Gåver til lagseigde kulturhus

Med bakgrunn i vårt gode samarbeid med Huset i Bygda over fleire år, har Sparebankstiftinga gitt ei gåve på 650 000 kroner i 2019. Gåva går som før til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus.

Sparebankstiftinga har sidan 2016 hatt ei eiga tilskotsordning der vi har øyremerkt 500.000 kroner til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus. I perioden 2016-2018 har stiftinga handsama over 130 søknader. Ordninga har vore eit viktig bidrag til å ruste opp lagshus i fylket, og har i tillegg utløyst ytterlegare midlar frå m.a. fylkeskommunen si «Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg».

I denne perioden har Sparebankstiftinga samarbeidd tett med Huset i Bygda som har bidrege med rettleiingsarbeid for dei lokale kulturhusa. Dei har òg vore ein viktig partnar i søknadsvurderinga med sin store kunnskap om kulturhusa i fylket.

Frå og med i år vil dermed budsjettramma bli auka til 650.000 kroner, og alle søknader om tilskot til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus blir handsama av Huset i Bygda. Også søknadar frå lagshusa om inntil 10.000 kr som ein kan søkje om heile året («forenkla søknad») skal heretter rettast til Huset i Bygda.

Det er utarbeidd eit eige søknadsskjema, som kan lastast ned her: Huset i Bygda Søknadsskjema

 

Søknaden skal sendast til:

husetibygda@ungdomslag.no

eller

Huset i Bygda

v/Christoffer Knagenhjelm

Kyrkjegota 1

6854 Kaupanger

Søknadsfrist er som før 15. april.

Ta kontakt med Huset i Bygda på husetibygda@ungdomslag.no eller tlf. 48 00 48 17 om de har spørsmål om ordninga og/eller utforming av søknad.

Søke om gåvemidlar: hugs fristen 1. mars!

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan få gåvemidlar. Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.

Vi ber om ei prosjektskildring og ikkje minst eit budsjett for tiltaket ein søkjer om gåve til, og har du planar om å søkje om midlar er det kanskje tid for å byrje så smått å førebu ein søknad?

Det er i hovudsak ideelle lag og foreningar i Sogn og Fjordane som nyttar seg av høvet til å søkje om midlar. I fjor delte vi ut 25 millionar kroner; opp frå 18 millionar kroner året før – og i år håper vi at vi får lov å dele ut enda litt meir gåvemidlar. Dette er det vår generalforsamling som avgjer i april.

Ordinære søknadar har 8 vekers handsamingstid; det vil seie at du får svar på søknaden i byrjinga av mai.

Elles har vi lansert nytt gåvesystem for Ordinære søknadar i år. Her blir det som tidlegare varsla krav om organisasjonsnummer for den du søkjer om midlar til. Hugs at du må registrere deg på nytt som brukar i det nye systemet.

Om du ønskjer meir info om våre vilkår eller råd og tips om korleis skrive ein god søknad, anbefalar vi sidene våre Vilkår for gåvetildeling og Søknadstips

Hugs òg at om du ikkje er klar med ein søknad innan søknadsfristen, er det alltid høve til å sende oss ein “forenkla søknad” om gåver inntil 10.000 kroner, og få svar i løpet av ein månad. Eller vente til neste ordinære søknadsfrist 1. september.

Elles er det berre å slå på tråden eller sende ein mail til oss i administrasjonen dersom du har spørsmål i samband med ein søknad, så gjer vi så godt vi kan for å hjelpe deg!

 

25 millionar til trivsel og utvikling i Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane til samfunnsnyttige tiltak i fylket.
Aldri før har det vore gitt meir tilbake til samfunnsnyttige tiltak i fylket enn i 2018. Nærare 300 lag, organisasjonar og prosjekt har til saman fått 25 millionar kroner i gåvemidlar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane i fjor.

Det blir lagt ned ein stor innsats i dugnad og frivillig arbeid rundt om i heile fylket. Frivillig sektor er avhengig av økonomisk støtte frå både det offentlege og private for å realisere mange av prosjekta dei ønskjer å gjennomføre. Rekordhøg gåvetildeling frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og god auke i spelemidelsøknader vitnar om at det er svært god aktivitet i frivilligsektor i mange lokalsamfunn i fylket.

     

Unike dagsturhytter
Det største prosjektet i 2018 er dei unike dagsturhyttene. Saman med fylkeskommunen har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vore med å utvikle og finansiere dagsturhytteprosjektet, der det blir sett opp ei dagsturhytte i kvar kommune i fylket. Dette er eit unikt prosjekt for Sogn og Fjordane som vi er veldig stolt over å vere med på. Vår samla støtte til dette prosjektet var 5,2 millionar kroner, ei gåve som no har utløyst nær 30 millionar kroner i ytterlegare bidrag. Mange av hyttene er blitt sett opp i 2018 og til våren er alle 26 hyttene på plass. Den store spreiinga av dagsturhytte-filmen Sparebanken Sogn og Fjordane lanserte i haust, vitnar òg om at dette prosjektet engasjerer mange.

