MILLIONGÅVE TIL RØDE KORS: – HEILT FANTASTISK!

Å få reise på vinterferie er dessverre er ikkje sjølvsagt. Då er det godt vi har «Vinterferie for alle» som Sogn og Fjordane Røde Kors denne veka arrangerer. 

– Eg gler meg veldig til å sjå korleis dette blir! Når alle ungane kjem ut av bussen, skal finne romma sine, og få seg heilt nye venner og opplevingar. Det blir spennande, seier Katja Nielsen.

Ho jobbar med «Ferie for alle» i Sogn og Fjordane Røde Kors, og denne veka er det klart for årets vinterferie. Der arrangerer dei to leirar ved Nordfjord Fritidssenter i Stryn, og til saman 80 personar skal delta.

Til dette fine tilbodet har Sogn og Fjordane Røde Kors fått ei gåve på 200 000 kroner. Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som er banken sin hovudeigar, har Røde Kors også fått ei gåve til på 800 000 kroner. Meir om denne tildelinga kan du lese om litt lenger nede i denne saka.

Vil gi familiar ei felles oppleving

Men først meir om «Vinterferie for alle». Dette er eit gratis ferietilbod for familiar med låg inntekt.

– Dette er eit tilbod til dei som ikkje har råd til å feriere elles. Det er sårbare grupper, og kanskje nokon som ikkje har så mange relasjonar her i området. Dette kan hjelpe dei med å bygge nettverk, og bli kjent med andre på same alder og i same situasjon, seier Nielsen.

– Leiren tek utgangspunkt i barna, men foreldra er også med, og då handlar det om å gi dei ei felles oppleving, held ho fram.

På leiren kan dei glede seg til alt frå skiaktivitetar, teikning og bingo, til hundesledekøyring, tur på Loen Skylift, teikning, perling og generelt gøy for alle.

Måtte eigentleg avlyse eine leiren

Som tidlegare år vert det to leirar i år også, men det var ikkje sjølvagt at det kom til å bli slik. Av økonomiske grunnar hadde dei landa på at eine leiren måtte avlysast.

– Eg hadde akkurat informert ressursgruppa om at vi måtte innsjå at eine leiren vart avlyst. Så gjekk det under eitt minutt, og då ringte Pål i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og informerte om gåva. Korleis er det mogleg? Det var som sendt frå oven, seier Nielsen og gliser.

Dette er veldig gledeleg, synast Linda Vøllestad Westbye. Ho er direktør for privatmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, og delte ut sjekken til Røde Kors.

– Dette er eit fantastisk tilbod, og denne veka er det mange som vil få nye vennskap som dei ikkje ville fått elles. For oss er det ekstra motiverande å dele ut noko av overskotet vårt til ein så viktig aktør med mykje frivilligheit, og til eit så hjartevarmt prosjekt, seier Vøllestad Westbye.

800 000 som lokallaga kan søke om

Som det står innleiingsvis er Sogn og Fjordane Røde Kors også tildelt ei anna gåve på 800 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Desse pengane kan dei 26 lokalforeininga i Sogn og Fjordane søke om å få ein del av. Dette kan vere til utstyr, aktivitetar eller kursing av frivillige.

– For oss er denne gåva fantastisk! Å få ha ein eigen pott der dei lokale laga kan søke direkte til oss, gjer at terskelen vert lågare for å søke, seier Dag Hovland, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Han fortel at talet aktive og frivillige har auka under pandemien.

– Eg vil takke alle våre 2600 frivillige som bidrar på ulike måtar. Mellom anna vil deltakarane på vinterleiren denne veka få heimestrikka sokkar og vottar som er laga av frivillige. Heilt fantastisk, seier Hovland.

Også i fjor fekk Sogn og Fjordane Røde Kors ei gåve som lokallaga kunne dra nytte av. Den var på 600 000 kroner, og kan lesast om her.

Nye representantar valt til stiftinga si generalforsamling

Som annonsert vart det halde val til stiftinga si Generalforsamling 8.-10. mars. Her ser du kven som vart valt.

Avstemminga vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert 405 stemmar. Dette er ei nedgang i høve til dei 906 stemmene vi fekk inn i fjor. Vi er takksame for dei innskytarane som engasjerer seg i valet, så takk til dykk som røysta.

