Søk “Årets Kultur-idé 2013”

Bli med i konkurransen om 100.000 kroner!


Fjorårets vinnar, Utkantfestivalen

Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane inviterer i år som i fjor kulturlivet i fylket til å konkurrere om den gjeve tittelen “Årets Kultur-idé”. Vi inviterer difor alle kultur-entreprenørar til å melde inn sitt prosjekt – anten det berre er ein tanke eller eit eksisterande kulturtilbod. Ikkje berre vil vinnaren få 100.000 kroner til å gjennomføre idéen, men ca 10 finalistar vil bli presentert i full breidde på NRK Sogn og Fjordane sine radiosendingar og nettsidene deira.

Som tittelen antydar, er det dei kreative konsepta vi ser etter; og sjølv om det var Utkantfestivalen som vann i fjor er det ikkje storleik eller røynsle som er avgjerande i denne konkurransen. Ein stiller like sterkt med ein ny og uprøvd idé som eit innarbeidd konsept.

Søknadsfristen for å vere med på konkurransen er i år sett til 15. april. Straks etter dette vil ein jury plukke ut finalistane, og så vil publikum bli invitert til å stemme fram sin favoritt. Publikum og juryen si meining vil bli vekta likt i den endelege kåringa av vinnar-idéen. I fjor vart vi dessutan så imponert at også to andre kandidatar fekk ei pengegåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane…

Sparebankstiftinga vil med denne konkurransen gi auka merksemd til den fantastiske breidda av arrangørar og kultur-entreprenørar som vi har i fylket vårt; og kanskje òg inspirere nokon til å setje i gong fleire nye og kreative konsept.

Meld deg på konkurransen ved å sende ein mail til kulturide@nrk.no med ein kort presentasjon av idéen din. Hugs å skrive «Årets kulturidé 2013» i emnefeltet.

Søknad om gåve: Ikkje berre endre gammal søknad!

Husk at du må klikke på “NY”-knappen når du skal registrere søknaden din på ny!

Ein vaken brukar ringte kontoret med eit godt spørsmål i dag: – Viss ein loggar seg inn på systemet og oppdaterer tidlegare innsendt søknad, blir den oppdaterte søknaden då handsama på ny? Svaret på dette er diverre NEI – du må klikke på den grøne “Ny søknad”-knappen for at søknaden skal verte vurdert. Sjølv om du har tenkt å søkje om nøyaktig det same prosjektet som tidlegare.

Vi beklagar dersom gåvesystemet kan synast uklart på dette punktet, og voner denne presiseringa hindrar at fleire vert usikre.

Oppfølging søknadskurs – Sunnfjord: 25. februar

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane byrja i fjor vår å halde innføringskurs i korleis skrive gode prosjektsøknadar, noko som har vore ein kjempesuksess. Til no har over 500 eldsjeler i fylket fått tips til kva både vi og andre stønadsforvaltarar synst er gode søknadar, og deltakarane har gitt svært gode tilbakemeldingar på kurset.

Difor arrangerer vi no oppfølgingskurs for deg som vil følgje dette emnet litt lenger. Også dette kurset er gratis; men vi føreset at du har delteke på innføringskurset. Dette kurset vil spesielt ha fokus på korleis du bør presentere eit prosjekt, så det er mest relevant for deg som har eit konkret prosjekt du held på med  å finne finansiering til (evt. står foran ein slik prosess).

Kurset blir arrangert på Studentkroa Akutten i Førde måndag 25. februar 2013 klokka 1800-2100.

Påmelding til [email href=”post@sparebankstiftinga.no”]post[at]sparebankstiftinga.no[/email]  Ver ven å skrive fullt namn, mobilnr og kva organisasjon du kjem frå i påmeldinga (NB på alle, viss du melder på fleire). Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass (max 20 personar!)

Det blir enkel servering på kurset. Kurshaldar er kultursjef Pål Fidjestøl, og lokal kursvert er Studentsamfunnet i Førde.

Har du ikkje fått med deg innføringskurset i søknadsskriving? Det blir nok ikkje så lenge til neste kurs – følg med på sidene våre om du er interessert i dette.

