Strategidokument for Sparebankstiftinga

Openheit er svært viktig for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, difor har vi lagt ut vårt strategidokument for 2015-2018 her på nettsida vår. Les meir

Neste søknadskurs: Florø mandag 23. februar

Ei veke før hovud-søknadsfristen vår 1. mars arrangerer vi søknadskurs i Florø. Tidspunktet for kurset er tilpassa lokale båtruter i Florø.

Vi fortset våre gratis kurs i søknadsskriving, og neste kurs-stad er Florø. Som før går kurset ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda si, men vi har hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma.

Kurset går av stabelen i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale i Florø klokka 1730-1930 måndag 23. februar og er gratis. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no. Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass.

Vi serverer litt å bite i frå kl 1700, og held elles opent for spørsmålsrunde/ individuell rettleiing etter 1930 dersom det er ønskjeleg. Vel møtt!

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? Når vi spurte våre kursdeltakarar om dette, svarte 54% at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.

Søknadskurs Nordfjordeid torsdag 29. januar

Neste kurs i søknadsskriving blir på Bryggen Hotel i Nordfjordeid 29. januar

Vi fortset serien med våre populære gratis kurs i søknadsskriving. Denne gongen er det Nordfjordeid som får besøk. Som før går kurset ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda si, men vi har hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma.

Kurset går av stabelen på Bryggen Hotel klokka 1800-2100 torsdag 29. januar og er gratis. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no . Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass.

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? Når vi spurte våre kursdeltakarar om dette, svarte 54% at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.

Søknadskurs i Førde onsdag 7. januar

Gratis kurs i søknadsskriving i regi av musikk-organisasjonen Brak

Våre kurs i søknadsskriving har vore svært populære – og effektive, skal vi tru tilbakemeldingane frå tidlegare deltakarar: Over halvparten fortel at kursa har hjelpt dei til å hente inn meir pengar til verksemd i lag og foreningar.

Denne gongen er det musikk-organisasjonen Brak som står for kurset. Dei vil dermed supplere kursinnhaldet med informasjon om fond og støtteordningar som er særleg interessante for dei som syslar med musikk; både som lag, utøvar, produsent eller utgivar. Men Sparebankstiftinga sitt bidrag går i hovudsak ut på korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kva fagområde ein syslar med. Kurset vil dermed vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda. Sparebankstiftinga har naturlegvis hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma, men gründerar og andre næringsdrivande som har planar om å generere midlar til verksemda har òg fortalt at dei finn kurset relevant.

Kurset går av stabelen på Scandic Sunnfjord Hotell (tidlegare Rica Sunnfjord) klokka 1700-2100 onsdag 7. januar og er gratis. Påmelding via Brak si heimeside. Påmeldingsfrist 5. januar.

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? I 2013 spurte vi våre kursdeltakarar om dette; 54% svarte at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.

Her er gåvetildelingane for hausten 2014

Har de fått gåve? Sjå fullstendig liste for haustens søknadsrunde her

Nedanfor kan du sjå kven som har fått gåve i gåverunden med søknadsfrist 1. september (NB gåver til såkalla “forenkla søknadar” vert omsøkt og tildelt fortløpande, og er ikkje med i oversikta).

I år har vi òg delt inn lista etter regionar; dvs etter regionane som banken vår SSF nyttar internt. Denne fordelinga er jo ikkje veldig kjent, så gi oss gjerne ei tilbakemelding på Facebook-sida vår om dette var OK eller ikkje!

