Har delt ut nesten 60 millionar

For to år sidan var det 28 millionar, i 2022 var det 40 millionar, og i år nærare 58 millionar kroner. Og neste år vil gåvetildelingane truleg bli endå større. -Det er utruleg stor aktivitet i frivillig sektor i Sogn og Fjordane, seier Yngve Thorsen.
Den nye leiaren for gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kan konstatere at ved nyttår, så er nærare 58 millionar kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane blitt delt ut til allmennyttige formål i heile «gamlefylket».

Meir enn 300
-Det er meir enn 300 forskjellige aktivitetar og organisasjonar som har fått tildelt gåvemidlar i år. Dette gjeld tiltak innan frivillig arbeid, forsking, utdanning og overordna næringsutvikling som har fått støtte av stiftinga. Berre sidan 2021 har dette meir enn dobla seg, med ein auke frå 28 millionar til dagens 58 millionar kroner. Med dei utsiktene vi har i dag, så vil truleg denne summen auke også i 2024. No håpar vi at mange kastar seg rundt og leverer gode søknadar med tanke på tildeling neste år, seier Thorsen og viser til at neste ordinære søknadsfrist er 1. mars.

Stor innsats på dugnad
Sparebankstiftinga legg stor vekt på å stimulere til frivillig arbeid, og er oppteken av at det skal ligge ein god dugnadsinnsats i prosjekta som får tildelt gåvemidlar.

-Frivillig sektor er sjølve limet i svært mange lokalsamfunn. På denne måten vert det skapt aktivitet, samhald, integrering, trivsel og ikkje minst bulyst. Dette er sjølve kjernen i dei fleste frivillige lag og organisasjonar. Dette er noko vi legg stor vekt på når gåvemidlane skal tildelast, seier direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Spent på framtida
Når tildelingane i år har nærma seg 60 millionar kroner, så skuldast det i følgje Klakegg at tiltakslysta for tida er svært stor i frivillig sektor i Sogn og Fjordane.

-Vi var usikre på korleis korona-pandemien ville påverke det frivillige arbeidet i Sogn og Fjordane. I følgje nasjonale undersøkingar ser vi at mange lag og organisasjonar opplever fråfall av medlemmer og utfordringar med å rekruttere til frivillige verv. Dette er noko også vi i Sparebankstiftinga har registrert i vårt arbeid, seier Klakegg og er spent på korleis utviklinga vil vere framover.

-Dette er noko av grunnen til at vi vil stimulere ekstra til frivillig arbeid, og er oppteken av at det skal vere god dugnadsinnsats i prosjekta som får tildelt gåvemidlar, seier han.

Historisk
Det er 201 år sidan den første sparebanken vart oppretta i Norge, og 181 år sidan Førde Sparebank, som den første i Sogn og Fjordane, vart oppretta (1842). Å gje gåver til allmennyttige formål frå overskotet til sparebankane har derfor ein lang tradisjon i Norge.

Sparebankstiftinga er hovudeigar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og det er frå overskotet i banken at stiftinga deler ut gåver.

-No håpar vi det vert sparka i gang nye aktivitetar og prosjekt i 2024. Alle frivillige lag og organisasjonar er velkomne til å søke Sparebankstiftinga om gåvemidlar, avsluttar Hallvard Klakegg og Yngve Thorsen.

Her er link til alle gåvene som er delte ut i 2023:

https://www.sparebankstiftinga.no/om-oss/tildelte-gaver/

Kontaktpersonar;
Hallvard Klakegg (4816 7058) eller Yngve Thorsen (90802575)

 

Desse ni har fått Furorestipend i år

Ein hjerneforskar, ein klesdesignar, eit friidrettstalent og operasanger. Spennvidda blant årets Furorevinnarar er stort, og til saman er det delt ut 450 000 kroner til framifrå ungdom frå Sogn og Fjordane i 2023.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har heilt sidan 2010 delt ut Furorestipend til talentfulle utøvarar frå Sogn og Fjordane i kategoriane kultur, idrett og «opa klasse». Dette er eit personleg stipend til ungdom i alderen 15 til 30 år, og er for tida på 50 000 kroner. Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Mange kjende
Gjennom desse tretten åra har mange profilerte personar frå Sogn og Fjordane fått denne støtta på vegen mot suksess. Og ofte tidleg på karrierestigen sin. Det er nok å nemne namn som Johannes Thingnes Bø (2011), Elise Thorsnes (2011), Sigrid Heien Hansen (2014), Thea Bjelde (2020), Arne Henning Årskaug (2015), Peter Førde (2014), Erlend Apneseth (2010), Anders Fannemel (2010), Thea Hjelmeland (2011), Sigrid Heien Hansen (2014), Tarjei Bø (2009), Sivert Mannsverk (2022), Line Dybedal (2012) og Gjøran Tefre (2012). Berre for å nemne eit tilfeldig utval.

