1 million kroner skal hindre utanforskap og fråfall

Stiftinga har i første omgang tildelt 1 million kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til fondet, og signaliserer at dei vil supplere fondet dersom det blir behov for det.

– Dessverre er det slik at frivillig sektor opplever fråfall blant barn og unge på grunn av vanskeleg familieøkonomi. Det fører til auka utanforskap, noko som er svært uheldig.  Slik ønskjer vi ikkje å ha det, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Skal skape større deltaking

Inkluderingsfondet er midlar som idrettslag og andre ideelle foreiningar kan bruke til å hjelpe medlemar som har behov for å bli inkludert eller er frå familiar med vanskelegstilt økonomi. Familieøkonomien bør ikkje vere ei barriere for at barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar på linje med andre. Organisasjonar kan søkje om å få  midlar til å dekke til dømes medlemsavgift, treningsavgift, deltakravgift og nødvendig personleg utstyr til medlemar som er i målgruppa.

– Utanforskap er noko vi i Sparebankstiftinga har jobba med over lengre tid og vi har ofte gitt støtte til tiltak som skal skape inkludering og hindre utanforskap.  Til dømes fekk Askvoll og Holmedal IL gåvemidlar til eit lokalt inkluderingsfond i fjor haust, seier Klakegg og held fram:

–  Vi har henta inspirasjon frå dei, og no ønskjer vi å gå meir systematisk til verks for å prioritere dette endå høgare i heile Sogn og Fjordane. Dessverre har behovet auka for ei slik ordning den siste tida på grunn av høg prisvekst og renteoppgang.

Askvoll og Holmedal IL har gjennom dei siste to åra hausta erfaringar med eit slikt fond lokalt. Inkluderingsfondet deira har dekka til dømes reisekostnader, personleg treningsutstyr og treningsavgift for barn i målgruppa. Askvoll og Holmedal IL ved Håvard Yndestad og Anita Lie Follevåg i styret for inkluderingsfondet er både stolte og glade for at det no blir tatt initiativ til eit slikt tilbod i heile Sogn og Fjordane.

Lansering med idrettskrinsen – men for alle lag og organisasjonar

Sparebankstiftinga har valt å lansere ordninga saman med idrettskrinsen, fordi idretten har høg deltaking og er ein fritidsaktivitet som krev ulike eigenandelar. Men også fordi idretten har erfaringar med å handtere problemstillinga. Stiftinga presiserer at alle frivillige organisasjonar i Sogn og Fjordane som driv med barne- og ungdomsarbeid kan å søkje om midlar frå fondet.

Med omsyn til personvern og risikoen for stigmatisering er det viktig at det blir innarbeidd gode retningslinjer og praksis for korleis ein handterer ei slik ordning. Idrettskrinsen vil ta ei aktiv rolle når det gjeld å  gje god informasjon i idrettslaga. Det er ofte trenarar, instruktørar og hjelpeapparat som er best til å vurdere behovet og tettast på til informere foreldre i målgruppa om korleis ein kan få hjelp til å dekke kostnader til aktiviteten barna er med på. Ordninga vil i hovudsak vere tillitsbasert. Det vil mellom anna bli brukt tilgjengeleg statistikk for å vurdere behovet når søknader frå lag og foreiningar skal handsamast.

– Vi er svært takknemleg for at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane engasjerer seg i dette og tilbyr eit slikt fond. Det vil bety mykje for idretten og frivillig sektor, men aller mest for familiar med barn og unge som har behov for å nytte seg av ei slik ordning, seier Bodil Ryste, rådgjevar Idrettsfag i Vestland idrettskrets.

Frivillige lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid kan søkje om støtte frå inkluderingsfondet. Første søknadsfrist blir 20 april i år. Søknadsskjema blir lagt ut på Sparebankstiftinga si heimeside  i byrjinga av mars.

Sparebankstiftinga ser for seg å dele ut minst like mykje gåvemidlar til allmennyttige formål i 2023  som i fjor. I 2022  delte stiftinga ut over 40 millionar av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til slike formål.

 

Val i stiftinga 2023

Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling

Er du kunde med innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane? Då kan du bli/velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har som sine føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med innskot på over 500 kroner i banken og med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på e-post 7. mars, med to dagars svarfrist.

Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den 4, får ein varaplass.

Har du forslag til kandidatar til generalforsamlinga? Send inn fullt namn, adresse og yrke på din(e) kandidat(ar) seinast 10. februar til post@sparebankstiftinga.no.

Det ferdige framlegget til kandidatar frå valnemnda vil bli annonsert her medio februar.

