Nytt år – nye søknadskurs

Sparebankstiftinga sine populære gratiskurs i søknadsskriving fortset sjølvsagt til neste år. Først ut er Stryn 14. januar.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane byrja i vår med kurs i korleis skrive gode prosjektsøknadar, noko som har vore ein kjempesuksess. Til no har kring 500 eldsjeler i fylket fått tips til kva både vi og andre stønadsforvaltarar synst er gode søknadar, og deltakarane har gitt svært gode tilbakemeldingar på kurset.

Desse søknadskursa fortset vi sjølvsagt med, og første kurs i 2013 blir på kulturhuset i Stryn måndag 14. januar klokka 1800-2100. Lokal kursvert er Stryn kommune. (Påmelding: sjå nedst på sida.)

Vi har òg erfart at mange av kursdeltakarane får “blod på tann” av søknadskurset, og ønskjer å setje seg meir inn i korleis ein kan hente finansiering sjølv til ganske ambisiøse prosjekt: Korleis argumenterer ein best for prosjektet? Og når ein er avhengig av fleire støttespelarar, i kva rekkefølgje søkjer ein desse? Difor set vi no i gong ein runde med oppfølgingskurs for deg som vil følgje dette emnet litt lenger. Også dette kurset er gratis; men vi føreset at du har delteke på innføringskurset omtalt ovanfor. Oppfølgingskurset er mest relevant for deg som har eit konkret prosjekt du held på med  å finne finansiering til (evt. står foran ein slik prosess).

Det blir halde eitt kurs for Nordfjord, eitt for Sunnfjord og eitt for Sogn på desse dagane/stadene:

Sogn: Studenthuset Meieriet tysdag 15. januar klokka 1800-2100

Nordfjord: Gloppen hotell onsdag 16. januar klokka 1800-2100.

Kurset i Sunnfjord vert annonsert på nyåret.

Påmelding (alle kursa) til post[at]sparebankstiftinga.no. Ingen påmeldingsfrist (men vi tek atterhald om ledig plass).

Kulturindeks set Sogn og Fjordane “midt på treet”

Vi er slett ikkje samd – men synst likevel undersøkinga er lærerik

Telemarksforskning har fått mykje merksemd på sine forsøk på å måle kommunane si kultursatsing. Først vart det jubel for Gloppen, som vart kåra til “årets kulturkommune” ut frå sin kulturindeks over alle norske kommunar i fjor haust. Så skapte det debatt blant landets kulturarbeidarar når Telemarksforskning i sommar publiserte sin rapport «skaper kultur attraktive steder?» basert på kulturindeksen.

Vi i Sparebankstiftinga vart nysgjerrig på denne undersøkinga, og ikkje minst dei bastante konklusjonane i han, som heilt enkelt slo fast at det ikkje var nokon samanhang mellom kor mykje ein satsa på kultur og kor attraktiv ein kommune var. Vi bad difor Telemarksforskning om ein rapport på fylkesplan, kor vi vart jamført med nabofylka våre. Vi bad òg om at dei tala som kunne samanliknast med fjoråret vart tekne med.

. Vi understreker at Sparebankstiftinga er kritiske til både metode og fleire av konklusjonane – mellom anna av di kulturindeksen er basert på tal som er mogleg å hente ut frå nasjonale oversiktar og statistikkar, som gir openberre veikskapar. Sparebankstiftinga får dessutan inn mellom 1100 og 1200 søknadar frå idrett- og kulturaktørar i heile fylket (som nesten er 30% auke frå i fjor), og det biletet vi ser er alt anna enn “midt på treet”; her boblar det av både aktivitet, entusiasme, kunnskap, initiativ og innovasjon i bøtter og spann!

Vi trur likevel det er viktig at kulturarbeidarar i fylket er medvitne på rapporten og talgrunnlaget, og voner rapporten vil skape debatt. Vi oppmoder difor kulturarbeidarar, frivillig engasjerte, kunstnarar og andre interesserte til å laste ned rapporten på http://www.tmforsk.no/publikasjoner/filer/fil.asp?fil=2135

Ni fekk Furorestipend

Sidan Eldsjelsamlinga på Skei 28. september har vi vore rundt og overraska talentfulle ungdomar med sjekkar på 25.000 og 50.000 kroner. Gjett om det var moro!


