25 millionar til trivsel og utvikling i Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane til samfunnsnyttige tiltak i fylket.
Aldri før har det vore gitt meir tilbake til samfunnsnyttige tiltak i fylket enn i 2018. Nærare 300 lag, organisasjonar og prosjekt har til saman fått 25 millionar kroner i gåvemidlar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane i fjor.

Det blir lagt ned ein stor innsats i dugnad og frivillig arbeid rundt om i heile fylket. Frivillig sektor er avhengig av økonomisk støtte frå både det offentlege og private for å realisere mange av prosjekta dei ønskjer å gjennomføre. Rekordhøg gåvetildeling frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og god auke i spelemidelsøknader vitnar om at det er svært god aktivitet i frivilligsektor i mange lokalsamfunn i fylket.

     

Unike dagsturhytter
Det største prosjektet i 2018 er dei unike dagsturhyttene. Saman med fylkeskommunen har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vore med å utvikle og finansiere dagsturhytteprosjektet, der det blir sett opp ei dagsturhytte i kvar kommune i fylket. Dette er eit unikt prosjekt for Sogn og Fjordane som vi er veldig stolt over å vere med på. Vår samla støtte til dette prosjektet var 5,2 millionar kroner, ei gåve som no har utløyst nær 30 millionar kroner i ytterlegare bidrag. Mange av hyttene er blitt sett opp i 2018 og til våren er alle 26 hyttene på plass. Den store spreiinga av dagsturhytte-filmen Sparebanken Sogn og Fjordane lanserte i haust, vitnar òg om at dette prosjektet engasjerer mange.

 

Gir også avslag
Sjølv om det blir gitt rekordhøge gåvetildelingar i år er framleis samla søknadsbeløp vesentleg større enn rammene Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har til gåveutdeling. I 2018 er det blitt søkt om ca 90 millionar kroner.
Vi klarer naturleg nok ikkje å i møte komme alle søknader, men vi bistår søkjarar med både kurs og rettleiing slik at kvaliteten i søknaden blir best mogeleg. Vår oppmoding er at det er lurt å legg nok arbeid i å utforme ein god og grundig gåvesøknad. Spør oss om du har spørsmål eller lurer på noko.

Oppdatert info: Dagsturhytta.no

Mange er opptekne av dei 26 dagsturhyttene som er i ferd med å bli sett ut på populære turmål i fylket. Difor har vi oppretta nettsida dagsturhytta.no så du kan følgje med på hytta i din kommune. Read more

No må alle søkjarar ha org.nummer

Frå og med i år vil vi krevje at alle som søkjer midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har organisasjonsnummer. Kravet vil bli innført gradvis slik at lag som ikkje har dette på plass enda vil få tid til dette. Sjå her korleis du ordnar dette og når kravet blir innført.

Read more

Søknadskurs i august

Vi køyrer som vanleg ein runde med våre populære gratis søknadskurs, i forkant av vår søknadsfrist 1. september. Denne gongen blir det fire kurs kringom i fylket i slutten av august – sjå kvar og når kursa blir her.

Sparebankstiftinga sine søknadskurs tar føre seg korleis ein god søknad ser ut, og har som mål å hjelpe deg til å skrive betre søknadar både til oss i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og alle andre stader de søkjer om midlar.

Kursa har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda. Samstundes er det ein kjempefin måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar, om kva vi bør prioritere eller justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!

I denne runden blir det kurs følgjande stader & tidspunkt:

Måndag 20. august: Leirvik – Hotel Sognefjord, kl. 17.30-20.00

Måndag 27. august: Sogndal – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Tysdag 28. august: Stryn – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Torsdag 30. august: Dale – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00

Har du lyst til å delta på eit av kursa, kan du melde deg på til post@sparebankstiftinga.no (hugs å opplyse kva kurs du vil delta på).

Alle kurs er som vanleg gratis og varer i 2-2 1/2 time, og det blir enkel matservering på kurset.

Håper vi sjåast – og vel møtt!

Furorestipend 2018!

Då har vi opna for å søkje Furorestipend for i år – søk stipend her! Søknadsfrist er 15. juni.

Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane* i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Stipenda er vanlegvis på 50.000 kroner (men kan variere). Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.

[link til søknadsskjema er fjerna, då søknadsfristen er passert]

Har du spørsmål om Furorestipenda eller utfylling av skjemaet, kan du kontakte Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

* “frå Sogn og Fjordane” = kjem frå eller bur i Sogn og Fjordane fylke.

Søknad til lagseigde kulturhus

Søknadsskjema til den eigne støtteordninga for bygningsmessige tilretteleggingar i lagseigde kulturhus finn du her. Søknadsfrist er som før 15. april. Read more

Val til Generalforsamlinga 2018

Som annonsert vart det avhelde val til stiftinga si Generalforsamling 5.-7. mars. Her er dei som vart valt.