Valet går av stabelen 7.-9. mars. Alle med røysterett vil motta røystesetel på epost.

Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.

Godt val!

Årets første gåver er delt ut

Sjølv om det er ei stund til søknadsfristen for ordinære søknadar, har vi i Sparebankstiftinga allereie fått inn eit fint knippe søknadar i kategorien “forenkla søknad” (søknadar om inntil 30.000 kroner), som vi handsamar fortløpande og besvarer innan ein månad. Det er denne første pulja som no er handsama, og søkjarane har fått svar på epost i dag. Kven som har fått gåve i denne runden ser du nedst i saka.

Vårens ordinære søknadar (dvs. søknadar om beløp over 30.000 kroner) har vi ikkje byrja å handsame enda. Vi opnar som vanleg søknadsskjemaet for denne søknadskategorien ca 1. februar, og søknadsfristen er 1. mars, som før. Desse søknadane har 8 vekers handsamingstid, dvs. at svar kan ventast ca 1. mai.

Dei som fekk gåver i denne runden:

Søkjar Formål Gåve
KAUPANGER BEDEHUS Hjartestartar 15000
PALMEKYSTFESTIVALEN musikkfestival 30000
BILETKUNSTNARANE I SOGN OG FJORDANE – BKSF oppstart kunstnarsenter 30000
FØRDE JAKT OG FISKELAG skifte kledning på leirduebana 20000
SUNNFJORD TAEKWONDO matter og utstyr 30000
HAUGEN IDRETTSLAG figurar og element til barneområdet 15000
SKAVØYPOLL IDRETTSLAG konkurranse turndraktar 10000
FLORA HESTESPORTKLUBB sikkerhetsutstyr 20000
OPPLÆRINGSKONTORET FOR EL-FAG SOGN OG FJ. rekruttere jenter i elektro 20000
SVANØY FOLKEAKADEMI musikal i Vårdal og Vevring 20000

 

PS har du søkt, men fekk avslag utan å forstå bakgrunnen? Vi i Sparebankstiftinga vil gjerne gi god forståing for våre prioriteringar, og veldig gjerne bidra til at dine neste søknadar blir enda betre. Så slå gjerne på tråden til oss dersom du har spørsmål i samband med søknaden din – kontaktinfo finn du her.

Nytt år, nye mulegheiter

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er stolt hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga delar ut gåver av overskotet frå banken. Det er gode føresetnadar for at banken også leverer gode nok resultat til at Sparebankstiftinga kan dele ut midlar til samfunnsnyttige tiltak på nivå med i fjor.

2022 var elles eit rekordår for Sparebankstiftinga sine gåveutdelingar, med over 40 millionar utdelte gåvekroner. Dette var ei auke på over 40% frå året før, då vi delte ut 28 millionar kroner. At Sparebankstiftinga ønskjer å oppretthalde dette gåvenivået er dermed svært gode nyhende for lag og foreiningar i Sogn og Fjordane, som no kan spisse “søknadsblyanten” før vår neste gåverunde.

Neste ordinære gåverunde har elles søknadsfrist 1. mars, og søknadsskjemaet vert opna ein månad før fristen. Men om ein ikkje er i rute med neste prosjekt til då, blir det som vanleg også mulegheiter til hausten, då neste søknadsfrist er 1. september.

Men om du har tenkt å søkje om gåvebeløp opp til 30.000, kan du søkje allereie i dag. Vi har nemleg fortløpande handsaming av slike søknadar, som vi kallar “Forenkla søknad”. Her får du òg raskare tilbakemelding; vi lovar nemleg svar innan ein månad på desse søknadane, i motsetnad til ordinære søknadar som har ei handsamingstid på 8 veker.

PS om du ikkje er erfaren søknadsskrivar, hjelper vi deg gjerne med råd og tips til søknaden din. Då kan du lese våre søknadstips her – og om du har fleire spørsmål etterpå, er du velkomen til å ta kontakt med oss i administrasjonen for ein prat.

Godt nytt søknadsår frå oss i Sparebankstiftinga!

Stor tiltakslyst i frivillig sektor gir rekordtildeling

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har rekordhøg gåvetildeling i 2022 med over 40 millionar kroner. Gåvene blir tildelt allmennyttige tiltak i Sogn og Fjordane. Over 300 ulike aktivitetar og tiltak innan frivillig arbeid, utdanning og overordna næringsutvikling har fått støtte frå Sparebankstiftinga dette året. I 2021 var samla gåvetildeling 28 millionar kroner.
-Vi var spente på korleis pandemien hadde påverka frivilligheit i Sogn og Fjordane. Difor er det svært gledeleg at vi gjennom året har mottatt mange søknader om gåvemidlar frå frivillige lag og organisasjonar. Det vitnar om at det er stor tiltakslyst i frivillig sektor i Sogn og Fjordane, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Han legg til at Sparebankstiftinga syns det er ekstra gledeleg med rekordhøg tildeling i 2022, som er frivilligheita sitt år.