Som annonsert i forkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar og fire varamedlemer. Her er dei som vart valt inn:

Faste representantar valt for 4 år:

Geir Ståle Støfring (Vassenden)

Monika Refvik (Raudeberg)

Laila Johannessen (Leirvik i Sogn)

Vararepresentantar:

John Gerick Bårøy (Hyllestad)

Anne Skaar (Sogndal)

Malene Lunde Sætren (Bryggja)

Rolf Olav Gjørven (Hjelledalen)

Sparebankstiftinga ønskjer å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.

 

Nytt år, ny søknadsrunde

Vi er i gong med ny søknadsrunde i stiftinga, og har opna søknadsskjemaet for ordinære søknadar.

Vi har enda eit spesielt år bak oss, og håper igjen at det nye året blir ein retur tilbake til eit meir gjenkjenneleg tilvære. Vi i stiftinga er spent på å sjå kva behov lag, organisasjonar, eldsjeler og andre samfunnsaktørar står ovanfor i 2022, så i vår blir det ekstra spanande å lese søknadane vi får innan fristen 1. mars.

Vi gjer merksam på at det er høve til å sende “forenkla søknad” om inntil 30.000 kr heile året, og få svar innan 4 veker (med atterhald om 1-2 veker lenger handsamingstid i juli & jula pga. ferieavvikling).

Har du spørsmål til korleis du bør formulere søknaden din, så er du velkomen til å kontakte oss i administrasjonen; så vil vi hjelpe deg etter beste evne.

(foto: Merete Støfring)

Ventar vekst i tildelingane i 2022

Ei ny undersøking Sparebankforeningen har gjennomført blant landets sparebankar og sparebankstiftingar viser at sparebanksektoren også i 2022 vil vere ein av dei største private bidragsytarane til idrett, kultur og frivilligheit i landet. Som kunde i din lokale sparebank bidrar du tilbake til ditt eige lokalsamfunn.

I ei ny medlemsundersøking har Sparebankforeningen kartlagt sparebanksektoren sine forventningar på allmennytteområdet i 2022.

Dei norske sparebankane og sparebankstiftingane har ein lang tradisjon med å bidra til positiv utvikling i eige nærmiljø gjennom å dele ut delar av overskotet til ulike allmennyttige formål. Tradisjonen kjem lag og foreiningar over heile landet til gode gjennom støtte til initiativ og prosjekt som fremmar bulyst, gode oppvekstmiljø og mangfaldig aktivitet innen blant anna kultur, idrett og frivilligheit. I tillegg opererer fleire sparebankar og sparebankstiftingar også med gåvetildelingar som fremmar positiv samfunnsutvikling på område som forsking, kunnskapsformidling og næringsutvikling.

Stor sum til gode formål i 2022
Sparebankforeningen si undersøking viser at heile 9 av 10 undersøkte sparebankar og sparebankstiftingar ventar auka eller uendra gåvetildelingar til allmennyttige formål i år samanlikna med fjoråret. Dei anslåtte tildelingane blir på minst 1,8 milliarder kroner, eller mellom 2 og 2,5 milliardar kroner om vi legg til grunn at tala frå undersøkinga er representative for alle Sparebankforeningen sine medlemmer.

Dei samla gåvetildelingane frå sparebanksektoren gjer sparebankane og sparebankstiftingane til ein av Norges største økonomiske bidragsytarar til aktive lokalsamfunn over heile landet.

Støtt din lokale sparebank, støtt lokalsamfunnet
For mange kundar er den lokale sparebanken eit naturleg førsteval ved behov for trygg sparing eller tilgang til finansiering. Sparebanksektorens sterke posisjon i det norske markedet har medført at sparebankane og sparebankstiftingane har kunna dele ut stadig meir midlar til allmennyttige formål dei siste åra.

Gjennom å vere kunde i din lokale eller regionale sparebank bidrar du til å støtte utviklinga av eige lokalsamfunn. Sparebankane sin tradisjon med å bidra til positiv utvikling i eige nærmiljø strekk seg langt tilbake i tid, men har sjeldan eller aldri vore så omfattande som no målt i storleiken på dei årlege utdelingane til gode formål. Dei samfunnsmessige ringverknadane av dette er store både lokalt og nasjonalt, seier direktør for Sparebankforeningen Iman Winkelman.