Heile lista med tidlegare Furorevinnarar finn du her:

https://www.sparebankstiftinga.no/sok-om-midlar/furorestipend/

Årets vinnarar
I 2023 er det delt ut totalt ni stipend. Her er årets Furorevinnarar, og nokre få ord om dei:

Amanda Kvammen (Sunnfjord)-songtalentet frå Sunnfjord satsar stort i ung alder, og som 16-åring er ho allereie på plass på musikklinja på Bergen Private Gymnas for å perfeksjonere seg som songar. Målet er vidare å komme inn på Griegakademiet i Bergen. Ho kom også til den nasjonale finalen i Ungdommens musikkmesterskap i 2023 saman med 22 andre talentfulle utøvarar. Ho fekk lanseringsstipend 17. mai.

Erik Hovden Flataker (Kinn)- fotballspelaren med fortid i klubbane Skavøypoll, Måløy og Sogndal slo gjennom for alvor i 2023. Sogndal-trenar Tore André Flo nytta han i mange kampar i OBOS-ligaen, og han scora eit mål då Norge endeleg var kvalifisert til eit EM-sluttspel i G19-klassa. Her kom Norge heilt til semifinalen. På tampen av året fekk han også overrekt Tullenprisen på fotballtinget. Han fekk lanseringsstipend 17. mai.

Erlend Moen Taule (Sunnfjord)- førdianaren forskar på hjernekreft, og er stort sett å finne på laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. I forskingsgruppa til Frits Thorsen jobbar han med å teste korleis diverse legemiddel kan påverke utviklinga av kreftceller i hjernen. Han har delteke og presentert forsking på fleire tilstellingar i Norge og utlandet. Sidan 2020 har han også undervist psykologi- og medisinstudentar i hjerneanatomi og hjernedisseksjon. Han fekk prisen i «opa klasse».

August da Silva Sveen (Årdal)- friidrettstalentet som er i ferd med å ta over arven etter mange profilerte mellomdistanseløparar frå Sogn og Fjordane. Har allereie representert Norge ved fleire høve, seinast i EM i terrengløp i desember 2023. Som Furorevinnar får han no høve til å gjennomføre fleire høgdesamlingar til vinteren.

Ylinn Tennebø (Kinn)- den fotrappe fotballspelaren frå Vågsøy har gått gradene frå lokalfotballen i Måløy og Tornado Måløy via Kaupanger, til Avaldsnes før ho dei siste sesongane har spelt på Norges beste damelag, Vålerenga. Har spelt på alle dei norske aldersbestemte landslaga, og har som mål å komme inn på A-landslaget og bli profesjonell fotballspelar i utlandet.

Helena Bjarkadottir (Bremanger)- operassongaren frå Bremanger har i mange år hatt klare mål om si musikkframtid. Ho har gått musikklinja på Firda vgs, Griegakademiet i Bergen, Toneheim folkehøgskule, teke bachelor i Stavanger og masterutdanning i Skotland. I dag er 28-åringen praktikant ved Den Kongelege Danske Opera i København, og skal synge den kjende figuren Kate Pinkerton i Madama Butterfly av Puccini med verdsstjerner til våren.

Mads Søreide (Gloppen)- den unge klesdesignaren frå Gloppen har allereie markert seg sterkt med sitt klesmerke Cohmé. Etter at han som 16-åringen flytta til Oslo, har han fått kle opp profilar som Sigrid S, Marion Ravn, Marte Stokstad og Alexandra Joner. Og i desse dagar har 20-åringen hatt fotoshoot med fire forskjellige av hans antrekk med modellen Amalie Snøløs i Nobelsuiten på Grand Hotell i Oslo.

Øystein Løken Bergum (Sunnfjord)- volleyballspelar i mange år i Førde, og spelar for tida på Oslo-klubben Koll. Er fast libero på landslaget, og 28-åringen har som mål å kvalifisere Norge til EM i 2026. Kvalifiseringskampane går sommaren 2024 og sommaren 2025. Har også hatt mange andre oppgåver, som til dømes trenar for aldersbestente lag i moderklubben Førde VBK. Er kåra til Norges beste libero (forsvarsspelar) i tre sesongar.

