Nytt søknadssystem!

Sparebankstiftinga har utvikla eit nytt søknadssystem i samarbeid med Mediebruket, som vi lanserte 10. februar i år.  NB alle søkjarar må REGISTRERE SEG PÅ NY i nytt system!

Frå og med i dag får du altså opp ei ny søknadsside når du går inn på vårt Søknadsskjema. Det følgjer i grove trekk same mønster som det førre skjemaet, så for dei fleste blir ikkje endringa særleg merkbar. Men på nokre funksjonalitetar vil ein merke endringar; til dømes velgjer du kven du søkjer for frå ein meny. Dette er for å få ein felles skrivemåte for kvart lag, og for å kryss-sjekke denne opp mot Brønnøysund (så du slepp å pugge org.nummeret…).

Vi gjer merksam på at alle må registrere seg på ny i det nye søknadssystemet, då dette ikkje er linka opp til det førre systemet.

Skal du sende inn sluttrapport for tidlegare mottekne gåver (påkravd for alle gåver), må du framleis nytte det gamle systemet. Då klikkar du først på Søk om midlar og velgjer Rapport for tidlegare gåve, og loggar inn med den same epostadressa og passordet du nytta når du sendte søknaden, akkurat slik som før.

Har du spørsmål eller kommentarar til det nye systemet? Kontakt administrasjonen! Vi hjelper deg gjerne; evt. tar imot ris og ros!

 

Nytt søknadssystem på veg!

Sparebankstiftinga er i gang med å oppdatere søknadssystemet. Vi vil prøve å få overgangen til nytt system  til å gå saumlaust, men beklagar dersom dette fører til “lugging” i gåvesystemet i vekene fram mot nylanseringa. Les meir

Klatreparkar i heile fylket?

Styret i Sparebankstiftinga har vedteke at vi ønskjer å vidareføre satsinga frå Førde, kor klatreparken vi gav gåve til har vore ein kjempesuksess. Vi har allereie løyvd ei gåve til ein tilsvarande klatrepark i Jølster no i haust, og har satt i gong ei kartlegging blant dei andre kommunane i fylket for å få oversikt over kor mange som ønskjer ein klatrepark i sin kommune.

Klatreparken i Førde kom i stand gjennom teiknekonkurransen “Barnegåva” i Firda i fjor haust, kor alle born i Sunnfjord vart inviterte til å teikne forslag til å gjere Førde sentrum betre for dei. Stiftinga, kommunen og Firda ønskte gjennom konkurransen å inkludere dei yngste i tenking kring sentrumsutvikling. Det vart ein kanonsuksess, og Firda fekk inn heile 233 teikningar frå born i alderen 2-12 år. Juryen, med Førde-ordførar Olve Grotle i spissen, fall for to av teikningane: Ulrik Nielsen (8) sitt Klatrefjell og Andreas Skålvik (11) sitt Blyantleikestativ. I tillegg til å vere flotte teikningar, var desse bidraga òg svært typiske: mange av dei innsendte teikningane var kring same tema (klatring og leikestativ).

Etter at vinnarane vart kåra, satte vi i gong med å tolke og konkretisere “bestillinga”, og resultatet vart altså klatreparken med både “blyantar” og det store “klatrefjellet”, og i september kunne ordføraren endeleg offisielt opne klatreparken i Førde. Men allereie under byggeprosessen myldra det av ungar i klatreparken, og sidan då har parken berre fortsett å myldre med entusiastisk aktivitet frå “born i alle aldrar”…

Det gjekk heller ikkje lang tid før spørsmåla byrja å kome frå andre stader i fylket om vi kunne bygge fleire. Og det vil vi gjerne! Vi har difor løyvd pengar til den neste parken allereie; den blir på Skei i Jølster. I tillegg har vi spurt alle dei andre kommunane om dei òg ønskjer ein tilsvarande klatrepark.