Skjema for “Fullstendig søknad” opnar 1. februar

Vi gjer klar for ei ny runde med utdeling av gåver over 10.000 kroner her i Sparebankstiftinga.

Som hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane skal Sparebankstiftinga dele ut overskot frå banken til allmennyttige tiltak i fylket. Hovud-delen av midlane vert delt ut i våre tildelingsrundar på våren og hausten, med søknadsfrist 1. mars og 1. september. Her er det høve til å søkje om frå 10.000 kroner og oppover, og det er altså dette vi kallar “Fullstendig søknad”. Dette søknadsskjemaet vert opna ein månad før kvar søknadsfrist, dvs. det er høve til å søkje frå og med fredag.

Sparebankstiftinga sine midlar har vorte ettertrakta, noko som vitnar om fantastisk aktivitet på det frivillige feltet, og det er flott! Men diverre kan vi ikkje imøtekome alle; i fjor fekk vi t.d. inn søknadar om heile 105 millionar på dei 9 millionane vi hadde til disposisjon. Vi oppmodar difor til å også søkje andre fond, stipend og støtteordningar om støtte til allmennyttig verksemd. Sjå nedst på denne sida om du vil ha tips til andre stader å søkje om pengar.

Handsaming av søknadane vil ta ca 8 veker, slik at svar på søknadane kan ventast i byrjinga av mai. Alle søkjarar vil få svar på søknaden til epostadressa ein sender søknaden frå, og alle gåver frå Sparebankstiftinga vil bli annonsert på denne sida.

Nytt år – nye søknadskurs

Sparebankstiftinga sine populære gratiskurs i søknadsskriving fortset sjølvsagt til neste år. Først ut er Stryn 14. januar.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane byrja i vår med kurs i korleis skrive gode prosjektsøknadar, noko som har vore ein kjempesuksess. Til no har kring 500 eldsjeler i fylket fått tips til kva både vi og andre stønadsforvaltarar synst er gode søknadar, og deltakarane har gitt svært gode tilbakemeldingar på kurset.

Desse søknadskursa fortset vi sjølvsagt med, og første kurs i 2013 blir på kulturhuset i Stryn måndag 14. januar klokka 1800-2100. Lokal kursvert er Stryn kommune. (Påmelding: sjå nedst på sida.)

Vi har òg erfart at mange av kursdeltakarane får “blod på tann” av søknadskurset, og ønskjer å setje seg meir inn i korleis ein kan hente finansiering sjølv til ganske ambisiøse prosjekt: Korleis argumenterer ein best for prosjektet? Og når ein er avhengig av fleire støttespelarar, i kva rekkefølgje søkjer ein desse? Difor set vi no i gong ein runde med oppfølgingskurs for deg som vil følgje dette emnet litt lenger. Også dette kurset er gratis; men vi føreset at du har delteke på innføringskurset omtalt ovanfor. Oppfølgingskurset er mest relevant for deg som har eit konkret prosjekt du held på med  å finne finansiering til (evt. står foran ein slik prosess).

Det blir halde eitt kurs for Nordfjord, eitt for Sunnfjord og eitt for Sogn på desse dagane/stadene:

Sogn: Studenthuset Meieriet tysdag 15. januar klokka 1800-2100

Nordfjord: Gloppen hotell onsdag 16. januar klokka 1800-2100.

Kurset i Sunnfjord vert annonsert på nyåret.

Påmelding (alle kursa) til post[at]sparebankstiftinga.no. Ingen påmeldingsfrist (men vi tek atterhald om ledig plass).

Kulturindeks set Sogn og Fjordane “midt på treet”

Vi er slett ikkje samd – men synst likevel undersøkinga er lærerik

Telemarksforskning har fått mykje merksemd på sine forsøk på å måle kommunane si kultursatsing. Først vart det jubel for Gloppen, som vart kåra til “årets kulturkommune” ut frå sin kulturindeks over alle norske kommunar i fjor haust. Så skapte det debatt blant landets kulturarbeidarar når Telemarksforskning i sommar publiserte sin rapport «skaper kultur attraktive steder?» basert på kulturindeksen.