Kabiito Amundsen (Stad)- kom heilt til semifinalen i Norske Talenter på TV2 i 2023 med sitt eminente fingerspel på gitar. I kvartfinalen imponerte 20-åringen dommarane så mykje at han fekk «Gullknappen», som gav han direkte plass i semifinalen. Her imponerte han også fagdommarane, men fekk ikkje nok stemmer frå sjåarane til å nå heilt til finalen. Kabiito har budd både på Nordfjordeid, i Førde og Bergen, og er nok ein gitarist vi kjem til å høyre meir frå.

Suksessen starta i Sogn og Fjordane

For 7 år sidan kom idéen om dagsturhytter. No er det snart 200 slike hytter i heile landet til glede for fellesskapet, og som er finansiert gjennom eit spenstig samarbeid mellom det offentlege og det private.

Då Sparebank 1 SMN for kort tid sidan vedtok å løyve 11,4 millionar kroner for å fullfinansiere bygging av 38 dagsturhytter i Trøndelag, vart det lagt nok ein stein til grunnmuren rundt dagsturhyttene. Prosjektet såg dagens lys i 2016 i Sogn og Fjordane med fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som initiativtakarar. Målet for sju år sidan var ei dagsturhytte i kvar kommune i Sogn og Fjordane. Nyheita om 38 dagsturhytter i Trøndelag viser berre at dagsturhytte-suksessen vandrar sin veg gjennom heile kongeriket.

Hytter på tur

Etter at hytte-suksessen starta i Sogn og Fjordane med 26 hytter, har både Hordaland og Rogaland kasta seg på den same idéen. Det nye Agder fylke valde ein eigen utsjånad på hyttene, men elles bygd på same lest. Det gjorde også Innlandet fylke, men når Trøndelag no går for å følgje opp dagsturhytte-suksessen, så har dei valgt å gå for den opphavelege utsjånanden.

-Det er sjølvsagt ikkje avgjerande korleis hyttene ser ut. Fylkeskommunane har teke utgangspunkt i den same modellen, sjølv om hyttene ser litt forskjellige ut. Men når Trøndelag no går for same utsjånad som dei første hyttene, så betyr det ein heilskap i området frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. No manglar vi berre litt i Møre og Romsdal, smiler Atle Skrede i Vestland Fylkeskommune som av mange også er sett på som dagsturhyttas far i Norge.

Vart raskt suksess

Skrede er oppteken av å framheve sparebankane og sparebankstiftingane sin enormt viktige posisjon bak suksessen. Noko også direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane understrekar:

-Ja, då ideen dukka opp i 2016 tok det ikkje lang tid før vi forstod kva suksess dette kunne bli. No etter sju år ser vi at forskjellige sparebankar og sparebankstiftingar har bidrege med fleire titals millionar for å realisere dagsturhyttene. Vel så viktig har det også vore at gåvemidler frå overskotet til sparebankane har vore utløysande til mellom anna fleire titals millionar i spelemidler. Og kanskje det viktigaste vi ser i dag er det enorme engasjementet og dugnadsinnsatsen som blir skapt rundt dagsturhyttene der dei har blitt etablerte, seier Klakegg og er svært glad for at når Trøndelag står for tur, så har snart alle i Kongeriket tilgang til ei dagsturhytte.

-Vi hadde sterk tru på prosjektet då det var lansert i 2016, men må vedgå at suksessen har blitt langt større enn kva vi trudde. Det viktigaste er at våre økonomiske bidrag har vore med på å realisere ideen. Og at det i dag snart vil vere innpå 200 dagsturhytter i heile Sør-Norge er berre kort og godt fantastisk, seier Klakegg.

Stiftinga har gitt nærmare 10 millionar kroner i gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til dagsturhytteprosjektet i Vestland fylke.

