Vi deler ut 11,4 millionar kroner – sjå kven som får gåver her!

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut allmennyttige gåver frå utbytet i Sparebanken Sogn og Fjordane, og denne gåverunden deler vi ut meir pengar enn nokonsinne.

Sparebankstiftinga sitt styre fordelte midlane allereie 23. mai, og gåvemottakarane fekk gladmeldinga i dagane etter dette. Men i høve Sparebankforeningen sitt 100-årsjubileum har vi samordna offentleggjeringa av gåvetildelinga til i dag 12. juni. Heile 230 millionar kronar i gåvemidlar over heile landet vert dermed offentleggjort i dag. Les meir om dette på sparebankene.no 

Nedanfor finn du heile lista over gåvetildelingane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane så langt i år. (NB desse finn du altså ikkje på oversikta vår over Tildelte Gåver – men der finn du gåvetildelingane frå tidlegare år.)

Region Sydvest:  
søkjar  Tildeling 
BULANDET – VÆRLANDET GRENDALAG  kr               60 000
YTRE SOLUND VEKST  kr               20 000
BREKKE SKULEMUSIKKORPS  kr               20 000
Alt lys på solund  kr               10 000
Atløy Vel  kr               10 000
DALE UNGDOMSLAG  kr             100 000
Stiftinga Utkant  kr               50 000
Holmedal bygdemuseun  kr               20 000
Høyvik Skyttarlag  kr               75 000
KVAMMEN IDRETTSLAG  kr               20 000
DALE SKYTTARLAG  kr             100 000
HYLLESTAD SOKN  kr               40 000
SILDEVIKA VEL  kr               10 000
LOSNASPELET  kr               10 000
BREKKE IDRETTSLAG  kr               40 000
Mini brassband leir  kr               20 000
NYBORG SKYTTARLAG  kr               50 000
YTRE GULEN SANITETSLAG  kr               20 000
Askvoll kommune  kr             250 000
Solund kommune  kr             250 000
Hyllestad kommune  kr             250 000
 kr          1 425 000
Region Ytre Fjordane:
søkjar  Tildeling 
Måløy Seilforening  kr               20 000
Florø drill  kr               20 000
SELJE IDRETTSLAG  kr               15 000
SVELGEN ROCKKLUBB  kr               10 000
Våt Moro  kr               50 000
FLORØ SEILFORENING  kr               50 000
FLORØ SPORTSKLUBB  kr             100 000
FLORØ TURN OG IDRETTSFORENING  kr               50 000
SVELGEN SAMFUNNSHUS  kr             100 000
KINNASPELET  kr               50 000
NYE BREMANGER  kr               20 000
Skavøypoll Turn  kr               40 000
Eikefjord IL  kr               30 000
MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL AS  kr               15 000
MÅLØY IDRETTSLAG HOVEDSTYRE  kr               50 000
RAUDEBERG SKULEMUSIKKORPS  kr               20 000
IDRETTSLAGET FRØY  kr               50 000
SØRSTRAND FOLKEPARK  kr             150 000
Selje kommune  kr             250 000
Vågsøy kommune  kr             250 000
Florø kommune  kr             250 000
 kr          1 590 000
Region Nordfjord:  
søkjar  Tildeling 
MARKANE IDRETTSLAG  kr               30 000
STRYN TURN OG IDRETTSLAG  kr               70 000
GLOPPEN HANDBALLKLUBB  kr               30 000
TELEGRAFEN UNGDOMSKAFE  kr               20 000
BREIMSBYGDA IL  kr             100 000
EID KORPSFORUM  kr               30 000
SANDANE SYKKELKLUBB  kr               30 000
Fylkeskappleiken 2014 i Gloppen  kr               20 000
EID IDRETTSLAG  kr               50 000
OPPSTRYN IDRETTSLAG  kr               30 000
Oppstryn Ungdomslag  kr               20 000
GLOPPEN NÆRINGSORGANISASJON  kr               50 000
MARDAL KRINS  kr               20 000
RAKE GRENDALAG  kr               25 000
LOEN BYGDEHUS SA  kr               25 000
KLENKARBERGET SOMMARCAMP V/HAUGEN IDRETTSLAG  kr               25 000
HYEN IDRETTSLAG  kr               50 000
NORDSIDA UTVIKLINGSLAG  kr               50 000
Utvikfjellet Løypelag  kr             100 000
HARDBAGG IDRETTSLAG  kr               30 000
REISEMÅL STRYN & NORDFJORD AS  kr               30 000
JEREMIAS FOLKEMUSIKKFOREINING  kr               20 000
Innvik ungdomslag Heimlund  kr               25 000
GIMMESTAD OG MOEN SAMEIGE  kr             100 000
Gloppen kommune  kr             250 000
Stryn kommune  kr             250 000
Eid kommune  kr             250 000
 kr          1 730 000
Region Indre Sunnfjord:  
søkjar  Tildeling 
FØRDE SKYTTARLAG  kr               54 400
FØRDE IDRETTSLAG  kr               25 000
Øyra Løken Nærmiljøanlegg  kr             150 000
JØLSTER MUSIKKLAG  kr               25 000
HELLENES AS  kr               25 000