 

Har du ein god ide til eit initiativ eller eit prosjekt med eit allmennyttig formål? Ta kontakt med din lokale sparebank eller sparebankstifting for å sjå om du kan få støtte.

(Foto: BUA Høyanger)

Har Gåveforsterkingsordninga vore bra for Sogn og Fjordane?

Det var NRK Sogn og Fjordane som i månadsskiftet ville ha ein kommentar om nedlegginga av Gåveforsterkingsordninga, på bakgrunn av at Førdefestivalen no mistar høvet til å hente midlar frå ordninga. Denne saka kan du sjå her.

Her er dagens lesarinnlegg frå vår fagsjef Pål Fidjestøl i Sogn Avis (betalingsmur):

Gåveforsterking eller byforsterking?

Tysdag denne veka fekk vi i Sparebankstiftinga spørsmål frå NRK Sogn og Fjordane om ikkje vi synst det var leit dersom Gåveforsterkingsordninga vart avvikla, då Førdefestivalen dermed mista denne støtta. Journalisten vart så overraska av vårt kontante nei på spørsmålet, at det kanskje er på sin plass med eit litt lenger svar enn det radioformatet tillet. Gåveforsterkingsordninga er ei ordning som supplerer private gåver til kunst og kultur på over 100.000 kroner med 25% statlege midlar.

Først av alt: Meir pengar til kultur er bra! Både Førdefestivalen og dei mange andre dyktige kulturaktørane i Sogn og Fjordane fortener kvar krone dei får inn til verksemda. Så ein viktig føresetnad for å skrote Gåveforsterkingsordninga er at midlane blir omfordelt til same formål, og ikkje fører til mindre pengar til kulturfeltet.

Men KORLEIS ein støttar kulturfeltet er også eit viktig spørsmål. Og då meiner vi at Gåveforsterkingsordninga er ei uheldig innretning av fleire årsaker. For å ta den prinsipielle først, synst ikkje vi det er rett at skattepengane skal følgje private donasjonar meir eller mindre slavisk, offentlege midlar bør bli forvalta og prioritert av folkevalde organ. Vi i Sparebankstiftinga er veldig klar over at våre gåvetildelingar har stor nok «utløysande kraft» allereie, ved at ei gåve frå oss svært ofte utløyser ytterlegare bidrag frå både offentlege og andre private aktørar. Men vi har òg lært at vi må vere varsame med å vere FOR tidleg ute, til dømes i forkant av ei offentleg sakshandsaming. Dette bør og må vurderast frå sak til sak. Vi synst difor det er prinsipielt betenkeleg at Gåveforsterkingsordninga overfører ansvaret for prioritering av midlar til oss på generell basis.

Gåveforsterkingsordninga er heller ikkje vidare distriktsvenleg. Då det er fleire private støttespelarar kring dei store byane, vil naturlegvis midlane følgje same fordelinga – og dermed auke skilnaden mellom by og land. Som representant for ei stifting med Sogn og Fjordane som nedslagsfelt, ser vi at vi er kulturen sin einaste private støttespelar litt oftare enn vi likar, og skulle gjerne sett at dei geografiske utfordringane i vår region i større grad vart kompensert, og i alle fall ikkje forsterka.

Så til sjølve «kron-argumentet» for Gåveforsterkingsordninga, at den skal utløyse meir midlar til kultur frå private donorar: Vi ser så å seie aldri at Gåveforsterkingsordninga inngår i finansieringa av søknadane vi får inn til Sparebankstiftinga. Det tydar på at det er lite kunnskap om ordninga i frivillig sektor, og at det dermed er dei større kulturinstitusjonane (som vi ikkje har så mange av i Sogn og Fjordane) som nyttar ordninga i større grad. Men vi får jo inn (svært) mange søknadar likevel, så det er tydelegvis ikkje Gåveforsterkingsordninga som motiverer laga til å søkje.