Eigarskap til hytta

Og akkurat samarbeidstanken er noko Atle Skrede understrekar som noko av forklaringa bak suksessen:

-Utan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sin vilje til å følgje opp ideen økonomisk, hadde dette aldri blitt ein realitet. No har dette blitt ein spenstig finansieringsmodell der det er eit tett og forpliktande samarbeid mellom det offentlege og private. Fylkeskommunen, kommunane, Sparebankstiftingane (eller bankane), Norsk Tipping og andre private midler gjer det mogleg å realisere dette. Totalt er det snakk om nærare 350 millionar kroner i investeringsmidler. Dessutan har eit samarbeid mellom fylkeskommune og kommune vore viktig med tanke på rask framdrift i anbodsprosessen, fortel Atle Skrede og held fram slik:

-Kommunane står med ansvaret for hyttene, medan det er frivillige som driftar dei. Dette konglomeratet av instansar involvert gjer at mange føler ansvar, og vi ser at bruken av hyttene har skote i veret, seier Skrede og kan fortelje at nokre hytter har mange tusen besøk i løpet av året og at dagsturhyttene har for mange blitt ein viktig møteplass i nærområdet.

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Søk om midlar i Inkluderingsfondet

Visste du at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit eige inkluderingsfond? Via den lokale klubben eller laget ditt kan du søke om midlar til å dekke for eksempel treningsavgift og utstyr. Målet med fondet er å hindre utanforskap og fråfall blant barn og unge i Sogn og Fjordane.

Mange kjenner på auka kostnader, og at dette kanskje går ut over familieøkonomien. Inkluderingsfondet skal hindre at familieøkonomien blir ei barriere for at barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar. Idrettslag og andre frivillige organisasjonar kan søke om midlar frå fondet til å hjelpe medlemar som har behov for å bli inkludert eller er frå familiar med vanskelegstilt økonomi.

Organisasjonar kan søke om å få midlar til å dekke til dømes medlemsavgift, treningsavgift, deltakravgift og nødvendig personleg utstyr til medlemar som er i målgruppa. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har i samarbeid med Vestland idrettskrets lansert inkluderingsfondet.

Karrierestigen er kortare her

Vestlandsforsking konkluderer med at det er mogleg å få ei raskare karriereutvikling i distrikta enn kva som er tilfelle i større byar. –Funna våre støttar denne påstanden, seier Kristin Løseth og Daniel Furberg i Vestlandsforsking då dei la fram sin rapport på rekrutteringskonferansen «Folka» på Skei 25. oktober.

Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har bestilt forskingsoppdraget, og direktør Hallvard Klakegg var svært nøgd med resultatet som vart framlagt.

–Vi har mange gonger høyrt myten om at det er lettare å klatre på karrierestigen i distrikta enn i byane. Vi ville gjerne få dokumentert dette så godt som mogleg, og er svært glade for at Vestlandsforsking finn støtte for myten i si undersøking. Dette er eit fortrinn som bedriftene i Sogn og Fjordane absolutt bør nytte seg av, seier Klakegg etter at dei to forskarane hadde ein gjennomgang av dei viktigaste trekka i forskingsrapporten føre 160 deltakarar på rekrutteringskonferansen «Folka».

Heile rapporten kan du finne her

Funna støttar myten

Som bakteppe for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt ønske om å få undersøkt dette nærare, ligg det faktum at det er ei veksande utfordring å få tak i, og å halde på, nok og rett kompetanse i Distrikts-Norge. På same tid har ein fleire døme der det vert hevda at karriereutviklinga kan gå raskare ute i distrikta. Noko som blir forklart med breiare arbeidsoppgåver, meir ansvar og tettare band til leiinga i bedriftene på mindre plassar.

Dette finn forskarane støtte for i undersøkinga.

–47 prosent av respondentane opplever at lokalisering i Sogn og Fjordane påverkar tempoet i karriereutviklinga «noko positivt» eller «positivt». Materialet underbyggjer altså myten om raskare karriere i Sogn og Fjordane, seier Løseth.

Rapporten viser dessutan at eit fleirtal av respondentane opplever større nærleik til leiinga i organisasjonen, og kjensla av meir ansvar og større breidde i arbeidsoppgåvene enn dei ville fått i storbyane.

–Her er det viktig å påpeike at heile 85 prosent av dei som valde å svare på undersøkinga har tre år utdanning eller meir, og at dei i hovudsak arbeider i dei største organisasjonane i regionen. Funna våre kan ikkje generaliserast til å gjelde alle tilsette ute i distrikta.

Ikkje berre positivt

­–Vi fekk også tilbakemeldingar på at små miljø kan føre til uheldige prosessar, der kjennskap og venskap får stor innverknad på tilsettingsprosessar og lønsforhandlingar, seier forskarane.

