– Pengane skal gå rett i dass

Vinnarane av konkurransen «Årets kultur-idé 2012» som Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane har køyrt i vår, vart som kjent Utkantfestivalen i Skjerjehamn. No har dei bestemt seg for korleis pengane skal brukast.


Så glade vart Njål Hansen Wilberg (t.h.) og festivalsjef Viggo Randal (Foto: Sondre Dalaker/NRK)

 Det var «på direkten» på NRK Sogn og Fjordane si sending frå Balejazz 11. mai i år at vinnaren av konkurransen vart avslørt, og dei hoppande glade vinnarane fekk sjekken på 100.000 kroner frå Sparebankstiftinga. Samtidig kunne dei med rette kalle seg den beste kultur-idéen i Sogn og Fjordane, kåra av både fagjury og eit solid fleirtal av dei over 11.000 som hadde stemt på nett.

Les saka frå NRK her

To veker etterpå slår vi på tråden til primus motor Njål Hansen Wilberg og spør om dei har tenkt meir på kva premien tyder for festivalen.

–          Først og fremst var det ei flott anerkjenning. Vi får ofte mange god-ord i tida rundt festivaldagane, men så høyrer vi ikkje så mykje før det byrjar å nærme seg ny festival. Så dette betyr mykje for dei mange som jobbar frivillig for festivalen.

–          Men kva konsekvensar kjem pengane til å få for festivalen?

–          Det er kanskje litt keisamt å svare at pengane vil verte nytta til å ta ned risikoen, men for oss som har hjartet i halsen i vekene fram mot festivalen er det faktisk noko av det viktigaste at vi får større tryggleik og kanskje litt meir nattesøvn før festivalen. Men publikum kjem òg til å merke gåva; vi kjem til å auke marknadsføringa, og styrkje publikumsfasilitetane under festivalen. Mellom anna med betre toalett-tilhøve.

–          Så pengane kjem med andre ord til å gå rett i dass?

–          Hehe, ja det kan du jo seie. Jo, og så har vi lenge drøymt om å belønne våre mange frivillege funksjonærar med ein skikkeleg fest i etterkant, og no får vi endeleg til det.

Hansen Wilberg lanserer samstundes nokre fleire godbitar til programmet:

–          Vi har nett fått på plass både Samsaya og progrock-kongen El Doom, og så kjem den nye «supergruppa» Fagernes Yacht Klubb (med medlemer frå The New Wine, Kakkmaddafakka og The Diamond) til å levere ein heidundrande finale på laurdagskvelden!

Vi gratulerar med både kåring og programtilskot, og ser fram til å kose oss i Skjerjehamn 26.-29. juli!

Billettar til Utkant 2012 får du her

Søk Furorestipend

Sparebankstiftinga vidarefører dei personlege Furorestipenda som ein tidlegare har kunna søke Sparebanken Sogn og Fjordane om, og opprettheld dermed ei av dei mest profilerte stipendordningane i Sogn og Fjordane.


Skihoppar Anders Fannemel fekk hovudstipendet i 2010

SØKNADSFRISTEN FOR FURORESTIPENDET ER DIVERRE UTE FOR 2012.

NESTE RUNDE FURORESTIPEND VERT UTLYST VÅREN 2013.

Kven kan søkje?
Sparebankstiftinga inviterer med dette alle i alderen 15-30 år (dvs frå det året du fyller 15, til det året du fyller 30)  til å søkje om Furorestipend. Stipenda er på frå 25.000 og opp til 100.000 kroner, og går som før til framifrå utøvarar som er på internasjonalt nivå innan sitt felt. Furorestipenda har tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse – som tyder at talent innan alle felt kan søkje. Tidlegare har såvel håntverkarar som musikarar, idrettsfolk, forfattarar, dansarar, designarar og filmskaparar fått stipend – for å nemne nokon.

Merk deg at Furorestipenda i år har ny søknadsfrist 15. Juni.

Jury
Fagjuryen er samansett av personar knytt til idrett- og kulturliv i fylket, saman med representantar frå Sparebankstiftinga.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver til allmennyttige føremål, og Furore er einaste ordninga kor ein kan få personlege stipend frå stiftinga.