Vi har heller ikkje kjennskap til private donorar i vår region som har blitt motivert til å gi (meir) pengar til kultur på grunn av Gåveforsterkingsordninga, og det gjeld definitivt ikkje Sparebankstiftinga. Kor mykje gåver vi gir til kultur og andre samfunnsnyttige tiltak blir først og fremst påverka av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Når banken driv godt, går meir av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Stiftinga sine midlar blir i sin heilskap anten delt ut til samfunnsnyttige tiltak eller lagt «på kistebotn» for framtida. Og det har vi tenkt å gjere «med evigheita  som perspektiv», som vedtektene våre slår fast – med eller utan gåveforsterking.

 

Pål Fidjestøl

Fagsjef gåver og prosjektutvikling, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

bilde av Leander Mulen Sunde

Nokon må gjere det

Frivilligheita og dugnadsånda står sterkt i Sogn og Fjordane, og frivillig sektor er ein juvel i lokalsamfunna våre. Den bidrar til aktivitet, trivsel, folkehelse, integrering, bulyst og utvikling i heile regionen vår.

Vi i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er tett på frivillig sektor og i jamleg kontakt med eldsjeler som gjer ein fantastisk jobb for lokalsamfunna. Å møte engasjerte, dyktige  og gjerne litt patriotiske eldsjeler gir oss inspirasjon og kunnskap i vårt arbeid med å tildele gåver til samfunnsnyttige tiltak i frivillig sektor. For oss er det eit privilegium å kunne støtte mange viktige og flotte tiltak som eldsjeler sparkar i gang. Dei siste 3 åra har Sparebankstiftinga delt ut nærmare 100 millionar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til slike formål.

I dialogen med eldsjelene er det likevel noko som uroar oss, og denne uroa har forsterka seg den siste tida. Dei siste 18 månadane har vi alle delteke mindre i dugnad og frivillig arbeid. Gjennom pandemien har mange lagt til seg andre vanar og funne nye fritidsaktivitetar. Spørsmålet vi stiller oss er om dugnadsånda og deltaking i organisert frivillig arbeid er blitt svekka etter korona. Tendensar til lågare deltaking i frivillig sektor var der også før korona, men tal frå frivilligheitsbarometeret for 2021 viser at deltakinga i frivillig arbeid gått ned frå 66 % i 2020 til 55 % i 2021 på landsbasis.

Mange eldsjeler fortel at det blir stadig vanskelegare å rekruttere til tillitsverv i lag og organisasjonar, spesielt til styrer der det er mange administrative oppgåver. Eit idrettslag får stadig nye krav og lovverk å forhalda seg til. Byråkratiseringa treff også frivilligheita.

Erling Oppheim, leiar i stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark, sa det treffane i eit møte vi hadde med han. Han refererte til den viktige, men av og til usynlege jobben dei gjorde, slik som å søkje om offentlege godkjenningar og midlar, koordinering av næringslivet og få grunneigarar til å einast: – Nokon må gjere det, og i Nærøyfjorden er vi denne nokon.

Slik er det også i idrettslag og andre frivillige organisasjonar. Nokon må gjere det. Nokon må sitte i styret og nokon må ta trenarrolla. Dei ulike verva må fordelast og dugnadsoppgåvene må utførast for at frivilligheita skal fungere. Dette er navet i ein velfungerande frivillig sektor.  Utan denne «nokon» forvitrar  frivillig sektor. Forvitrar frivillig sektor, forvitrar lokalsamfunna våre. Skal frivillig sektor utvikle seg og vere limet i lokalsamfunnet er vi avhengig av at fleire, og ikkje færre, engasjerer seg i lags- og organisasjonslivet. Innan barne- og ungdomsarbeid har foreldre eit spesielt ansvar for å stille opp. Kanskje må også besteforeldre, som er sprekare og meir resurssterke enn nokon gang, oppmodast til meir frivillig arbeid mot barn og unge. Dei veit kva dette går i.

Ungdommen må også motiverast og lærast opp til dugnad og frivillig arbeid. Her er foreldre viktige rollemodellar. Foreldre som vil kjøpe seg fri frå dugnad er ikkje dei beste førebileta.  Mange syns det er vanskeleg å engasjere ungdom i dugnad og frivillig arbeid og her ligg det ei utfordring som vi må løfte fram.