Ein trend uroar
Sjølv om aktiviteten i frivillig sektor har tatt seg godt opp igjen, viser nasjonale undersøkingar at fleire lag og organisasjonar opplever medlemsfråfall og utfordringar med å rekruttere til frivillige verv. Den same trenden ser Sparebankstiftinga i dialog med frivillig sektor i Sogn og Fjordane. – Vi er spent på korleis utviklinga blir framover. Nye vanar under pandemien og trenden med at fleire prioriterer eigenorganisert aktivitet framfor deltaking i lag og organisasjonar er ei utvikling som uroar oss litt, seier Klakegg.
Sparebankstiftinga legg stor vekt på å stimulere til frivillig arbeid, og ønskjer difor at det er god dugnadsinnsats i prosjekta som får tildelt gåvemidlar.
-Frivillig sektor er limet i lokalsamfunna våre. Ingen er betre til å skape aktivitet, samhald, integrering, trivsel og bulyst enn summen av frivillige lag og organisasjonar. Difor har organisasjonar med høg aktivitet, brei involvering og stor dugnadsinnsats prioritet når gåvemidlar skal tildelast, seier Klakegg.

Lang tradisjon
I 2022 er det 200 år sidan første sparebank vart etablert i Norge, og 180 år sidan første sparebank vart oppretta i Sogn og Fjordane. Førde Sparebank vart stifta i 1842. Gåver til allmennyttige tiltak frå overskotet til sparebankane er dermed ein svært lang tradisjon. – Sparebankideen er ein god forretningside som står seg svært godt, også 200 år etter at den første sparebanken vart stifta. Vi opplever at sparebanksektoren i Norge står sterkt, kanskje sterkare enn nokon gang, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga er hovudeigar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og det er frå overskotet i banken stiftinga delar ut gåver. – For oss i banken er det svært meiningsfullt at ein stor del av overskotet frå bankdrifta går tilbake til allmennyttige tiltak i Sogn og Fjordane, seier Teigene.

Viktig samfunnsoppdrag
Å stimulere til frivillig innsats er eit viktig samfunnsoppdrag for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forventar om lag same rammer for gåvetildeling i 2023. Neste søknadsfrist er 1. mars 2023. Søknader om inntil 30.000 kroner kan sendast fortløpande -Vi håpar lag og organisasjonar sparkar i gang nye aktivitetar og prosjekt i 2023. Alle frivillige lag og organisasjonar er velkomen til å søkje Sparebankstiftinga om gåvemidlar, avsluttar Klakegg

Her finn du alle gåvetildelingane i frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i 2022

Søknadskurs i august

Vi køyrer i gong ein ny runde med våre populære gratis søknadskurs i forkant av haustens søknadsfrist 1. september.

Kurset er utvikla for lag og foreningar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå oss i Sparebankstiftinga eller andre stader. Tidlegare kursdeltakarar har svart i vår spørreundersøking at over 50% har fått meir midlar til laget i etterkant av søknadskurset. Kursa varer i to timar.

I tillegg vil det bli høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid på kurs-dagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel til eit tiltak; anten du har ein idé eller eit behov du vil drøfte, eller ein kladd til konkret søknad som du vil ha tilbakemelding på. Sjå nedanfor korleis du avtaler eit møte

Kursplan:

Måløy – UTSETT pga. folkemøte i Kinn kommune samstundes. Ny kursdato vil bli annonsert seinare i haust.

Onsdag 17. august: Sogndal – Kulturhuset (Blaoboxen)

Torsdag 18. august: Førde – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler

Måndag 22. august: Florø – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler

Torsdag 25. august: Nordfjordeid – Nordfjord hotell

Alle kursa er kl. 18.00-20.00. Enkel servering.

Påmelding på epost til post@sparebankstiftinga.no. (hugs å oppgi kva kurs/dato du ønskjer å delta på.) Kursa har ikkje påmeldingsfrist, men “førstemann til mølla”  gjeld ved fullt kurs.

Ønskjer du eit møte med stiftinga? Send førespurnad om møtedato og tidspunkt til post@sparebankstiftinga.no, så svarar vi fortløpande. “Førstemann til mølla” gjeld her òg.

Håpar vi sjåast – og vel møtt!

