Oppføringer av paal

Sogn og Fjordane får sitt eige musikkfond!

Sparebankstiftinga støtta i vår musikkorganisasjonen Brak med 300.000 kroner. Til vår store glede har dei brukt midlane til å opprette eit musikkfond som skal støtte utøvande musikarar og arrangørar i Sogn og Fjordane.

Rapport for tidlegare mottekne gåver

Frå og med 2012 er det krav til at ein sender inn rapport for alle mottekne gåver frå Sparebankstiftinga. Heldigvis har vi gjort det veldig enkelt. Les korleis du rapporterer for gåva her. For gåver tildelt frå og med 2012 rapporterer du på same måten som du søkte om midlar; ved å logge deg inn på søknadsportalen […]

– Pengane skal gå rett i dass

Vinnarane av konkurransen «Årets kultur-idé 2012» som Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane har køyrt i vår, vart som kjent Utkantfestivalen i Skjerjehamn. No har dei bestemt seg for korleis pengane skal brukast. Så glade vart Njål Hansen Wilberg (t.h.) og festivalsjef Viggo Randal (Foto: Sondre Dalaker/NRK)  Det var «på direkten» på NRK Sogn og […]

Søk Furorestipend

Sparebankstiftinga vidarefører dei personlege Furorestipenda som ein tidlegare har kunna søke Sparebanken Sogn og Fjordane om, og opprettheld dermed ei av dei mest profilerte stipendordningane i Sogn og Fjordane. Skihoppar Anders Fannemel fekk hovudstipendet i 2010 SØKNADSFRISTEN FOR FURORESTIPENDET ER DIVERRE UTE FOR 2012. NESTE RUNDE FURORESTIPEND VERT UTLYST VÅREN 2013. Kven kan søkje? Sparebankstiftinga […]

Søknadskurs i Gulen og Florø

Sparebankstiftinga sine kurs i søknadsskriving fortset si rundreise kring i fylket – og hugs at du kan tinge kurs gratis om du ikkje er i Gulen 4. juni eller i Florø 11. juni. Vi er overvelda av den store oppslutnaden på kursa i søknadsskriving, og styrka i trua på at dette bidreg til å få dei frivillige laga i […]

Gåvetildelingar våren 2012

No offentleggjer vi  kven som har fått gåver frå Sparebankstiftinga så langt i år. Sparebankstiftinga har lagt ned ein svært grundig innsats i den vanskelege utvelginga av gåvemottakarar. Mellom anna med gode råd og tips frå Sparebanken Sogn og Fjordane, som har mange års (og mange millionars) røynsle med å tilbakeføre overskotet frå Sparebanken tilbake til dei […]

Generalforsamling i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Den 12. april kl 12.00 vart det heldt ordinær generalforsamling i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale i Førde (3 etasje). Saker som vart handsama av generalforsamlinga 2012: 1. Registrering og opning av generalforsamlinga ved styreleiar 2. Val av møteleiar 3. Val av referent 4. Godkjenning av innkalling og sakliste 5. Godkjenning av 2 medlemer til […]

No kan du avgjere “Årets kultur-idé”

Vi har saman med NRK Sogn og Fjordane etterlyst “Årets kultur-idé” i fylket. No er 10 finalistar klare, og du kan avgjere kven som får 100.000 blanke kroner til å gjennomføre sitt prosjekt. Det er Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane som saman står bak konkurransen “Årets kultur-idé 2012”, og 35 ambisiøse idéar låg på […]

Kurs i søknadsskriving i Florø 17. april

Til Sparebankstiftinga – og vonaleg foreningane – si store glede, er det fortsatt stor interesse for kurset i søknadsskriving. Neste kurs i rekkja er planlagt på Flora Ungdomsskule tysdag 17. april klokka 1800-2100. Kurset i søknadsskriving er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga og fylkeskommunen, og som tidlegare meldt var det formidabel interesse for dei kursa vi heldt […]