Dette kan kome av at færre individ tek avgjerder knytt til tilsettingar ute i distrikta. Kort veg til leiinga er altså ikkje alltid er å sjå på som positivt.

–Det kan vere kort veg for nokon, og ikkje for alle. Det å komme i ein utfordrande relasjon til leiinga kan vere krevjande i små miljø, der leiarane ofte sit lenge i jobben. Når det dessutan er få alternative stillingar i nærleiken, så kan det gjere situasjonen vanskelegare, fastheldt Daniel Furberg.  Forskarane viste til at åremålsstillingar og kortare tilsettingsperiodar kan vere tiltak for å førebygge dette.

Eit sætrekk som blir nemnt ved å jobbe i distrikta, er at arbeidstakarane opplever å vere meir synlege fordi dei bur og jobbar i små lokalsamfunn. Dette kjem i tillegg til dei andre positive særtrekka ved distriksarbeidslivet, som er færre kandidatar på utlyste stillingar, meir ansvar og nærleik til dei tek viktige avgjerder, konkluderte forskarane på rekrutteringskonferansen «Folka».

 

På bildet er forskarane Kristin Løseth og Daniel Furberg i samtale med Yngve Thorsen og Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Yngve er ny gåvesjef i Sparebankstiftinga

Yngve er ny gåvesjef

Yngve Thorsen frå Førde er tilsett som leiar for gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigaren til Sparebanken Sogn og Fjordane og eit viktig formål til stiftinga er å dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak i regionen.

Yngve Thorsen får ei sentral rolle i arbeidet med å tildele gåvemidlar og vidareutvikle gode tiltak for regionen. Sparebankstiftinga har 60 millionar kroner i gåvebudsjettet i 2023.

– Eg er svært glad for tilliten, og ser verkeleg fram til å vere med å utvikle stiftinga sitt arbeid vidare. Sparebankstiftinga spelar ei svært viktig rolle i høve til samfunnsutvikling og kultur, og representerer oljen i maskineriet, som skapar attraktive lokalsamfunn og bulyst i regionen. Eg gler meg stort til å ta fatt på dette viktige oppdraget, seier Yngve Thorsen.

Startar i haust

Thorsen har jobba i Coop Nordvest sidan 2018. Han startar opp i stillinga 1 oktober, og tek over stillinga etter Pål Fidjestøl som har flytta til Bergen.

-Det er med eit visst vemod at eg forlet Coop Nordvest, ein spennande organisasjon som eg er blitt ordentleg glad i. Likevel blir eg særleg motivert av Sparebankstiftinga sitt samfunnsoppdrag, og ser verkeleg fram til å vere ein medspelar til å løyse ut gode krefter i våre lokalsamfunn, fortel han.

Mange gode søkarar

Direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Hallvard Klakegg, fortel at det var stor interesse for stillinga, med godt over 30 søknader. Han er svært fornøgd med å få Thorsen med på laget.

-Yngve har både ein bakgrunn og personlege eigenskapar som vil passe veldig godt i denne jobben. Han har god erfaring frå organisasjonsarbeid på både lokalt, regional og nasjonalt nivå og i tillegg har han dei siste åra bygd seg erfaring og kompetanse innan næringslivet, seier Klakegg.

Han legg til at dei personlege eigenskapane til Yngve er minst like viktige.

-Yngve er flink med folk, har god gjennomføringskraft og er open og tillitsfull. Han er det vi kan kalle heil ved

Tilbyr utviklingsprogram for unge eldsjeler

ViteMeir og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane lanserer eit utviklingsprogram for unge eldsjeler. Målet er å gje desse eldsjelene inspirasjon og kunnskap om den viktige rolla som frivillig sektor spelar rundt om i lokalsamfunna i Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga, som kvart år deler ut titals millionar til lag og organisasjonar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, er initiativtakar og står for finansiering av programmet. Stiftinga er tydeleg på kvifor dei vil gjere dette.

– Frivillig sektor er juvelen i lokalsamfunna våre. Ingen er betre til å skape aktivitet, samhald, integrering, trivsel og bulyst enn summen av frivillige lag og organisasjonar. Denne juvelen må takst vare på og det er eit konstant behov for å rekruttere og motivere nye eldsjeler til innsats i frivillig sektor.  Vi håpar difor at eit slikt program kan bidra til det, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Mykje på programmet

Det er lagt opp til tre samlingar gjennom året. Første samling blir på ViteMeir på Kaupanger 7.-8. oktober. ViteMeir, som er arrangør for programmet, kan lokke med dyktige bidragsytarar og spennande aktivitetar.