Fylkesdekkande søknadar:  
Søkjar Vedtak
Helse Førde HF 500000
Redningsselskapet Sogn og Fjordane 70000
SENTER MOT INCEST OG SEKSUELLE OVERGREP SOGN OG FJORDANE 100000
SOGN OG FJORDANE SKIKRINS 50000
NHO SFj 70000
IB utdanning i regi av UWC 200000
Ytre Fjordane:   
Søkjar Vedtak
Idrettslaget Frøy 35000
KALVÅG SKULEMUSIKK 10000
SØRSTRAND FOLKEPARK 140000
Almenning IL 25000
Ålfoten Hornmusikk 10000
Selje Sør KFK-KFUM speidaran 20000
SKAVØYPOLL SKULEMUSIKKORPS 20000
BREMANGER SKULEMUSIKK 10000
BRANDSØY SPORTSKLUBB 50000
Nordfjord:  
Søkjar Vedtak
Skålastilaget 30000
Nyvoll borettslag 10000
Stårheim IL 50000
OLDEN UNGDOMSLAG 27000
Kulturleiargruppa i Nordfjord 30000
LEIKARINGEN I GLOPPEN 10000
Hornindal og Markane Skyttarlag 30000
HORNINDAL UTVIKLINGSLAG 10000
Nordfjord Team Skiskyting 30000
STIFTINGA NORSK COUNTRYTREFF 20000
INNVIK BYGDEUTVIKLING 10000
FJÆRA BLUESKLUBB 35000
SPELEMANNSLAGET FJELLJOM 10000
Indre Sunnfjord:  
Søkjar Vedtak
Øvre Steinen Grendalag 15000
GAULAR IDRETTSLAG 100000
HAUKEDALEN BYGDEUTVIKLINGSLAG 25000
JØLSTER KFUK-KFUM-SPEIDARAR 20000
IDRETTSLAGET HØYANG 50000
FØRDE IDRETTSLAG HANDBALL 50000
FØRDE KYRKJELEGE FELLESRÅD 30000
LANGELAND SKI- OG FRITIDSSENTER AS 150000
GAULAR SKYTTARLAG 50000
KJØRSLEMØBAKKANE BURETTSLAG 25000
Førde IL Turn 30000
SLÅTTEBAKKANE GRANNELAG 25000
HOLTEN GRANNELAG 15000
JØLSTER TRENINGSSENTER SA 50000
VETTREIENE BUSTADFELT 25000
NAUSTEDALEN SPELEMANNSLAG 30000
Indre Sogn:  
Søkjar Vedtak
FRES FESTIVAL 50000
ÅRDAL PISTOLKLUBB 30000
LEIKANGER SIKRINGSRADIOLAG 50000
SydVest:  
Søkjar Vedtak
HYLLESTAD SKYTTARLAG 10000
HOLMEDAL UNGDOMSLAG 10000
DALE IDRETSLAG 25000
ÅFJORDDALEN UNGDOMSLAG 10000
SOLUND SKULEMUSIKKORPS 10000
SOLUND IL 10000
HYLLESTAD IDRETTSLAG 25000
SOLUND SKYTTARLAG 10000
SKIFJORD GRENDELAG 10000
Tusenårsstaden Gulatinget 25000
Flekke ungdomslag 25000
VÆRLANDET IDRETTSLAG 30000
Askvoll Ungdomsklubb 10000
Ytre Sogn og Sunnfjord brassband 5000

Klar for nye gåvetildelingar!

Onsdag 5. november offentleggjer vi haustens gåvetildeling frå Sparebankstiftinga. Styret i stiftinga beslutta å dele ut 2.849.000 kroner av utbytet frå banken denne gongen. Les meir

Vi startar leitinga etter “Årets Gründer 2014”

Foreslå di bedrift, eller din favoritt, innan 1. oktober for å vere med i tevlinga om tittelen – og 100.000 kroner! Les meir

Søknadskurs i heile fylket!

Vi har fått ei rekkje bestillingar på søknadskurs sidan vi sendte ut invitasjon om dette i går, så no blir det kurs over heile fylket fram mot søknadsfristen vår 1. september. Sjå oversikt over alle kursa her.

Søknadskurs i august (lista blir oppdatert fortløpande):

Dato Kommune Kursstad Lokal arrangør
Ons. 20.08 Fjaler Ungd.huset Trudvang Sparebankstiftinga Fjaler & Dale UL
Tor. 21.08 Hornindal Kommunehuset Smia Hornindal kommune
Mån. 25.08 Førde Storehagen Atrium Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Tys. 26.08 Sogndal Fosshaugane Campus Sogn Næring
Ons. 27.08 Vågsøy Rådhuset Vågsøy kommune
Tor. 28.08 Hyllestad Vonheim i Sørbøvåg Øen Grendalag
Tor. 09.10. Flora Comfort hotell Florø Fram Flora

Felles for alle kursa: tidspunkt kl 1800-2100. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no – hugs å presisere kvar/når du vil delta (ingen frist, men atterhald om ledig plass. Førstemann til mølla). Enkel servering. Kursmateriell blir utlevert på kurset. Kursa er gratis.

