “forenkla søknad” når som helst heile året, kor du får svar innan fire veker.

Stadig betre søknadar

Sparebankstiftinga har tatt til orde for å stimulere både fleire og betre søknadar; dels for at vurderingsgrunnlaget i søknadane hit til oss skal bli betre – men òg for å stimulere at lag og foreiningar i fylket søkjer oftare på dei mange andre støtteordningane her i landet. Mellom anna har vi lagt ut nokre søknadstips her på nettsida, og halde gratis søknadskurs, som over 350 brukarar i 10 kommunar har gjennomført til no. Og kursa fungerer veldig bra; vi ser at kvaliteten på søknadane har løfta seg – så vi voner at flest mogleg bruker kunnskapen og sjekkar andre støtteordningar og finansieringskjelder i tida framover.

Og hugs at det berre er å ta kontakt med kultursjef Pål Fidjestøl for å tinge gratis søknadskurs til din heimkommune.

Svar på “fullstendig søknad” kjem 9. november 2012

Svar på haust-søknadane i kategori “fullstendig søknad” blir ei veke seinare enn vanleg; det kjem i eposten din og på denne sida fredag 9. november.

Søknadsfristen 1. september for “fullstendig søknad” nærmar seg med stormskritt, og neste naturlege spørsmål er sjølvsagt “når får vi svar?” Og svar på ALLE søknadane i haust-runden kjem altså fredag 9. november.

“Kvar finn ein svaret på søknaden?”

Du får svar på søknaden på epost, til den epostadressa du nytta når du logga inn i søknadsportalen. Oversikt over alle gåvetildelingar finn du dessutan på sida “Tildelte gåver” her på websida frå same dato.

Nytt i haust er at vi òg sender svar på søknaden til den adressa som er oppført som “alternativ epost for søknaden” i søknadsskjemaet. Vi har nemleg lært oss at einskilde epost-leverandørar har strenge sikkerheits-innstillingar, og godtek ikkje mail frå vårt elles så effektive søknadshandteringssystem. (men skal dette fungere, må du altså ikkje skrive inn di eiga epostadresse ein gong til i rubrikken “alternativ epost”…)

Og finn du ikkje ut av det via nokre av desse kjeldene, er det sjølvsagt berre å slå på tråden til oss i administrasjonen etter 9. november!

“Kvifor tek det så lang tid?”

Vi har fått nokon tilbakemeldingar på at einskilde meiner åtte-ni veker er lenge å vente på svar på søknaden. Dette har vi forståing for (og det er nettopp difor vi har innført kategorien “forenkla søknad”, kor vi lover svar innan fire veker og du kan søkje fortløpande, heile året). Men for at gåvetildelinga skal vere mest mogleg rettferdig og fagleg forsvarleg, nyttar vi desse vekene til å forhøyre oss med folk med fagkompetanse frå ulike felt, og folk med lokalkunnskap frå heile fylket. Einskilde av søknadane vil vi kanskje òg sjekke opp mot tidlegare tildelingar, eller andre referansar. I tillegg vil vi sjå korleis tildelingane fordeler seg på dei ulike geografiske regionane, og på ulike aktivitetsområde. Så det tek nok denne tida å gjere ein grundig jobb med gåvetildelingane.

Givarglede

Kultursjef i Sparebankstiftinga Pål Fidjestøl har skrive blogginnlegg på meirennbank.no

Les blogginnlegget her

Eldsjelsamlinga – haustens høgdepunkt!

Eldsjelsamlinga 2012 nærmar seg, og Sparebankstiftinga inviterer til både flott program og god mat på Skei Hotel tysdag 28. august!

Sparebankstiftinga ønskjer med Eldsjelsamlinga å gi noko tilbake til alle dykk som er ei drivkraft i lokalsamfunnet ved å gjere ein innsats i frivillege lag og foreiningar i fylket vårt. Difor inviterer vi deg til å vere med til Skei Hotel tysdag 28. august, på ein kveld fylt av inspirerande foredrag, god mat og flott underhaldning.

Eldsjelsamlinga er elles ein glimrande måte å få betre kontakt med andre eldsjeler over heile fylket, lære av deira røynsler, og fortelje litt om eigne erfaringar.

