Sparebankstiftinga spør

Stiftinga inviterer deg til å gi innspel til korleis vi skal disponere gåvemidlane. Sei di meining i ulike saker på vår Facebook-side – første avstemming er no lagt ut!

Sparebankstiftinga ønskjer i større grad å få råd frå deg med praktisk røynsle frå allmennyttig arbeid, og/eller eit bankande hjarte for utviklinga i fylket ditt, i høve til korleis vi skal fordele gåvemidlane frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Difor kjem vi til å legge ut korte spørsmål som berører relevante problemstillingar på stiftinga si Facebook-side i tida framover. Tilbakemeldingane vil bli teke omsyn til når vi skal handsame søknadane om gåvemidlar, så dette er ein lettvint måte å påverke stiftinga sine gåveutdelingar på ein konkret måte!

Første avstemming gjeld diskusjonen om kulturhus, som igjen har blitt aktualisert i ulike aviser i samband med valkampen, difor spør vi: Er dette noko Sparebankstiftinga skal involvere seg i?

Det er opent for alle som klikkar “likar” på Facebook-sida vår å stemme.

 

OPPTUR 2013 snart halvfullt – etter ein dag!

Det frivillige lags- og organisasjonslivet i fylket har tydelegvis tent på alle pluggane for OPPTUR 2013: Allereie eit døgn etter at vi la ut invitasjonen passerer vi 100 påmeldte!

OPPTUR er Sparebankstiftinga si gåve til alle som er engasjert i frivillig arbeid i fylket, som blir invitert til ein kveld med god mat, ny kunnskap og inspirasjon til å løfte laget sitt vidare den 3. oktober; les meir om programmet her.

Arrangementet har dei siste fire åra vore på Skei (då med namnet “Eldsjelsamlinga”), og har samla kring 200 deltakarar. Så når vi flytta arrangementet til Førde og la det i forkant av musikkmiljøet sitt arrangement BLEST, tinga vi like godt den største salen på Rica Sunnfjord hotell, slik at vi kunne få plass til 250 gjester.

Dette har tydelegvis fenga målgruppa: Aldri før har vi sett slik trøkk kring påmeldinga, og med ein slik første dag er vi så sikre på at det vert fullt i god tid før påmeldingsfristen 20. september at vi måtte “åtvare” dykk om å vere langt raskare på labben enn tidlegare… Men det tyder òg at alt ligg til rette for at dette blir eit flott arrangement og ein fantastisk arena for oss i Sparebankstiftinga å kome i nærare dialog med dykk som vi prøver å hjelpe med utbytet vårt frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Så no gler vi oss berre enda meir til torsdag 3. oktober!

PS hugs å skrive namnet på kva lag du er frivillig i når du sender inn påmeldinga! Då vil laget ditt nemleg bli med i ei avstemming om ei gåve på 20.000 kroner (avstemminga vert sett i gong etter påmeldingsfristen). Gåva vert overrekt på arrangementet – viss vinnaren av avstemminga er til stades…

Meld deg på “OPPTUR 2013”!

Driv du med frivillig arbeid? Då vil vil gi deg ein OPPTUR (og kanskje laget ditt ei gåve…) torsdag 3. oktober!

Ein gong i året inviterer Sparebankstiftinga alle som er engasjert i frivillig arbeid (eller tilsett i ein frivillig organisasjon) på gratis mat & foredrag med nokre av landets beste foredragshaldarar, som kan gi deg ny kunnskap og inspirasjon til å ta laget ditt enda eit steg vidare. Og i år er vi særleg stolte over å presentere eit fantastisk program på Rica Sunnfjord Hotell i Førde, som dessutan kjem til å bli både eksklusivt og underhaldande i tillegg:

– Mannen bak  Norway Cup Frode Kyvåg fortel historia om verdas største fotballturnering

– Leiarane for dei to største musikkfestivalane i fylket, Malakoff Rockfestival og Utkantfestivalen, deler røynsler frå suksessane sine, med særleg fokus på korleis mønstre hundrevis av frivillige

– Frontfigurane i to av landets mest spanande band, Eva “Heartmaker” Weel Skram og Janove “Kaizer” Ottesen både opptrer og fortel historia om sine suksessar.