Det er fleire grunnar til at vi har retta spørsmålet til kommunane først. Den mest openberre er at tiltaket treng ein utbyggjar som kan ta ansvar for vedlikehald i mange år framover, og som har ei tomt på ein offentleg og sentral plass i kommunen som ein kan nytte til føremålet. Kommunane kan òg søkje om spelemidlar, dersom tiltaket er inkludert i kommunedelplanar for fysisk aktivitet. Men om kommunane evt. ønskjer å gjennomføre tiltaket via eller saman med lokale partnarar, er vi opne for å diskutere dette med kvar einskild kommune.

Men spørsmålet alle lurer på no, er sjølvsagt “NÅR kjem det klatrepark der EG bur?” Og då må vi ærleg svare at det veit vi ikkje enda. Men stiftinga har byrja med kartlegginga av kor mange kommunar som ønskjer klatrepark; og så må både vi og kommunane få litt tid på å ordne med formalitetar og praktisk tilrettelegging. Men Sparebankstiftinga ønskjer i alle fall å følgje opp med gåver til dei neste klatreparkane allereie til våren. Så håper vi nokre av kommunane er klare til å setje spaden i jorda så snart snøen smeltar…

Årets gründer heiter Melin Medical AS!

Vinnaren av tevlinga Årets Gründer vart kåra på Temposeminaret i Florø fredag 1. november, og Melin Medical i Gloppen fekk 100.000 kroner. Dessutan vart det kåra to ekstrapremiar som fekk 50.000 kroner kvar. Les meir

Fire millionar i gåver!

Styret i stiftinga vedtok på styremøte denne veka å dele ut 57 gåver på til saman 4 millionar  kroner til allmennyttige føremål i fylket vårt.

Styret i Sparebankstiftinga slutthandsama denne veka alle søknadane som var komne inn til søknadsfristen 1. september, og beslutta å dele ut heile 4.007.000 kroner. I dag byrjar den glade jobben med å sende ut tildelingsbrev!

Stiftinga har så langt i år motteke over 660 søknadar om til saman over 71 millionar kroner, så sjølv om stiftinga har auka rammene for gåver frå 9 millionar i 2012 til 12,5 millionar kroner i år, har vi diverre ikkje rom for å imøtekome alle søknadane. Men det blir i alle fall fleire og/eller større gåver enn i fjor!

Alle tildelte gåver vert publiserte på sida Tildelte Gåver fortløpande. Men vi gjer merksam på at vi ikkje rekk å sende ut svar til alle i dag – på grunn av mange søkjarar kan det hende de ikkje får svar på søknaden før på måndag 4. november. Vi ber om forståing for dette.

Stem på Årets gründer!

Juryen i konkurransen “Årets Gründer” har plukka ut seks finalistar. No kan du vere med og avgjere kven av dei som får premiepotten på 100.000 kroner – ver med og stem!


Fjorårets vinnarar, Highsoft Solutions

Som i fjor arrangerer vi konkurransen “Årets Gründer” saman med Sparebanken og NRK Sogn og Fjordane, og som i fjor inviterer vi publikum til å vere “tunga på vektskåla” for å avgjere kven av dei seks imponerande finalistane som får ta med seg 100.000 kroner og den gjæve tittelen “årets gründer 2013” heim frå Temposeminaret i Florø 1. november.

Heile 35 gründerbedrifter i fylket var påmelde før påmeldingsfristen. Med tanke på at konkurransen har krav om at bedrifta skal kunne vise til salsinntekter og at idéen er levedyktig, er dette ei flott auke frå fjorårets 30 påmelde. Og framfor alt syner dette at det ikkje skortar på gode idéar og satsingsvilje i fylket.

Juryen har plukka ut seks kandidatar som vert fyldig presenterte på NRK Sogn og Fjordane i desse dagar. Her er finalistane:

Askvoll Sjømat og Delikatesser

Paneda DAB

Digital Etikett

Melin Medical

Rocketfarm

Norsk Bergsikring

(klikk på namna for å kome til heimesida)

Du kan stemme på din kandidat fram til 30. oktober ved å klikke HER (sjå nedst på sida).