Her kan du lese meir om programmet på Eldsjelsamlinga 2012

Eldsjelsamlinga er gratis, og påmeldinga er allereie i gong. Klikk her for å melde deg på Eldsjelsamlinga 2012.

Nokre stemingsbilete frå tidlegare Eldsjelsamlingar:

 

Søknadskurs i august

Tre søknadskurs er planlagt før søknadsfristen 1. september: Sandane onsdag 22.08, Florø torsdag 23.08 og Leikanger torsdag 30.08.

Sparebankstiftinga sine gratis kurs i søknadsskriving som vi byrja med i vår, har hatt god oppslutnad, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive. Kurset fokuserer på korleis ein skriv gode søknadar, både til oss i Sparebankstiftinga og til dei mange andre støtteordningane og stipenda som finst her til lands. Kurset passar for alle som har tiltak/prosjekt dei ønskjer å søkje om finansiering til, uansett kategori – men er i hovudsak innretta mot frivillege organisasjonar.

Søknadskurs i august:

Onsdag 22. august kl. 18.00-21.00 Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler på Sandane. Påmelding til ingvill.hestenes@ssf.no

Torsdag 23. august kl. 16.30-19.30Samfunnshuset i Florø. Påmelding til sivklokk@online.no.

Torsdag 30. august kl. 18.00-21.00 på Leikanger Fjordhotel. Påmelding til arnstein.haustaker@ssf.no

Felles for kursa er at det er høve for alle å delta. Det er ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass. Enkel servering på kurset. Kursmateriell vil bli utdelt.

Bli med på Eldsjelsamling!

Sparebankstiftinga gjer stas på eldsjelene i fylket på Skei 28. august – og DU er invitert!

Eldsjelsamlinga er eit arrangement som vart initiert av Sparebanken Sogn og Fjordane i 2010, og arrangementet vert i år vidareført av Sparebankstiftinga. Eldsjelsamlinga er vår måte å gje noko tilbake til alle dykk som driv frivillig arbeid for andre i fylket vårt, og er ein arena for nettverksbygging, inspirasjon og fagleg påfyll.

Årets Eldsjelsamling vert arrangert på Skei hotell tysdag 28. august frå kl. 1800-2130, og er gratis. Til årets Eldsjelsamling er vi stolte over å ha fått med oss Karina Hollekim – basehopparen og grensesprengaren som ville vere fri som fuglen. Du kjem også til å få møte eldsjela Rolf Navarsete som veit å gjere det umoglege mogleg, og sponsor-guru Hans Mathias Thjømøe. Vi gler oss òg til spanande og ikkje minst kortreiste musikalske innslag av gitaristane Dag Håheim og Thomas Melheim, og felespelar Erlend Apneseth med Mathias Monsen på cello.

Sjå http://meirennbank.no/eldsjel for praktisk info og påmelding. Og voner vi sjåast på Skei 28. august!

Sogn og Fjordane får sitt eige musikkfond!

Sparebankstiftinga støtta i vår musikkorganisasjonen Brak med 300.000 kroner. Til vår store glede har dei brukt midlane til å opprette eit musikkfond som skal støtte utøvande musikarar og arrangørar i Sogn og Fjordane. Les meir

Rapport for tidlegare mottekne gåver

Frå og med 2012 er det krav til at ein sender inn rapport for alle mottekne gåver frå Sparebankstiftinga. Heldigvis har vi gjort det veldig enkelt. Les korleis du rapporterer for gåva her.

For gåver tildelt frå og med 2012 rapporterer du på same måten som du søkte om midlar; ved å logge deg inn på søknadsportalen – sjå detaljert skildring av framgangsmåten her.

Rapporten skal sendast etter at tiltaket er gjennomført, og seinast innan eitt år etter at gåva vart tildelt.

For tildelingar i 2011 er det berre krav om rapport for gåver på 20.000 kroner eller meir. Desse må fylle ut manuelt skjema som ein kan laste ned her. (Gjeld altså BERRE gåver tildelt i 2011!)

Er du i tvil om gåva du vil rapportere for høyrer heime i 2011 eller 2012, kan du finne det ut på denne sida.