– Rasmus Mo skal fasilitere samlinga, det skal vere teambulding, føredrag med Olav Tufte og rib-tur. I tillegg blir det førelesing og gruppearbeid innan organisasjonsarbeid, seier Heidi Breili Bøthun, som er leiar for sal og marknad på ViteMeir.

Ho legg til at det vil vere plass til om lag 30 deltakarar i det første kullet, og at målet er å gjere dette til eit årleg program slik at ein får kontinuitet og ei ny gruppe kvart år.

– Me opplever at lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane har veldig mange unge og dyktige medlemar som alt er blitt viktige eldsjeler i sin organisasjon. Målet vårt med denne satsinga er at desse ungdomane skal få ein møteplass for å bygge nettverk, del erfaringar, få inspirasjon og bygge kompetanse. Me vil at dei skal bli sett pris på, og dei skal utfordrast på å ta ansvar i eigen organisasjon. Det er denne generasjonen som etter kvart blir bærebjelken i frivillig sektor i Sogn og Fjordane, seier Klakegg.

– Stor fordel på eigen CV

Det er laga ei eiga heimeside til programmet; www.ungeeldsjeler.no og påmeldingsfristen er i første omgang sett til 31. august. Målgruppa er unge i alderen 18-30 år.

– Me håpar mange viser interesse for å delta, for me er sikre på at dette blir ei spanande og kjekk oppleving der ein skapar nettverk, får inspirasjon og godt fagleg påfyll. Det å kunne vise til tillitsverv i frivillig sektor er også ein stor fordel på eigen CV, avsluttar Heidi Breili Bøthun.

NYTT SAMARBEID. ViteMeir og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har utvikla eit utviklingsprogram for unge eldsjeler. Heidi Breili Bøthun i Vite Meir og Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga gler seg til å starte opp og håpar på mange deltakarar.

Fotballkretsen lanserer “Grønt Arrangement”

Denne veka lanserte NFF Sogn og Fjordane prosjektet Grønt Arrangement, som skal inspirere, hjelpe og belønne fotballklubbar og idrettslag til å ta gode miljøval og prioritere miljøet på sine arrangement. Det var Sparebankstiftinga som utfordra fotballkretsen, som aldri var i tvil om at dette var ei utfordring dei både måtte og ønskte å ta. Sparebankstiftinga har finansiert prosjektet, men også NFF Sogn og Fjordane har lagt inn betydeleg med ressursar for å få prosjektet på beina.

NFF Sogn og Fjordane har, saman med pilotklubbar og gode samarbeidspartnarar,  utarbeidd ei “verktøykasse” som fotballen (og etter kvart alle idrettslag) kan ta i bruk for å starte/styrkje sitt miljøarbeid. Med auka miljøfokus og gjennomføring av enkle miljøtiltak kan vi saman redusere miljøavtrykket vårt betydeleg i aktivitet og på arrangement.  Dette er også heilt i tråd med norsk idrett sine uttalte mål om å bidra til å nå FN sine bærekraftmål og redusere klimagassutslepp med 50% innan 2030.

“Grønt arrangement” fokuserer på miljøtiltak innan fem områder:

– innkjøp
– mat og servering
– avfall
– transport
– energi

Vi i Sparebankstiftinga synst òg det er viktig at miljøarbeidet blir motivert ute i klubbane. Satsinga vil ta høgde for at den einskilde klubb/idrettslag får økonomisk bidrag til å kunne prioritere arbeidet. Difor vil det følgje med eit motivasjonstilskot for klubbane som deltar i prosjektet. Sparebankstiftinga vil også vurdere å følgje opp med ytterlegare gåver til miljøtiltak i klubbane/idrettslaga som ikkje ligg inne i “pakken”.

Les meir om satsinga på NFF Sogn og Fjordane sine nettsider

Val til stiftinga si Generalforsamling

Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling

Er du kunde med innskot på over 500 kr i Sparebanken Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har som sine føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på e-post 8. mars, med to dagars svarfrist.

Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den 4, får ein varaplass.

Valet går av stabelen 8.-10. mars. For å stemme i valet må du vere myndig og ha hatt eit innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane på minst 500 kroner i dei siste 6 månadane før valet. I tillegg må du altså ha bustadadresse i Sogn og Fjordane.