Juryen for “Årets gründer” består av Arvid Andenæs (Sparebanken Sogn og Fjordane), Halvor Flatland (Innovasjon Norge) og Aud Melås (Flåmsbrygga hotell/Ægir bryggeri).

“Årets Gründer” er i gong!

Sparebankstiftinga, NRK og Sparebanken Sogn og Fjordane kårer Årets Gründer, med 100.000 kroner i premie!

Vi vidarefører fjorårets samarbeid med Sparebanken og NRK Sogn og Fjordane, kor vi saman kårar den beste gründer-idéen i fylket.

Vi inviterer alle gründerbedrifter til å søkje; vilkåra er at

1) Verksemda må vere skipa i Sogn og Fjordane, eventuelt at skiparen er frå fylket

2) Verksemda må vere komen så langt at ho kan vise til noko inntekter

Vi har elles ikkje satt noko absolutt grense for kor gamal idéen kan vere, av di det er svært varierande kor lang tid verksemder treng på realisering. Men juryen ser etter dei verksemdene som er i ei satsingsfase – og som vil ha stor nytte av merksemda, anerkjenninga og sjølvsagt pengane til vidare satsing.

Konkurransen går ut på at ein jury først vil plukke ut fem finalistar som blir fyldig presentert på NRK Sogn og Fjordane sine sendingar og websider. Deretter vil publikum bli invitert til å stemme på sin favoritt blant finalistane – avstemminga vil gå føre seg på NRK Sogn og Fjordane si nettside. På bakgrunn av stemmeresultat vil juryen presentere ein vinnar på Temposeminaret i Florø 1. november. Kåringa vil òg bli overført “live” på NRK Sogn og Fjordane si radiosending.

Konkurransen var svært populær i fjor, og mønstra over 40 søkjarar; noko som syner at det verkeleg er eit godt gründermiljø i fylket. Vinnaren i fjor vart Highsoft Solutions i Vik. Dei leverer avanserte web-presentasjonar og grafikk, og har m.a. over halvparten av verdas 100 største verksemder på kundelista.

Søknadsfristen er 1. oktober, og ein sender inn ei presentasjon av si verksemd og forretningsidé til grunder@nrk.no

Sparebankstiftinga spør

Stiftinga inviterer deg til å gi innspel til korleis vi skal disponere gåvemidlane. Sei di meining i ulike saker på vår Facebook-side – første avstemming er no lagt ut!

Sparebankstiftinga ønskjer i større grad å få råd frå deg med praktisk røynsle frå allmennyttig arbeid, og/eller eit bankande hjarte for utviklinga i fylket ditt, i høve til korleis vi skal fordele gåvemidlane frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Difor kjem vi til å legge ut korte spørsmål som berører relevante problemstillingar på stiftinga si Facebook-side i tida framover. Tilbakemeldingane vil bli teke omsyn til når vi skal handsame søknadane om gåvemidlar, så dette er ein lettvint måte å påverke stiftinga sine gåveutdelingar på ein konkret måte!

Første avstemming gjeld diskusjonen om kulturhus, som igjen har blitt aktualisert i ulike aviser i samband med valkampen, difor spør vi: Er dette noko Sparebankstiftinga skal involvere seg i?

Det er opent for alle som klikkar “likar” på Facebook-sida vår å stemme.

 

OPPTUR 2013 snart halvfullt – etter ein dag!

Det frivillige lags- og organisasjonslivet i fylket har tydelegvis tent på alle pluggane for OPPTUR 2013: Allereie eit døgn etter at vi la ut invitasjonen passerer vi 100 påmeldte!

OPPTUR er Sparebankstiftinga si gåve til alle som er engasjert i frivillig arbeid i fylket, som blir invitert til ein kveld med god mat, ny kunnskap og inspirasjon til å løfte laget sitt vidare den 3. oktober; les meir om programmet her.