Kurset tar for seg korleis ein søknad om tilskot/gåver bør sjå ut, korleis strukturere søknaden, kva ein bør ha med, vedlegg, vilkår for tildeling osb. Kurset er utvikla spesielt med tanke på frivillige lag og foreiningar, men er relevant også for andre som treng ekstern finansiering til si verksemd.

Det blir elles fleire kurs rundt om i fylket framover som blir annonsert på desse sidene samt på Facebook etter kvart som stad/dato vert stadfesta.

Vel møtt!

Første søknadskurs på plass

Haustens første søknadskurs blir i Storehagen Atrium i Førde måndag 25. august.

I går gjekk vi ut med tilbod om gratis kurs i søknadsskriving, og allereie i dag vart første kurs beramma i Førde. Vertskap for første kurs er Sogn og Fjordane fylkeskommune (v/rådgjevar for fysisk aktivitet Atle Skrede), og kurset vert halde i møterommet i 1. etasje frå klokka 1800 til 2100. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no (ingen frist, men atterhald om ledig plass. Førstemann til mølla). Det blir enkel servering på kurset.

Kurset er utvikla med tanke på frivillige lag og foreiningar, og skal gjere dei betre rusta til å søkje om ekstern støtte til verksemda.  Elles går vi naturlegvis gjennom Sparebankstiftinga sine vilkår for å gje gåver, men kurset for øvrig fokuserer på korleis ein god søknad ser ut, kva dokumentasjon ein bør legge ved, korleis ein bør strukturere søknaden osb. Slikt sett er kurset relevant for nær sagt alle som søkjer ekstern finansiering til si verksemd.

Sparebankstiftinga fekk stor respons når søknadskurset vart lansert for to år sidan, og første kurs mønstra heile 120 deltakarar. I løpet av eit år deltok kring 600 på kurset, som fekk svært gode skussmål. Vi er overtydd om at kvaliteten på søknadane hit til Sparebankstiftinga er betre som følgje av kursa, og voner dette også vil styrkje fylkets lag og foreiningar i kampen om nasjonale støttekroner på sikt.

 

Vil du ha gratis søknadskurs på heimebane?

Vi startar opp att våre populære kurs i korleis skrive gode søknadar om støttemidlar. Kursa varer i ca 3 timar, og Sparebankstiftinga stiller både kurshaldar og møtemat.

Kort etter oppstarten av Sparebankstiftinga i 2011 vart det skipa søknadskurs i Førde, som mønstra heile 120 påmelde og fekk veldig gode tilbakemeldingar. Tilbodet vart difor vidareført, og i løpet av eit år hadde meir enn 600 eldsjeler i fylket vore på kurs.

Sparebankstiftinga vil difor vidareføre kursa etter same mal som før: berre du ordnar tak over hovudet til kring 20 kursdeltakarar for ein kveld – så kjem vi til deg; kor som helst i Sogn og Fjordane fylke. Finn ein dato som passar, og ring eller send ein mail hit til oss. Kursa er vanlegvis frå kl. 1800 til 2100 på kvelden, men dette kan sjølvsagt tilpassast. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre lag/eldsjeler (så langt det er plass).

NB ver rask dersom du ønskjer kurs før søknadsfristen 1. september – vi treng helst to vekers planleggingstid pr kurs. (men kursa er tilgjengelege i heile haust)

Men hjelper søknadskursa? Til sjuande og sist er det jo sjølve tiltaket som skal vurderast, og ikkje søknadsformuleringa. Men kurset gir deg hjelp til å fortelje om tiltaket på ein klar og tydeleg måte, og gjere det lettare å få auge på kvalitetane i tiltaket. I vår undersøking frå 2013 svarte ca 54% at kurset var “veldig bra” – medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda – også frå andre støtte-ytarar enn Sparebankstiftinga. Så vi kan med handa på hjartet seie at søknadskurset har vore til god hjelp for mange!