Tidlegare vinnarar
Du kan lese meir om vinnarane av tidlegare Furorestipend her: 2009 // 2010 // 2011

Les meir om Furore og tidlegare tildelingar på Meir enn bank-bloggen: http://meirennbank.no/furore

Har du spørsmål om Furorestipenda, kan du kontakte kultursjef Pål Fidjestøl på tlf 911 58 009 eller på e-post [email href=”pf@sparebankstiftinga.no”]pf(at)sparebankstiftinga.no[/email].

Korleis søkje?
Du søkjer Furorestipend ved å fylle ut dette skjemaet og trykkje på “send inn”-knappen innan 15. juni:
[Søknadsskjemaet er fjerna sidan søknadsfristen er ute for i år – nytt skjema vert lagt ut ism. ny runde våren 2013.]

Søknadskurs i Gulen og Florø

Sparebankstiftinga sine kurs i søknadsskriving fortset si rundreise kring i fylket – og hugs at du kan tinge kurs gratis om du ikkje er i Gulen 4. juni eller i Florø 11. juni.

Vi er overvelda av den store oppslutnaden på kursa i søknadsskriving, og styrka i trua på at dette bidreg til å få dei frivillige laga i fylket til å sende både fleire og betre søknadar, til både oss her i Sparebankstiftinga – og til dei ca. 1800 andre stipend/fond/legat som finst i landet vårt. Kursa er gratis, og så langt har nær 250 menneske vore på dei fem kursa våre; altså nesten 50 menneske i snitt pr. kurs!

Neste kurs er i Gulen måndag 4. Juni kl. 18.00-21.00.

Kurs-stad er Haugartun grendahus, Takle (Sognefjordvegen 1110, 5961 Brekke) og du melder deg på kurset til mona.hjartholm@gulen.kommune.no. (ein kan melde seg på heilt fram til kurs-start; med atterhald om ledig plass.)

Kurset i Florø som først vart annonsert måndag 11. juni er utsett til torsdag 23. august kl. 16.30-19.30. (men dette vert jo veldig bra tidspunkt i høve til søknadsfristen 1. september!). Kurs-stad blir då Samfunnshuset i Florø; og du melder deg på til sivklokk@online.no.

 

Vil du ha søknadskurs der du bur? Send oss ein mail! Vi føreset at lokal kursvert stiller med kurslokale med straum, og hjelper oss med markedsføring & påmelding – så tar vi oss av resten gratis. Det skal òg vere gratis og opent for alle å delta på kurset. (Rekn med at det går ca. ein månad frå du tek kontakt til kursdato.)

Gåvetildelingar våren 2012

No offentleggjer vi  kven som har fått gåver frå Sparebankstiftinga så langt i år.

Sparebankstiftinga har lagt ned ein svært grundig innsats i den vanskelege utvelginga av gåvemottakarar. Mellom anna med gode råd og tips frå Sparebanken Sogn og Fjordane, som har mange års (og mange millionars) røynsle med å tilbakeføre overskotet frå Sparebanken tilbake til dei som har skapt det. Denne oppgåva overtok som kjent Sparebankstiftinga i fjor. Men medan det våren 2011 var ca 580 søknadar om til saman 35 millionar, har vi så langt i år fått inn over 730 søknadar om til saman over 76 millionar kroner… så det seier seg sjølv at prioriteringa har vorte ganske mykje vanskeligare!

I denne omgang deler vi ut gåver på ca. 4,7 millionar kroner i kategorien “Fullstendig søknad”. I tillegg har vi så langt delt ut ca. 250.000 i søknadskategorien “forenkla søknad”. Denne søknadskategorien har fortløpande søknadsfrist, så dette talet vil jo stige jamnt og trutt etter kvart som søknadane kjem inn.

Dei komplette listene over gåvetildelingar i begge kategoriar vert lagt ut her på nettsidene våre i løpet av måndag 30. april, medan søkjarane får svar i dag 27. april. (men i papirutgåven av dagens Firda kan du sjå lista over tildelingar i kategorien “Fullstendig søknad”).

Glade gåvemottakarar: Sjå film og bilete med nokre av gåvemottakarane på Meirennbank.no

Saknar du svar på søknaden din?