Årsmelding for 2021 og nytt styre

Tysdag 26. april vart Sparebankstiftinga si ordinære generalforsamling for 2021 avhelde, og på dagsorden var mellom anna godkjenning av årsmelding for fjoråret, samt val av tre nye styremedlemmer.

Årsmeldinga syner at stiftinga delte ut vel 28,3 millionar kroner i gåver, og hadde eit resultat på 81,4 millionar kroner. Fullstendig årsmelding kan ein elles laste ned her.

Dei nye styremedlemmene som vart valde for to år er Anne Mari Sundal Bøe og Kjersti Røysum Petty som faste medlemmer, samt Anita Nordheim som 2. vara. For øvrig består styret i stiftinga av styreleiar Lise Mari Haugen, Vegard Strand (som òg vart attvald som nestleiar i styret), Bjørn Aage Haugen og 1. vara Leidulf Gloppestad,

Elles var det òg valt to nye medlemmer i stiftinga si valnemnd: Siv Merete Stadheim og Marit Selstad. Her er i tillegg Åge Avedal og Håvard Ese Eliassen valt inn frå før.

Flott auke i søknadar

Mange frivillige lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane søkjer naturleg nok oss i Sparebankstiftinga om midlar i forkant av sine planlagte aktivitetar. Antalet søknadar vi får inn er dermed “kanarifuglen i gruva” som varslar om det generelle aktivitetsnivået i frivillig sektor i dei kommande månadane. Difor er det gledeleg å sjå at antalet innkomne søknadar er tilbake på nivået frå før korona-pandemien la ein dempar på aktiviteten i laga.

I tillegg heva vi som kjent beløpsgrensa for “forenkla søknad” (der ein kan søkje fortløpande og få svar innan fire veker) frå 10.000 til 30.000 kroner i fjor, slik at vi kan respondere raskare og slik bidra meir effektivt til å få opp aktivitetstilbodet i frivillig sektor. Her har det òg vore ei auke i antal søknadar. Også i tildelte beløp har det vore ei flott auke her: allereie i midten av mars i år hadde vi tildelt meir pengar til “forenkla søknadar” enn i eit heilt år med den gamle beløpsgrensa.

Vi ser òg at tildelingsprosenten også går oppover jamnt og trutt; altså at det er fleire av dei som søkjer som får gåve. Det skuldast både at stiftinga over tid får meir midlar til utdeling, og at lag og organisasjonar blir stadig flinkare til å søkje om midlar. Dette har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane jobba for i ti år, så vi jublar for begge delar!

Så kryssar vi fingrane for at auken i både søknadar og tildelingar fortsett vidare i tida framover!

 

(Foto: Haugen Skulemusikk)

Nye representantar valt til stiftinga si generalforsamling

Som annonsert vart det halde val til stiftinga si Generalforsamling 8.-10. mars. Her ser du kven som vart valt.

Avstemminga vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert 405 stemmar. Dette er ei nedgang i høve til dei 906 stemmene vi fekk inn i fjor. Vi er takksame for dei innskytarane som engasjerer seg i valet, så takk til dykk som røysta.

Som annonsert i forkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar og fire varamedlemer. Her er dei som vart valt inn:

Faste representantar valt for 4 år:

Geir Ståle Støfring (Vassenden)

Monika Refvik (Raudeberg)

Laila Johannessen (Leirvik i Sogn)

Vararepresentantar:

John Gerick Bårøy (Hyllestad)

Anne Skaar (Sogndal)

Malene Lunde Sætren (Bryggja)

Rolf Olav Gjørven (Hjelledalen)

Sparebankstiftinga ønskjer å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.

 

Nytt år, ny søknadsrunde

Vi er i gong med ny søknadsrunde i stiftinga, og har opna søknadsskjemaet for ordinære søknadar.

Vi har enda eit spesielt år bak oss, og håper igjen at det nye året blir ein retur tilbake til eit meir gjenkjenneleg tilvære. Vi i stiftinga er spent på å sjå kva behov lag, organisasjonar, eldsjeler og andre samfunnsaktørar står ovanfor i 2022, så i vår blir det ekstra spanande å lese søknadane vi får innan fristen 1. mars.

Vi gjer merksam på at det er høve til å sende “forenkla søknad” om inntil 30.000 kr heile året, og få svar innan 4 veker (med atterhald om 1-2 veker lenger handsamingstid i juli & jula pga. ferieavvikling).

Har du spørsmål til korleis du bør formulere søknaden din, så er du velkomen til å kontakte oss i administrasjonen; så vil vi hjelpe deg etter beste evne.

(foto: Merete Støfring)