Vi i Sparebankstiftinga vart nysgjerrig på denne undersøkinga, og ikkje minst dei bastante konklusjonane i han, som heilt enkelt slo fast at det ikkje var nokon samanhang mellom kor mykje ein satsa på kultur og kor attraktiv ein kommune var. Vi bad difor Telemarksforskning om ein rapport på fylkesplan, kor vi vart jamført med nabofylka våre. Vi bad òg om at dei tala som kunne samanliknast med fjoråret vart tekne med.

. Vi understreker at Sparebankstiftinga er kritiske til både metode og fleire av konklusjonane – mellom anna av di kulturindeksen er basert på tal som er mogleg å hente ut frå nasjonale oversiktar og statistikkar, som gir openberre veikskapar. Sparebankstiftinga får dessutan inn mellom 1100 og 1200 søknadar frå idrett- og kulturaktørar i heile fylket (som nesten er 30% auke frå i fjor), og det biletet vi ser er alt anna enn “midt på treet”; her boblar det av både aktivitet, entusiasme, kunnskap, initiativ og innovasjon i bøtter og spann!

Vi trur likevel det er viktig at kulturarbeidarar i fylket er medvitne på rapporten og talgrunnlaget, og voner rapporten vil skape debatt. Vi oppmoder difor kulturarbeidarar, frivillig engasjerte, kunstnarar og andre interesserte til å laste ned rapporten på http://www.tmforsk.no/publikasjoner/filer/fil.asp?fil=2135

Ni fekk Furorestipend

Sidan Eldsjelsamlinga på Skei 28. september har vi vore rundt og overraska talentfulle ungdomar med sjekkar på 25.000 og 50.000 kroner. Gjett om det var moro!


Cedrik Fonn Skåre og Aud Julie Befring var dei første som fekk Furorestipend 2012.

Furorestipendet vert som kjent delt ut til ungdom (15-30 år) med framifrå talent innan sitt felt – anten det er idrett, kultur eller “open klasse”. I år hadde juryen så mykje gode kandidatar å velgje mellom, og difor store problem med å knipe ned talet på stipend – så dei delte like godt ut heile ni stipend denne gongen. Her er for første gong den fullstendige oversikta over vinnarane (alder, aktivitetsområde og heimekommune i parentes bak namnet):

Cedrik Fonn Skåre (16 år; gocart/motorsport; Førde)
Line Dybedal (24; musikk (vokal); Selje)
Fredrik Høstaker (22; song/dans/drama; Førde)
Jantsen Øverås (17; vektløfting; Fjaler)
Kari Bergheim Hole (21; alpint; Førde)
Cecilie Aalberg (20; musikk (trompet); Eid)
Gjøran Tefre (18; langrenn; Førde)
Aud Julie Befring (26; design; Jølster)
Øyvind Strømmen Kjerpeset (21; friidrett; Flora)

Stipenda vart altså ikkje delt ut samla i år; i staden overrumpla vi dei inkje-anande vinnarane på ulike arrangement og arenaer ut over hausten. På denne måten fekk både vi og publikum ta del i gleda deira, noko som har vore heilt fantastisk for alle oss som har fått vere med. Takk til alle stipendvinnarane – og tvi tvi med vidare utvikling innanfor feltet dykkar – vi kjem til å følgje nøye med dykk vidare!

Juryen for Furorestipendet har i år som i fjor bestått av Terje Lyngstad (SoFT), Jo Inge Gåsvær (Førde Fotball), Torill G. Faleide (Førdefestivalen), Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga).

Søknadsfrist for neste års Furorestipend er 15. Juni 2013.

Finalistane til “Barnegåva” er klare!

No kan du gå inn og stemme på kva barneteikning du ønskjer vi skal realisere i Førde sentrum! Les meir

2.760.000 kroner delt ut

Her er dei som har fått gåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i årets siste ordinære gåverunde: Les meir

Årets gründer heiter Highsoft Solutions AS

Torsdag 1. november vart vinnaren på vår konkurranse “Årets Gründeride 2012” kåra “live” på NRK Sogn og Fjordane, frå scena på Temposeminaret. Og fylket sin eigen Reodor Felgen vart ein friluftsmann som eigentleg berre skulle vise snømengda på Vikafjellet. Les meir