Meir om program, foredragshaldarane og påmelding her

Sparebankstiftinga kjem òg til å dele ut nokre gåver på arrangementet – men kven av dei frammøtte som skal få sjekkane er det du som bestemmer:

Ved å melde deg på arrangementet, nominerer du laget ditt til ei avstemming på Sparebanken Sogn og Fjordane si Facebook-side kor alle kan vere med og stemme fram mot arrangementet 3. oktober. Dei tre laga som får flest stemmar, får så ei gåvesjekk på arrangementet.

OPPTUR vart tidlegare kalla Eldsjelsamlinga, og vert i haust arrangert for femte året på rad. (Namnebytet kjem av at vi fekk tilbakemeldingar på at einskilde meinte dei ikkje hadde jobba som frivillig lenge nok til å kalle seg “eldsjel” – men vi presiserer at ALLE som er aktive i frivillig arbeid er invitert; og det er “førstemann til mølla” som får plass, ikkje dei som har lengst fartstid i laget.)

OPPTUR er elles tenkt å vere ei gåve i seg sjølv: Denne første OPPTURen er lagt i forkant av musikk-organisasjonen Brak sitt arrangement BLEST, som samlar musikklivet på Vestlandet same stad dei to dagane etter. Les meir om BLEST her.

Har de planar om eit arrangement som treng ein OPPTUR? Send oss ein mail! (NB vi treng minst 8 månadar planlegging, så spør i god tid!)

 

Voner å sjå deg på OPPTUR torsdag 3. oktober!

Helsing Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Hugs søknadsfristen 1. september!

Stiftinga førebur haustens store gåveslepp!

Det ser ut som at Sparebankstiftinga sine søknadsfristar 1. mars og 1. september byrjar å feste seg blant organisasjonslivet i fylket, og det er jo flott. Men ei påminning om å hugse å “kvesse søknadsblyanten” innan månadsskiftet kan likevel vere på sin plass.

Eit par viktige ting å hugse på:

– Ein MÅ sende inn søknad via søknadsportalen her på nettsida vår; vi har diverre ikkje høve til å ta imot søknad pr epost, brev, fax eller personleg oppmøte. Dette er for at vi skal bruke minst mogleg ressursar på administrasjon, slik at meir pengar kan gå til gåver – så vi voner at alle ønskjer å hjelpe oss med dette..!

– Søknadsskjemaet for “Fullstendig søknad” (altså der ein kan søkje om over 10.000 kroner) er opent TIL OG MED 1. september (skjemaet vert fjerna ved midnatt natt til 2. september).

– Budsjett er eit ABSOLUTT krav! Så legg du ikkje ved budsjett over tiltaket du søkjer pengar til – treng du eigentleg ikkje sende søknaden…

– Hugs på føremålet vårt når du skriv søknaden, og få fram DEN ALLMENNYTTIGE VERDIEN ved tiltaket du søkjer om gåve til!

For seint ute? Hugs at du kan sende inn “Forenkla søknad” (om gåvebeløp under 10.000 kroner) når som helst, heile året – og få svar i løpet av fire veker. Svar på “Fullstendig søknad” får du forresten etter ca 8 veker, til epostadressene du nytta når du registrerte søknaden.

Elles må du ha TVI TVI med tiltaket ditt – og hugs at det berre er å ta kontakt dersom du har spørsmål om søknaden!

 

Svarfrist på “Forenkla søknad” i sommar

På grunn av ferieavviklinga i Sparebankstiftinga blir det litt lenger handsamingstid på søknadane som kjem inn dei neste par vekene, og kontoret held stengt i veke 26-28.

Som kjent er det mogleg å søkje om allmennyttige gåver på under 10.000 kroner fortløpande her i Sparebankstiftinga; gjennom “Forenkla søknad” der vi ordinært lovar svar innan fire veker. “Forenkla søknad” er primært innretta mot dei mange lokale tiltaka som har litt kortare planleggingshorisont, difor prioriterer Sparebankstiftinga høgt å overhalde denne svarfristen.