Valnemnda sitt framlegg

Valnemnda er no ferdig med sitt arbeid, og har lagt fram følgjande framlegg til kandidatar:

Innstilt som fast medlem;

1) Kristin Svardal

Bustad; Florø

Alder; 42 år

Stiling i dag: CEO Hub for Ocean/Ocean HYway Cluster

Utdanning : Master of Management i Endringsleiing BI og Bacherlor i økonomi og administrasjon BI

Organisasjonserfaring:  Sivilforsvaret, Sekreteransvarleg Våt Moro, Dugnadsansvarleg J 13 Florø Sportsklubb.

 

2) Linda Hovland

Bustad: Dale i Fjaler

Alder; 55 år

Stilling i dag: Dagleg leiar Framtidsfylket AS

Utdanning: Marknadsføringsleiing BI

Organisasjonserfaring: Leiar Dale IL, varamedlem til styret i NHO Vestland.

 

3) Thomas Norheim Moen

Bustadadresse; Årdalstangen

Alder; 33 år

Stilling i dag; Dagleg leiar, Årdalsnett AS

Utdanning: Fagbrev IKT, 60 studiepoeng i arbeidsledelse.

Organisasjonserfaring; Trenar idrettslag, styreleiar Hugin Musikkforum, festivalsjef Målrock, kommunestyremedlem

 

 Innstilt som varamedlem;

4) Thea Flo

Bustad; Hjelledalen

Alder; 24 år

Stilling i dag;  Marknadskoordinator, Selstad AS

Utdanning;  Bachelorgrad Markedsføring og merkevareledelse, Høyskolen Kristiania                               

Organisasjonserfaring; Unge Høgre Stryn, studentunionen Høyskolen Kristiania

 

Øvrige valbare kandidatar

5) Stian Hofsludsengen        

Bustad: Sogndal

Alder; 32 år

Stilling i dag; Rådgjevar i Sogn Næring.

Utdanning: Fagbrev Dataelektronikarfaget

Organisasjonserfaring: Tidlegare Styremedlem Sogndal Røde kors, tidlegare Styreleiar Sogndal Fjellsport og tidlegare styremedlem Sogndal fjell og fjordsportsenter.

 

6) Vidar Hauståker

Bustadadresse; Flåm

Alder; 39 år

Stilling i dag: Driftdirektør Norway’s Best

Utdanning: Siviløkonom/revisor

Organisasjonserfaring: Kaupanger musikklag

 

7) Elias Slåtten

Bustad; Vassenden i Sunnfjord

Alder; 21 år

Stilling i dag; Student

Utdanning: Student ved Norges Handelshøyskole

Organisasjonserfaring: Unge Venstre Sunnfjord, 4H, trener barneidrett, fotball og friidrett.

 

8) Gro Gjerdevik

Bustad: Nordfjordeid

Alder; 47 år

Stilling i dag; Senter leiar Alti Nordfjord

Utdanning: Norsk Hotell høgskule

Organisasjonserfaring: Klubbrådgjevar i Ørn 4H i 10 år, tidlegare hjelpetrenar i Eid symjeklubb, styremedlem i Stad Vekst, og Eid Handel AS.

 

Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.

Godt val!

Digitalt søknadskurs m/fylkeskommunen 27. februar kl. 1800

Sparebankstiftinga sine gratis søknadskurs har vore populære blant frivillige lag som ønskjer råd og tips om korleis ein god søknad (både til stiftinga og “alle” andre stader) ser ut – men også hos oss i stiftinga, då det er ein flott arena for oss å lære meir om aktuelle behov, trendar og utfordringar i frivillig sektor.

Tidlegare år har vi vore på hektiske “søknadsturnéar” kringom i Sogn og Fjordane i forkant av søknadsfristane. Men vi rekk naturlegvis ikkje innom alle bygder. Difor prøver vi å halde kurset digitalt denne gongen, slik at du kan delta uansett kvar du befinn deg fysisk. Vi understrekar at det uansett vil bli høve til individuelle spørsmål/samtalar om ditt konkrete prosjekt, anten i eller etter kurset.

I tillegg har Vestland fylkeskommune mange ulike støtteordningar som dei ønskjer å informere om, difor er vi veldig glade for å arrangere kurset i lag med Frank Tore Farsund Tveit frå Avdeling kultur og folkehelse i fylkeskommunen.

Kurset går av stabelen måndag 27. februar klokka 18-20.

Lenke til kurset: Klikk her for å bli med i møtet