Storehesten Opp v/Gaular IL  kr             100 000
Førde Kammerkor  kr               20 000
FØRDE PISTOL KLUBB  kr               75 000
FØRDE IDRETTSLAG Handball  kr             100 000
FØRDE IDRETTSLAG Handball  kr             150 000
FØRDE SKULEMUSIKKORPS  kr               40 000
VASSENDEN SKULEMUSIKK  kr               25 000
Firda Travlag  kr               75 000
JØLSTER AUREFEST AS  kr               50 000
SUNNFJORD GOLFKLUBB  kr               65 000
Rekruttskulen “Grand Jetè”  kr               26 250
JØLSTER SKYTTARLAG  kr               50 000
LAVIK SKULEMUSIKK  kr               25 000
HØYANGER JAKT OG FISKELAG  kr             100 000
Jølster kommune/FAU Vassenden skule  kr             250 000
Gaular kommune  kr             250 000
 kr          1 680 650
Region Indre Sogn:  
søkjar  Tildeling 
JORDEPLEROCK  kr               50 000
FRES FESTIVAL  kr               50 000
Vestre Leite grendalag  kr               53 000
LEIKANGER JAKT- OG FISKELAG  kr               53 000
Fjærland bygdautval  kr             130 000
STIFTINGA AVDALEN GARD  kr             100 000
LEIKANGER MUSIKKLAG  kr               30 000
Leikanger kommune  kr             250 000
Balestrand kommune  kr             250 000
 kr             966 000
Fylkesdekkande tiltak:  
søkjar  Tildeling 
BRAK  kr           100 000
NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE  kr             85 000
SOGN OG FJORDANE UNGDOMSLAG  kr           200 000
NFU SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG  kr             30 000
Sogn og Fjordane Friidrettskrins  kr             30 000
SOGN OG FJORDANE RØDE KORS  kr           400 000
4H SOGN OG FJORDANE  kr           320 000
MARINT VEKSTFORUM  kr             50 000
SOGN OG FJORDANE FOTBALLKRETS  kr             50 000
PENSJONISTFORBUNDET SOGN OG FJORDANE  kr               70 000
SOGN OG FJORDANE TURLAG  kr               50 000
SOGN OG FJORDANE IDRETTSKRINS  kr               50 000
Høgskulen i Sogn og Fjordane  kr          1 200 000
Teknisk Fagskule,HiSF, TEKNA, NITO, energiverk i SFj  m.fl.  kr          1 000 000
Høgskolen i Bergen / Fram Flora  kr             167 000
 kr          3 802 000
 Breiddegåver:
søkjar   Tildeling
Sandane sjakk-klubb  kr                  8 000
Stryn Pistolklubb  kr                  5 000
Askvoll Danseverkstad  kr                  9 000
Kalvåg Skulemusikk  kr                  5 000
Senioruniversitetet i Førde  kr                  5 000
Kyrkjebø seniordans  kr                  3 000
NFU Sogn og Fjordane  kr                  8 000
Innovatitt AS  kr                  9 000
Musikkprosjektet Pinseoratoriet  kr                  7 000
Arnafjord Ungdomslag  kr                  5 000
BYRKNES SKULEMUSIKK  kr                  3 000
HOLVIK SKULEKORPS  kr                  2 000
LEIKANGER SKYTTARLAG  kr                  9 900
Helse Førde stafetten  kr                  9 000
Ytre Sogn og Sunnfjord Brassband  kr                  9 000
BJORDAL/SØREIDE SKYTTARLAG  kr                  3 000
SOGN OG FJORDANE DØVEFORENING  kr                  2 000
Svehaugane Grendalag  kr           10 000
Bulandet Ving  kr                  2 000
BALESTRAND IDRETTSLAG  kr                  3 000
Hestadgrend Grendahus A/L  kr                  5 000
BULANDET – VÆRLANDET GRENDALAG  kr                  6 000
Hjønnevåg VEL  kr                  3 000
Seniortrimmen i Førde  kr                  2 000
Lærdal IL Friidrettsgruppa  kr                  9 000
TORSKANGERPOLL MUSIKKLAG  kr                  5 000
MÅLØY HANDELSFORENING  kr                  5 000
FJORDVARME AS  kr               10 000
SVELGEN TURN OG IDRETTSFORENING  kr                  5 000
Olden Hornmusikk  kr                  4 000
FJÆRLAND IDRETTSLAG  kr                  9 000
Turngruppa i Sandane turn og idrettslag  kr                  9 000
ASKVOLL OG HOLMEDAL LEIRDUEKLUBB  kr                  8 000
ÅRDAL PISTOLKLUBB  kr                  3 000
Skora Vel  kr                  5 500
Svelgen skulemusikk  kr               10 000
Sunnfjord Kunstlag  kr                  9 000
Gloppen Friidrettslag  kr                  4 000
Liavegen, Furelia, Bygdahaugen og Leitet Vel  kr               10 000
Stryn Sykkelklubb  kr                  9 000
Måløy speidergruppe  kr                  5 000
GLOPPEN MUSIKKFORUM  kr                  9 000
SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG  kr               10 000
 kr             244 400
SUM Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane  kr       11 438 050