Heldigvis er det mange ungdommar som også viser veg og deltek aktivt. I mitt lokalsamfunn blir eg begeistra når eg møter 19 år gamle Leander Mulen Sunde. Ei ung eldsjel som er leiar i speidaren, fotballtrenar for jenter 15-17 år, trenartrainee for seniorlaget og fotballdommar. Kvifor gjer du dette spurde eg Leander;  – Fordi det er kjekt! Leander er denne «nokon» i ungdomsgenerasjonen. Vi treng mange slike som Leander.  Og som Leander erfarer vil unge oppleve at deltaking i frivillig arbeid er givande, lærerikt og meiningsfullt. På CV’en er det gull verdt.

 

2022 er frivilligheita sitt år. Sparebankstiftinga skal stille opp for lag og organisasjonar på minst same nivå som tidlegare. Vi vil helst gjere meir. I 2022 skal frivilligheita stå sentralt for oss. Vi heiar på tiltak og aktivitetar som har lokalt og breitt engasjement, god dugnadsinnsats og som gjerne rettar seg mot barn og unge. Slik ønskjer vi det også framover. Gåvemidlar frå oss skal ikkje erstatte dugnadsinnsatsen, men forsterke den.

I 2022 kan vi alle vere med å løfte fram frivilligheita. Alle kan ta i eit ekstra dugnadstak. Ikkje minst kan vi heie fram og sjå eldsjelene vi møter i kvardagen. Hugs på at det er desse eldsjelene som kvar for seg er denne «nokon» og som held liv i frivilligheita. Tenk gjennom kven denne «nokon» er i ditt lokalsamfunn. Kanskje du skal gje vedkommande eit klapp på skuldra? Kanskje du sjølv kan bli denne «nokon» for ein periode?

Vi trur at lokalsamfunna våre treng fleire eldsjeler meir enn noko gong. Frivillig arbeid gjer seg ikkje sjølv. Nokon må gjere det.

 

Hallvard Klakegg, Sparebankstiftinga Sogn & Fjordane

Bli klar for oppstarten – vi stiller med midlar!

Norge er endeleg på veg tilbake til normalen, og vi ønskjer at frivilligheita kjem seg fort på beina igjen.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut mange millionar av kroner av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. I tillegg til dei ordinære søknadsrundane på våren og hausten, er det også noko som heiter «Forenkla søknad». Her er det ingen søknadsfrist og rask handsaming.

Maksbeløpet ein kan søkje om i «Forenkla søknad» har fram til no vore på 10 000 kroner, men dette er no auka til 30 000 kroner.

Les meir om «Forenkla søknad» og søk om midlar her.

– I Sogn og Fjordane er dugnadsånda stor med ein sterk frivillig sektor, solide lag og organisasjonar og mange gode initiativ. Vi ønskjer å sikre at tillitsvalde, eldsjeler og medlemar får ekstra motivasjon til å komme raskt i gang med aktivitetar igjen. Og gjerne gjere noko litt ekstra for organisasjonen sin, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Etter 16 månader med strenge restriksjonar, er vi endeleg på veg tilbake til normalen. Derfor er det no eit godt tidspunkt å løfte grensa på «Forenkla søknad». På denne måten kan lag og organisasjonar få hjelp til å kome i gang att med aktiviteten. Deltaking i frivilligsektor er viktig for integrering og for å hindre utanforskap. Difor håpar vi lag og organisasjonar set i gang aktivitet for å behalde og rekruttere medlemmar.

– Målet er at lag og organisasjonar kan søkje om midlar til strakstiltak. Organisasjonane kan for eksempel søkje om tiltak til medlemsrekruttering. Vi får også signal frå eldsjeler som klør i fingrane etter å gå i gang når samfunnet opnar opp igjen, og ein kan derfor også søkje om midlar til kurs, arrangement eller andre sosiale aktivitetar, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til banken.

Les meir om «Forenkla søknad» og søk om midlar her.

(foto: Torbjørn Rørvik)

No kan du søkje inntil 30.000 kr. i Forenkla søknad

Forenkla søknad har kun 4 vekers handsamingstid og ingen søknadsfrist, slik at du kan søkje når som helst, heile året. Sidan Forenkla søknad er ein relativt rask og smidig måte å få midlar til samfunnsnyttige tiltak, er den svært populær. Difor aukar vi no maks-beløpet ein kan søkje om, til 30.000 kroner.