 

Gir også avslag
Sjølv om det blir gitt rekordhøge gåvetildelingar i år er framleis samla søknadsbeløp vesentleg større enn rammene Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har til gåveutdeling. I 2018 er det blitt søkt om ca 90 millionar kroner.
Vi klarer naturleg nok ikkje å i møte komme alle søknader, men vi bistår søkjarar med både kurs og rettleiing slik at kvaliteten i søknaden blir best mogeleg. Vår oppmoding er at det er lurt å legg nok arbeid i å utforme ein god og grundig gåvesøknad. Spør oss om du har spørsmål eller lurer på noko.

Oppdatert info: Dagsturhytta.no

Mange er opptekne av dei 26 dagsturhyttene som er i ferd med å bli sett ut på populære turmål i fylket. Difor har vi oppretta nettsida dagsturhytta.no så du kan følgje med på hytta i din kommune. Les meir

No må alle søkjarar ha org.nummer

Frå og med i år vil vi krevje at alle som søkjer midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har organisasjonsnummer. Kravet vil bli innført gradvis slik at lag som ikkje har dette på plass enda vil få tid til dette. Sjå her korleis du ordnar dette og når kravet blir innført.

Les meir

Søknadskurs i august

Vi køyrer som vanleg ein runde med våre populære gratis søknadskurs, i forkant av vår søknadsfrist 1. september. Denne gongen blir det fire kurs kringom i fylket i slutten av august – sjå kvar og når kursa blir her.

Sparebankstiftinga sine søknadskurs tar føre seg korleis ein god søknad ser ut, og har som mål å hjelpe deg til å skrive betre søknadar både til oss i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og alle andre stader de søkjer om midlar.

Kursa har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda. Samstundes er det ein kjempefin måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar, om kva vi bør prioritere eller justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!

I denne runden blir det kurs følgjande stader & tidspunkt:

Måndag 20. august: Leirvik – Hotel Sognefjord, kl. 17.30-20.00

Måndag 27. august: Sogndal – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Tysdag 28. august: Stryn – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Torsdag 30. august: Dale – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Har du lyst til å delta på eit av kursa, kan du melde deg på til post@sparebankstiftinga.no (hugs å opplyse kva kurs du vil delta på).

Alle kurs er som vanleg gratis og varer i 2-2 1/2 time, og det blir enkel matservering på kurset.

Håper vi sjåast – og vel møtt!

Furorestipend 2018!

Då har vi opna for å søkje Furorestipend for i år – søk stipend her! Søknadsfrist er 15. juni.

Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane* i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Stipenda er vanlegvis på 50.000 kroner (men kan variere). Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.

[link til søknadsskjema er fjerna, då søknadsfristen er passert]

Har du spørsmål om Furorestipenda eller utfylling av skjemaet, kan du kontakte Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

* “frå Sogn og Fjordane” = kjem frå eller bur i Sogn og Fjordane fylke.

Søknad til lagseigde kulturhus

Søknadsskjema til den eigne støtteordninga for bygningsmessige tilretteleggingar i lagseigde kulturhus finn du her. Søknadsfrist er som før 15. april. Les meir

Val til Generalforsamlinga 2018

Som annonsert vart det avhelde val til stiftinga si Generalforsamling 5.-7. mars. Her er dei som vart valt.

Avstemminga til stiftinga si generalforsamling vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert 718 stemmar. Vi er svært stolte av og takksame for at så mange av banken sine innskytarar engasjerer seg i valet, så hjarteleg takk til dykk som røysta.

Som annonsert i forkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar for fire år, og fire varamedlemer for eitt år. Her er dei som vart valt inn:

Faste representantar valt for 4 år:

Laila Johannesen (Hyllestad)

Monika Refvik (Vågsøy)

Geir Støfring (Jølster)

Vararepresentantar valt for 1 år:

Christine Lunde
Rune Taklo
Roar Vangsnes
Svein Arne Sandvik

Sparebankstiftinga ønskjer vidare å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.

 

Søknadskurs i februar!

Vi køyrer i gong ny runde med våre populære gratis søknadskurs, og denne gong er det Fjaler og Leikanger som har invitert oss på besøk.

Sparebankstiftinga sine søknadskurs har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda – og er samstundes ein flott måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar (evt. planlegger å søkje), om kva vi bør justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!

I februar er vi invitert til å halde kurs på Jensbua i Fjaler onsdag 7. februar kl 1900. Dette kurset er i samarbeid med “søsterstiftinga” vår, Sparebankstiftinga Fjaler, så her melder du deg på kurset til post@ifjaler.no.

I tillegg er vi invitert til Leikanger, og der blir kurset på Leikanger barneskule (formingsrommet) torsdag 15. februar kl 1800. Her kan du melde deg på til post@sparebankstiftinga.no.

Alle kurs er som vanleg gratis og varer i ca to og ein halv time, og som vanleg blir det enkel matservering på kurset.

Håper vi sjåast – og vel møtt!