Gåvetildeling forseinka

På grunn av stor saksmengd har styret i stiftinga utsett saka om gåvetildeling i kategori “fullstendig søknad” (over 10.000 kroner) til 22. mai.

Som kjent har stiftinga lova svar på søknadane i kategori “fullstendig søknad” (om gåver over 10.000 kroner; med søknadsfrist 1. mars) i løpet av ca 8 veker. Diverre heldt ikkje tidsskjemaet denne gåverunden, og styret treng noko meir tid på å handsame søknadane.

Så veldig lange stunda blir det ikkje å vente; neste styremøte er beramma til 22. mai. Ein kan dermed vente å få svar på søknadane fredag 23. mai.

Søknadar i kategori “forenkla søknad” (inntil 10.000 kroner; med løpande søknadsfrist) vert ikkje råka av endringa, og ein kan som vanleg vente svar på desse søknadane i løpet av ca 4 veker.

PS svar på søknadar blir sendt på epost til epostadressene ein oppgav i søknaden. Saknar du svar eller lurer på kor saka står, kan du kontakte administrasjonen i stiftinga.

For ordens skuld nemner vi at utsetjinga ikkje får konsekvensar for evt. tiltak med oppstart før 22. mai: søknad skal vere innsendt før oppstart; men tiltaket kan igangsettast (eller gjennomførast) før svar på søknad ligg føre.

13 millionar til allmennyttige gåver i år!

Sparebankstiftinga sitt øvste organ Generalforsamlinga vedtok 10. april å dele ut 13 millionar kroner til allmennyttige gåver i 2014, som (igjen) er ny rekord.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane fekk eit utbyte frå Sparebanken Sogn og Fjordane for 2013 på 33 millionar kroner. I tråd med stiftinga sine vedtekter og strategiplan skal pengane nyttast til allmennyttige gåver i fylket, samt å bygge opp eit gåvefond slik at stiftinga kan dele ut gåver også om det skulle kome år der banken ikkje gir utbyte. Dermed vart det både rom for å auke gåvesummen for inneverande år til rekordhøge 13 millionar – og i tillegg supplere gåvefondet for å sikre framtidige tildelingar.

Disposisjonane går elles fram i stiftinga si årsmelding for 2013, som du kan finne her.

 

Val til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

10-12. mars skal det avholdast elektronisk val til representantar i stiftinga si generalforsamling. Les meir om generalforsamlinga og kandidatane her. Les meir

Hugs sluttrapport for tidlegare gåver!

Vi tillet oss å minne om at det er krav om sluttrapport for alle gåvetildelingar frå Sparebankstiftinga. Dersom vi ikkje har fått sluttrapport innan fristen (eller det er innvilga forlenga rapportfrist), vert det ikkje gitt nye gåver!