Vi sender ut svar på alle søknadar til den same epost-adressa som du nytta når du la inn søknaden på søknadssida vår. Dersom du ikkje har fått svar på søknaden, er det berre å kontakte oss, så kan vi sjekke statusen på søknaden din. Men PS det kan vere lurt å sjekke spam-filteret/”Søppelpost”-mappa di før du ringer; det kan nemleg hende PC’en din har sortert ut mailen frå oss viss du har ei streng sikkerheitsinnstilling.

Første gåvetildeling kjem i påskeveka!

Første pulje av “forenkla søknad” får svar på søknaden på mail i løpet av påskeveka. Les meir

Generalforsamling i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Den 12. april kl 12.00 vart det heldt ordinær generalforsamling i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale i Førde (3 etasje).

Saker som vart handsama av generalforsamlinga 2012:

1. Registrering og opning av generalforsamlinga ved styreleiar

2. Val av møteleiar

3. Val av referent

4. Godkjenning av innkalling og sakliste

5. Godkjenning av 2 medlemer til å skrive under møteprotokoll saman med møteleiar

6. Endring av vedtekter

7. Val til styre, valnemnd og generalforsamling

8. Fastsetting av godtgjersle til styret

9. Val av revisor og fastsetting av revisor si godtgjersle

10. Godkjenning av årsoppgjeret for 2011.

 

Årsmelding for 2011 kan du laste ned her.

Protokoll frå generalforsamlinga finn du her.

No kan du avgjere “Årets kultur-idé”

Vi har saman med NRK Sogn og Fjordane etterlyst “Årets kultur-idé” i fylket. No er 10 finalistar klare, og du kan avgjere kven som får 100.000 blanke kroner til å gjennomføre sitt prosjekt.

Det er Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane som saman står bak konkurransen “Årets kultur-idé 2012”, og 35 ambisiøse idéar låg på bordet når søknadsfristen var passert. No har juryen altså plukka ut 10 finalistar til å vere med vidare, og NRK Sogn og Fjordane vil i vekene framover gje alle finale-kandidatane fyldige presentasjonar i både radio og på nett.

Kven som vinn vert bestemt av røystene frå publikum (tel 50%) og ein fagjury som består av musikar og komponist Laila Beathe Førde, forretningsutviklar og sjef på Distriktssenteret i Sogndal Steinar Fredheim, og kultursjef her i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane Pål Fidjestøl.

Vil du vere med og stemme på din favoritt? Klikk her for å sjå finalistane og delta i avstemminga på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider (og er du ivrig, kan du stemme ein gong kvar dag på din favoritt).

Vinnaren vert annonsert på Balejazz 11. mai, og sjølvsagt direktesendt på NRK Sogn og Fjordane.

Kurs i søknadsskriving i Florø 17. april

Til Sparebankstiftinga – og vonaleg foreningane – si store glede, er det fortsatt stor interesse for kurset i søknadsskriving. Neste kurs i rekkja er planlagt på Flora Ungdomsskule tysdag 17. april klokka 1800-2100.

Kurset i søknadsskriving er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga og fylkeskommunen, og som tidlegare meldt var det formidabel interesse for dei kursa vi heldt i Førde og Måløy. Til saman heile 150 kursdeltakarar deltok på desse kursa, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive. Dei melder at innhaldet på kursa var både konkret og matnyttig i høve til å forstå korleis søknadar blir vurdert av både Sparebankstiftinga, fylkeskommunen og andre søknadsinstansar. Mange av deltakarane trur òg dei vil skrive både fleire og betre søknadar i framtida.

Kurset er samansett av to delar: del ein er eit innføringskurs i korleis ein god søknad bør sjå ut. Denne delen er det kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som står for. Del to vert leia av Trond Ueland i fylkeskommunen, og er i hovudsak mynta på dei som har ein god men krevjande prosjekt-idé. Denne kursbolken fokuserer på korleis ein skal skildre denne på ein best mogleg måte.

Det er Redningsselskapet i Sogn og Fjordane som er lokal kursarrangør i Florø. Dersom du ønskjer å delta på kurset på Flora Ungdomsskule kl. 1800-2100 tysdag 17. april, sender du ein påmelding til Martin.Igland.Malkenes@redningsselskapet.no. Kurset er gratis.

Alle frivillege lag og organisasjonar kan elles tinge kurs frå Sparebankstiftinga. Vi føreset at lokal arrangør stiller med eigna kurslokale m/straum. Kursa er elles gratis for den lokale arrangøren, og kan tingast på post@sparebankstiftinga.no

632 søknadar til stiftinga – og 35 søkjarar til “Årets kultur-idé”!