Cedrik Fonn Skåre og Aud Julie Befring var dei første som fekk Furorestipend 2012.

Furorestipendet vert som kjent delt ut til ungdom (15-30 år) med framifrå talent innan sitt felt – anten det er idrett, kultur eller “open klasse”. I år hadde juryen så mykje gode kandidatar å velgje mellom, og difor store problem med å knipe ned talet på stipend – så dei delte like godt ut heile ni stipend denne gongen. Her er for første gong den fullstendige oversikta over vinnarane (alder, aktivitetsområde og heimekommune i parentes bak namnet):

Cedrik Fonn Skåre (16 år; gocart/motorsport; Førde)
Line Dybedal (24; musikk (vokal); Selje)
Fredrik Høstaker (22; song/dans/drama; Førde)
Jantsen Øverås (17; vektløfting; Fjaler)
Kari Bergheim Hole (21; alpint; Førde)
Cecilie Aalberg (20; musikk (trompet); Eid)
Gjøran Tefre (18; langrenn; Førde)
Aud Julie Befring (26; design; Jølster)
Øyvind Strømmen Kjerpeset (21; friidrett; Flora)

Stipenda vart altså ikkje delt ut samla i år; i staden overrumpla vi dei inkje-anande vinnarane på ulike arrangement og arenaer ut over hausten. På denne måten fekk både vi og publikum ta del i gleda deira, noko som har vore heilt fantastisk for alle oss som har fått vere med. Takk til alle stipendvinnarane – og tvi tvi med vidare utvikling innanfor feltet dykkar – vi kjem til å følgje nøye med dykk vidare!

Juryen for Furorestipendet har i år som i fjor bestått av Terje Lyngstad (SoFT), Jo Inge Gåsvær (Førde Fotball), Torill G. Faleide (Førdefestivalen), Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga).

Søknadsfrist for neste års Furorestipend er 15. Juni 2013.

Finalistane til “Barnegåva” er klare!

No kan du gå inn og stemme på kva barneteikning du ønskjer vi skal realisere i Førde sentrum! Read more

2.760.000 kroner delt ut

Her er dei som har fått gåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i årets siste ordinære gåverunde: Read more

Årets gründer heiter Highsoft Solutions AS

Torsdag 1. november vart vinnaren på vår konkurranse “Årets Gründeride 2012” kåra “live” på NRK Sogn og Fjordane, frå scena på Temposeminaret. Og fylket sin eigen Reodor Felgen vart ein friluftsmann som eigentleg berre skulle vise snømengda på Vikafjellet. Read more

Barn teiknar Førde sentrum!

No kan barn opp til 7. klasse vere med og forme eit byrom i Førde. Sparebankstiftinga har ansvar for å omsetje ein av barneteikningane til ferdig installasjon – i full storleik. Read more

Stiftinga, banken og NRK kårer årets gründer

Vi ønskjer å stimulere til innovasjon, og gje innovatørane i fylket etterlengta merksemd. Difor kårer vi, saman med NRK og Sparebanken Sogn og Fjordane, «Årets Gründerpris 2012».  Read more

250 søknadar om 26,5 millionar i haustrunden

Årets siste søknadsfrist for kategori “fullstendig søknad” er passert, og søknadane vi har fått inn syner eit svært høgt nivå på allmennyttige tiltak i fylket.

Lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane fylke held eit imponerande aktivitetsnivå også i 2012, noko søknadane vi hadde registrert til søknadsfristen 1. september er eit godt prov på. Og det er heller ikkje mykje å utsetje på evne og vilje til offensiv planlegging i det vidare arbeidet.