Avstemminga til stiftinga si generalforsamling vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert 718 stemmar. Vi er svært stolte av og takksame for at så mange av banken sine innskytarar engasjerer seg i valet, så hjarteleg takk til dykk som røysta.

Som annonsert i forkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar for fire år, og fire varamedlemer for eitt år. Her er dei som vart valt inn:

Faste representantar valt for 4 år:

Laila Johannesen (Hyllestad)

Monika Refvik (Vågsøy)

Geir Støfring (Jølster)

Vararepresentantar valt for 1 år:

Christine Lunde
Rune Taklo
Roar Vangsnes
Svein Arne Sandvik

Sparebankstiftinga ønskjer vidare å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.

 

Søknadskurs i februar!

Vi køyrer i gong ny runde med våre populære gratis søknadskurs, og denne gong er det Fjaler og Leikanger som har invitert oss på besøk.

Sparebankstiftinga sine søknadskurs har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda – og er samstundes ein flott måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar (evt. planlegger å søkje), om kva vi bør justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!

I februar er vi invitert til å halde kurs på Jensbua i Fjaler onsdag 7. februar kl 1900. Dette kurset er i samarbeid med “søsterstiftinga” vår, Sparebankstiftinga Fjaler, så her melder du deg på kurset til post@ifjaler.no.

I tillegg er vi invitert til Leikanger, og der blir kurset på Leikanger barneskule (formingsrommet) torsdag 15. februar kl 1800. Her kan du melde deg på til post@sparebankstiftinga.no.

Alle kurs er som vanleg gratis og varer i ca to og ein halv time, og som vanleg blir det enkel matservering på kurset.

Håper vi sjåast – og vel møtt!

VAL AV GENERALFORSAMLING 5-7. MARS 2018

Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane har du stemmerett ved val av representantar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt øvste organ; generalforsamlinga. Valet blir gjennomført elektronisk 5., 6. og 7. mars. Du kan òg foreslå kandidatar til generalforsamlinga. Frist for innmelding av forslag er 5. februar. Send dine forslag til post@sparebankstiftinga.no. Få med namn, fødselsår/-dato, yrke og postadresse når du sender forslag. Etter at fristen er gått ut, vil valkomiteen sette opp sitt framlegg.

Det skal veljast inn 3 faste medlemmer for 4 år og 4 varamedlemmer for 1 år til generalforsamlinga.

Dagens generalforsamling
Her finn du oversikt over medlemer og varamedlemer i dag, og kven som er på val.

Kven kan stemme – og velgjast inn?
Myndige innskotskundar i Sparebanken Sogn og Fjordane som er busett i fylket og i dei siste 6 månadane før valet har hatt eit innskot i banken på minst kr 500,- har stemmerett når det skal veljast medlemer til generalforsamlinga. Dei same krava gjeld for kandidatane.

 

Hallvard Klakegg ny direktør

Hallvard Klakegg (46) frå Jølster er tilsett som ny direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Han tek over etter Kjell Sandnes som gjekk av med pensjon i sommar. Klakegg har arbeidd 20 år i Sparebanken Sogn og Fjordane, der han i dag er direktør for privatmarknaden.

– Eg har eit stort engasjement for sparebanknæringa og ikkje minst Sparebanken Sogn og Fjordane. Engasjementet mitt og kunnskapen eg har opparbeid med gjennom desse 20 åra skal eg bruke til å utvikle Sparebankstiftinga vidare, seier Klakegg.

Sparebankstiftinga har som føremål å sikre eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga eig i dag over 90 prosent av eigenkapitalbevisa i banken. I tillegg skal stiftinga forvalte kapitalen som blir bygd opp på ein trygg og føremålstenleg måte.

Sparebankstiftinga skal støtte opp under Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd og vidareføre dei gode sparebanktradisjonane. I dette ligg det mellom anna å gje delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver til allmennyttige føremål.

– Stiftinga har eit velorganisert gåveinstitutt og det er gitt over 120 millionar kroner i gåver til slike føremål i fylket dei siste 5-6 åra, seier direktøren.

Klakegg meiner at sparebankidéen er ein veldig god forretningsidé som står støtt også  i ei tid der digitalisering og nye aktørar utfordrar banknæringa.

– Det eg syns er ekstra flott med sparebankane er at dei er lokalt eigd og at delar av overskotet går tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver, og i dette arbeidet spelar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ei viktig rolle her i fylket, seier Hallvard Klakegg.

Styreleiar i Sparebankstiftinga Lise Mari Haugen fortel at det var 18 gode søkjarar til direktørstillinga.

– For styret har det vore viktig å finne kandidatar som både dekker eigarrolla til stiftinga, forvaltning av kapital og vidareføring av sparebanktradisjonane gjennom gåveinstituttet. Klakegg sin kunnskap og engasjement gjer at vi er svært glad for å få han med på laget, seier Haugen.