Hovudregelen for gåvetildelingar frå stiftinga er at det er krav om sluttrapport innan 1 år etter at gåva vart tildelt.

Vi har sidan nyttår sendt ut varsler om at dei som fekk gåver FØR 2013 må sende sluttrapport innan 1. mars, og at dei som ikkje har rapportert ikkje vil bli vurdert for framtidige gåver. Likevel manglar vi framleis nokre sluttrapportar, og då er det fortvilande at eit manglande spørjeskjema som berre krevjer 10 minuttar kan få store konsekvensar.

Sidan litt av problemet truleg er at gåvemottakarane endrar epostadresse eller tillitsvalde, velgjer vi å legge ut denne meldinga no før søknadsfristen. Vi oppmodar òg om at de tar kontakt med administrasjonen dersom de er i tvil om rapport er sendt. Det går elles an å sjekke dette sjølv; det står i kolonna til høgre for den aktuelle søknaden når ein loggar inn på (det gamle) søknadssystemet. (er rapport sendt inn, står det “Rapport er sendt”; viss rapport manglar står det “Send rapport” på ein klikkbar link – då kan ein klikke på linken for å komme til rapportskjemaet.)

KORLEIS: For å sende inn sluttrapport for tidlegare gåver, velgjer du først “Søk om midlar” på toppmenyen og klikkar så “Rapport for tidlegare gåve” på venstremenyen (du kan òg nytte denne snarvegen). Hugs at du må logge inn med same epost/passord som når du registrerte søknaden – klikk “Gløymt passord” eller kontakt administrasjonen dersom du treng hjelp med innlogginga.

Dersom de har fått gåve til eit tiltak som ikkje er fullført etter at rapportfristen er passert men framleis er planlagt fullført, kan ein søkje om anten forlenga rapportfrist eller omdisponering av midlane. Slik søknad vert sendt administrasjonen pr mail.

Elles minner vi om at vi no har lansert nytt system for å registrere gåvesøknadane, og at det førre systemet berre skal nyttast til å sende sluttrapport – gåvesøknadar registrert her vil dermed ikkje verte handsama!

Vi ber elles om forståing for at stiftinga må føre kontroll med at gåvemidlane vert nytta til føremålet framsatt i opphaveleg søknad.

Nytt søknadssystem!

Sparebankstiftinga har utvikla eit nytt søknadssystem i samarbeid med Mediebruket, som vi lanserte 10. februar i år.  NB alle søkjarar må REGISTRERE SEG PÅ NY i nytt system!

Frå og med i dag får du altså opp ei ny søknadsside når du går inn på vårt Søknadsskjema. Det følgjer i grove trekk same mønster som det førre skjemaet, så for dei fleste blir ikkje endringa særleg merkbar. Men på nokre funksjonalitetar vil ein merke endringar; til dømes velgjer du kven du søkjer for frå ein meny. Dette er for å få ein felles skrivemåte for kvart lag, og for å kryss-sjekke denne opp mot Brønnøysund (så du slepp å pugge org.nummeret…).

Vi gjer merksam på at alle må registrere seg på ny i det nye søknadssystemet, då dette ikkje er linka opp til det førre systemet.

Skal du sende inn sluttrapport for tidlegare mottekne gåver (påkravd for alle gåver), må du framleis nytte det gamle systemet. Då klikkar du først på Søk om midlar og velgjer Rapport for tidlegare gåve, og loggar inn med den same epostadressa og passordet du nytta når du sendte søknaden, akkurat slik som før.

Har du spørsmål eller kommentarar til det nye systemet? Kontakt administrasjonen! Vi hjelper deg gjerne; evt. tar imot ris og ros!

 

Nytt søknadssystem på veg!

Sparebankstiftinga er i gang med å oppdatere søknadssystemet. Vi vil prøve å få overgangen til nytt system  til å gå saumlaust, men beklagar dersom dette fører til “lugging” i gåvesystemet i vekene fram mot nylanseringa. Les meir

Klatreparkar i heile fylket?

Styret i Sparebankstiftinga har vedteke at vi ønskjer å vidareføre satsinga frå Førde, kor klatreparken vi gav gåve til har vore ein kjempesuksess. Vi har allereie løyvd ei gåve til ein tilsvarande klatrepark i Jølster no i haust, og har satt i gong ei kartlegging blant dei andre kommunane i fylket for å få oversikt over kor mange som ønskjer ein klatrepark i sin kommune.