Måndagen etter søknadsfristen låg det kring 250 søknadar og venta på oss, og den samla søknadssummen var rett oppunder 26,5 millionar. No byrjar den vanskelege jobben med å plukke ut kven av desse mange gode søknadane som skal få gåvemidlar – og med “berre” kring 3 millionar att av årets gåvemidlar, seier det seg sjølv at dette blir ei tøff oppgåve… Sparebankstiftinga gjer difor ei grundig vurdering av alle dei innkomne søknadane. Vi forhøyrer oss både med folk med stor lokalkunnskap, med fagfolk på ulike område, og med interesseorganisasjonar på fylkesplan eller på nasjonalt nivå. Det viktigaste for oss er at gåvene går til lag og/eller tiltak som har stort behov for pengane, og som utløyser entusiasme og aktivitet i sitt lokalmiljø.

Svar på søknadane i kategori “fullstendig søknad” vert sendt ut til søkjarane 9. november (og her på våre nettsider seinare same dag).

Men vi minner om at det òg er mogleg å søkje om inntil 10.000 kroner i kategori “forenkla søknad” når som helst heile året, kor du får svar innan fire veker.

Stadig betre søknadar

Sparebankstiftinga har tatt til orde for å stimulere både fleire og betre søknadar; dels for at vurderingsgrunnlaget i søknadane hit til oss skal bli betre – men òg for å stimulere at lag og foreiningar i fylket søkjer oftare på dei mange andre støtteordningane her i landet. Mellom anna har vi lagt ut nokre søknadstips her på nettsida, og halde gratis søknadskurs, som over 350 brukarar i 10 kommunar har gjennomført til no. Og kursa fungerer veldig bra; vi ser at kvaliteten på søknadane har løfta seg – så vi voner at flest mogleg bruker kunnskapen og sjekkar andre støtteordningar og finansieringskjelder i tida framover.

Og hugs at det berre er å ta kontakt med kultursjef Pål Fidjestøl for å tinge gratis søknadskurs til din heimkommune.

Svar på “fullstendig søknad” kjem 9. november 2012

Svar på haust-søknadane i kategori “fullstendig søknad” blir ei veke seinare enn vanleg; det kjem i eposten din og på denne sida fredag 9. november.

Søknadsfristen 1. september for “fullstendig søknad” nærmar seg med stormskritt, og neste naturlege spørsmål er sjølvsagt “når får vi svar?” Og svar på ALLE søknadane i haust-runden kjem altså fredag 9. november.

“Kvar finn ein svaret på søknaden?”

Du får svar på søknaden på epost, til den epostadressa du nytta når du logga inn i søknadsportalen. Oversikt over alle gåvetildelingar finn du dessutan på sida “Tildelte gåver” her på websida frå same dato.

Nytt i haust er at vi òg sender svar på søknaden til den adressa som er oppført som “alternativ epost for søknaden” i søknadsskjemaet. Vi har nemleg lært oss at einskilde epost-leverandørar har strenge sikkerheits-innstillingar, og godtek ikkje mail frå vårt elles så effektive søknadshandteringssystem. (men skal dette fungere, må du altså ikkje skrive inn di eiga epostadresse ein gong til i rubrikken “alternativ epost”…)

Og finn du ikkje ut av det via nokre av desse kjeldene, er det sjølvsagt berre å slå på tråden til oss i administrasjonen etter 9. november!

“Kvifor tek det så lang tid?”

Vi har fått nokon tilbakemeldingar på at einskilde meiner åtte-ni veker er lenge å vente på svar på søknaden. Dette har vi forståing for (og det er nettopp difor vi har innført kategorien “forenkla søknad”, kor vi lover svar innan fire veker og du kan søkje fortløpande, heile året). Men for at gåvetildelinga skal vere mest mogleg rettferdig og fagleg forsvarleg, nyttar vi desse vekene til å forhøyre oss med folk med fagkompetanse frå ulike felt, og folk med lokalkunnskap frå heile fylket. Einskilde av søknadane vil vi kanskje òg sjekke opp mot tidlegare tildelingar, eller andre referansar. I tillegg vil vi sjå korleis tildelingane fordeler seg på dei ulike geografiske regionane, og på ulike aktivitetsområde. Så det tek nok denne tida å gjere ein grundig jobb med gåvetildelingane.