Søknadsfristen på Sparebankstiftinga (fullstendig søknad) er no gått ut, og vi har fått inn heile 632 søknadar. I tillegg kom det 35 søknadar til konkurransen “Årets kultur-idé” som vi arrangerer i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane. No byrjar den vanskelege jobben!

Den første søknadsfristen for året er altså passert, men det er som kjent framleis mogleg å søkje på “forenkla søknad” (med søknadsbeløp under 10.000 kroner). Og det er det tydelegvis mange som har oppfatta, for det renn fortsatt inn med søknadar (klikk her for å gå til søknadsskjemaet).

No byrjar jobben med å vurdere kven som skal få gåver frå stiftinga og ikkje, og det er ingen enkel jobb! Difor vil stiftinga rådføre seg med både ekspertar på dei ulike fagområda og lokale gåvenemnder som kjenner dei ulike regionane i fylket vårt svært godt. Og med ei slik saksmengd ber vi om forståing for at dette arbeidet vil ta noko tid å gjere på ein grundig og skikkelig måte – difor vil det gå opp mot to månader før ein kan vente svar på søknaden (og ein månad for “forenkla søknad”).

Vi synst òg det var utruleg kjekt at heile 35 av søkjarane valde å søkje gåvemidlar via vårt samarbeidsprosjekt med NRK, som vi har kalla “Årets kultur-idé”. Desse søkjarane tevlar om ei gåve på heile 100.000 kroner til gjennomføring av prosjektet sitt, og her finn ein mange av dei mest nyskapande prosjekt-ideane. Prosjektet “Årets kultur-idé” vil utkåre eit “finaleheat” på 10 av kandidatane, som blir vurdert i full openheit på NRK Sogn og Fjordane i beste sendetid. Og så vil altså ein av kandidatane få ein sjekk på 100.000 blanke kroner utdelt på Balejazz fredag 11. mai 2012.

Les meir om “Årets kultur-idé” her

Men kva med dei 34 andre kandidatane til “Årets kultur-idé”? Jo, dei tek vi med i den ordinære gåvetildelinga, slik at sjansen er like stor for utteljing ved å søkje via “Årets kultur-idé” som gjennom søknadsskjemaet her på våre sider. Så om det ikkje vert ein sjekk på Balejazz, kan det hende det blir gåve til prosjektet likevel…

Gåvene til dei som har søkt “forenkla søknad” (under 10.000 kroner) vert annonsert på desse sidene frå ca. 1. april. (Har de søkt seinare enn 1. mars, vil det sjølvsagt annonserast seinare; ca. 4 veker etter at du sendte søknaden)

Gåvene til dei som har søkt “fullstendig søknad” vert annonsert på desse sidene frå ca. 1. mai.

…og dei som har søkt “årets kultur-idé” – får høyre på NRK Sogn og Fjordane…

 

Nye kurs i søknadsskriving: Solund og Lærdal

Søknadskursa i Førde og Måløy vart ein kjempesuksess med til saman 150 deltakarar (!), og neste kurs er allereie planlagt: det blir kurs i Solund 26. mars, og så står Lærdal for tur 10. april.

Ca. 100 deltakarar i Førde og nær 50 i Måløy fekk med seg kursa i søknadsskriving 27. og 28. februar. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive, og mange peikar på at kursa bidreg med kunnskap som er matnyttig og håndfast, og med konkrete døme som er lette å tilpasse til eiga verksemd.

Kurset i Solund blir på Solund Leilegheitshotell på Hardbakke kl. 18.00-21.00 måndag 26. mars. Påmelding på epost til irene.vaulen@solund.kommune.no.

Kurset i Lærdal blir i kultursalen på Lærdal Kulturhus kl. 18.00-21.00 torsdag 10. april. Her kan du laste ned invitasjon til kurset. Påmelding på epost til helge@jordeple.no.

Er oppslutnaden og tilbakemeldingane like positive på kursa framover, voner vi å fortsetje å halde kurs rundt om i fylket om vi blir invitert. Lokal kursvert må ha lokale og straum, resten er gratis.

Kursa er gratis og kan tingast på post@sparebankstiftinga.no