Ordninga med forenkla søknad har elles blitt svært populær; faktisk er over halvparten av alle søknadane hit til Sparebankstiftinga i denne kategorien. Difor har vi òg tredobla denne posten sidan den vart oppretta i fjor!

Men på grunn av ferieavviklinga er det eit par veker som “forsvinn” for oss i sommar, så vi ber om forståing for at det kan gå litt lenger tid for søknadane som kjem inn i uke 25-27.

Neste runde med svar på “forenkla søknad” vil dermed bli sendt ut seinast i veke 33; og då rekner vi med å vere i rute igjen, slik at de som sender inn søknad seinare enn uke 27 vil få svar som normalt.

Sparebankstiftinga ønskjer elles alle ein GOD SOMMAR!

 

Hugs å legge ved budsjett!

Fortvilande mange søkjarar trur “forenkla søknad” tyder at ein ikkje treng vedlegg, så vi understrekar at ALLE søknadar må legge ved budsjett!

Søknadskategorien “Forenkla søknad” har blitt så populær at vi har nesten dobla potten som er sett av til dette – igjen! Faktisk er over halvparten av søknadane vi får inn i kategori “forenkla søknad”, og det tar vi sjølvsagt som eit teikn på at vi tenkte rett når vi opna for ei ordning med løpande søknadsfrist med kortare handsamingstid for søknadar om beløp under 10.000 kroner.

Men det kan hende at namnet “forenkla søknad” er litt villedande: Fortvilande mange søkjarar droppar nemleg å legge ved budsjett. Og då går søknaden rett til avslag, sjølv om det elles kan vere gode allmennyttige tiltak ein søkjer om gåve til! Kravet om budsjett er nemleg absolutt. Heldigvis er det jo mogleg å søkje om att i same sekund ein evt. får avslag, men det er sjølvsagt betre å få det rett første gongen..!

Ein sjeldan gong får vi elles budsjett på EI linje; der det omsøkte tiltaket er einaste “post” på budsjettet. Vi er ikkje veldig formelle, men vi forventar at eit budsjett består av minimum tre deler: Ein utgiftspost, ein inntektspost og ei sum-kolonne. Er du usikker på korleis eit budsjett ser ut, kan du lese meir på søknadstips-sida vår, og dessutan kan du laste ned eit døme på eit enkelt budsjett her.

Eventuelt kan du ta kontakt med administrasjonen, så får du hjelp til å sette opp søknaden.

Gåvetildelinga for våren 2013 er klar

Sjå stiftinga si gåvetildeling i kategori “Fullstendig søknad” for våren 2013 her. Read more

3,5 millionar auke i gåvebeløp

Stiftinga sitt høgste organ Generalforsamlinga vedtok 18.04.13 m.a. å auke gåvebeløpet frå 9 millionar kroner til 12,5 millionar kroner. Les meir om vedtaka her.

Stiftinga heldt si ordinære Generalforsamling torsdag 18. april, og i tillegg til vedtaket om å auke det årlege gåvebeløpet med 28%, vart det m.a. gjort vedtak om:

Val av styre; samt reduksjon av styret frå sju til fem medlemer

Styreleiar Trude Brosvik (Gulen) og styremedlem Kåre Furnes (Måløy) var ferdige med sine periodar, og desse vart ikkje erstatta. I staden vart styret redusert frå sju til fem medlemer. Tidlegare nestleiar i styret Kjartan Strand (Florø) vart vald til ny styreleiar, og styremedlem Aslaug Nesje Bjørlo (Sandane) blei ny nestleiar. I tillegg vart Lise Mari Haugen (Askvoll) gjenvald som styremedlem. (styremedlemer Tore Jakob Madsen og Bjørn Vollstad har elles eitt år igjen av sine styreverv.)