 

Forenkla søknad er vår løpande søknadsordning, og er meint å svare ut eit behov for “litt pengar raskt” framfor berre å prioritere store kostnads- og tidkrevjande prosjekt. Ordninga vart raskt populær då den vart innført i 2012, og utgjer om lag halvparten av søknadar stiftinga handsamar.

Maks-beløpet ein kan søkje om i Forenkla søknad har vore det same sidan starten, på 10.000 kroner. Sparebankstiftinga ønskjer å vere ein stabil samarbeidspart, difor vert ikkje maks-beløpet regulert så ofte. Men no ser vi eit stort behov for fleksible midlar til gjenopninga etter COVID-19, der mange aktørar ser medlemsfråfall og brems i aktiviteten. Difor meiner vi dette er eit godt tidspunkt å løfte grensa, slik at vi kan hjelpe lag og organisasjonar til å kome i gang att med aktiviteten og rekrutteringa av medlemmer så raskt som mogleg.

NB sjølv om maks-beløpet vert auka, vil det naturligvis fortsatt bli ei individuell vurdering av behovet for midlar til kvart tiltak. Stiftinga sine vilkår og prioriteringar (som du kan lese meir om her) vil heller ikkje endre seg.

No er stiftinga òg Miljøfyrtårn

Allereie då Sparebanken Sogn og Fjordane oppretta Sparebankstiftinga i 2010, hadde banken vore sertifisert som Miljøfyrtårn i fleire år; som ein av dei første bankane i landet. Miljøfokuset har difor stått sterkt i stiftinga i alle år. Samstundes har vi i Sparebankstiftinga eit sjølvstendig ansvar, og har difor kjent behov for å registrere oss som miljøfyrtårn på eigen kjøl. Utfordringa har vore at det ikkje har vore laga bransjekrav for sparebankstiftingar. Men så snart desse var på plass i august 2020, starta Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sertifiseringsarbeidet, og fekk si godkjenning rett før årsskiftet.

Tysdag 11. mai fekk dermed ordførar i Sunnfjord kommune Olve Grotle æra av å formelt overrekke provet på stiftinga si Miljøfyrtårn-sertifisering til vår direktør Hallvard Klakegg.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har framleis høg prioritet på å stimulere miljø- og berekraftsarbeid, og er i samband med slike prosjekt ofte i dialog med organisasjonar og bedrifter med Miljøfyrtårn-status. Difor er det òg viktig erfaring for stiftinga å ha både registreringsprosessen og rapporteringsrutinene mot Miljøfyrtårnstiftinga “under huda”.

For øvrig registrerer vi med glede at det for tida er ei flott auke i antal Miljøfyrtårn i Sogn og Fjordane, og oppmodar alle lag og bedrifter til å synleggjere og forsterke sitt miljøengasjement ved å registrere seg som Miljøfyrtårn. Korleis ein går fram kan du lese om her.

Når får vi svar på søknaden vår?

Sparebankstiftinga har 8 vekers handsaming av “ordinær søknad”, dvs. søknadar som kjem inn til dei to søknadsfristane våre 1. mars og 1. september. Det vil seie at du kan forvente svar kring 1. mai og 1. november – men sidan 1. mai i år fell på ein laurdag blir svara sendt ut påfølgjande måndag, altså 3. mai.

Forenkla søknadar, altså søknadar om inntil 10.000 kr, har løpande handsaming; og her kan du forvente svar innan 4 veker (NB det kan ta ei veke eller to lenger tid dersom du søkjer på starten av sommaren, pga. ferieavvikling).

Svaret på søknaden blir sendt på epost til den adressa du logga inn med når du skreiv søknaden. Det blir òg sendt ut varsel på SMS til mobilnummeret du registrerte (hugs difor å oppdatere epostadresse og/eller mobilnummer dersom dette har endra seg sidan du søkte: då går du til “min profil” i søknadsportalen).

Du kan òg logge inn i søknadsportalen og sjekke status under “mine søknadar”.