Arrangementet har dei siste fire åra vore på Skei (då med namnet “Eldsjelsamlinga”), og har samla kring 200 deltakarar. Så når vi flytta arrangementet til Førde og la det i forkant av musikkmiljøet sitt arrangement BLEST, tinga vi like godt den største salen på Rica Sunnfjord hotell, slik at vi kunne få plass til 250 gjester.

Dette har tydelegvis fenga målgruppa: Aldri før har vi sett slik trøkk kring påmeldinga, og med ein slik første dag er vi så sikre på at det vert fullt i god tid før påmeldingsfristen 20. september at vi måtte “åtvare” dykk om å vere langt raskare på labben enn tidlegare… Men det tyder òg at alt ligg til rette for at dette blir eit flott arrangement og ein fantastisk arena for oss i Sparebankstiftinga å kome i nærare dialog med dykk som vi prøver å hjelpe med utbytet vårt frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Så no gler vi oss berre enda meir til torsdag 3. oktober!

PS hugs å skrive namnet på kva lag du er frivillig i når du sender inn påmeldinga! Då vil laget ditt nemleg bli med i ei avstemming om ei gåve på 20.000 kroner (avstemminga vert sett i gong etter påmeldingsfristen). Gåva vert overrekt på arrangementet – viss vinnaren av avstemminga er til stades…

Meld deg på “OPPTUR 2013”!

Driv du med frivillig arbeid? Då vil vil gi deg ein OPPTUR (og kanskje laget ditt ei gåve…) torsdag 3. oktober!

Ein gong i året inviterer Sparebankstiftinga alle som er engasjert i frivillig arbeid (eller tilsett i ein frivillig organisasjon) på gratis mat & foredrag med nokre av landets beste foredragshaldarar, som kan gi deg ny kunnskap og inspirasjon til å ta laget ditt enda eit steg vidare. Og i år er vi særleg stolte over å presentere eit fantastisk program på Rica Sunnfjord Hotell i Førde, som dessutan kjem til å bli både eksklusivt og underhaldande i tillegg:

– Mannen bak  Norway Cup Frode Kyvåg fortel historia om verdas største fotballturnering

– Leiarane for dei to største musikkfestivalane i fylket, Malakoff Rockfestival og Utkantfestivalen, deler røynsler frå suksessane sine, med særleg fokus på korleis mønstre hundrevis av frivillige

– Frontfigurane i to av landets mest spanande band, Eva “Heartmaker” Weel Skram og Janove “Kaizer” Ottesen både opptrer og fortel historia om sine suksessar.

Meir om program, foredragshaldarane og påmelding her

Sparebankstiftinga kjem òg til å dele ut nokre gåver på arrangementet – men kven av dei frammøtte som skal få sjekkane er det du som bestemmer:

Ved å melde deg på arrangementet, nominerer du laget ditt til ei avstemming på Sparebanken Sogn og Fjordane si Facebook-side kor alle kan vere med og stemme fram mot arrangementet 3. oktober. Dei tre laga som får flest stemmar, får så ei gåvesjekk på arrangementet.

OPPTUR vart tidlegare kalla Eldsjelsamlinga, og vert i haust arrangert for femte året på rad. (Namnebytet kjem av at vi fekk tilbakemeldingar på at einskilde meinte dei ikkje hadde jobba som frivillig lenge nok til å kalle seg “eldsjel” – men vi presiserer at ALLE som er aktive i frivillig arbeid er invitert; og det er “førstemann til mølla” som får plass, ikkje dei som har lengst fartstid i laget.)

OPPTUR er elles tenkt å vere ei gåve i seg sjølv: Denne første OPPTURen er lagt i forkant av musikk-organisasjonen Brak sitt arrangement BLEST, som samlar musikklivet på Vestlandet same stad dei to dagane etter. Les meir om BLEST her.

Har de planar om eit arrangement som treng ein OPPTUR? Send oss ein mail! (NB vi treng minst 8 månadar planlegging, så spør i god tid!)

 

Voner å sjå deg på OPPTUR torsdag 3. oktober!

Helsing Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane