Oppføringer av paal

Årets gründer heiter Melin Medical AS!

Vinnaren av tevlinga Årets Gründer vart kåra på Temposeminaret i Florø fredag 1. november, og Melin Medical i Gloppen fekk 100.000 kroner. Dessutan vart det kåra to ekstrapremiar som fekk 50.000 kroner kvar.

Fire millionar i gåver!

Styret i stiftinga vedtok på styremøte denne veka å dele ut 57 gåver på til saman 4 millionar  kroner til allmennyttige føremål i fylket vårt. Styret i Sparebankstiftinga slutthandsama denne veka alle søknadane som var komne inn til søknadsfristen 1. september, og beslutta å dele ut heile 4.007.000 kroner. I dag byrjar den glade jobben […]

Stem på Årets gründer!

Juryen i konkurransen “Årets Gründer” har plukka ut seks finalistar. No kan du vere med og avgjere kven av dei som får premiepotten på 100.000 kroner – ver med og stem! Fjorårets vinnarar, Highsoft Solutions Som i fjor arrangerer vi konkurransen “Årets Gründer” saman med Sparebanken og NRK Sogn og Fjordane, og som i fjor […]

“Årets Gründer” er i gong!

Sparebankstiftinga, NRK og Sparebanken Sogn og Fjordane kårer Årets Gründer, med 100.000 kroner i premie! Vi vidarefører fjorårets samarbeid med Sparebanken og NRK Sogn og Fjordane, kor vi saman kårar den beste gründer-idéen i fylket. Vi inviterer alle gründerbedrifter til å søkje; vilkåra er at 1) Verksemda må vere skipa i Sogn og Fjordane, eventuelt […]

Sparebankstiftinga spør

Stiftinga inviterer deg til å gi innspel til korleis vi skal disponere gåvemidlane. Sei di meining i ulike saker på vår Facebook-side – første avstemming er no lagt ut! Sparebankstiftinga ønskjer i større grad å få råd frå deg med praktisk røynsle frå allmennyttig arbeid, og/eller eit bankande hjarte for utviklinga i fylket ditt, i […]

OPPTUR 2013 snart halvfullt – etter ein dag!

Det frivillige lags- og organisasjonslivet i fylket har tydelegvis tent på alle pluggane for OPPTUR 2013: Allereie eit døgn etter at vi la ut invitasjonen passerer vi 100 påmeldte! OPPTUR er Sparebankstiftinga si gåve til alle som er engasjert i frivillig arbeid i fylket, som blir invitert til ein kveld med god mat, ny kunnskap […]

Meld deg på “OPPTUR 2013”!

Driv du med frivillig arbeid? Då vil vil gi deg ein OPPTUR (og kanskje laget ditt ei gåve…) torsdag 3. oktober! Ein gong i året inviterer Sparebankstiftinga alle som er engasjert i frivillig arbeid (eller tilsett i ein frivillig organisasjon) på gratis mat & foredrag med nokre av landets beste foredragshaldarar, som kan gi deg ny kunnskap og inspirasjon […]

Hugs søknadsfristen 1. september!

Stiftinga førebur haustens store gåveslepp! Det ser ut som at Sparebankstiftinga sine søknadsfristar 1. mars og 1. september byrjar å feste seg blant organisasjonslivet i fylket, og det er jo flott. Men ei påminning om å hugse å “kvesse søknadsblyanten” innan månadsskiftet kan likevel vere på sin plass. Eit par viktige ting å hugse på: […]

Svarfrist på “Forenkla søknad” i sommar

På grunn av ferieavviklinga i Sparebankstiftinga blir det litt lenger handsamingstid på søknadane som kjem inn dei neste par vekene, og kontoret held stengt i veke 26-28. Som kjent er det mogleg å søkje om allmennyttige gåver på under 10.000 kroner fortløpande her i Sparebankstiftinga; gjennom “Forenkla søknad” der vi ordinært lovar svar innan fire veker. […]

Hugs å legge ved budsjett!

Fortvilande mange søkjarar trur “forenkla søknad” tyder at ein ikkje treng vedlegg, så vi understrekar at ALLE søknadar må legge ved budsjett! Søknadskategorien “Forenkla søknad” har blitt så populær at vi har nesten dobla potten som er sett av til dette – igjen! Faktisk er over halvparten av søknadane vi får inn i kategori “forenkla søknad”, og […]