Halvering i godtgjersle for styremedlemer, nestleiar og leiar av valnemnd

Sparebankstiftinga tilstreber ei kostnadseffektiv drift for at mest mogleg av pengane skal gå til gåver, og minst mogleg til administrasjon og drift. Generalforsamlinga syns difor det var eit viktig signal at ein nyttar sparekniven også på eigne godtgjersler til styre og valnemnd. Dette var òg ei grunngjeving for å redusere talet på styremedlemer. Dermed vart godtgjersla til styremedlemene og nestleiar halverte, medan godtgjersla til leiaren av valnemnda vart stroke heilt. (Styreleiar si godtgjersle vart elles halde på same nivå, av di ein ventar ei stor auke i styreleiar si arbeidsmengd i tida frametter.)

Årsmelding

Generalforsamlinga godkjente òg styret si årsmelding for 2012, som du kan laste ned her.

(mindre) endring av føremålsparagrafen i stiftinga

Det vart gjort nokre mindre endringar i stiftinga sin føremålsparagraf, slik at ordlyden blir lik dei fleste andre sparebankstiftingane. Du kan lese den nye formuleringa i møteprotokollen, som du kan laste ned her. (Alle endringar i vedtektene skal godkjennast av Finanstilsynet, og vert difor ikkje gjort gjeldande før slik godkjenning ligg føre.)

Det er dessutan halde innskytarval i forkant av Generalforsamlinga: 11.-13. mars vart følgjande innskytarar vald inn i Sparebankstiftinga si Generalforsamling:

Medlemer: Gro Rukan, Tom Joensen og Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes (valde for 4 år).

Varamedlemer: Britt Tjønneland, Viggo Leikanger, Dag Rune Mallasvik og Jon Rune Heimlid (valde for 1 år).

Det vart elles avlagt 8884 stemmar ved valet, noko som er rekord med solid margin.

Søk “Årets Kultur-idé 2013”

Bli med i konkurransen om 100.000 kroner!


Fjorårets vinnar, Utkantfestivalen

Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane inviterer i år som i fjor kulturlivet i fylket til å konkurrere om den gjeve tittelen “Årets Kultur-idé”. Vi inviterer difor alle kultur-entreprenørar til å melde inn sitt prosjekt – anten det berre er ein tanke eller eit eksisterande kulturtilbod. Ikkje berre vil vinnaren få 100.000 kroner til å gjennomføre idéen, men ca 10 finalistar vil bli presentert i full breidde på NRK Sogn og Fjordane sine radiosendingar og nettsidene deira.

Som tittelen antydar, er det dei kreative konsepta vi ser etter; og sjølv om det var Utkantfestivalen som vann i fjor er det ikkje storleik eller røynsle som er avgjerande i denne konkurransen. Ein stiller like sterkt med ein ny og uprøvd idé som eit innarbeidd konsept.

Søknadsfristen for å vere med på konkurransen er i år sett til 15. april. Straks etter dette vil ein jury plukke ut finalistane, og så vil publikum bli invitert til å stemme fram sin favoritt. Publikum og juryen si meining vil bli vekta likt i den endelege kåringa av vinnar-idéen. I fjor vart vi dessutan så imponert at også to andre kandidatar fekk ei pengegåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane…

Sparebankstiftinga vil med denne konkurransen gi auka merksemd til den fantastiske breidda av arrangørar og kultur-entreprenørar som vi har i fylket vårt; og kanskje òg inspirere nokon til å setje i gong fleire nye og kreative konsept.

Meld deg på konkurransen ved å sende ein mail til kulturide@nrk.no med ein kort presentasjon av idéen din. Hugs å skrive «Årets kulturidé 2013» i emnefeltet.

Søknad om gåve: Ikkje berre endre gammal søknad!

Husk at du må klikke på “NY”-knappen når du skal registrere søknaden din på ny!

Ein vaken brukar ringte kontoret med eit godt spørsmål i dag: – Viss ein loggar seg inn på systemet og oppdaterer tidlegare innsendt søknad, blir den oppdaterte søknaden då handsama på ny? Svaret på dette er diverre NEI – du må klikke på den grøne “Ny søknad”-knappen for at søknaden skal verte vurdert. Sjølv om du har tenkt å søkje om nøyaktig det same prosjektet som tidlegare.

Vi beklagar dersom gåvesystemet kan synast uklart på dette punktet, og voner denne presiseringa hindrar at fleire vert usikre.