Oppføringer av paal

Første søknadskurs på plass

Haustens første søknadskurs blir i Storehagen Atrium i Førde måndag 25. august. I går gjekk vi ut med tilbod om gratis kurs i søknadsskriving, og allereie i dag vart første kurs beramma i Førde. Vertskap for første kurs er Sogn og Fjordane fylkeskommune (v/rådgjevar for fysisk aktivitet Atle Skrede), og kurset vert halde i møterommet […]

Vil du ha gratis søknadskurs på heimebane?

Vi startar opp att våre populære kurs i korleis skrive gode søknadar om støttemidlar. Kursa varer i ca 3 timar, og Sparebankstiftinga stiller både kurshaldar og møtemat. Kort etter oppstarten av Sparebankstiftinga i 2011 vart det skipa søknadskurs i Førde, som mønstra heile 120 påmelde og fekk veldig gode tilbakemeldingar. Tilbodet vart difor vidareført, og […]

Vi deler ut 11,4 millionar kroner – sjå kven som får gåver her!

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut allmennyttige gåver frå utbytet i Sparebanken Sogn og Fjordane, og denne gåverunden deler vi ut meir pengar enn nokonsinne. Sparebankstiftinga sitt styre fordelte midlane allereie 23. mai, og gåvemottakarane fekk gladmeldinga i dagane etter dette. Men i høve Sparebankforeningen sitt 100-årsjubileum har vi samordna offentleggjeringa av gåvetildelinga til i […]

Gåvetildeling forseinka

På grunn av stor saksmengd har styret i stiftinga utsett saka om gåvetildeling i kategori “fullstendig søknad” (over 10.000 kroner) til 22. mai. Som kjent har stiftinga lova svar på søknadane i kategori “fullstendig søknad” (om gåver over 10.000 kroner; med søknadsfrist 1. mars) i løpet av ca 8 veker. Diverre heldt ikkje tidsskjemaet denne […]

13 millionar til allmennyttige gåver i år!

Sparebankstiftinga sitt øvste organ Generalforsamlinga vedtok 10. april å dele ut 13 millionar kroner til allmennyttige gåver i 2014, som (igjen) er ny rekord. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane fekk eit utbyte frå Sparebanken Sogn og Fjordane for 2013 på 33 millionar kroner. I tråd med stiftinga sine vedtekter og strategiplan skal pengane nyttast til allmennyttige […]

Hugs sluttrapport for tidlegare gåver!

Vi tillet oss å minne om at det er krav om sluttrapport for alle gåvetildelingar frå Sparebankstiftinga. Dersom vi ikkje har fått sluttrapport innan fristen (eller det er innvilga forlenga rapportfrist), vert det ikkje gitt nye gåver! Hovudregelen for gåvetildelingar frå stiftinga er at det er krav om sluttrapport innan 1 år etter at gåva […]

Nytt søknadssystem!

Sparebankstiftinga har utvikla eit nytt søknadssystem i samarbeid med Mediebruket, som vi lanserte 10. februar i år.  NB alle søkjarar må REGISTRERE SEG PÅ NY i nytt system! Frå og med i dag får du altså opp ei ny søknadsside når du går inn på vårt Søknadsskjema. Det følgjer i grove trekk same mønster som […]

Nytt søknadssystem på veg!

Sparebankstiftinga er i gang med å oppdatere søknadssystemet. Vi vil prøve å få overgangen til nytt system  til å gå saumlaust, men beklagar dersom dette fører til “lugging” i gåvesystemet i vekene fram mot nylanseringa.

Klatreparkar i heile fylket?

Styret i Sparebankstiftinga har vedteke at vi ønskjer å vidareføre satsinga frå Førde, kor klatreparken vi gav gåve til har vore ein kjempesuksess. Vi har allereie løyvd ei gåve til ein tilsvarande klatrepark i Jølster no i haust, og har satt i gong ei kartlegging blant dei andre kommunane i fylket for å få oversikt […]