Klatreparken i Førde kom i stand gjennom teiknekonkurransen “Barnegåva” i Firda i fjor haust, kor alle born i Sunnfjord vart inviterte til å teikne forslag til å gjere Førde sentrum betre for dei. Stiftinga, kommunen og Firda ønskte gjennom konkurransen å inkludere dei yngste i tenking kring sentrumsutvikling. Det vart ein kanonsuksess, og Firda fekk inn heile 233 teikningar frå born i alderen 2-12 år. Juryen, med Førde-ordførar Olve Grotle i spissen, fall for to av teikningane: Ulrik Nielsen (8) sitt Klatrefjell og Andreas Skålvik (11) sitt Blyantleikestativ. I tillegg til å vere flotte teikningar, var desse bidraga òg svært typiske: mange av dei innsendte teikningane var kring same tema (klatring og leikestativ).

Etter at vinnarane vart kåra, satte vi i gong med å tolke og konkretisere “bestillinga”, og resultatet vart altså klatreparken med både “blyantar” og det store “klatrefjellet”, og i september kunne ordføraren endeleg offisielt opne klatreparken i Førde. Men allereie under byggeprosessen myldra det av ungar i klatreparken, og sidan då har parken berre fortsett å myldre med entusiastisk aktivitet frå “born i alle aldrar”…

Det gjekk heller ikkje lang tid før spørsmåla byrja å kome frå andre stader i fylket om vi kunne bygge fleire. Og det vil vi gjerne! Vi har difor løyvd pengar til den neste parken allereie; den blir på Skei i Jølster. I tillegg har vi spurt alle dei andre kommunane om dei òg ønskjer ein tilsvarande klatrepark.

Det er fleire grunnar til at vi har retta spørsmålet til kommunane først. Den mest openberre er at tiltaket treng ein utbyggjar som kan ta ansvar for vedlikehald i mange år framover, og som har ei tomt på ein offentleg og sentral plass i kommunen som ein kan nytte til føremålet. Kommunane kan òg søkje om spelemidlar, dersom tiltaket er inkludert i kommunedelplanar for fysisk aktivitet. Men om kommunane evt. ønskjer å gjennomføre tiltaket via eller saman med lokale partnarar, er vi opne for å diskutere dette med kvar einskild kommune.

Men spørsmålet alle lurer på no, er sjølvsagt “NÅR kjem det klatrepark der EG bur?” Og då må vi ærleg svare at det veit vi ikkje enda. Men stiftinga har byrja med kartlegginga av kor mange kommunar som ønskjer klatrepark; og så må både vi og kommunane få litt tid på å ordne med formalitetar og praktisk tilrettelegging. Men Sparebankstiftinga ønskjer i alle fall å følgje opp med gåver til dei neste klatreparkane allereie til våren. Så håper vi nokre av kommunane er klare til å setje spaden i jorda så snart snøen smeltar…

Årets gründer heiter Melin Medical AS!

Vinnaren av tevlinga Årets Gründer vart kåra på Temposeminaret i Florø fredag 1. november, og Melin Medical i Gloppen fekk 100.000 kroner. Dessutan vart det kåra to ekstrapremiar som fekk 50.000 kroner kvar. Les meir

Fire millionar i gåver!

Styret i stiftinga vedtok på styremøte denne veka å dele ut 57 gåver på til saman 4 millionar  kroner til allmennyttige føremål i fylket vårt.

Styret i Sparebankstiftinga slutthandsama denne veka alle søknadane som var komne inn til søknadsfristen 1. september, og beslutta å dele ut heile 4.007.000 kroner. I dag byrjar den glade jobben med å sende ut tildelingsbrev!

Stiftinga har så langt i år motteke over 660 søknadar om til saman over 71 millionar kroner, så sjølv om stiftinga har auka rammene for gåver frå 9 millionar i 2012 til 12,5 millionar kroner i år, har vi diverre ikkje rom for å imøtekome alle søknadane. Men det blir i alle fall fleire og/eller større gåver enn i fjor!

Alle tildelte gåver vert publiserte på sida Tildelte Gåver fortløpande. Men vi gjer merksam på at vi ikkje rekk å sende ut svar til alle i dag – på grunn av mange søkjarar kan det hende de ikkje får svar på søknaden før på måndag 4. november. Vi ber om forståing for dette.